tirsdag 27. juni 2023

Lyriske refleksjonar

 Eg les igjennom gamle notatar og kjem til 30. januar 2010.

Tidleg laurdagsmorgon, enno mørkt. Eg har laga kaffi og slept inn katten som koser seg rundt føtene mine. Alt er stille. På radioen interessant foredrag av Inge Eidsvåg om Edith Södergran. Eit kort liv som for mange andre  i denne tida der tuberkulosen kutta livstråden  til dei unge. Men Edith sette sine spor i ettertida som banebrytande for den lyriske modernismen. Ikkje berre i form, også i innhald har ho mykje å gje oss. Hennar innsikt i liv og død, hennar sterke livskjensle, så levande, så glad i dette livet trass i døden som låg der som et nærverande trugsmål heile hennar vaksne liv.

"Vi äro alla hemlösa vandrare och alla äro vi syskon."

Så til ein annan poet ,skotske Kenneth Steven (f. 1968) som nyleg kom i norsk omsetjing av Mathias Hoem, og med eit innsiktsfullt etterord av Knut Ødegård. (Eg har seinare kjøpte mange av hans diktsamlingar og lært å setja pris på denne fine lyrikaren) . Tittelen på den norske omsetjinga er "Safirblå isfuglfryd", og spelar på eit av hans intenst naturskildrande dikt. Stevens poesi er knytta til det lokale, det skotske, men som hos alle store diktarar viser teksten utover og blir universell  og i hans tilfelle også metafysisk. Det er ein himmel over dikta hans ! Han skildrar den skotske naturen og folket som bur der, særleg utkantsfolket, dei som lever heile sitt liv på landsbygda, langt ute i periferien. Sentralt står også den keltiske  religiøse tradisjonen uttrykt i diktsamlingane Iona og Columba, begge deler sentrale i den keltiske tradisjonen. Iflg. Knut Ødegård er  Steven arvtakar etter diktaren George Macay Brown ( som eg også seinare har hatt stort utbytte av å lesa, men som eg ikkje kjente til i 2010). Macay Brown var frå Orkenøyane, han har også det lokale,det skotske i dikta sine, men også det universelle, det norrøne og ikkje minst det katolske. Tilknytninga til Norge kjem også tydeleg fram hos Kenneth Steven, han budde her i fleire år, snakkar norsk og har omsett norsk litteratur.

Så avslutta eg desse refleksjonane med diktet Iona i norsk omsetjing. Interssant å dukka ned i mitt første møte med lyrikarar eg seinare har lært å setja pris på.


"Er denne staden verkeleg nærmare Gud ?

Er veggen tynn mellom vår kviskring og hans tyding ?

Eg veit berre at verda blir mindre og mindre

det som gjeld her er å sigra over vinden

komme tørrskodd heim få fyr i ovnen.

Eg er ikkje viss på om det finst tid her 

eller om det er meir tid

om lyset er sterkare eller berre lettare å sjå.

Det er difor eg alltid kjem attende 

tørst, til denne staden

som er eldre enn mitt vit

yngre enn mi sundrivne sjel."




onsdag 21. juni 2023

Blaise Pascal 400 år

 Det er ikkje lenge sidan eg skreiv om forfattaren Mauriac og kva Pascal hadde betydd for han. I går var det 400 år sidan han vart fødd, dette geniet som markerte seg på så mange område i sitt korte liv. Han var fødd i 1623 og døydde i 1662, og vart berre 39 år, men sette likevel større spor etter seg enn dei fleste gjennom historia. Pave Frans publiserte eit apostolisk brev i høve 400 års dagen, han poengterar at Pascal like frå barndomen framfor alt søkte sanninga, sanninga i naturvitskapen, i matematikk, fysikk og geometri, men og filosofi og etterkvart framfor alt i kristendomen! Pave Frans har tidligare gjeve uttrykk for at han ser opp til denne store tenkaran og skal i eit intervju ha sagt at han “ fortener saligkåring”.

Som ung var det matematikk og geometri som opptok Pascal , alt som tenåring skreiv han lærde avhandlingar og som 19 åring kontruerte han den første regnemaskinen, som han gjennom livet stadig utbetra. Det var særleg to felt han gjorde seg gjeldande, projektiv geometri og sannsynlighetsteori. Det siste har påverka både moderne økonomi og samfunnsvitenskap. Han markerte seg også innan fysikk der han undersøkte samanhengen mellom væske, trykk og vakuum. Kanskje er det difor dei fleste kjenner til navnet Pascal, det er måleininga for trykk som vi oftast møter når vi sjekker dekktrykket på bilen!

Etter ei religiøs omvending knytte Pascal seg til den jansenistiske rørsla som hadde sitt senter i klosteret Port- Royal der Pascals søster var nonne. Jansenismen var på mange måtar ein ekstrem retning som braut med katolsk teologi på fleire punkt, og som etterkvart vart erklært som kjetterske. Jansenistane kom i strid med jesuittane og det var her Pascal kom dei til hjelp gjennom sine Provinsialbrev, der han forsvara jansenistane og argumenterte mot jesuittane. Breva har vorte ståande som eit høgdepunkt i fransk litteratur, ikkje primært på grunn av innhaldet, men på grunn av Pascals briljante formuleringsevne!

Pascals søkte framfor alt sanninga, sanninga gjennom vitskapeleg arbeid, men så skulle sanninga brått visa seg for han i ei gjennomgripande oppleving. Det er mandag 23. november 1654, klokka er halv elleve om kvelden då det brått er som ein eld slår ned i den 31 årige og kroppsleg skrøpelege  Blaise Pascal.Det er ein ekstatisk tilstand som varer omlag to timar, og etterlet seg eit varig og uutsletteleg inntrykk i Pascal. Han skildrar denne opplevinga i eit  “ Le Memorial” som han ber på seg resten av livet, sydd inn i foret i jakka hans! 

“ Abrahams Gud, Isaks Gud, Jakobs Gud. Ikke filosofenes og de lærdes Gud, Visshet! Visshet!  Følelse. Glede.Fred. Jesu-Kristi Gud” Frå den kvelden, om ikkje før, var Pascals geni vigd til Gud. Spørsmål om sanning opptok han stadig, ikkje minst spørsmålet om fornuftens plass. Han arbeidde på ein apologi, dvs. eit verk der fornuften talar openberringas sak og der mennesket prøver å bana veg for truas nåde. Dette stod i sterk motsetning til jansenismens lære om at vi er absolutt forderva gjennom syndefallet. Ei oppfatning vi også finn i ulike protestantiske retningar. Men Pascal finn støtte i sin apologi hos Augustin og Thomas Aquinas. Livet gjekk mot slutten og Pascal hadde ikkje krefter til eit større  systematisk verk, det vart med ei mengde små fragment og korte essay, som vart samla og utgjeve etter hans død, og som vi i dag kjenner som “Tanker”( Pensees). Eit verk som har fått stor betydning for ettertida både filosofisk, teologisk og språkleg.

Som ung las eg utdrag av “ Tanker” og merka meg eit par av dei meste kjente sitata. 

“ Den evige taushet i disse endeløse rom forferder meg .”

“ Mennesket er bare et siv - det svakeste i hele naturen - men det er et siv som tenker.”

“ Hjertet har sine grunner som fornuften ikke kjenner.”

“ Det er hjertet som fornemmer Gud og ikke fornuften.Dette er troen: Gud følbar i hjertet, ikke for forstanden.”


Blaise Pascal ein genial vitskapsmann, ein genial tenkar, ein språkleg virtuos, men framover alt ein djupt religiøst mann som sette Gud openberra i Jesus Kristus framfor alt!

torsdag 15. juni 2023

Poetica: krusningar

 

Krusningar

Kvelden speglar i juniblank fjord

dei siste solstrålene mot vassflata

små sølvglinsande krusningar mot stranda.

Kanskje var det slik i det kosmiske urhavet

augneblinken før tida tok til

og med uforståeleg kraft

blei  løfta med det skapande  ordet

inn i det som eingong skal bli

sansing, tanke og draum.

No berre eit sansande nærver

levande, pustande, lyttande

som fuglesong, blomeange og barnestemmer

langt borte er det nokon som kviskrar:

ta for all del ikkje denne undringa frå oss.

 



 

søndag 11. juni 2023

Corpus Christi

 Denne helga står i Eukaristiens teikn. Laurdag messe med førstekommunion for mange forventningsfulle barn og foreldre. Kledd i sin finaste stas, kvite kjolar, blomar i håret, lys i hendene! Dei deltok også med såvel skriftlesing, bøner og song. Eg var invitert av mine afrikanske vener i høve vesle Deborahs første kommunion! Det var godt å få vera med på denne store dagen med fokus på at Kristus er verkeleg tilstades i eukaristien!




Så er det Corpus Christi - Kristi lekamsfest med høgtideleg messe og så prosesjon rundt i byen med sakramentet i spissen og fire stopp med skriftlesing, song og bøner.

Pave Benedikt skriv om det :”I detta sakrament är Herren alltid på väg til världen. Denna universella aspekt av den eukaristiska närvaron framträder i denna högtidsdags procession.Vi bär Kristus, som er närvarande i denna gestalt, genom vår stads gator. Vi anförtror åt hans godhet dessa gator, dessa hus - vårt dagliga liv. Måtte våra gator vara Jesu vägar! Måtte våra hus vara hus för honom och med honom! Måtte vårt dagliga liv vara genomsyrat av hans närvaro! Med denna handling bär vi inför hans ögon de sjukas lidande, de unges och gamlas ensamhet, frestelserna, ångesten - hela vårt liv. Denna procession vill vara en stor offentlig välsignelse för vår stad: Kristus själv är den gudomliga välsignelsen i världen - må glansen av hans välsignelse breda ut sig över oss alla.”

Dagens evangelium. Joh. 6.51-58

På den tid sa Jesus:

«Jeg er det levende brød, kommet fra himmelen; og den som spiser av det, skal leve i all evighet. Det brød som jeg gir, er da mitt eget legeme, hengitt for verdens liv.»

Jødene begynte da å diskutere med hverandre. «Hvordan,» sa de, «kan denne mann gi oss sitt eget legeme å spise?» Til dette svarte Jesus: «Sann mitt ord! Dersom dere ikke spiser Menneskesønnens legeme og drikker hans blod, fins heller ikke liv i dere. Den som spiser mitt legeme og drikker mitt blod, han får evig liv, og ham vil jeg oppreise på den ytterste dag. For mitt legeme er virkelig næring, mitt blod er virkelig en drikk. Den som spiser mitt legeme og drikker mitt blod, han blir i meg, og jeg i ham. Som det er Faderen, den Levende, som har sendt meg, og som det er ham jeg har mitt liv fra, slik skal den som spiser meg, få sitt liv fra meg. Dette er da det brød som er kommet fra himmelen: Det er ikke som det deres fedre spiste i ørkenen, for de døde siden; men den som spiser dette brød, han skal leve i all evighet.»









Elisabeth av Treenigheten:Låt oss gå fram til Jungfru Maria, hon som är själva renheten och ljuset, för att hon skall leda oss in i honom som hon är så djupt förenad med.

lørdag 10. juni 2023