lørdag 20. august 2022

Nicaragua

 Nicaragua - dette vesle mellomamerikanske landet er ikkje så ofte i medias søkelys iallfall ikkje i Norge. Det var annleis på 1980 talet då sandinistane tok makta etter geriljakrig mot diktatoren Somozas undertrykkande regime. Somoza- familien hadde då styrt landet sidan 1930 talet. Leiande i sandinistrørsla var Daniel Ortega som var president frå 1985 til 1990 og på nytt frå 2007 til i dag. Det var mange i Vesten som sympatiserte med det nye regimet som la opp til eit sosialt rettvist samfunn med betring av kåra for dei mange fattige og underpriviligerte i landet. Frigjeringsteologien stod sterkt blant mange på denne tida, dei såg på dette som ein ny veg for kyrkjer som tradisjonelt hadde støtta opp om dei undertrykkjande strukturane i Latin-Amerika. Sandinistane såg positivt på frigjeringsteologien og Den katolske kyrkjas stilling. Fleire prestar deltok i den første sandinistregjering, den meste kjente var Ernesto Cardenal ( 1925 - 2020), prest, poet, frigjeringsteolog og politisk aktivist heile sitt lange liv.Han var kulturminister frå 1979 - 1988, noko pave Johannes Paul II ikkje såg med blide auge på, han refsa denne samanblandinga av politiker - og presterolla. Sjølv om han beheldt si politiske overtyding braut han med Daniel Ortega i 1994, han såg nok klarare enn dei fleste at Ortega gjekk i meir og meir autoritær retning!  Regimet klarte ikkje å oppfylla lovnadane, og var dessutan hardt pressa av dei høgreorienterte Contras opprørane støtta av president Reagan i USA. 

I 1990 vart han slått av ein koalisasjon leia av Violeta Chamorro, men Ortega var tilbake i 2006 og vann seinare både i 2011,2016 og 2021. I 2021 hadde han blitt meir og meir eineveldig og det var i realiteten ingen reell opposisjon. I 2018 var det store protestar mot regimet som det vart slått hardt ned på,300 skal ha blitt drep og 1600 arrestert. Som så mange revolusjonar  endte også denne  i tyrrani og undertrykking! Dei siste åra har Ortega særleg slått ned på Den katolske kyrkja i landet på bakgrunn av at kyrkja har vorte ein sterk kritikar av regimets undertrykking og brot på menneskerettar. Ortega har svara med å forby katolske prosesjonar, utvisa prestar og nonner, setta biskopar i husarrest og karakterisert biskopane som terroristar. Biskopen av Metagalpa Rolando Jose Alvarez  har vore ein skarp kritikar av regimet og har vore fleire veker i husarrest, i dag kjem det melding om at han er blitt arrestert og ført bort av regimets politi.

Vi ser altså at ei politisk rørsle som mange  hadde store voner til for 40 år sidan har utvikla seg til eit regime ikkje stort betre enn det dei overvann i 1979! Kanskje ikkje uventa når ein ser på historia? Det spesielle no er den forfølginga som Den katolske kyrkja vert utsett for i eit land der storparten av folket er katolikkar. Kyrkja i Nicaragua er i dag ei martyrkyrkje som treng vår forbøn og støtte!



                                 På bilete ser vi sentrale kyrkjeleiarar som talar i mot Ortegas regime.

søndag 14. august 2022

Vi minnest helgenar i august

 I august månad er det mange kyrkjelege minne - og festdagar. To av dei var martyrar under naziregimet og døydde i konsentrasjonsleiren Auschwitz, den eine minnest vi i dag, Den heilage Maximillian Kolbe ( 1894-1941). Den andre er den jødiske filosofen , konvertitten og karmelittnonna Edith Stein ( Den heilage Teresa Benedikta av Korset 1891- 1942) . Begge viste seg ved både sitt liv og sitt martyrium som sterke trusvitne ! I morgon 15.august er ein viktig festdag, Jomfru Marias opptaking i himmelen (Assumptio Mariae). Dagen er omtala i skrifter alt på 200-300 talet, og vart etter kvart ein utbreidd forestilling som vart dogmatisk fastslege av pave Pius i 1950. I mange land er dette ein offentleg høgtidsdag. Dagen var markert på den gamle norske primstaven! 22.august er og ein Mariadag, « Jomfru Marias dronningsverdighet). Bakgrunnen for denne festdagen er litt meir uklar, og det vart ein offisiell festdag først i 1954 i høve 100 års jubileet for erklæringa av dogmet om Marias upletta unnfanging. Maria blir ofte omtala som Himmeldronning, vi kjenner det både frå Rosenkransbønene og frå bøner som Salve Regina og Regina Coeli.

Vi har og ei rekkje andre helgenar å minnast i august. 4.august minnest vi Den heilage Johannes Maria Vianney ( 1786-1859), den audmjuke, fromme og pliktoppfyllande sognepresten i Ars som endte som skytshelgen for alle sogneprestar.

18. august  feirar vi Den heilage keiserinne Helena ( 250-330). Ho var mor til keisar Konstatin og blei døypt først som vaksen. Over.å sytti  år gammal reiste ho på pilegrimsreise til Det heilage landet, Ho skal ha sett i gang arbeidet med å byggja Fødselskyrkja  i Betlehem og Gravkyrkja i Jerusalem. I følgje tradisjonen skal ho ha funne korset ognaglane som vart brukt til Jesu krossfesting.

To dagar seinare feirar  vi ein annan viktig person i kyrkjehistoria, Den heilage Bernhard av Clairvaux ( 1090-1153).kykjelærar og teolog, abbed og reformator av cisternciensarordenen.

Dagen etter feirar vi Den heilage Rosa av Lima( 1586-1617). Ho var den første heilagkåra frå Det amerikanske kontinentet, seinare har det kome mange fleire til. Dagen deretter er det enno ein kjent person som vert minna nemleg apostelen Bartolomeus. Han står oppført i lista over apostlane men det er lite vi veit om han ellers. I følge tradisjonen skal han ha forkynt evangelite både i India og Mesopotamia.

27.august minnest vi Den heilage Monika ( 332-387), mor til Den heilage Augustin som har minnedag dagen etter mora.

29. minnest vi døyparen Johannes martyrdød. August er sanneleg ein månad med mange viktige helgendagar.  Vi kan lata oss inspirera til å følga i deira fotspor, vi kan æra dei ( ikkje tilbe) og vi kan be om at dei går i forbøn for oss! 






tirsdag 9. august 2022

Herrens forklaring

 6.august minnest vi Herrens forklaring - Transfiguratio Domini som er omtala i alle dei tre synoptiske evangelia. Jesus tek Peter, Jakob og Johannes med seg opp på ein fjelltopp som i ettertid har vorte rekna som fjellet Tabor aust for Nasaret. Kyrkjefedre som Origenes og Hieronymus skal ha stadfesta dette. På Fjellet skal Moses og Elias ha vist seg for dei, og Guds røyst skal ha uttrykt: “ Dette er Son min, han som eg elskar,i han har eg mi glede.Høyr han!” Denne hendinga skal ha blitt markert alt på 300-400 talet og på 900 talet i heile det bysantinske riket, først tidleg i Mellomalderen i Vesten.

Karmelittpater Wilfrid Stinissen peikar i ei preike for denne dagen på tre viktige poeng. For det første avslører Jesus sin sanne identitet på Tabor fjellet. Han er Messias, den levande Guds Son. “ Jesus er ikkje Guds son som vi alle er Guds søner. Han er Sonen, den elska Sonen.”

For det andre blir heile Det gamle Testamentet oppfylt gjennom Jesu openberring. Her er det referansar til dei bibelske profetane, men framfor alt til Moses og Elia som i flg. teksten viser seg for Jesus og læresveinane. “ Tidlegare skulle ein lytta til profetane, no gjeld det å lytta til Jesus.” Med dette skjer det ei omkalfatring av den gamle ordninga. “ Vil ein verkeleg forstå Det gamle Testamentet må ein utgå frå Kristus.”

Det tredje og avgjerande som hender på fjellet er at Jesus, som læresveinane alt har erkjent som Messias, openberrar korleis han skal fullbyrda sitt oppdrag. For Jesus og for oss som føl han, finst ingen herlegdom som ikkje går gjennom liding og død. “ Jesus herlegdom er ein oppstodas herlegdom, og ein kan ikkje stå opp før ein først har døydd.”

Slik oppsummerar Wilfrid Stinissen kva som ligg i denne sentral nytestamentlege teksten. Vi markerar den både  andre søndag i fasten og no i sommartida!

Teksten frå Markus evangeliet:

Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes og førte dei opp på eit høgt fjell, der dei var åleine. Då vart han forvandla for auga deira,  3 og kleda hans vart så skinande kvite at ingen som bleikjer klede her på jorda, kan få dei så kvite.  4 Elia synte seg for dei saman med Moses, og dei snakka med Jesus.  5 Då tok Peter til orde og sa til Jesus: «Rabbi, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.»  6 Han visste ikkje kva han skulle seia, for dei vart så redde.  7 Då kom det ei sky og la skugge over dei, og frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr han!»  8 Men best dei såg seg omkring, såg dei ingen annan enn Jesus; berre han var hos dei.
   
  9 På vegen ned frå fjellet forbaud han dei å fortelja nokon kva dei hadde sett, før Menneskesonen hadde stått opp frå dei døde. 10 Dei merka seg det ordet og diskuterte med kvarandre kva det er å stå opp frå dei døde. 11 «Kvifor seier dei skriftlærde at først må Elia koma?» spurde dei. 12 Jesus svara: «Elia kjem først og set alt i rett skikk. Kvifor står det så skrive om Menneskesonen at han skal lida mykje og bli vanvørd? 13 Men eg seier dykk: Elia er alt komen, og dei gjorde med han som dei ville, slik det står skrive om han.» 



torsdag 4. august 2022

Lydia frå Thyatira

Det er ikkje så mykje vi veit om Lydia utover eit par linjer i Apostelgjerningane , men ho er utan tvil ein av Bibelens mange fascinerande kvinner. 3. august er minnedagen hennar, ho blir heidra som helgen  hovudsakleg i Aust-kyrkja, men også i Den katolske  og Episkopale kyrkja. Sjølv om ho kom frå byen   Thyatira som ligg eit stykke  inn i Vesle-Asia, vert ho av mange rekna som den første kristne europear. Ho hadde sannsynlegvis gresk bakgrunn og kan ha høyrt til dei som sympatiserte med jødedommen utan å konvertera. Det framgår at ho farga og handla med purpurtøy, og ho har nok vore ei driftig og velståande kvinne som dreiv sitt eige firma ? Om ho var gift er uklart, mogleg enke, ho var i alle høve ein gjestfri person som kunne invitera Paulus og hans følgesveinar heim til sitt hushald.

Paulus med følgesveinar Timoteus og Silas hadde på si andre misjonsreise kome til Filippi som låg i det første distriktet i Makedonia og var ein romerks koloni. I og med at Lydia budde der vert ho rekan som europear og mogleg den første døypte konvertitt. Paulus møter henne utanfor byporten ved elvebreidda der ho oppheld seg saman med andre kvinner. Ho var ei av dei som dyrka Gud, ho vart grepen av bodskapen til Paulus og både ho og heile huslyden hennar vart døypt.

Som sagt vert ho spesielt æra i Den austlege ortodokse kyrkja  der ho har tittelen "Likeverdig med apostlane". I Filippi  er det eit kapell på staden der ho skal ha blitt døypt.

Historien  om Lydia er fascinerande ikkje berre avdi ho var blant dei aller første kristne i Europa, men og på måten ho vart møtt av Paulus. Trass i Paulus utsegner i breva om kvinnas plass i forsamlinga som vert drege fram i ulike debattar om kristendom og feminisme, er det mykje som tyder på at han i praksis møtte kvinnene  med respekt og likeverd. Det er og  sterke haldepunkt for at kvinnene var i fleirtal blant dei første kristne, ein grunn kan vera at dei her fekk eit liv som var kvalaitativt betre enn det dei hadde  fått i den gresk-romerske kulturen som var sterkt patriarkalsk. Vi trur difor Lydia gjorde eit godt val då ho let seg døypa av Paulus. Heilage Lydia be for oss!




11 Vi la ut frå Troas og segla beint til Samotrake, og dagen etter kom vi til Neapolis. 12 Derifrå drog vi til Filippi, ein by som ligg i det første distriktet i Makedonia og er ein romersk koloni. Vi vart verande nokre dagar der i byen. 13 På sabbatsdagen gjekk vi utanfor byporten, bort til ei elv der vi meinte det var ein bønestad. Og vi sette oss og tala til dei kvinnene som var komne saman. 14 Der var det ei kvinne frå Tyatira som heitte Lydia og handla med purpurtøy. Ho var ei av dei som dyrka Gud. Ho høyrde på oss, og Herren opna hjartet hennar så ho tok til seg det Paulus sa. 15 Då ho og heile huslyden hennar var døypte, bad ho oss til seg og sa: «Så sant de held meg for ei kvinne som trur på Herren, så kom heim til meg og bli der.» Og ho overtala oss til det." (Apostegjerningane 16.11-15)