mandag 24. oktober 2022

Tida lindrar

 I tråd med forige innlegg med eit dikt av Emily Dickinson om tida  reflektaerar eg over  fortida, framtida og augneblinken no og går til Wilfrid Stinissen som har så mange god argument å koma med. I boka som har den norske tittelen "Vandring med hvilepuls" skriv han om å "Leve i øyeblikket", mange har skreve om det same, men broder Wilfrid får klart fram det sentrale poenget. Han startar med å fastslå : " Kontakt med virkeligheten innebærer at vi lever i nået." For det som ligg bak oss eller framom oss er ikkje heilt røyndom, og vi har tendens til å falla for to fundamentale freistingar, vi kan bita oss fast  i fortida  eller vi kan leva i framtida. Når vi sluttar å leva her og no blir vi rastlause og urolege, vi dvelar med det som var, godt eller vondt, eller vi drøymer oss bort i det god som skal koma, eller vi gruar oss til det vonde som står for døra. Men slik er ikkje Guds røyndom, " Gud er selve virkeligheten, derfor lever han i et evig nå." Bibelen vil læra oss å kjenna Gud slik han er no, og ved å høyra om kva Gud gjorde i tidlegare tider får vi vita korleis Gud er. Kva krev så augneblinken av deg ?  Kva gjer vi med vår frie vilje ?  Vi har fått den for å seina ja skriv broder Wilfrid, altfor ofte brukar vi den til å seia nei når Gud bankar på.  Her siterar han ein fransk pilegrim frå 1600 talet: " En finner Guds vilje ved å gjøre den " ( On trouve la volonte de Dieu en faisant). Kva betyr dette  ?  Det betyr mellom anna at vi skal vera  ventande, vakne og lyttande så vil gradvis Guds vilje bli klar for oss . Det betyr og å vera merksam på at  "Det fins  et stillhetens rom inne i oss." Dette er ein sentral tanke  i alle kristen mystikk. Dette "stillhetens rom " har vi tilgong til i den indre bøna, men og ellers dersom vi vel å leva  i augneblinken  og ikkje flyktar tilbake i fortida eller inn i framtida.



fredag 21. oktober 2022

They say that time assuages

 

They say that «time assuages» --

Time never did assuages;

An actual  suffering strengthens,

As sinews do, with age.

 

Time is a test of trouble,

But not a Remedy.

If such it prove, it prove too

There was no Malady.

 

Dei sa at tida lindrar,

Men tid gav aldri lindring,

Sann smerte styrkjer,

Slik senar gjer med alders år.

 

Tida er ein test på vanskar,

Men ikkje lækedom.

Og slik gjev prov, og prov igjen

Det var ingen  sjukdom der .


Eit av Emily Dickinsons dikt om tid med gjendikting på norsk.





Laudatio Si

 Laudatio SI er tittelen på pave Frans encyklika frå 2015. Tittelen er henta frå  opningsorda i Solsongen av Frans av Assisi: " Laudatio Si, mi signore , cun tucte  le tue creature -  Lova vera du, min Herre, med alt du har skapt." Encyklikaen med fokus på  miljø og klimatrugsmålet  var aktuell i 2015 og er ikkje blitt mindre aktuell i åra som har gått. Mange har lete seg inspirera av pavens ord, og også eg les med interesse. Den norske utgåva er i Anne Bente Hadland op omsetjing og har eit kort forord av biskop Bernt Eidsvig. " Om omsorgen for vårt felles hjem" heiter innleiingskapittelet, og det er det det dreier seg om i eit vidt perspektiv, eit perspektiv som omfattar ikkje berre miljøkrisa men og den sosiale krisa. Den sosiale urettferda både på nasjonalt og globalt plan  som pave Frans har engasjert seg sterkt i. Det handlar om at vi alle er i samme båt, krisa vil ramma oss alle, men dei fattigaste aller først. Encyklikaen innheld både teologisk, etiske, politiske og vitskapelege argumentasjon og dette er ein styrke ved dokumentet. Det er sjølvsagt  brukt generelle og prinsipielle argument for det er ikkje Kyrkjas oppgåve og kompetanse å i detalj gå inn i konkrete politiske og vitskapelege problemstillingar.

 "Her vil jeg igjen understreke at Kirken ikke foregir å løse vitenskapelige spørsmål eller erstatte politikken, men jeg er opptatt av å oppmuntre til en ærlig og åpen debatt slik at særinteresser eller ideologier ikke skader det felles gode."

Laudatio Si  er delt i seks kapittel som gjer greie for kva som skjer med jorda, kva  vi kan gjera og kva som kan inspirera til handling. Det første kapittelet " Hva skjer med vårt felles hjem"  knyter dette opp mot "Skaperverkets evangelium" i det neste kapittelet. Det tredje kapittelet tek for seg korleis den økologisk krisa er menneskeskapt. for så i neste kapittel å knyta dette mot ein heilskapleg økologi. I dette ligg det  eit syn der ein tek hensyn både til  miljø, økonomi,  sosiale forhald, kultur, dagleg liv, rettferd mot urfolk og ikkje minst ansvaret for dei komande generasjonane.

" Hvis jorda er gitt oss, kan vi ikke lenger tenke ut fra et rent utilitaristisk kriterium hvor effektivitet og produktivitet kun er rettet mot individuell gevinst."

Det femte kapittelet  gjev leietrådar for tilnærming og handling. Dei problema vi står overfor må løysast gjennom internasjonalt samrabeid, men det går ikkje utan   å få med seg folk på nasjonalt og lokalt. Det krev at dei politiske prosessane må vera opne og gjennomsiktige. Paven tek også oppgjer med  den magiske trua på at den opne marknaden kan løysa alle problem.

Det siste kapittelet "Økologisk opplæring og spiritualitet"  knyter omsorga for skaparverket til verda som Guds skaparverk og til inkarnasjonen og det sakramentale. Vi kan la oss inspirera av det faktum "at Kristus har tatt den materielle verden på seg og nå som oppstanden er intimt tilstede i hver skapnings innerste, omhyller den med sin kjærlighet og gjennomtrenger den med sitt lys." Eller med Johannes Pauls II ord:  " Kristendommen forkaster ikke materien, kroppsligheten; den oppvurderes heller i de liturgiske handlinger hvor det menneskelige legeme  viser sin egen dypeste natur som Åndens tempel og forener seg med  Herren Jesus, han som for verdens frelses skyld selv ble kropp."Omsorg for skaparverklet knyter seg her tett opp til det sakramentale  for som det er uttrykt: "I Eukaristien finner skaperverket sitt høyeste uttrykk."

Laudatio Si er eit viktig dokument som på tvers av religiøse og politiske syn inspirerarar til felles handling for å redda  natur og miljø, og forma  eit rettvist og bærekraftg menneskeleg fellesskap.!







mandag 17. oktober 2022

Notre-Dame du Laus

 Det dukkar stadig opp nye katolske helgenar, viktige personar, bøker, valfartsmål etc. Det er spennande og andeleg berikande! Det siste eg kom over i dag er Notre-Dame du Laus i landsbyen Saint-Etienne- Le-Laus, eit valfartsmål sør- aust i Frankrike, ved foten av Alpane , sør for Grenoble. Her skalJomfru Maria ha viste seg for den fattige sauegjetaren Benoite Rencurel ein maidag i 1664. Ho var då sytten år og analfabet, faren var nyleg død, familien var fattige, og ho måtte livnæra dei som gjetar i fjella rundt landsbyen. Ho skal då ha hatt eit syn av helgenen St.Maurice som vart særleg æra i dette området, han instruerte henne å gå til ein særskilt plass der Maria med Jesusbarnet skulle visa seg for henne i ei grotte. Mari viste seg for henne kvar dag dei neste fire månadane, men skulle det visa seg også vidare gjennom heile livet til ho døydde i 1718. I slutten av august fortalte Maria henne kven ho var, Jesu mor.

Maria instruerte henne om å gå til ein plass som gav frå seg god lukt, og ho vart vist til eit gammalt kapell vigd til "Vår Frue av det gode møte." Her sa Maria til henne : "Det er mitt ønske at det skal byggast ei nytt kapell til ære for min elska Son."  Ho bad også om syndaranes bot og omvending. Maria held fram med å visa seg for Benoite så lenge ho levde, ho hadde og andre visjonar av englane i Paradis og av den krossfeste Kristus. Etter kvart vart dette eit pilegrimsmål som tiltrakk seg tusenvis av truande. det kom eit tilbakeslag med Den franske revolusjonen og på 1800 talet kom dette valfartsmålet i skuggen av Lourdes som tiltrakk seg langt fleire pilegrimar. Det er mange parallellar mellom Notre-Dame du Laus og Lourdes, mellom Benoite og Bernadette. Begge kom frå det lågaste sosiale laget, begge var analfabetar og for begge viste Maria seg i ei grotte. Bodskapen var også nokså tilsvarande, Men det er og ulikskapar, openberringane i Lourdes vart nokså snart offisielt godkjente av Kyrkja, det var ikkje tilfelle med Benoites  visjonar, først i 2008 vart  dei formelt godkjente av Kyrkja ! Benoite er heller ikkje kåra til helgen slik Bernadette vart det. Rett nok vart det på 1860 talet starte ein prosess mot helgenkåring , den vart stoppe på 1920 talet, men på nytt teke opp i moderne tid.

Notre- Dame du Laus er altså ein av fleire Maria valfartsstadar der Lourdes, Fatima og Medjugorje er dei mest kjente. For ikkje katolikkar synest nok dette som merkelege og lite truverdige fenomen. prega av primitiv folkelege religiøsitet. Dei har nok rette i at Maria dyrkinga i ein del  tilfelle har hatt uheldige sider, men eg er overtydd om at dei positive sidene er dei mest framtredande. Vi må sjå på fruktene av dette, for mange er dei som  har opplevd ei andelege fornying etter pilegrimsreiser til Maria openberringar. Marias bodskap er bot og omvending, be og ta i mot sakramenta. Som i bryllaupet i Kana viser ho alltid vidare til Sonen.




lørdag 15. oktober 2022

Den salige Carlo Acutis

 Oppstår det helgenar også i vår tid ? Ja, det er ikkje noko i Kyrkjas lære som skulle tilseia at Gud også i vår tid gjev oss den velsigning som helgenar er. Mor Teresa, pater Pio og fleire av nyare tids pavar er heilagkåra. Men ein ungdom som døydde i 2006 berre 15 år gammal, det er ikkje dagligdags! Vi markerte minnedagen hans 12. oktober som er dødsdagen hans, lite kjent i Norgen men desto større merksemd i heimlandet Italia. Han vart erklært som Venerabilis (ærverdig) i 2018 og saligkåra 10. oktober 2020 etter at eit barn i Brasil vart mirakuløst lækt frå ein medfødt tilstand. Saligkåringa er nest siste steget på vegen mot kanonisering - heilagkåring.

Carlo Acutis  vart fødd i London der foreldrene arbeidde, dei flytta etter kvart tilbake til Italia, i nærleiken av storbyen Milano. Her vaks Carlo opp som andre barn og ungdomar i lokalsamfunn og skole. Men det var likevel noko som skilde han frå  barndomsvenene, alt frå heilt tdileg alder viste han  djupe religiøse kjensler. Heimen var ikkje spesielt religiøst, og paradoksalt nok var det Carlo som drog foreldrene med til messe og ikkje omvendt som er det vanlege. Etter hans død fortalte mora Antonia Salzano:

" Jeg var langt fra Gud. Min sønn føte meg til eukaristien. Carlo var allerede i ung alder en svært hengiven sjel. Han elsket å gå i kirken, be og utdype sin tro. Jeg voktse opp i en verdslig familie, som millioner av mennesker tenker jeg. Å få denne sønnen som stilte meg insisterende spørsmål om troen, tvang meg til å reflektere. Dette har vært en grunn til å vende seg til Kirken, sakramentene og eukaristien. For meg har Carlo vært en liten frelser som har ført meg til å gå en spesiell vei."

Men ikkje berre foreldrene, Carlo gjorde eit sterkt og varig inntrykk på alle han møtte. Han forplikta seg til å leva i venskap med Jesus, og som dei fleste store heleganr hadde han ein sterk kjærleik til Maria, Jesu mor! Sidan han var så tidleg moden fekk han også tidlegare enn vanleg motta første kommunion, og seinare utvikla han ein spesiell kjærleik til eukaristien, som han karakterisert som " ein motorveg til himmelen" (autostrada per il cielo). Han gjekk til messe så ofte han kunne, mottok nattverden, mediterte framom tabernakelet, og han gjekk  til skriftemål kvar veke. Eit par år etter Carlos død vart foreldrene velsigna med tvillingar.

På byrjinga av 2000 talet skaut den digitale utviklinga fart, og internett vart tilgjengeleg for dei fleste. Som mange unge var han  litt data-nerd, han likte dataspel og filmar, men Carlo nytta og internett til å få fram si tru. Han lagte internett-sider med med oversikt over eukaristiske mirakel og Maria openberringar. Han er i ettertid  foreslått som skytshelgen for internett!

Carlo Acutis er i dag gravlagt i basilikaen San Francesco i Assisi. Det er i tråd med hans liv, for Frans av Assisi var den helgenen som stod Carlo nærast!




onsdag 12. oktober 2022

Poesi frå “ The great War”

 “Who made the Law that men should die in shadows?

Who spake the word that blood should splash in lanes?

Who gave it forth that gardens should be bone-yards?

Who spread the hills with flesh,and blood,and brains?

Who made the Law?”

Slik skreiv den engelske journalisten og poeten Leslie Coulson ( 1889 - 1916) kort før han fall i slaget ved La Transloy etter neste to års teneste på slagmarka og i skyttergravene. Coulson set ord på det absurde i at unge menn blir slakta ned etter ordre frå dei som “ made the Law.” Orda hans er diverre meir aktuelle i dag enn på lang tid.

Leslie Coulson ville ha vore ein av dei mange tusen ukjente unge menn som fall i Den første verdskrigen, men han skreiv poesi som vart utgjeve og kom i store opplegg etter at han sjølv var borte. Han var journalist før krigen, men det ville neppe gjort han meir kjent enn mange andre? Han var fødd i London og vart som sin far avismann og journalist. Han skreiv i Evening News inntil han ved krigsutbrotet i 1916 meldte seg til infanteriregimentet  Royal fusilier.Han kom først til Malta, seinare Egypt og Galipoli, for så å enda opp på Vestfronten der han deltok i det brutale slaget ved Somme sommaren 1916. I det vakre diktet

“From the Somme” skildrar han kontrasten mellom ein vakker sommardag heime i England  og skyttargravene ved Somme.


“In other days I sang of simple things,

Of summer dawn, and summer noon and night,

The dewy grass, the dew wet fairy rings,

The larks long golden flight.

…..

A singer once, I now am fain to weep,

Within my soul I feelstrange music swell,

Vast chants of tragedy too deep -

too deep

For my poor lips to tell.”


Etter han var død i 1916 vart det funne ei rekkje tekstar som vart redigert og utgjeve av faren, og alt første året kom i opplag på 10.000. Naturleg nok vart det med denne eine diktsamlinga. Coulson vart ein av dei unge poetane frå “ The great war”.  I etterkant fekk ein nok eit idealisert portrett av ein krigshelt, og tok kanskje ikkje hensyn til korleis 22 månadar med krigsteneste forandra han.Han stiller meir og meir spørsmål med det meingslause ved krigens nedslakting av unge menn! For livet er så kort, slik han skildrar i “…But A Short Time To Live”

“Our little hour,- how soon it dies;

How short a time to tell our beads,

To chant our feeble Litanies,

To think sweet thoughts, to do good deeds.

The altar lights grow pale and dim,

The bells hang silent in the tower -

So passes with the dying hymn

Our little hour.



torsdag 6. oktober 2022

Retrett profeten Elias fraternitet

 Sist helg kunne vi igjen samlast til retrett i vår sekular-karmelittiske gruppe  etter to år med corona-restriksjonar. Sist var altså i karmelittklosteret Totus Tuus i Tromsø september 2019, åra i mellom synest berre å vera eit intermezzo, noko som ikkje heilt festa seg i minnet. Vi har etterkvart snart femten år sidan dei første initativ til gruppa vart gjort, og fra 2011 vart vi formelt ein karmelittisk fraternitet. Inpirert av den karmelittiske tradisjonen prøver vi å fordjupa oss i gudsrelasjon som vi som katolikkar alt har del i. Dette så vel på eiga hand som i fellesskap og ikkje minst den årlege felles retretten. Gruppa har auka og det var denne gongen fleire nye kandidatar som viste si interesse, det vart for liten plass i Tromsø og Katarinahjemmet i Oslo vart alternativet.Det vart på alle måtar fine og utbytterike dagar, p. Tien i Kristiansand var med oss som ein fullverdig erstatning for vår karmelittprest frå Sverige broder Jonas som framleis var forhindra frå å reisa utanlands.

Samtale, tidebøner, indre bøn, messe, felles måltid, og første oktober hadde vi gleda av å markera minnedagen for vår kjære helgen Therese av Jesusbarnet (Lisieux).

Undervegs fordjupar eg meg meir i Lourdes sjølv om det ikkje er ein del av den karmelittiske tradisjonen, eller kanskje er det det, den sterke Maria vørdnaden vi finn der er også sentral for oss karmelittar. Som ei oppfølging av Franz Werfels Bernadette roman les eg Kjell Arild Pollestads bok ”Bernadette. Piken som så Jomfru Maria”.Det er ein kort og oversikteleg skildringa av Bernadettes liv og visjonane ho hadde i 1858 som  heilt ung jente. Historia er fantastisk og tilsynelatande vanskeleg å tru på, men vi må vurdera det utfrå dei følgjende Bernadettes visjonar har hatt for ettertida. Nokre få har blitt lækte frå fysisk sjukdom, langt fleire av si fortviling og enno mange fleire har fått fornya sitt andelege liv!

“Que soy era Immaculada Councepciou - Eg er den ubesmitta unnfanginga” sa Jomfru Maria til  Bernadette . Ho hadde ingen forutsetning for å forstå dette, men då ho sa det til sognepresten som til då ikkje hadde trudd på henne, vart han i tvil og sensa at her var det likevel noko meir enn syner og fantasier. Det var berre fire år sidan paven hadde proklamert dogmet om at Maria var unnateke arvesynda, og vesle Bernadette hadde ingen forutsetningar for å kjenne til dette teologiske spørsmålet!