mandag 27. februar 2012

Kunsten å komme heim

Forfattaren Ragnar Hovland kom i 2011 med essaysamlinga " Kunsten å komme heim". Han skriv mest om litteratur og forfattarar som har hatt stor innverknad på han, alt frå Jakob Sande til Dylan Thomas, men her er og essay om oppveksten på prestegarden i Luster, om ferjer(på Vestlandet), om Jølster  og om det å koma heim(til Vestlandet) eller rettare sagt " kunsten å komme heim."
Han reflekterar over kva det eigentleg er å komme heim ut fra spørsmålet "Kor er/kjem du frå eigentleg ?"
Eit spørsmål som blir stilt når andre lurar på kva for merkeleg dialekt han talar, eller med hans eigne ord " ein merkeleg dialekt som knapt nokon har høyrt før her på jord." Som presteson har han hatt oppveksten spreidd på fleire ulike stadar, for det meste på Vestlandet, og det er ingen konkret stad han eigentleg kan kalla heime. Men når han køyrer frå Austlandet og kryssar fylkesgrensa til Sogn og Fjordane eller Hordaland skjer det likevel noko med han:" Eg får ei kjensle av at det kanskje likevel er noko som er "heime" i ein viss forstand. Så reflekterar han litt over det å vera "heimlaus", ein farande fant i tilveret og det å vera knytt til, høyra heime ein stad. Det første kan vera ein god ting, ein får ting litt på avstand og kan sjå klårare, skriva  betre. Men så er det noko einsamt og rastlaust i dette å ikkje høyra til, ikkje kunna  koma heim.
Hovland skriv så fint både om Luster og Jølster, det er ein varme  som veks fram av gode opplevingar i desse Vestlands skildringane. Så kan han kanskje av og til få det privilegium å kjenna at ting fell på plass .  "Vere heimlaus og ein farande fant , og så brått, og like uventa kvar gong, få kjensla av å vera "heime."
Og det er ei god kjensle for dei fleste av oss.

torsdag 23. februar 2012

Poetica:Askeonsdag


Askeonsdag 

 

gråsvart sjø
brennande kinn
februar vind
støvlett glasur
drysser i havgrensa

er vi så klare ?




Antifon til Laudes: "Utslett min synd i din rike barmhjertighet."

søndag 19. februar 2012

Kveldssalme

"Det er sent, vi har langt att å gå.
Vi når itte fram i kveld.
Ta oss innåt deg og lætt øss legga øss her i vegkanten.
Bena våres er så trøtte og vi treng armen din.
Vi treng etterlyset ta daga som ennå kvile i fjellskaret
å fukte tungen på, for vi er tysste.

Lyft begra dine åt munnom våres og lætt øss drekke
tel vi itte kjinne smerten i ledda lenger,
og itte kroppa våres.
Lætt øss få gli ut i nattjennet,
men res øss opp att når mårrån kjæm,
kom med ei vifte over fjella.
Res øss opp og gjør øss om
tel det du vil med øss."

Kveldssalme er frå Ove Røsbak (f. 1959) si diktsamling "Midtvegs" som kom i år 2000. Ove Røsbak er frå Furnes i Hedemark, han debuterte med diktsamlinga  " Lævandes dikt" i 1978. Dikta hans er på dialekten frå heimstaden hans. Røsbak er kanskje mest kjent som lyrikarar men han har også skreve barnebøker, noveller og romanar dessutan biografiar. Biografiane hans om Alf prøysen og Rolf Jacobsen vart svært godt mottekne. Han har og markert seg som artist saman med ulike musikarar.
Bruken av dialekt gjer dikta hans nære og peronlege. Det er og ofte tematikken, her er voggsonger, nattsongar og kveldssalmar og dikt til "dom små". Men Ove Røsbak har og eit vidare  perspektiv , han skriv om eksistensielle og verdspolitiske emne.  Spennet frå det nære og personlege til det store og universelle gjer diktinga spennande og utfordrande.

fredag 17. februar 2012

Det gode mennesket

Det gode mennesket, finst det ? Morgebladet hadde for kort tid siden eit oppslag om "godhet" under tittelen  " Det godes problem". Filosofar og samfunnsvitarar har i stor utstrekning vore opptekne av ondskap og kvifor vi er så brutale mot kvarandre, i mykje mindre grad av det motsatte.  Kvifor er det også slik som Professor Bernt Hagtvet uttalar." Det er helt vanlig å se ordinære mennesker gripe inn og gjøre moralsk høyverdige ting" ?  Kan ein forutseia kven som kjem til å handla godt eller vondt i ein pressa situasjon ?
Filosofiprofessor Øyvind Rabbås uttaler at ein god person "er dedikert til det gode moralske liv og har et reflektert forhold til seg selv og hva det gode liv er." På spørsmålet  om kven som kjem til å bli gode personar er han meir usikker i sitt svar. Livssyn og politisk overtyding er kanskje ikkje så avgjerande som det moralske ansvaret foreldrene dine lærte deg opp til ?


Yad Vashem er det jødiske holocaust minnesmerket i Jerusalem. Her finn ein også oversikt over dei såkalla
"Righteous among the Nations", det er 23788 personar frå 45 land som med fare for sitt eige liv hjelpte forfølgde jødar under andre verdskrigen. Ein av desse  er Georg Ferdinand Duckwitz (1904-73)
Duckwitz vaks opp i ein tysk handelsfamilie og vart sjølv  forretningsmann og diplomat. Han sympatisert med Hitler og melde seg inn i nazipartiet alt i 1932. Sånn sett er det ikkje noko i hans bakgrunn som skulle tilseia at han skulle handla moralsk høgverdig seinare, kanskje tvertimot. Duckwitz kom til København i 1939 som skipsfartssakkyndig, etterkvart som handelsattache. Etter okkupasjonen  vart han ein del av riksfullmektig Werner Best sin stab. Werner Best kom i 1943 i kritisk søkelys i Berlin, for å Hitlers gunst igjen ba han føraren om å få deportert alle danske jødar. Datoen for dette vart fastsett til 02. oktober. Duckwitz vart også informert om dette og no viste han sitt store moralske mot . Han prøvde å overtala Berlin til å omgjera deportasjonsordren, og då det ikke lukkast tok han kontakt med den svenske regjeringa for å koma fram til ei ordning der danske jødar kunne bli  redda over til Sverige.  Via den danske politikaren Hans Hedtoft vart sentrale jødiske leiarar informert og med hjelp av gode danskar vart 7000 jødar på kort tid redda over til Sverige. Duckwitz bidrog ytterlegare ved å sørga for at alle tyske patrulebåtar i Øresund vart teke inn for ettersyn.  Det var eit høgt spel for Duckwitz, han må ha visst at det han gjorde godt kunne ført til dødsstraff.
Likevel valde han det gode, det moralsk høgverdige når det hadde vore så mykje meir komfortabelt og trygt å vera medløpar eller passiv tilskodar.
Etter krigen var Duckwitz tysk diplomat og ein sentral person i Willy Brandt sin politiske tilnærming til Aust-Europa. I 1971 to år før sin død vart han hedra med å få navnet skreve inn i "Righteous among the Nations."
Ei ærefull og eksklusiv liste som ein kan følga og verta overtydd om at det gode menneske finst, menneske med empati og moralsk mot går omkring  i verda rundt oss.

torsdag 16. februar 2012

Poetica:Februar


Blågrå vinterhimmel
møter havet i nake kjærteikn
men sjenert løyner dei seg
bak tette snøbyger
som strøymer inn frå vest
stryk ut skispora bak oss
støtta av iskald nordvest
Vi som har teke på oss skia
uvant her i havgapet
lagt vegen inn i ei ny
og ukjent verd
der regnvåte brune myrar
har festa seg i eit arktisk grep
og gradvis gjeve etter
no slumrar dei under snødyner
utan uro eller forventning
andeflokken tek sats
bak glaserte steingjerde
stupar inn i snøbyga
kinna svir som etter ein øyrefik
men augene er fylte
fylte av eit nytt lys
når teppet er trekt til side
lyset som fell over scenen
og snart skal alt ta til.



Februar 2010

søndag 12. februar 2012

Tous les matins du monde

"Tous les matins du monde" eller "Alle årets dager" som filmen heiter på norsk vart lansert i 1991 . Regien stod Alain Corneau for og filmen var basert på ei bok av Pascal Quignard. Musikken var ved Jordi Savall.
"Tous les matins du monde" fekk strålande kritikk og vart tilgodesett med ei rekke filmprisar.
Hovudrollene vart spelt av Jean-Pierre Marielle som Saint-Colombe, Anne Brochet som dattera Madelaine og Gerard Depardieu som den aldrande Marin Marais. Sonen til Gerard, Guillaume Depardieu hadde rolla som den unge Marin Marais.
Hovudpersonane er  historiske men resten er fiksjon. Musikaren og komponisten Sainte-Colombe er det lite eksakt kunnskap om, men han skal ha vore læremeister for den meir kjende Marin Marais (1656-1728) som verka som hoffmusikar i ei årrekkje. Sainte-Colombe skal også ha lagt ein sjuande streng  til sin Viola da gamba for å gje ein meir melankolsk klang, noko som også er eit poeng i filmen.
Tittelen på filmen spelar på setninga "Tous les matins du monde sont sans retour", alle dagar som er borte kjem aldri att, dei som er borte er borte for alltid. Dette er eit gjennomgangstema når Saint-Colombe lever ei livslang sorg over sin døde ektemake, og dattera Madelaine glir inn i melankolien som følge av ulukkeleg kjærleik til den unge Marais. Musikken speglar desse sorgfulle kjenslene og blir ei slags trøst og forløysing.
Det er poetisk og naturvakkert men sorgtungt, slik vissa om alle tings korte varighet alltid vil vera det.

http://www.youtube.com/watch?v=pnriefsHKsQ

lørdag 11. februar 2012

Old ideas

Show me the place

Show me the place
Where you want your slave to go
Show me the place
I`ve forgotten, I don`t know
Show me the place
For my head is bending low
Show me the place
Where you want your slave to go

Show me the place
Help me roll away the stone
Show me the place
I can`t move this thing alone
Show me the place
Where the Word became a man
Show me the place
Where the suffering began

The troubles came
I saved what I could save
A thread of light
A particle a wave
But there where chains
So I hastened to behave
There were chains
So I loved you like a slave

Show me the place
Where you want your slave to go
Show me the place
I`ve forgotten, I don`t know

http://www.youtube.com/watch?v=RsR8icSiCIY

Leonard Cohen  er tilbake med eit nytt album i år, sist var i 2004 med Dear Heather. Han er snart 78 år men like fullt svært oppegåande som artist. Old Ideas vil nok bli motteke med begeistring av alle Leonard Cohen fans. Cohen er poet, ja det var det han var lenge før han slo igjennom som plateartist. Tekstane på Old Ideas står ikkje tilbake for det han tidlegare har skreve. Hans jødiske bakgrunn med mange bibelske referansar er der som ein klangbotn i alt han har skapt. Men han er også inspirert av zen-buddhismen og oppheld seg lenge i eit zen-buddhistisk kloster. Old Ideas innheld også klare referansar til kristendomen som i teksten eg har gjeve att ovanfor. Av til lurer ein på om det er ei bøn eller ein kjærleikssong han framfører, men kanskje kjem det ut på eit ?



Og mot slutten eit "Lullaby", det kjem enno ein morgon uansett.

Sleep baby sleep
There`s a morning to come
The wind in the trees
they`re talking in tongues

If your heart is torn
I don`t wonder why
If the night is long
here`s my lullaby.

onsdag 8. februar 2012

Arnold Eidslott

Et dikt er en rystelse
En vindrosse i blodet

Hvor kommer vinden fra
Skriv og vær lydig

Ingen kjenner strømmene
i luften og i havet

Et dikt er en ensomhet
Et bål på tundraen

En albatross i stuen
Uventet inn fra havet

Dette diktet av Arnold Eidslott(f. 1926) er frå diktsamlinga " Flukten til katakombene" frå 1982.
Det er ei fin oppsummering av hans dikteriske kall, sjølv seier han i eit intervju nyleg at diktinga er ikkje  noko han har villa men noko han måtte. Han fortel at diktstrofer kunne koma til han under arbeidet som telemontør, eller han kunne vakna om natta av at ei setning kom til han. Frå debuten i 1953 med "Vinden taler til den døve" og fram til årets diktsamling "Postludium", har det vorte totalt 27 bøker. Han er 86 år og reknar med at "Postludium" vert hans siste verk, sannsynlegvis spelar tittelen også på det.
Arnold Eidslott står formessig i den modernistiske tradisjonen, innhaldsmessig favnar han vidare enn dei fleste.
Hans arena er heile historien, verdslitteraturen, kunsten og musikken, ja heile kosmos om ein vil. Men heile tida er den kristen bodskapen tilstades, ofte direkte og tydeleg men vel så ofte som ei underforstått ramme.
Eit favoritt dikt sånn sett er "Portrett i vann" frå 1967:

Mitt øye over brønnen
Dypt nede
lyser ansiktet
Dypere
et annet

Meir tydeleg forkynnande er hans dikt " Den angrende Peter" inspirert av El Grecos måleri

Som brukne vinger
lå Herrens øyne på ham
og Peter dro seg inn i mørket
og hyllet seg i taushetens kappe
og verden sluknet rundt ham og asken
fylte hans rådville hånd og han gråt
sine øyne rene for å se ham som han var