Concepcion.
Regnskogen som eit levande
vern rundt musikken,
og denne åpne plassen inst
inne i hjarta
mellom katedralen og
landsbyen.
Tonane som sølv i trekrunene
der ingen kan seia kvar tonane sluttar
eller lyset byrjar.
Nedfrosne lysstråler tint opp etter trehundre år
inn i det varme,fuktige, grøne
der fuglesongen er så sterk
at den får farge.
Ein stad mellom grønt og fiolett
går det an å minnast dette
og likevel det som er utanom.
Florilegium:
”Baroque music from missions of the Chiquitos and
Moxos Indians.”
Gjensyn.
Så no er vi her igjen
alle vi som prøver
å løyna oss for tida
vi som vil strekkja hendene
over
ordlause kløfter
for
å sjå kvarandre att
dei
same hendene som
løfta
glasa den gongen
og
om igjen no
denne
regnfulle første haustdagen
dei
same augene som funkla
i
ungdommeleg glede
og
no i middelaldrane tvisyn
stemmene som tek opp orda
der dei slapp for lenge
sidan
ein halvt fullført setning
som har overlevd i
tid-romet
og no blir henta ned igjen
og avslutta.
Når vi neste morgen tek
farvel
sluttar orda igjen midt i
siste setning
ventande på fortsetjinga
dersom vi møtest igjen
men vinen er like raud og
varmande.
Gjest.
Vinternatt som enno er der
glasa som blir løfta og tømte
-
Skål mine vener !
Morgonljoset kryp under snøen
dukkar opp inne hos meg
saman
med framande lydar langt borte frå
forsiktige
steg, dører som vert opna,
enno
inne i nattas varme,
djupt
under snødekket,
jorda
og havet utanfor,
opne
og fylt med fargelaus forandring
lener vi oss endeleg mot dagen.
-------------------------------------------------------------------------
Pére
Lachaise.
Døden er grøn og varm
som tidleg april søndag
dansar så lett
etter Chopins mazurkaer
og angrar ingenting
som spurven Edith Piaf
gløymer ikkje eit av
Guillaume Appolinaires kjærleiksbrev
til Lou som han aldri fekk
og ho ligg heller ikkje her
men på Cimetière de Passy
Heloise og Abelard skilde i livet
sameina av døden
lik Amadeo Modigliani
og hans Jeanne
kven kan måla smerten i livet
når roen etterpå er så uendeleg
den tapte tida
som vi ikkje er på sporet av
likevel er der
djupt i Marcel Proust straum av ord
men tapt for alltid for Consuelo
Consuelo
de Saint Exupery
som viskar navnet til sin vesle prins
skylt bort av Middelhavets bølger
og den fjerne lyden av fly
i stjerneklåre netter
ikkje Jim Morrisons ”The End”
men Francis Poulencs Gloria
og dei modige karmelittnonnene
frå Compiegne
som med freden frå den andre sida
steig opp på skafottet
og så desse syttitusen andre
som er borne ut av tida
men enno viskar navna til sine
som ikkje skal høyra det
for snart er også dei viska ut
og berre vinden i trekrunene er att
men i dag er døden mild
ingen siste fiende
ingen fredlaus motstandar
-
eit mjukt drag over kinnet
så djupt
så grønt.
Regn.
Eg lukkar handa
om Beethovens pastoralesymfoni
for så lata ein og ein tone
flyga ut mellom fingrane
dei stig så lett oppover
så lett som fugleflokkar
for til slutt å slå seg ned
i regnfulle skyer
stemmer regndropane
ein tone – ein drope
så løsnar dei
fell mot byen
som litt om litt blir musisk
gatene glinsande våte
i F-dur.
Scordatura
Dette er utanfor orda
på den andre sida
det kan ikkje gripast
det er urørleg
og samstundes i rørsle
komprimerte paradoks
Tonar utan lyd
røyster som ikkje kan høyrast
ugjennomskinleg ljos
umålbare fargar
ord som ikkje kan seiast
Fingrane glir over perlene
og berre rosa er skjør nok
til å visa det som er utanfor.
Scordatura: Stemming av fiolinen
brukt i
Heinrich Ignaz Franz Bibers Rosenkransonater
----------------------------------------------------------------------
Tomater med sukker.
” Man muss jeden Ton lieben
”
seier du.
Estland er grønt og
solfylt
i den svalande skuggen
framom sommarhuset
strør du sukker på
tomatene.
Vil også dette
kvardagslege bilete
verta ein tone som vi kan elska ?
I så fall fyllest eg med takksemnd.
Venskap
i Bergen.
Bergen i juli
kvelden mild og regnfull
slik fyllest glasa
vinen er raud og djup
som Provence i slutten av august
venene varmande
når vi løfter hendene
og
skåler –
blikka
som møtest
over
endelause solfylte sletter
vi
er enno her
som
når eg stoppar
framom
hylla di med bilete
og undrast over innspurten
på åttehundre meter
og alt blandar seg
med novembergrå kursdagar
du i blå Berghaus jakke
tett knappa mot sur vinterblåst
ivrig, snart på veg heim
men vi er enno her.
--------------------------------------------------------------------------
Utanfor tida.
Utanfor tida
løfta
ut av denne straumen
som
fører oss alle framover
konservert
og uforandra
ikkje
berre som draum og minne
men
som sol og grasstrå
moltemyr
og blåbærlyng
vakande
aure og fossedur
der
søstera ror båten
den
minste broren midt i geiteflokken
faren
og mora ved bålet
der
kaffikjelen snart kokar
og
matpakken blir funne fram
frå
den vesle raude ryggsekken
solskinnet
og krusningane
over
Stølsvatnet.
Når
eg snur meg er alt der
ikkje
berre augustdagen no
åleine
tre korte tiår seinare
men
som eit levande bilete
eit
bilete med sin eigen eksistens
heilt
for seg sjølv
eg
kan gå ut og inn av det
i
grått haustregn
i
gjennomlyste julidagar
dekka
av desembersnø
og
smeltande vårmorgen.
Når
eg går heimover fjellet
åleine
i regnet og skodda
skimtar
eg dei alle langt der nede
på
veg opp ura ved fossen
vidare
langs med glitrande vatn
grøne
sommarvarme fjellsider
når
eg regnvåt kjem ned i lia
og
minna tapar seg
er
dei øvst opp på fjellet
i
låg kveldssol
når
eg står på vegen nede i dalen
skal
dei siste minna strykast ut
som
av ein roleg varme neve
men
bileta blir verande der inne
lenge
etter at vi ikkje kan gå opp ura
skal
dei spegla seg i haustklårt vatn.
Utruleg mange flotte dikt. Takk!
SvarSlettBildet på slutten her er godt å kvile augene på.
Marieklem