lørdag 30. juli 2022

Pave Frans i Kanada

 Pave Frans valfart til Kanada 24 - 29 juli i år hadde som hovudfokus den urett som er blitt påført landets urfolk, inuitar, Metis og First Nation. Reisa hans har vorte karakterisert som « a penitential pilgrimage» - ein botsvalfart. Det har lenge vorte forventa at paven skulle vitja Kanada i form av ei slik botsvalfart. I vår kom representantar for kanadiske urfolk til Vatikanet og det sette fart i den planlagte reisa . Dei hadde med eit par mokasinar som gåve til paven, og som ei symbolsk handling lova han å ta dei med tilbake til Kanada når han vitja landet.

Bakgrunnen  for denne botsvalfarten er tragisk nok, og  ein helings- og forsoningsprosess mellom Kyrkja og urfolka har vore heilt naudsynt. Systemet med « Residential schools» - internat skular for born av urfolk var ei statleg systemet der borna vart tekne frå foreldre og plassert på internat skular langt frå heimen. Målet var å assimilera dei inn i ein vestleg kultur med engelsk eller fransk språk.Dette systemet fungerte heilt frå 1831 til 1997 med eit toppunkt på 1930 talet. Ein reknar at omlag 150.000 born var innom dette skulesystemet. Sjølv om det var statleg var det religiøse samfunn som dreiv desse skulane, ulike protestantiske kyrkjer, men eit fleirtal av dei 139 skulane var katolske,for det  meste drevne av ulike ordenar. At desse borna vart revne opp og framandgjort frå sin eigen kultur var ille nok, enno verre var den omsorgssvikt og mishandling borna vart utsett for, noko som førte til sannsynlegvis fleire tusen dødsfall. Borna vart gravlagt i nærleiken av skulane, mange i umerka graver, og fleire av desse gravplassane har vorte oppdaga dei siste åra.

Pave Frans uttrykte gjentatte  gonger  Kyrkjas bøn om tilgjeving for den urett urfolk har vorte utsett for. Maskwacis er ein liten by eit stykke frå Edmonton.  Før han tala og ba om tilgjeving hadde paven ei stille bønestund ved gravplassen der mange tidlegare elevar låg. Til Maskwacis hadde pave Frans med mokkasinparet han hadde lova å ta med når han vitja Kanada.


The Sacred Heart parish i Edmonton  var og eit mål på pavens rundreise. Dette er ein kyrkjelyd som kan førast tilbake til byrjinga av 1900 talet då mange immigrantar fann sin plass her. Dei siste åra har ein lagt særleg vekt på å integrera urfolk i kyrkjelyden.Kyrkja er utsmykka i tråd med urfolks kulturelle uttrykk, denne kyrkja skal vera ein heim for alle. Eit anna viktig stopp på pavens reise var Lac St.Anne, Sainte Anne de Beaupre,  som er eit viktig pilegrimsmål  for kanadiske katolikkar. Ein misjonsstasjon vart grunnlagt her på midten av 1800 talet. Valfartsstaden er vigd til St.Anne, mor til jomfru Maria og ligg ved ein innsjø som er heilag for urfolket. At det er Jesu bestemor som staden er vigsla til gjev eit sterkt symbolsk bilete , for hos urfolka har bestemødrene ofte ein viktig posisjon. Også her uttrykte paven bøn om tilgjeving og forsoning.

Siste stopp på pavens pilegrimsreise før han returnerte til Vatkanet var den vesle inuit- byen Iqaluit på Baffin Island, hovudstaden i Kanadas nordligaste territorium. Med det var denne botsvalfarten over og vi kan vona og be om at det var eit viktig steg i den prosessen som skal forsona Kyrkja med urfolk som har lidd urett, ikkje berre i Kanada men også i Den tredje verda.





tirsdag 19. juli 2022

Poetica:Brygga

 

Brygga

Den gamle brygga held på å siga i hop

det er sett opp skilt og sperra av

no seint i juni er sollyset blendande

og det grøne meir intenst levande

enn på lenge.

Eg glir lydlaust gjennom stille sjøvatn

inst i denne bukta

som nok held tjue grader eller meir

no i dette lette skiljet

mellom sein ettermiddag og tidleg kveld.

I det fjerne glade røyster i sommarleg prat

brygga er det ingen som bryr seg om

kanskje til neste år ?

Som naustet med ny kledning

og måla i frisk raudfarge

ein gong inneheld det staselege båtar

presten på veg til søndagsmesse eller gravferd.

Ei kjensle av høgtid

sjølv om tida ikkje synest å røra seg

er det likevel  praten og latteren

til ungdomane på brygga,

bilete frå sommaren 1939

enno glade og sorglause.

Eg vassar til land og set meg i solveggen

brygga synest mindre no

kanskje er ho i ferd med å sleppa taket

og gli ut i fjorden

for så å dykka opp i det gamle bilete ?

Eg stryk forventninga med innsida av handa

og ventar litt til, stille utan uro.

Dei har  reist seg no, vinkar smilande

badetøyet er pakka saman 

og om litt er vi alle på veg heim?



,





lørdag 16. juli 2022

Vår Frue av Karmelberget

 I dag 16.juli er minnedagen for Vår Frue av Karmelberget, ein minnedag for Jomfru Maria som i Karmelittordenen har ein heilt spesiell posisjon som ordenens evige vern og forbedar. Ordenen kan førast tilbake til eremittar som slo seg ned på Karmelberget på 1100 talet, der profeten Elia iflg.tradisjonen skal ha opphalde seg. I 1209 vart ordensregelen godkjent av Albert av Jerusalem, og seinare stadfesta av paven. På 1200 talet måtte munkane flykta då muslimane igjen overtok Palestina, dei kom til Europa og England og Frankrike vart tyngdepunktet. Første generalkapittel vart halde i Aylesford i Kent der Simon Stock vart valgt til ordensgeneral. Det er og Simon Stock dagen i dag knyter seg til, han skal 16.juli 1251 ha hatt ein visjon av Jomfru Maria der han opplevde at ho gav han det brune skapularet. Minnedagen blir difor også rekna som ein skapularfest. Simon Stock grunnla eit brorskap knytt til skapularet, det vart Karmels tredje orden, som vi i dag kjenner som sekularkarmelittar. Saman med søstre og brødre utgjer det den karmelittiske familie som alle er under Jomfru Marias vern.

Antifon til Magnifikat: I dag er Jomfru Maria blitt gitt oss til mor. I dag har hun vist oss sin miskunn. I dag synger hele Karmel av fryd mens vi feirer festen for henne som har gitt oss navn.



mandag 4. juli 2022

Fjelltoppen

 Det har til alle tider vore noko spektakulært å stå på ein fjelltopp, ein får brått eit vidt syn, eit oversyn ein ikkje hadde nede i låglandet. Ikkje utan grunn fekk fjelltoppane religiøs tydnad, inkaindianarane ofra til sine gudar på de i mange tusen meter høge toppane i Andesfjella, Moses får steintavlene av Herren på Sinai-fjellet, for buddistane i Nepal var dei over 8000 meter høge fjella heilage, i mange land finn ein krusifiks og små kapell på fjelltoppar!

Ein tur til Malmangernuten 889 moh. blir i dette perspektivet eit beskjedent bidrag. Ikkje er fjellet heilagt, ikkje spesielt høgt heller, og ein går på merka og tilrettelagt sti, men utsynet er vidt og den gode kjensla når ein står ved varden på toppen etter å ha slete eit par timar i sommarvarmen, er der! 

Emily Dickinson var nok ikkje på mange toppturar, men ho skreiv dikt om fjella somså mykje anna.

The mountain sat upon tha plain

In his eternal chair ,

His observation omnifold,

His inquest everywhere.


The seasons prayed around his knees,

Like children round a sire:

Grandfather of the days is he

Of dawn the ancestor.









Hans Børli skreiv mange naturdikt, ja naturen var hans store inspirator. Mange skogsdikt, men ikkje fjelldikt, kanskje ikkje så rart sidan det er mest skog men lite fjell på Eidskog! Men den religiøse naturkjensla er han ein mester til å skildra som i diktet « Jeg satt på ryggen til skogsuset».

Jeg satt på ryggen til skogsuset.

Gjømte meg i den linne låta

av lauv og bar,

greiner som rørte seg mjukt i vinden

lik store vinger.

Og skogsuset løftet meg så høgt

at stjernene strauk meg over håret

med ømme lyshender,

ja, så svimlende høgt var jeg at

jeg hørte Gud røre på seg og puste

oppå himlingen over hue på meg.


Men noen fuglekonge

ble jeg aldri.