søndag 24. april 2022

Anna Akhmatova - Rekviem

 Den russiske poeten Anna Akhmatova (1889-1966) sitt mest kjende dikt hat tittelen Rekviem og vart til på slutten av 1930- talet. Det handlar  om dei mange som vart offer for det stalinistiske terrorregimet og er vigd minnet om dei mange døde. Diktet har ei kort innleiing som nok har gjort inntrykk på mange:

" I dei grufulle åra da Jezjov var sjef for tryggingspolitiet, stod eg 17 månadar, dagleg , i fengselskø i Leningrad. Alle kviskra der. Ein dag kviskra kvinna som stod bak meg inn i øret mitt med blåfrosne lepper:

- Kan De skriva om dette ?

Og eg sa:

-Det kan eg .

Da gleid noko som likna ein smil over det som ein gong hadde vore andletet hennar."

Sjølv om diktet vart til på slutten av 1930-talet i skuggen av Holodomor og Moskavprosessane, kunne det nok og vore skreve tjue år tidlegare eller ti år seinare eller i dagens situasjon i Russland og Ukraina? Det var ei svært vanskeleg tid for Anna Akhmatova , og ho var nok reelt sett i tvil  om ho skulle overleva eller at sonen  Lev Gumiljov som då var arrestert av kommunistregimet skulle overleva. Hennar første mann poeten  Nikolaj Gumiljov  vart avretta av kommunistane alt i 1921, venen og kollegaen Osip Mandelstam døydde i Gulag i 1938. Ho hadde debutert  i 1912 og gjeve ut fleire diktsamlingar etter det, men vågde ikkje å publisera noko etter 1922. Rekviem er eit langt dikt som ikkje vart gjeve ut før på 1960-talet. Ho skreiv det på små lappar som ulike vener så memorerte før lappane vart brende slik at ingen kunne spora det tilbake til henne. Ho overlevde forfølgingane  før krigen og likeså krigsåra då ho vart sendt langt aust i landet. Kanskje held Stalin på forunderlege vis si hand over henne slik han også gjorde med Bulgakov, Pasternak og Shostakovitsj ? Slutten av livet hennar vart lettare, ho fekk reisa til Oxford der ho tok i mot eit æresdoktorat, og ho vart innstilt til Nobelprisen som ho vel kanskje hadde vorte tildelt før eller seinare dersom ho ikkje hadde døydd av hjerteinfarkt i 1966.

Ho vart fødd i Odessa i 1889, men var russisk talande og skrivande, og budde det meste av livet i St. Petersburg. Ho budde ei tid i Kyiv  og gifte seg  der med Nikolaj Gumiljov i april 1910. Sjølv om ho nok  i dag vert rekna som ein av Russlands store poetar hadde ho også ukrainske røter og i Kyiv finn vi eit vakkert minnesmerke over henne. Hadde ho levd i dag ville nok hennar Rekviem også handla om Mariupol og Butsja!

Dikta hennar er oftast korte med konkrete bilete, stemninga kan skifta frå det varme og hyggelege til redsla som heile tida ligg under når ein lever under eit totalitært regime. Som i dette diktet fra 1917 men det kunne og handla om 1937 eller 2022 ?

"Å, eg elska dette nattlige skravlekoret, -

glasa stod som is på vesle bordet,

over svarte kaffen anga dampen fin,

tung vintervarme gløda raudt frå ein kamin,

den litterære spøken muntra opp og etsa

i vennens første blikk låg hjelpeløysa, redsla."




                                         Monument over Anna Akhmatova i Kyiv


"Korleis er tida verre enn dei førre ? Kan hende

slik: i os av sorg og angst har hundreåret

snerta ved det svartaste av alle

sår, men kunne ikkje heile dette såret.


I vesten lyser sola enn, i jordiske

strålane skin taka i kvar by,

her driv den kvite alt og merker  husa

med kors, ho skrik på ramnar, ramnar flyg."

(vinteren 1919)


mandag 18. april 2022

Påskefeiring

 Ingen fjellpåske i år men høve til å følgja påskeliturgien frå Palmesøndag til byrjinga av Påskeoktaven i dag. Frå Kristi jublande inntog i Jersusalem, då han vart hylla med palmegreiner til Langfredags liding på korset , for så å enda i Oppstoda som vi feirar med lys og jubel Påskenatt.

Påskefeiringa som dei siste to åra har vorte kraftig amputert på grunn av smittesituasjonen skjer i år med bakgrunn i den brutale krigen i Ukraina. Brutaliteten  og ondskapen  i krigen  og blir på ein måte ein del av langfredagssmerten. Pave Benedikt  XVI skriv i sistre bind av trilogien om Jesus: " Jesu lidelse og kampen med døden  varer like til verdens ende , som  Blaise Pascal sier på bakgrunn av slike innsikter."

Rabineren i Kyiv foreslo at kristne og jødar saman kan be salme 31 for fred. Den inngår også i Langfredagsliturgien  mellom først og andre lesning, og høver spesielt godt i dagens situasjon.

,

 2 Herre, eg søkjer tilflukt hos deg,
          lat meg aldri bli til skamme!
          Fri meg ut i di rettferd!
          
   
  3 Vend øyret til meg,
          skund deg og redd meg!
          Ver meg eit vern og eit berg,
          ei borg til frelse!
          
   
  4 Du er mitt fjell og mi borg;
          for ditt namn skuld fører og leier du meg.
          
   
  5 Løys meg or garnet dei har spent ut for meg!
          For du er mi tilflukt.
          
   
  6 I dine hender gjev eg mi ånd,
          du løyser meg ut, Herre, du trufaste Gud.
          
   
  7 Eg hatar dei som held seg til vind og fåfengd.
          Sjølv set eg mi lit til Herren.
          
   
  8 Eg vil jubla av glede over di miskunn
          fordi du har sett mi naud,
          du kjenner mi trengsle.
          
   
  9 Du gav meg ikkje over i handa til fienden,
          men førte meg ut i ope land.
          
   
 10 Ver meg nådig, Herre,
          for eg er i naud.
          Auget sløvest av bitter sorg,
          pust og kropp svinn bort.
          
   
 11 Livet mitt endar i sorg,
          åra mine i klage.
          Min styrke sviktar
          på grunn av mi skuld,
          beina i kroppen svinn.
          
   
 12 Eg blir til spott for fienden,
          til hån for grannane,
          ei redsle for dei som kjenner meg,
          dei som ser meg på gata, vik unna.
          
   
 13 Som ein død er eg gløymd av menneske,
          lik eit kar som er kasta bort.
          
   
 14 For eg høyrer mange som kviskrar
          – å, redsle på alle kantar! –
          når dei samlar seg mot meg
          og legg planar om å ta mitt liv.
          
   
 15 Men eg set mi lit til deg, Herre,
          eg seier: «Du er min Gud.»
          
   
 16 Mine tider er i di hand,
          fri meg frå fiendar som jagar meg!
          
   
 17 Lat ditt andlet lysa over din tenar,
          frels meg i di miskunn!
          
   
 18 Herre, lat meg ikkje bli til skamme,
          for eg ropar til deg.
        
          Lat dei urettferdige stå med skam
          og gå stille til dødsriket!
          
   
 19 Lat lygande lepper tagna,
          dei som talar frekt mot den rettferdige
          med hovmod og forakt.
          
   
 20 Kor stor di miskunn er,
          som du har spart til dei som fryktar deg!
          Rett framfor menneske har du vist di miskunn
          mot dei som søkjer tilflukt hos deg.
          
   
 21 Hos deg finn dei vern
          mot overgrep frå menneske.
          Du gøymer dei i di hytte
          for tunger som kjem med klagemål.
          
   
 22 
Velsigna er Herren som gjer under!
          Han viste meg miskunn i ein kringsett by.
          

   
 23 Eg sa i min angst:
          «Eg er støytt bort frå dine auge.»
          Men du høyrde mi bøn
          då eg ropa til deg.
          
   
 24 Elsk Herren, alle hans trugne!
           Herren vernar dei trufaste,
          men den hovmodige gjev han att i fullt mål.
          
   
 25 Ver modige og sterke,
          alle de som ventar på Herren!

Så kjem vi til påskenatt, det liturgiske årets høgdepunkt , det som vi har venta på og sett fram til gjennom heile fastetida. Det byrjar med lyssermonien ute som bilete under viser. Prosesjon med lyset: Lumen Christi - Lyset fra Kristus! Så den store Påskelovsangen, som blir følgd av ordets liturgi med dei ni lesningane, berre avbrote av eit jublande Gloria og Halleluja. Etter preika blir  tre unge menn teke opp i Kyrkjas fulle fellesskap og får fermingas sakrament. Det er stort !  Så dåpsliturgien med velsigning av dåpsvatnet og fornying av dåpspakten. Det har gått over to timar og vi når messas høgdepunkt som alltid vil vera Eukaristien.

Kristus er oppstanden! Ja,Han er sanneleg oppstanden!









lørdag 9. april 2022

Ukraina- eit vitnemål

 Krigen i Ukraina gjer sterk inntrykk på alle, ikkje minst dei siste  brutale bileta frå byen Butsja. Ekstra sterkt inntrykk gjer det når ein møter enkelt lagnadar som den ukrainsk-ortodokse  presten fader Volodomyr Koskin. Han klarer å flykta frå den beleira Mariupol saman med kona  Julija ,men foreldra blir igjen. Mora blir drept i eit russisk artilleri åtak, ho blir gravlagt i hagen under eit kirsebærtre. Sonen skriv: "Mamma, livet ditt ble tatt fra deg av russsiske onde ånder, og jeg vil aldri glemme det. Mamma, du ble begravet i din egen hage, like ved kirsebærtreet som du var så glad i. Mamma, vær så snill og be for meg, fordi det er vaneskelig for meg. Det er som om hjertet mitt har blitt revet ut, og såret bare vokser. Mamma, takk og jeg sier ikke farvel fordi jeg tror at atskillelsen bare er midlertidig."

Det er med risiko for sitt liv at ukrainske  prestar og biskopar blir i landet. Agentar for Russland registrerar geistlege som dei meiner støttar den ukrainske hæren. Dei står på såkalla dødslister, dette gjeld både ukrainsk-ortodoske , katolske og gresk-katolske prestar. Den katolske biskopen i Kyiv Vitalij Kryvytskyj er klar over dette, men har har som sine 160 prestar valgt å bli  for å støtta sine sognebarn. Biskopen  bruker si tid til humanitært arbeid og til andelege støtte til sin prestar og legfolk.

Erkebiskopen i den ukrainske gresk-katolske kyrkja Sviatoslav Shevchuk  opplyser at kyrkjene har blitt humanitære senter for internt foredrevne flyktningar.  Han var ellers nyleg i Butsja for å be ved massegravene som vart oppdaga der.

"Og der, ved ei open massegrav, der vi såg dei skamfarte og livlause kroppane, ba vi for deira evige kvile . Og i den bøna spør eg meg sjølv, spør eg Gud, Gud, kva er meinga med å elska deg og elska,sin  neste."

"Og nær denne massegrava, når eg ser på hendene  til våre myrda brødre og søstre, forstår eg noko svært viktig; å elska sin neste er å kjenna seg knytt til han. Det tyder at vi er menneske saman i fellesskap, at  vi høyrer til den same arten menneske. Og der han eller ho kviler i massegrava, kunne det like gjerne vore eg som vart lagt."


                         Erkebiskop Sviatoslav Shevchuk ved massegravene i Butsja.

“To love one’s enemy means to stop his murderous hand, to take away his weapon, not to give him the opportunity to kill. We ask that in the circumstances of hatred and murder of war, that we know how to love God and our neighbor, that we remain human.”

onsdag 6. april 2022

Poetica:Under ditt vern (Sub Tuum Praesidium)

 

Under ditt vern

Kanskje går det ikkje an

å vita nøyaktig når tida

fall gjennom hendingshorisonten

og vart til mørkre

mørkre og blod,

med undring og sjokk såg vi

at lyset vart brote

på si reise i kosmos

no var ikkje døden blindpassasjer

men kartlesar og navigatør,

Mariupol – Butsja – Irpin

gjennom sludd og ørkengater

er det nokon som samlar

og delar ut  ei handfull

med dyrekjøpt lys,

om berre ein flik av di

våte og blodige kappe

blir deira vern  og  vår tilflukt.