søndag 27. februar 2022

Ukraina

 Ukraina, heile verdas merksemd er retta mot dette landet sentralt i Europa som har vorte utsett for eit brutalt overgrep frå sitt større naboland. Få land har gått igjennom større lidingar i forige hundreår. På byrjinga av 1930 talet prøvde Stalin systematisk å svelta i hel  ukrainarane og fleire millionar døydde. Dette brutale overgrepet har fått navnet "Holodomor" ( frå ukrainsk: å drepa med hunger). I Kyiv er det bygd  eit minnesmerke for denne katastrofen påført dei av ein brutal diktator. Det som gjorde størst inntrykk var statuen av den vesle utsvelta jenta attgjeve som det første  bilete under. Det neste bilete er minnesmerke over offera på Majdan i 2014. då vel 100 personar døydde i samband med demonstrasjonar  mot president Janukovitsjs som utsette ein tilknytningsavtale  til EU og heller valde tettare band mot Russland. Janukovitsjs måtte gå av og i etterkant av dette gjekk  Putins styrkar inn og  okkuperte Krim halvøya.

Bileta er frå vår vitjing i Ukraina hausten 2018 og det gjer ekstra inntrykk å sjå ein palss ein har sett med eigne auge bli utsett for bomber og granater. Kyiv, ein storby som mange andre i Europa, det gjer det heile nærare og meir brutalt! Det er naturleg å avslutta med eit ikon av Guds mor Maria og Jesusbarnet . Måtte dei verna det ukrainske folket! Vi tenner lys og set fram skytsenglar  framom våre to ukrainske ikoner.



























torsdag 17. februar 2022

Poetica: Elden

 Elden

Det brenn godt no

ein klår og jamn flamme

du greip etter kvister og røter

og hadde ikkje trudd

at det fatna så lett

på blaut og regntung skogbotn

så sit du med blikket kvilande

i elden og skumringa

dagsljoset svinn umerkeleg

og natta tek over  like umerkeleg

når du reiser deg for å gå vidare

synest mørkret endelaust

og berre dei første metrane

av dyretråkket du føl er opplyst

i skinet frå bålet

likevel legg du i veg utan teikn og lykt

berre leia av det brennande hjarta

til lysskjeret bryt i aust

inn i dagens uavgrensa klårsyn

lovnaden gjeve for lenge sidan.

 


 


søndag 13. februar 2022

Sovande minne

 Eg vender  igjen tilbake til nobelprisvnnaren Patrick Modiano og romanen  Souvenirs  dormantes, eller Sleep of Memory som er tittelen på mi engelske utgåve. Romanen kom ut i 2017 og som i hans føregåande romanar føregår handlinga i og rundt Paris. Modiano er til dei grader "Paris-forfattar"! Tematikken er mykje det same som før , men ikkje mindre fascinerande for det : minne og erindring, sant og usant, røyndom og fantasi. Minna forandrar seg, og ein spør seg er dette noko sjølvopplevd eller er det noko eg leste , vart fortald eller såg på film ein eller annan gong. Paris på 1960 talet, personar som dukkar opp og er tildtades ei kort stund for så å forsvinna,og kanskje kortvarig dukka opp igjen mange år seinare. For slik er livet  Slik og med hovudpersonen i denne romanen som ofte synest å vera i ein draumeaktig tilstand, " cut off from the world" , " it felt as if we were the only inhabitants of Montmartre ". Han er kjenslevar for stadar og stemningar, "I have always been sensitive to what they call "the spirit of the place".  Dei valg vi alle står overfor og så vel vi ein av mange vegar, kva med alle alternative, dei som rører seg nær oss og som vi kanskje kan  ana gjennom ein tynn vegg slik ein annan stor forfattar uttrykkjer det. " Thousands and thousands of  paths that you didn`t take at various crossroads in your life, because you thought there was but a single one".  Det er heller ikkje lett å få oversikten, for minna foandrar seg, kva veg var det vi tok den gongen og kva var alterantiva ? Boka sluttar med følgjande setning:

" But was it really the right way ? In our memories blend images of roads that we have taken, and we can`t recall what regions they cross."

                     Vakne minne frå Paris ? Utsikt mot Montmartre frå Musee  d`Òrsay:

lørdag 12. februar 2022

Eit nytt namn

 På slutten av fjoråret kom siste band i Jon Fosses Septologi  med dei to siste delane av dette verket som har fått strålande kritikkar frå mange hald. Eg kan berre slutta meg til dei!

I  dei føregåande delane har vi følgd biletkunstnaren Asle ei vekes tid før jul, men stadige tilbakeblikk på tidlegare hendingar i livet hans. Fosse nyttar ikke punktum i desse bøkene, notid og fortid glir umerkeleg over i kvarandre, det same gjer perspektivet  i og med at han skiftar mellom først person og tredje person. I notida  bur Asle åleine i eit hus ved "Sygnesjøen", kona Ales er død for ei tid sidan og han har ikkje kontakt med så mange andre enn naboen Åsleik som han et pinnekjøt med like før jul, og som han på slutte av boka  skal feira jul med hos systera til Åsleik Guro. Gjennom verken får vi stadige tilbakeblikk på Asles fortid, oppveksten i ei lita bygd på Vestlandet, korleis kallet til biletkunsten veks fram i han, gymnastida, den første utstillinga og tida på Kunstakademiet i Bjørgvin. Kort tid etter at han kjem til Bjørgvin møter han bergensjenta Ales som han vert kjæraste med og som han etterkvart gifter seg med. Eit viktig poeng her er at ho  kjem frå ein katolsk familie, er praktiserande katolikk og introduserar Asle for katolisismen. Etterkvart vel han også å verta teken opp i Den katolske kyrkja. Det er ei vakker skildring av når Ales tek Asle med til St. Paul kyrkje for første gong:

"... og han seier at dei ein gong må gå til ei messe, og Ales seier at  det skal dei, men noe r det ikkje noka messe i Sankt Paul kyrkje, likevel vil ho gjerne at dei  skal gå inn i kyrkja, for kyrkja er alltid open seier ho og dei går opp trappa til Sankt Paul kyrkje og Ales slepper handa til Asle  og ho opnar døra til kyrkja og Asle går inn og det er ganske mørkt i kyrkja og bakarst, i det venstre hjørnet under ein statue statue av Maria møy med Jesusbarnet på armen står fleire små lys og brenn og fremst i kyrkja brenn eit lite raudt lys, bak altaret, over eit skåp der............ og så kneler Ales og så reiser ho seg og så står ho og ser mot det raude lyset der framme over altaret  Det er noko der, seier ho "

Vakrare kan ikkje det første møtet med den tilstadeverande Kristus i altarets sakrament skildrast. Før dei går ut gjer også Asle krossteiknet, " men han er litt usikker på om han gjer det rett og likevel  så merkar han krafta  krossteiknet fyller  han med  og så tek Ales han i handa  og så går dei ut og Ales let att  døra etter dei"

Fosse introduserar og ein biperson  som  heiter Asle og som og er kunstnar, men i motsetnad til den første Asle som er tørrlagt alkoholikar, drikk han framleis  og på slutten av boka døyr han på sjukehuset. Er han ei reell person eller berre eit bilete på kor ulikt livslagnaden kan arta seg ?  Asle overtek hunden hans Brage, og det er nok til stor trøyst for han i einsemda etter Ales død. Ho er borte men likevel kjenner han på hennar nærver. Asle  vender stadig tilbake til dei store spørsmål i livet og i kunsten! Han er kunstnar av heile si sjel, stadig dukkar det opp indre bilete som han må uttrykkja, og han får det til, han får gode kritikkar og bilete hans blir fort omsett når han held utstillingar. Kanskje ein parallell til forfattaren, hans alter ego ? Men kunsten blir noko meir, kunsten blir ei slags bøn, noko Fosse og har peika på i intervju. Asle er ikke teologisk og filosofisk skolert men dei store spørsmåla om Gud som samstunde fjern og nær  opptek han. Her merkar vi påverknaden av den store Mellomalder-mystikaren Mester Eckhart.

"...Brage ligg i fanget mitt og eg tenkjer at Gud er så fjern at ein ikkje kan seia noko om han og difor er alle førestillingar ein gjer seg om Gud feil, samstundes er han så nær at vi heller nesten ikkje kan merka han, for han er det i mennesket som er sjølve grunnen.."

Kanskje kan  Gud berre skildrast i paradoks, som "det lysande mørker" ? Asle kjem ikkje vidare i dei  religiosnfilosofiske funderingane , han blir berre trøtt og tenkjer at no må han gje seg med denne tenkinga si ! Då er det godt å kunna ta si tilflukt til dei faste munnlege bønene slik som Rosenkransen!

"....og eg tek fram rosenkransen eg støtt har hengande rundt halsen, den eg i si tid fekk av Ales, han er brun med perler og kross i tre, og no skal eg be rosenkransen min slik eg ofte gjer, om ikkje av annan grunn  for at han gjev meg ro, gjev meg fred, tenkjer eg og eg bed alltid med attletne augo, og stilt inni meg..."

Asle får ein indre ro når han bed rosenkransen, men det gjev og ei slags ro å lesa desse bøkene, denne jamne straumen av tankar og hendingar som det ,iallfall for meg, er så lett å kjenna seg att i!



lørdag 5. februar 2022

Medjugorje - Mirakel eller humbug ?

 

Medjugorje – mirakel eller humbug ?

I ein større artikkel i Vårt Land blir Maria-openberringane i Medjugorje i Bosnia problematisert med bakgrunn i ei nyleg utgjeve bok av den italienske journalisten  David Murgia. Ein nyttar sterke ord som « splittende for Vatikanet» og « en skandale utan sidestykke om Medjugorje-fenomenet viste seg å være falskt». Det siste er eit merkeleg utsagn i lys av overgrepsskandalane!  Murgia hevdar at Vatikanet held sanninga løynd og ser fenomenet som splittande. Alt i 1991, ti år etter dei første openberringane, kom den såkalla Zadar-erklæringa frå biskopane i det dåverande Jugoslavia, den konkluderte med at « det kan ikkje stadfestast at det handlar om overnaturlege  visjonar og openberringar.» Dette i motsetnad til utsagnet , « det er stadfesta at det ikkje er overnaturlege hendingar»(latin:  non constat supernaturalitate  vs. constat de non s.). Det er vanskeleg å sjå at Kyrkja vil uttala seg meir bastant i dag ?

Kyrkja lærer at Gud  har openberra seg ein gong for alle gjennom Jesus Kristus, med Johannes av Korsets ord: « Ved å gi oss sin Sønn , som er hans Ord, har han ikke flere ord å komme med. Alt har han sagt oss en gang for alle i dette ene Ord.» Likevel har Kyrkja sett sitt godkjennings-stempel på eit fåtall seinare openberringar, langt dei fleste er avvist som naturlege fenomen eller rein humbug. Kyrkja har lang erfaring i å granska overnaturlege fenomen gjennom den svært omfattande  prosessen som leiar fram til ei helgenkåring. Eit titalls openberringar er formelt godkjent, dei fleste Maria-openberringar som Guadalupe, Lourdes og Fatima. Ingen blir erklært som helgen i levande live, openberringar blir heller ikkje godkjent før langt i ettertid når dei har opphøyrt. Eit viktig prinsipp er som ein kroatiske biskop uttrykkjer det: «Dersom det kjem frå Gud vil det vara, dersom det er menneskeskapt vil det heilt enkelt opphøyra.»  Kyrkja krev heller ikkje at vi skal tru på post-apostoliske openberringar, men dei kan  vera nyttige for å styrka trua hos den enkelte.

At Medjugorje er kontroversielt er innlysande for alle som kjenner litt til historia på Balkan. Heile regionen ber på eit komplekst og brutalt historisk bakteppe. Eit viktig poeng er som det vert påpeika i artikkelen konflikten mellom biskopane og dei fransiskanske munkane som vart verande i Bosnia under  det ottomanske styret. Dei stod saman med dei truande både under muslimsk og kommunistisk undertrykkjing, og var langt meir positive til dei unge visjonære enn det kyrkjelege hierarkiet.

Det vert hevda at bodskapen frå Medjugorje fjernar seg frå Kyrkjas lære og ikkje stemmer med openberringane i Lourdes og Fatima.  Joseph Ratzinger (pave Benedikt) set eit grunnleggjande kriterium for at ein visjon eller openberring skal reknast som sannferdig, nemleg at den peikar mot Kristus. « Dersom den leiar oss vekk frå Han, dersom den blir uavhengig av Han eller til og med framstiller seg som ein annan og betre  frelsesveg, viktigare enn Evangeliet, då kjem den sikkert ikkje frå Den heilage Ande som leiar oss djupare inn i Evangeliet, ikkje vekk frå det.» Dei seks visjonære frå Medjugorje har nok uttrykksformer og formuleringar som kan verka merkelege, ikkje minst at det stadig vert publisert nye bodskap, men bryt dei dermed med det Ratzinger påpeikar ? Som  teologisk uskolert praktiserande katolikk, rett nok meir Maria sentrert enn dei fleste, klarer eg ikkje heilt å sjå det. Kjernebodskapen er eit kall til omvending og frelse, og for å oppnå det har vi fem klassiske middel: bøn, faste, bibellesning, skriftemål og deltaking i messa. Ikkje minst bøn, kvar av tenåringane fekk eit  forbønstema av Maria som dei har halde fast ved.

Eg kan ikkje påropa meg store andelege opplevingar i møte med Medjugorje, men då eg gjekk opp på fjellet der Maria synte seg hadde eg ei kjensle av at det heilage var nær, eg rørte meg på « a thin place» som dei gamle keltarane uttrykte det. Om dette var «reelt eller innbilling» var ikkje ei problemstilling, langt viktigare var det at eg var ein av mange millionar andre som kvart år søkjer til Maria-heilagdomar. Mellom desse er det utan tvil mange gonger fleire fromme kvinner enn «konservative machomenn». Kvinner har alltid vore i fleirtal der Maria vert æra, ofte fattige, uskolerte kvinner frå landsbygda i Den tredje verda. Det er grovt urettferdig å dra deira vurderingsevne i tvil.

Kvifor æra Maria ? Kort sagt fordi ho er så intimt knytta til det største kristne mysteriet, inkarnasjonen, at Gud vart menneske, noko som krevde hennar samtykke. Og fordi ho held fram med å gjera det ho gjorde i bryllaupet i Kana, ho peikar på Sonen og går til Han med det vi ber om.

Medjugorje er utan tvil kontroversielt, men det kan vanskeleg tenkjast at Vatikanet kjem med ei erklæring som bryt med tidlegare erklæringar og dermed overprøver den andelege fornyinga 30 millionar pilegrimar har opplevd i Medjugorje! «På fruktene skal de kjenna dei» (Matt 7,16)

 (sendt til Vårt Land som kommentar til artikkel om Medjugorje , men ikkje trykt)

,

 



 

torsdag 3. februar 2022

Kyndelsmesse

 2.februar i vintermørke feirar vi ein lysfest - Kyndelsmesse frå gammalt. Det er dagen for Herrens framstilling i tempelet, førsti dagar etter jul, på latin Praesentatio Domini, Andre navn er som sagt Kyndelsmesse, Maria lysmesse eller bare lysmesse, på latin  Missa Candelarum. I år kunne vi feira dagen med lysprosesjon og messe, det var ei fin oppleving. Maria og Josef kjem til tempelet med det vesle Jesusbarnet, der møter dei Simon og Anna! Vi møter også Den heilage familie denne lysfesten!

Karmelittmunk Wilfrid Stinissen har ei preike for denne dagen og eg tek med slutten av den:

"Dialogen mellan Symeon och Maria kan lära oss något om  hur vi kan föra en dialog på djupt nivå. Symeon talar,men endast därför at han är inspirerad av Anden. Han har något at säga, och det som han säger kommer från Anden. Maria lyssnar. Hon er ren öppenhet, som låter seg fyllast av orden. Hon diskuterar inte, hon kommenterar inte. Hon tar emot och ingenting mer. Symeon talar fastän han vet at han är den minste och att Maria står mycket högre enn han. Han talar därför att han fått uppdrag att tala. Maria lyssnar och hon tycker att det er självklart att hon lyssnar. Hon reflektärar inte över sig själv. Hon tänker inte: det är egentlig jag som borde tala, eftersom jag har fått mest av helig Ande. Symeon och Maria, båda gör de exakt vad de skal  göra. Och därför klinger deras samtal genom historien, ända til i dag."




                                             Frå feiringa av Kyndelsmesse i St. Ansgar