lørdag 21. november 2026

Sekularismen i tilbakegang ?

 «Why millions are flocking to pope  LeoXIV - and returning to the Catholic Church» spør tidsskriftet National Catholic Register.  Er det i såfall eit teikn på at den religionslause sekularismen er i tilbakegang? Heilt frå Opplysningstida på 1700 talet og ikkje minst under Den franske revolusjonen, vart det hevda at religion var noko forelda og gradvis kom til å forsvinna i  det moderne samfunnet. Enno tydelegare vart dette under kommunismen der truande vart forfølgde og tildels lei martyrdøden. I etter krigstida har vi også sett at religiøs praksis har vore i tilbakegang, færre møter til gudsteneste, dei døyper ikkje barna og vel ikke religiøs giftermål og gravferd. Dette har vore mest tydeleg i protestantiske land, men har etter kvart også omfatta tradisjonelt katolske land som Irland, Frankrike og Spania. Også i det sterkt katolske Polen byrja ein å sjå denne tendensen. Artikkelen tek utgangspunkt i pavens reise til Sør- Amerika i november der han vitja Uruguay, Argentina og Peru, overalt vart paven motteke av fleire millionar truande  både langs reiseruta hans og til messe og vigilie. Paven Leo har sterk appell ikkje minst til dei unge. Det blir av fleire hevda at han er den mest populære leiaren i verda i dag! 

Eit annan tendens det også  blir peika på er den sterke auken i vaksne som søkjer Kyrkja og blir døypt. Vi har sett det i mange europiske land og i dei fleste bispedømme i USA. I Frankrike var det sist påske 22000 som vart  døypt, ein tredobling frå ti år tilbake. Vi ser det også i Norge, antall deltakarar på troskurs som førebur til opptak i Kyrkja har auka markert. Ein kan koma med psykologiske og sosiologiske forklaringar, og konkludera med at det er naturleg at usikre og engstelege unge menneske søkjer det som er varig og stabilt. Som katolske kristne trur vi at det er noko meir, vi trur at ein lengt etter Gud er lagt ned i oss og ikkje noko jordisk kan tilfredsstilla denne lengten. Å ta imot Gud er det einaste som kan fullbyrda det som våre liv, vårt ego er tiltenkt. “ Det er noko i meg som er meir meg sjølv enn eg” skriv filosofen Jaques Maritain.

Eit anna fenomen som denne artikkelen ikkje tek opp er dei mange unge helgenkandidatar vi har sett dei siste åra. I fjor vart Carlo Acutis og Pier Georgio Frassati  heilagkåra, men det er fleire  etter dei fødd på 1990  og byrjinga av 2000 talet.Clare Crockett( 1982-2016)frå Nord-Irland, Marco Gallo frå Italia, Gilda Gersosimo(2004-22) frå Italia, Joe Wilson ( 1994-2011) frå Skotland, Elena Calero (1990- 2014) frå Spania, Pedro Ballistar(1996-2018) frå England, Gianluca Firetti ( 1994-2015), Maria Eduarda Nogueira (2007-2025) frå Brasil og no for eit par dagar sidan Maria Middleton (2002-2020) frå Pennsylvania i USA. Giulia Gabrieli( 1997-2011) akkurat erklært venerabilis av pave Leo.Den Heilage Ande sender nye helgenar når Kyrkja treng det mest!



As Leo exhorted the faithful at his Nov. 13 Mass in Chiclayo: “The world is waiting for us and the mission is only beginning.”   

mandag 16. november 2026

Pave Leo i Latin-Amerika

 Bare vel ein månad etter operasjon for lungekreft la pave Leo ut på den lenge planlagte reisa til Latin-Amerika. Eit hektisk program gjennom tre land, Uruguay, Argentina, og til sist Peru som han karakteriserar som sitt «homeland».Han såg ikkje ut til å bli sliten, og synest å gleda seg storleg over denne reisa.Over alt vart han møtt av begeistra folkemengder, og feira messe med fleire millionar tilstades. Peru var nok høgdepunktet for paven som var i landet i 22 år og har peruviansk statsborgarskap. Han gav klart uttrykk for at tilbaketuren til Peru og spesielt Chiclayo der han var biskop frå 2015- 2023 gjorde eit sterkt inntrykk. Paven vart tydeleg emosjonell i møte med folk i sitt gamle bispedømme. «I dag forstår eg kor mykje dette landet er med meg, og kor mykje av min eigen historie som tilhøyrer dykk» uttrykte pave Leo under vitjinga i Peru.

I Peru var over 300.000 ungdomar samla til bønnevigilie med paven.Han tala om kalla og sa at Kristi liding viser veg til kallet dykkar.Å kjenna igjen Herrens røyst er essensielt i denne samanheng. Om kall sa han: « Han vil kalla nokon til konsekrert liv, andre til ekteskap og familie.Men alle er kalt til med sine evner å tjena andre.»

Paven er klar i sin tale mot alt som trugar menneskeverdet, fattigdom og undertrykking, øydelegging av naturgrunnlaget, åtak på livet til ufødte og sjuke og skrøpelege, nedvurdering av ekteskapet.Men like klar er han på at Kyrkja er open for alle:

«To each of you I would like to say there is a place for you in the Church with your questions, your wounds and your story. This is your home too!»



                                 Foto:katolsk.no

søndag 8. november 2026

Den heilage Elisabeth av Treeininga

 I dag 9. november feirar vi minnedagen for Den heilage Elisabeth Catez, karmelittnonne frå Dijon i Frankrike. Ho er betre kjent under sitt klosternavn Elisabeth av Treeininga. Ho døydde denne dagen i 1906, etter eit kort liv berre 26 år gammal. Ho gjekk inn i karmelittklosteret i Dijon i 1901, og var der fram til ho døydde. Ho vart saligkåra av pave Johannes Paul i 1984, og heilagkåra  av pave Frans i 2016. I samband med saligkåringa uttrykte pave Johannes Paul : " Vi våger i dag å presentere henne for verden. Den salige Elisabeth stråler som et nytt lys for oss. En sikker og pålitelig veileder stiller seg til vår tjeneste."

Elisabeth var eit temperamentsfullt barn med mange talent. Ho var svært musikalsk og mora hadde nok sett for seg ein karriere som konsertpianist. Slik vart det ikkje, alt ved første kommunion  følte Elisabeth seg dratt mot det indre livet i stillhet og bøn. Det vart enno klarare etter ferminga, og vidare gjennom ungdomsåra. Karmelittklosteret låg bare eit par hundre meter frå heimen i Dijon, og Elisabeth følte kall til å bli karmelittnonne. Mora som tidleg vart enke sette seg imot dette, Elisabeth var lydig, men levde i åra fram til ho vart karmelittnonne eit karmelittisk liv i heimen. I august 1901 er Elisabeth nylig fylt 21 år, og  mora går med på at ho trer inn i karmelittklosteret. Ho blir her i fem år fram til ho  døyr  av Addisons sjukdom (sannsynlegvis tuberkuløs). Dødsleie er langt og smertefullt, men ho klarer å behalda gleden og tilliten til Guds nåde. Ho lever eit intenst indre liv der bøna heile tida er ein nåde som blir gjeve henne. 

Elisabeth fekk klosternavnet av Treeininga, og hennar ønske er å hjelpa alle menneske inn i Treeiningas midte, og porten inn der er Jesus Kristus. Kardinal Anders skriv om dette: " Hun elsket å betrakte Kristi sjel. I hans indre så hun to bevegelser: en som gikk mot Faderen og en som gikk mot menneskene. Faderens forherligelse og menneskenes frelse, det var dette hele hans liv dreiet seg om. Gjennom sitt liv i Kristus blir dette mer og mer også Elisabeths virkelighet. Ja, disse to bevegelser sammenfaller til en eneste bekreftelse av Guds vilje. Likesom Maria gir Elisabeth sitt uforbeholdne ja."

 Heilage Elisabeth be for oss !

Mitt foto. Bok fra Efrem forlag med tekster av Elisabeth og forord av kardinal Anders Arborelius.



onsdag 4. november 2026

Gjensyn

 Det er noko spesielt med det å møtast med dei du hadde tett kontakt med for lenge sidan, og no ikkje har sett på mange år,  ja kanskje ikkje sidan vi delte klasserom i ei fjerne fortid.Fredag 30.oktober samlast vi til feiring av at det var 50 år sidan vi var ferdig på Kvinnherad gymnas. Vi var to klassar, realfagslinje og engelsklinje som var i hop til dagleg gjennom tre år.Det var ikkje så mykje til russefeiring samanlikna med i dag, men vi var på fleire morosame turar, mellom anna ei veke i storbyen London. No samlast 24 av oss på Dyvekes vinkjellar i Hollendargata i Bergen. Litt spent på førehand, ville vi hugsa navn og kjenna igjen desse kullingane? Vi fann tonen nokså snart, det var bare å halda fram der vi avslutta sist for ti år sidan! Kvelden vart på alle måtar vellukka, vi kunne stiga ut av tidas overveldande straum for eit par timar. Samstundes var det denne rare vedmodskjensla, særleg med tanke på dei seks som ikkje lenger er mellom oss, og dei som ikkje kunne koma pga. sjukdom.

Eg hadde førebudd meg litt og tatt kontakt med både lærarane våre og ein del av dei som ikkje hadde høve til å delta. Det vart det sett stor pris på! Eg las opp ein tekst eg skreiv i 2007  til eit anna jubileum, og avslutta med ein skål for dei som ikkje var til stades og som var ein del av klassane våre. Dessutan for dei som prøvde å læra oss å bli gangs menneske som ein av lærarane formulerte det.



Bergen viste seg frå si beste side med strålande haustver denne helga.


                        Gjensyn

                        Så no er vi her igjen

alle vi som prøver

å løyna oss for tida

vi som vil strekkja hendene

over ordlause kløfter

for å sjå kvarandre att

dei same hendene som

løfta glasa den gongen

og om igjen no

denne regnfulle første haustdagen

dei same augene som funkla

i ungdommeleg glede

og no i middelaldrande  tvisyn

                     stemmene som tek opp orda

                     der dei slapp for lenge sidan

                     ein halvt fullført setning

                     som har overlevd i tid-romet

                     og no blir henta ned igjen og avslutta.

 

                     Når vi neste morgen tek farvel

                     sluttar orda igjen midt i siste setning

                     ventande på fortsetjinga

                     dersom vi møtest igjen

                     men vinen er like raud og varmande.

 

             Skål mine vener !