onsdag 30. mai 2018

Therese av Jesusbarnet ein økumenisk helgen ?

Er Therese ein økumenisk helgen ?  Det er vel få protestantisk kristne som har høyrt om henne og enno færre som kjenner til hennar liv og bodskap. Ho kan kanskje likevel fungera som eit møtepunkt mellom katolske og protestantisk kristne, sjølv om det vel ikkje heilt er slik enkelte har hevda at Kyrkja ved å helgenkåra Therese langt på veg har oppheva fordømminga av Luther ! Men det er meir enn eit snev av sanning i dette, den svenske journalisten Gunnel Vallquist uttrykkjer det slik i ein artikkel i Svenska Dagbladet i 1973: " Så småningom skulle det stå klart att denna lilla nunna, utan några teologiske spekulationer och utan någon polemik.... gjort rent hus med precis detsamma som Luther med så mycket buller og bång gått til storms emot: kravet att man måste prestera något för att bli förtjänt av Guds kärlek."

Både Luther og Therese søkte ein rettvis og barmhjertig Gud, og begge reagerte  mot  tendensar til å leggja større vekt på eigne prestasjonar enn Guds verk (pelagianisme).  For Luther var det store spørsmålet korleis finn eg ein nådig Gud, korleis kan eg bli frelst ? For han blir trua ein slags juridisk forsikring om å koma til himmelen (frelsesvisse). Han finn svaret i Paulus brev til Romarane.
Thereses tilnærming er noko ulik, for henne kan ikkje trua skiljast frå kjærleiken, trua er ein kjærleikens eigenskapar, den kjærleiken som ikkje seier "eg " men "du" ( l`amour qui ne soit plus moi mais toi, mon Jesus"). Bare kjærleiken får oss til å gløyma oss sjølve og gå opp i den andre, då blir ikkje lenger spørsmålet om eiga frelse så påtrengande. For Therese kan difor ikkje Guds rettvise skiljast  frå hans barmhjertige kjærleik. Der Luther går til Romarbrevet vil Therese gå til Jesaja:
"De skal suga, berast på armen og voggast på  fanget. Som ei mor trøystar barnet sitt slik vil eg trøysta dykk." (Jes 66. 12-13).  Men begge vil kunna bli samde om at dette er ikkje noko som vi får av eigne prestasjonar, det er Guds ufortente gåver til oss. Sånn sette kan dette bli eit økumenisk møtepunkt. Wilfrid Stinissen uttrykkjer det slik:" Thereses ekumeniska betydelse är nog mycket större än vi hittills insett och på detta område har vi säkert stora överraskningar att vänta oss."






søndag 27. mai 2018

Saint Pierre Montmartre

Kyrkja Saint Pierrre på Montmartre er ein av dei eldste i Paris, bygd på 1100 talet. Ho ligg like ved Sacre-Coeur , og er nok kome noko i skuggen av den langt større og ruvande basilikaen.  Men det er ingen  grunn til å ikkje gå inn i Saint Pierre, her er og rolegare og langt færre turistar. Ein plass for ro og meditasjon !
Også her finn vi spor etter Therese. Ho var innom denne kyrkja saman med faren og søstera Celine under pilegrimsturen til Rom i november 1887. Eit lite relivieskrin og ein plakett med bilete markerar dette.





"Jeg er kommet hit for å frelse sjeler og især for å be for prestene."

Therese like etter ho kom til Karmel

Bønn for menigheten

Herre!

Du er vår begynnelse
og vår fullendelse.
Ditt vesen er fred og kjærlighet.
Skap i vår menighet
fred, forsoning, gjensidig respekt
og forståelse !
La fiendskap og mørke ord
smelte av Din Ånds varme !

Amen!



lørdag 26. mai 2018

Karmel Lisieux

Frå Les Buissonnets  går ein ut på Boulevard Herbet-Fourmet og vidare langs Boulevard  Jeanne d`Arc før ein kjem til  Rue du Carmel og Karmelittklosteret. Det er ikkje langt, 10-15 minuttars spasertur, her gjekk Therese med faren for å vitja dei to søstrene, Marie og Pauline, som alt hadde funne sin plass i Karmel, og her gjekk ho ein siste gong  9. april 1888.
Ho var femten år og eigentleg for ung til å bli karmelittnonne, men Therese var ei viljesterk ung dame som ikkje ville gje seg.  Med vår tids sekulære auge er dette fullstendig uforståeleg, ja  det reine vanvidd! Med Therese nyttar alle kanalar for å få igjennom sitt ønske heilt frå hos pinse 1887 ber faren om lov til å tre inn i Karmel som sine søstre. I oktober oppsøkjer ho og faren biskopen i Bayeux Hugonin for  å be om lov, og under ei pilegrimsreise til Roma seinare det året  fell ho på kne for pave Leo XII og ber om det same. Therese er ikkje bare viljesterk men også modig !

9. april året etter er den store dagen,Therese får gå frå heimen Les Buissonnets og tre inn i Karmel. Ho skriv:" Alt var bare skjønt, jeg følte jeg var blitt ført inn i en ørken; særlig syntes jeg vår lille celle var betagende, men den glede jeg følte var en stille glede, ikke det minste lille vindpust kruset det stille vannet hvor min lille  båt vugget så sakte, ikke en sky formørket min aurblå himmel......
Å , ja, jeg var blitt rikelig belønnet for alle mine prøvelser. Og med dyp glede gjentok jeg disse ordene:"Dette er for alltid, jeg skal være her alltid!..."

Vi har gått Thereses veg frå Les Buissonnets , og via kapellet i klosteret  trør vi forsiktig inn i siderommet med Thereses relikviar under ei marmorstatue av Therese på dødsleiet, Over det heile den orginale Maria statua frå Marie og Paulines rom som smilte til Therese då ho låg alvorleg sjuk.
Like bak ei tavle med navna til Thereses tre søstre som er gravlagt like utanfor.









Tilbake til vesper klokka seks. Søstrene tek plass i koret som ikkje er skilt frå resten av kapellet med gitter slik det er i mange karmelittkloster. Eg merkar meg og ei enklare drakt enn det til dømes søstrene i Tromsø ber.
Dei kjente ledda i vesper går greit når ein har fått utlevert den franske teksten. For 125 år sidan stod Therese i koret her saman med sine medsøstre og stemte i Magnifikat. I kveld er ho konkret eit par meter borte, i sine forbøner mykje nærare!

fredag 25. mai 2018

La Basilique Sainte Therese

Frå Karmel i Lisieux er det ein kort spasertur opp til høgdedraget der basilikaen vigd til Sankt Therese vart bygd mellom 1929 og  1954. Dimensjonane er enorme med ei høgde på 90 meter og ei grunnflate på fire og eit halvt mål.  Alt langt borte frå kan ein sjå dette gudshuset  vigd til ein liten men likevel så stor helgen.

Therese døydde 30. september 1897, og alt eit år seinare kjem  "L`Histoire d`une Ame" ( En sjels historie) i eit første opplag på 2000. I løpet av dei neste åra byrjar pilegrimar å koma til grava hennar og innan kort tid sprer ryktet seg om at Therese er heilag .  Pave Pius  X kallar henne alt i 1914:
"la plus grand sainte des temps modernes" ( den største helgen i moderne tid). Under krigsåra som følgjer blir ho ein særleg populær helgen for soldatane som kjemper den  vanvittige skyttargravskrigen. Etter krigen går det fort, i 1923 vert ho saligkåra  og to år seinare helgenkåra  av pave Pius XI.

Sjølv om det var fleire kyrkjer i Lisieux der pilegrimar kunne samlast oppstod snart tanken om å byggja ein basilika vigd til Therese. Paven gav sin støtte og arbeidet starta i 1929 og pågjekk fram til basilkaen kunne innviast i 1954. Arbeidet stoppa delvis opp under krigen, og sjølv om Lisieux vart hardt ramma av krigshandlingar slapp  basilikaen frå det utan større skader. Interessant er det at byggearbeidet vart finansiert kun med store og små donasjonar, i periodar kom det hundrevis kvar dag. Dette var eit prosjekt svært mange støtta opp om, både i og utanfor Frankrike.





På veg opp til basilikane møter Therese oss med Omen  Novum - eit nytt teikn: "Den vesle vegen".


                                           Eit av dei største kyrkjene bygd i moderne tid





                                        Mosaikk utsmykkinga er imponerande 




                                        Pave Johannes Paul II vitja Lisieux 2. juni 1980

                                            Therese av Jesusbarnet og det heilage ansikt




                                        Krypten der det er dagleg er messe klokka 1530

                                                           
                                                            Eukaristien


                                                        Inngangspartiet



Frå pave Johannes Pauls apostoliske brev om Therese; "  Hon har fått evangeliets skönhet att stråla ut i vår tid, hon hade uppdraget att göra Kyrkan, Kristis mystiska kropp, känd och älskad, hon har hjälpt till att bota själarna från strängheten och fruktan i den jansenistiske läran, vilken mer betonade Guds rättvisa än hans barmhjärtighet."

torsdag 24. mai 2018

St. Peters katedral i Lisieux

Sentralt i Lisieux ligg St. Peters katedral som var der Martin familien dagleg gjekk til messe,og der Therese avla sitt første skriftemål og fekk kommunion første gong. Kyrkja  vart påbegynt  på 1200 talet og fullført dels på 1300 talet dels på 1600 talet. Bak katedralen ligg biskopens park, eit vakkert lite område med mellom anna eit minnesmerke over falne soldatar i Frankrikes mange krigar.
Her er ellers spor av Martin familien, ikkje minst alteret som vart gjeve av Thereses far Louise Martin i 1888, kort tid før han vart alvorleg sjuk.
Til venstre like innanfor hovudinngangen finn vi skriftestolen der Therese avla sitt første skriftemål før første kommunionen 8, mai 1884.

"Kvelden før den store dagen mottok jeg absolusjon annen gang. Generalskiftemålet etterlot en fred i min sjel, og Gud tillot ikke den minste lille sky å forstyrre den. Om ettermiddagen bad jeg hele min familie om tilgivelse da de kom på besøk, men jeg kunne ikke snakke uten at tårene rant, jeg var så altfor beveget....."

Ei rekkje små sidealtar er plassert på begge sider av hovudaltaret, også eit dedikert til heile Martin familien. Bak hovudaltaret finn vi eit mindre kapell med monstrans med det heilage sakramentet.
Her var det Therese bad om omvending for  den dødsdømte mordaren Pranzini i 1887,  eit uttrykk for hennar intense ønske om å redda så mange sjeler som mogleg.

Går ein ut av katedralen og gjennom parken er det bare eit par minuttar å gå til Les Buissonnetss. Spesielt å gå her i vissa om at Therese og hennar familie gjekk her dagleg for 130-140 år sidan.












Les Buissonnets

Det er august 1877 i Alencon, Louise Martin er akkurat blitt enkemann etter at kona Zelie som han elska så høgt døydde av brystkreft. Han er åleine med tre tenåringsjenter, Marie, Pauline og Leonie og dessutan Celine på åtte år og vesle Therese enno ikkje fem år. Han vel å forlata Alencon og flytta til Lisieux der svogeren Isidore Guerin driv apotek. I november  flyttar dei til eigedomen "Les Buissonnets" (buskas, krattskog) som ligg i eit landleg område eit pat minuttars gange frå sentrum  med St. Peter kyrkja der familien går dagleg til messe. Les Buissonnets er eit 1800 talls hus i raud murstein med ein liten hage både på framsida og bak huset. Her veks vesle Therese opp, og det er ein barndom ho beskriv som lukkeleg i sjølvbiografien "En sjels historie" trass i det store saknet etter mora.
Etter at alle søstrene hadde følgt sitt klosterkall og faren Louise er død gjekk huset ut av familien, men vart seinare kjøpt tilbake og restaurert slik det var då familien Martin budde her på 1870-80 talet.
Huset er i dag eit minnesmerke og pilegrimsmål for alle som er inspirert av Therese av Jesusbarnet.

Vi går det vesle stykket frå sentrum ein vakker mai morgon. Eg tenkjer at dette er den same vegen  familien gjekk dagleg etter morgonmessa. Ein liten port fører inn til ein blomerik hage framfor huset, går ein bak huset er det ein større hage og her dominerar statua av Therese og faren der  ho ber han om lov til å tre inn i Karmel slik dei eldre søstreen alt har gjort.

Går ein inn gjennom hovedinngangen kjem ein rett inn i kjøkkenet med den store peisen på høgre side. Her opplevde ho eit avgjerande augneblikk etter midtnattmessa julenatt 1886. Audiovisuell guide på ulike språk føl oss den korte vegen gjennom huset. Inn til høgre rommet der familien hadde sin måltid, ei klokke lagt av Louise Martin prydar veggen. Opp ei lita trapp til andre etasje kjem ein først til Marie og Paulines soverom der Therese låg alvorleg sjuk men opplevde å bli frisk då Jomfru Maria statua smilte til henne. Ei statue som faren hadde fått som ung og hadde følgt familien seinare.

"Da stakkars lille Therese ikke fant noen hjelp på denne jord, vendte hun seg mot sin Mor i himmelen, og hun bad av hele sitt hjerte om at hu nå endelig mått forbarme seg over henne. Plutselig så jeg den hellig Jomfru stå der, og hun var meget vakker, hun var så vakker at jeg aldri har sett slik skjønnhet. Hennes ansikt utstrålte eun utsigeleg godhet og ømhet, men det som trengte inn i dypet av min sjel, var den hellige Jomfruens betagende smil."

Vi forlet huset gjennom Leonies soverom der det er ein lite utstilling av Therese drakt til første kommunion, leiker og skulebøker. Det gjer inntrykk, ein kjem brått nær denne familien som var ein familie lik alle andre, lik oss, men likevel ikkje som oss.
Vi kan gå ut i solskinnet og vidare nedover gata der Therese gjekk ein aprildag i 1888 på veg til Karmel. Ho såg barndomsheimen for siste gong !

















Pinse i Sacre-Coeur

1.pinsedag på Montmartre. Solskinn men enno kjølig på morgonen. Vi går frå hotellet i Rue Constance opp Rue Lepic til Sacre-coeur ,basilikaen som vart påbegynt  på 1870 talet etter dei dramatiske åra med den frank-tyske krigen og Pariserkommunen.  Basilikaen er i dag eit viktig turistmål og eit av dei store landemerka som ragar høgt over byen oppe på toppen av Montmartre .
Vi var innom her om kvelden etter at vi kom og tente lys, no er vi på veg til den høgtidelege Første pinsedagsmessa. Kyrkja fylles gradvis opp før den høgtidelege inngongsprosesjonen med hymnen

"Envoie ton Esprit Saint et tout sera cree" (send Din heilage Ande og alt skal bli skapt)

La grace de Jesus notre Seigneur,
l`amour de Dieu le pere
et la communion de L`Esprit Saint
soient toujours avec vous

Et avec votre esprit.

Deretter  "Rite d`aspersion " - velsigninga med vievatn: " J` ai vue l`eau vive jaillisant du coeur du Christ, Alleluia" (Eg har sett det levande vatn bryta fram frå Kristi hjerte. Alleluja)

Så følgjer dei vanlege messeledda. Mellom lesningane "Sequence a L`Esprit Saint" på latin,
"Veni , Sancte Spiritus" - Kom Heilage Ande.
Etter halvannan time kan vi gå ut i sola og turiststraumen . Dei fleste har bare gått ein rask runde gjennom basilikaen og knipse dei obligatoriske bileta, og dei veit ikkje kva dei har gått glipp av.