onsdag 21. november 2018

Jomfru Marias framstilling i tempelet

I dag 21. november feirar vi ein av dei mindre kjente Maria-dagane, nemleg Marias framstilling i tempelet, også kalla Marias tempelgang, eller Marias ofring, på latin: In praesentatione Beatae Mariae Virginis.

Bakgrunnen for festen er basert på dei apokryfe skriftene "Jakobs Protoevangelium" og "Pseudo-Matteus evangeliet". Historien fortel av Joakim og Anna , Marias foreldre i takksemd mot Gud for å ha fått eit barn, lovte å via henne til Gud. Dei brakte den treårige Maria til tempelet der ho skulle bli utdanna og oppfostra, og i følge dei apokryfe skriftene var ho der i elleve år. Dette har legendepreg for det er ikkje historisk haldepunkt for at det var tempeljomfruer i Jersusalem.

Feiringa av denne dagen byrja i Auts-kyrkja, sannsynlegvis i Syria på 500 talet, og har nok stått sterkaste i den austlege tradisjonen. Den store teologen Johannes av Damaskus heldt preiker på denne dagen og refererte til Maria som ein blom som blei fostra opp til noko betre. Festen spreidde seg også til Vest-kyrkja, men fekk ikkje same popularitet her. Då kalenderen vart reformert  i 1969 tok mange til orde for å fjerna denne dagen, men møtte sterk motstand frå  austleg hald. Pave Paul VI skreiv seinare om denne dagen:" til tross for dens apokryfe innhold presenterer den høystemte og eksemplariske verdier og fortsetter de ærverdige tradisjoner som har sin opprinnelse i de østlige kirkene."

Sjølv om historien bak denne minnedagen er legendeprega  understrekar han likevel eit viktig poeng: Maria var utvalgt av Gud og  hennar liv  heilt frå barndomen peikar fram mot den avgjerande augneblinken då ho gjev sitt ja til engelen: " Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt."

Denne dagen har vore eit populært tema i kunsten, både Giotto og Titian har  framstilt Marias framstilling i tempelet. Under i ortodoks ikon utforming.










onsdag 14. november 2018

Charles Peguy sosialist og mystiker

"Forhallen til håpets mysterium" ( Le Porche du Mystere de la Deuxieme Vertu) av den franske forfattaren Charles Peguy kom ut i 1911 tre år før han fall i slaget ved Marne. Boka kom i 1992 i Hans Aaraas vakre omsetjing. Med ujamne mellomrom har eg kome tilbake til denne boka så ulikt alt anna eg har lese, og  til forfattarens fascinerande livshistorie så ulik dei fleste andre !

I Norge er det nok få som kjenner til Charles Peguy, i Frankrike er han heidra både som forfattar, patriot og krigshelt. Han var ein mann som gjekk heilt sine eigne vegar, det er vel sjeldan det er så umogleg å putta eit menneske  i ein enkelt bås. Poet, journalist, essayist, engasjert samfunnsdebattant, filosof, patriot og krigshelt, sosialist, katolsk mystikar og pilegrimsvandrar! Det er ein del av dei overskrifter ein kan setja på Charles Peguys liv og verk. Kanskje var det hundreårsmarkeringa av slutten på Første verdskrig som fekk han til å dukka opp i medvitet mitt igjen ? Charles Peguy var i motsetnad til  sosialistleiaren Jean Jaures, som vart myrda kort tid før krigsutbrotet, ingen pasifist og internasjonalist. Han åtvara tidleg mot tysk militarisme, og då krigen var eit faktum melde løytnant Peguy seg straks til teneste. Han fall ved Villeroy eit pat mil aust for Paris 5. september 1914, men dei franske styrkane klarte å stoppa dei framrykkande tyskarane før dei nådde Paris, og vi fekk så fire år med den meinigslause skyttargravskrigen.

Som patriot og krigshelt ville han for lengst vore gløymt, men Peguy skreiv og etterlet seg eit stort skrifteleg livsverk, han var dessutan aktiv i samfunnsdebatten ikkje minst gjennom tidsskriftet
"Les Cahiers de la Quinzaine" (Fjortendagersheftene). Her  støtta han mellom anna Emile Zola i Dreyfussaka. Dreyfus var ein jødisk offiser som vart anklaga for spionasje og uskuldig dømt til straffearbeid på Djevleøya. Det var utan tvil sterke element av antisemittisme  i denne saka, Zola og Peguy tok Dreyfus sterkt i forsvar. Peguy var sosialist, men den sosialistiske materialismen stod fjernt for han. For Peguy var oppslutninga om sosialismen meir eit "religiøst" enn politiske valg, men då han seinare fann igjen si katolske tru gav han ikkje dermed avkall på sosialismen.

Peguy var inspirert av metafysiske filosofar som Pascal  og Bergson, og han tok sterkt til orde mot det han oppfatta som moderne overtru, den overdrevne trua på at vitenskapen er det einaste middel til å forstå røyndomen, og det utbreidde myten om framskritt og teknologi. " Å påstå at man kan gjøre uttømmende rede for virkeligheten, det er intet annet enn å gjøre seg selv til Gud."
I 1908 er han sengeliggande og deprimert, han betrur ein ven som kjem på vitjing : " Jeg har ikke sagt deg alt....Jeg har funnet troen igjen.....Jeg er katolikk."

Peguy har gått i gjennom ei andeleg utvikling  som heng grunnleggjande  saman med inkarnasjonens i betydning i hans liv og verk, "Det åndelige er selv kjødelig" skriv han. Han oppgjev aldri trua på at det ikkje berre finst ei transcendent frelse men også ei jordisk frelse.
Dei siste seks åra av sitt liv utfaldar han ei rik skaparkraft som resulterar i ei rekkje poetiske verk som vel ligg nærare mellomalderdiktinga i form og innhald enn moderne dikting. "Forhallen til håpets mysterium" er eit av dei mest kjende av desse verka. Det er ikkje så lett å gje eit resyme av dette verket der han hyllar vona, barnet, det kvinnelege, natta og svevnen og ikkje minst Jomfru Maria.


" For mine tr dyder, sier Gud,
De tre dyder som jeg har skapt.
Mine tre dødtre, mine barn.
Der er som mine andre skapninger
Av menneskets ætt.
Troen er en trofast Hustru.
Kjærligheten er en Mor.
en varmende mor med et stort hjerte.
eller en storesøster som er som en mor.
Håpet er en liten uanselig pike
Som kom til verden i fjor på juldagen.
Hun leker stadig med Januar-mannen,
Med små grantrær utskåret i tre og pyntet med malt rim.
Og med oksen sin og eselet utskåret i malt tre.
Med krybben og halmen som dyrene ikke spiser
Fordi de er av tre.
Men det er denne lille piken som skal vandre gjennom verdnene,
Den lille uanselige piken.
Som helt alene løfter de andre opp og bærer dem gjennom
svundne verdner."









søndag 11. november 2018

Hundreårsmarkeringa for freden 1918

11. november kl 11 1918 er eit tidspunkt med stor symbolikk. I dag var det nøyaktig sidan  fredsslutinga- Armistice - etter Første verdskrigs fire blodige år. Dagen vart markert over heile Europa, ikkje minst i Frankrike der mange av dei meste brutale krigshandlingane fann stad. For mnage i Europa er krigen framleis "The great war", med minnesmerke i kvar liten landsby. Norge var nøytralt  og det har vore lite fokus på dagen, trass i at to tusen norske sjøfolk vart torpederte og omkom i løpet av desse fire åra.

Angela Merkel og Emmanuel Macron møttest alt i går i jernbanevogan i Compiegne nord for Paris der fredsavtalen i 1918 vart underskreven. Dei såg ut til å ha ein god tone og vera vel forlikte. Etter mange små og store krigar over fleire hundreår er Tyskland og Frankrike nære allierte og ein ny konflikt er vel nokså uttenkeleg !

For polakkane var dagen og sers viktig, dei markerte hundreårs dagen for sjølvstende. Dei polske borna eg såg i dag var fint kledd, dei hadde ballongar ,skjerf og flagg, på kinna  hjerte med dei polske fargane!

Tok krigen slutt i 1918 ? Mange ser på krigen som sjølve urkatastrogen som la grunnlaget for alle dei konfliktane som følgde gjennom det tjuande hundreåret, ja like fram til i dag. Den russiske revolusjonen og borgarkrigen hadde vi ikkje fått, iallfall ikkje på dette tidspunktet og på denne måten, hadde det ikkje vore for krigen Tyskland. Ein kan då og sjå for seg at scenariet med Stalin, Gulag og Holodomor hadde vorte annleis, i neste omgong Den kalde krigen og konfliktane mellon Vesten og kommunismen. Konfliktane i Midt-Austen er og eit resultat av Første verdskrig, Det ottomanske riket vart oppløyst, landområda fordelt mellom England og Frankrike og grensene dregne meir eller mindre tilfeldig.
Politikarane og generalane ante ikkje kva dei sette i gong i 1914, kanskje har dei aldri gjort det korkje før eller seinare ? Men det er ikkje ei unnskyldning for at vi kan la vera å  læra av historia !





"In Flandern Fields" av den kanadisk oberstløytnant og militærlege John Mc Crae er kanskje det mest kjende av mange dikt som skildrar krigen 1914-1918.

lørdag 10. november 2018

Poetica: Allehelgensdag


Allehelgensdag I

Novembervåt skumring lysa vi tenner for dei som følgde stien før oss dei som rydda kvister og tett kratt heile den lange vegen heim aldri langt borte den tynne hinna over vassflata doggen vi stryk frå ruta tynne blafrande gardiner handa som skyv dei til sides så vi kan sjå like inn i dagninga.

Allehelgensdag II

Allhelgenslitaniet eg tek meg til rette og føyer til: Thérèse, Louise og Zélie be for oss !




Krystallnatta - 80 år

Det er åtti år sidan "Krystallnatta" og kalla "November-pogromen" som starta natta mellom  9. og 10 november 1938. Alt frå Hitlers maktovertaking i 1933 hadde det skjedd ei gradvis innstramming av den jødiske minoritetens rettar og levekår, men dei brutale hendigane for åtti år sidan tok dette eit langt steg vidare. "Krystallnatta" innebar eit massivt åtak på jødiske institusjonar og heimar over heile Tyskland, mange jødar vart også fysisik mishandla og vel nitti omkom. Få var det vel som forstod at dette eit par år seinare skulle enda i industriell utrydding av ei heil folkegruppe.

Den direkte hendinga som utløyste "Krystallnatta" var drapet på ein tysk diplomat i Paris, men det var eit påskot frå dei nazistiske styresmaktene si side, dette var utan tvil planlagt og ledd i Hitlers visjon om å bli ferdig med jødeproblemet ein gong for alle. Vanlege tyskarar reagerte ulikt, dei fleste var nok passive tilskodadar, mange applauderte, ein del deltok i hærverk og plyndringar, og nokon få reiste seg over ondskapen og hjelpte jødane.

Kyrkjene i Tyskland var og for det meste passive tilskodarar til åtaka på den jødiske minoriteten,med ein del framståande unntak. Den protestantiske teologen Dietrich Bonhoeffer som vart henretta like før krigsslutt er vel den mest kjente. Eit anna døme er den katolske domprosten i Berlin Bernhard Lichtenberg som frå første stund stilte seg solidarisk med jødane, også han måtte bøta med livet for dette.

I Kristiansand hadde vi ei fin markering av dette i går kveld på Arkivet. Apellar frå politiske og religiøse organisasjonar sette dette inn i ein dagsaktuell ramme. For dette er ikke berre tragisk historie, det er skremmande aktuelt både i  dagens Europa og USA, vi var nyleg minna på det i samband med massakren i ein synagoge i Pittsburgh. I fleire land er antisemittiske haldningar på frammarsj, ein reknar med at 15-20 % i Europa har slike haldningar, i Norge har 9-10 % negative haldningar til jødar.

Aldri gløyme "Krystallnatta " og det den førte til !






tirsdag 6. november 2018

Pater Olav in memoriam

Norges eldste prest  Olav Muller døydde i dag 6.november 94 år gammal. Eg vitja han i byrjinga av september og eg skreiv om det i eit tidlegare innlegg på bloggen. Han var fysisk skrøpeleg, men klar i tanken og hans varme humor  var intakt. Han var klar til å møta sin Herre, og i dag fekk han gå inn til Han som han har nytta det meste av sitt liv til å tena. Vi er mange som er takksame for det ha har gjort for Den katolske  kyrkja i Norge gjennom eit langt liv. Vi er og takksame for å ha blitt kjent med han, for å ha møtt ein prest som på mange måtar var idealet av det ein prest skal vera. Varm og omsorgsfull, humoristisk, ikkje sjølvhøgtideleg, lett å tala med og tru seg til, klok og klar i sine formuleringar både munnleg og skrifteleg. Eg er så glad for at eg rakk å treffa han ein siste gong !
Takk !

" Herren skal vara din utgang og din inngang frå no og til evig tid" ( Salme 121)


På vitjing hos pater Olav ein sommardag i 2013. Vi har spasert det korte stykke frå St. Olav kyrkje til bustaden i Erling Skakkes gate.


Requiem aeternam dona ei, Domine, et lux perpetua luceat ei. Requiescat in pace. Amen.





torsdag 1. november 2018

Fjella var først

Fjella var der før oss, lenge før. Det er noko solid og varig med fjella, dei er nærast ævelege i allfall samanlikna med våre korte liv. Kaare Skaal frå Rosendal  er kjent i lokalsamfunnet som ein engasjert mann med ei rekkje bøker med lokalhistoriske tema bak seg. Heile livet har han og skreve dikt, dels publiserte, dels upubliserte. No når haner godt opp i 80 åra har han gjeve ut ei lita diktsamling der mykje av det han har skreve er samla. "Fjella var først" er tittelen, og det avspeglar godt tematikken, det er fjellnaturen på heimstaden han krinsar rundt. Men naturen blir og knytt opp mot menneska som lever der, mot årstidene, mot kulturlandskapet og den store historia som vi alleer ein liten del av. Her er mange små perler. Eg tek med to dikt som eg likte godt, det eine om den gamle furua som fall, det andre om Ringeriksfossen som er eit storslått fossefall i Rosendal.

Ringeriksfossen


Gå gjerne i juli om du vil
til sull og finstemt harpeleik

men er du bringesterk
skal du prøva hausten
når lågtrykka kjem jamsides frå vest
og haugar seg over vassmagasina

sjølv
sit han ved klaviaturet
i sin eigen Concert Grosso
med fotpedalar og full påtrekk
som om han vil lata ein stor vreide
fara den vegen

orgeltonane
burar gjennom kyrkja
og slår knyttnevane i berga


fjellbjørka
kryp forskræmd
gjennom bergskorane
og dagen leitar etter gøymsle

Har du høyrt
ein slik konsert til ende
kan du stå fram og seia kven du er
for det vart ein vendepunkt dette
og ingenting er som før




Vindfall


Storfurua slo rot
det året Eduard Londemann
let att augo

ho var ung og vakker
då bygdegutar stod grensevakt 1807-14

med andlet og røter
vende mot stormane
auka malmen i kroppsvevet

men Loke kviskra
nidingsord til vindane
og slik Paris råka Akilles i hælen
slik fall stormkasta henne i ryggen

ho stupte mot jorda
med dei grove armane føre seg
utan å ha sett uvenen sin i augo

Stundom
vert godtfolk tekne den vegen
for meinigane sine





Allehelgensdag

1.november, vi feirar Allehelgensdag, All Saints Day på engelsk, Toussaint på fransk, med høgtideleg messe. Vi minnest i dag  alle heilage, kjente og ukjente, ikkje berre dei som har fått sin eigen minnedag.

Therese av Lisieux skriv:"Je croyais, je sentais qu`il y a un Ciel et que ce Ciel est peuple d`ames qui me cherissent, qui me regardent comme leur enfant......"

(Eg trur, eg føler at det er ein himmel, og at denne himmelen er befolka med sjeler som elskar meg og som ser på meg som deira barn...)



                                                         Alle heilage be for oss !