tirsdag 22. september 2026

Om å lese

 Media er fulle av oppslag om Pisa undersøkjinga som viser eit dramatisk fall i leseferdigheit hos norske ungdomsskoleelevar. Dette er eit fenomen vi ser over heile den vestlege verda. Det blir skulda på auken i skjermbruk, men sannsynlegvis er det eit samansett problem med fleire årsaker. Men det synes å vera semja om at skjermbruken skader evna til å reflektera og tenka kritisk om ein tekst. Evna til å konsentrera seg om lengre tekstavsnitt vert drastisk svekka. Den britiske journalisten James Marriott skriv om « The new dark ages: The End of Reading and the Dawn of a Post-Literate Society.» Lesing er sjølve fundamentet for eit samfunn av opplyste og reflekterte borgarar som ikkje let seg manipulera av demagogar. 

Lese og skrivekunsten er eit par tusen år gammal, og var lenge berre for dei få iallfall fram til boktrykkarkunsten på 1500 talet. Opprinneleg var all lesning høgt- lesning, Augustin vart forundra då han møtte kyrkjefaren Ambrosius som las skriftene stille.Karakteristisk nok har både hebraisk og Jesu dialekt arameisk same ord for å lese og snakke. I klostera utvikla ein heilt frå Den heilage Benedikt si tid ei meditativ leseform, som har fått merkelappen Lectio Divina - andeleg lesning. Filosofen Ivan Illich har peika på korleis lesekulturen har forandra seg frå den meditative, drøvtyggande lesinga til våre dagers skjermbruk. I Mellomalderen var teksten ein las ein « vingard» ein kunne vera i og bli forma av.Gradvis skjedde det ei forandring, på 200 talet kom punktum, fem hundre år seinare byrja ein med avstand mellom orda, kapittel fekk ein først i Høgmellomalderen og inndeling i vers  ikkje før på 1500 talet. Ein kunne dermed finna fram i teksten og henta kunnskap utan å nødvendigvis lesa igjennom alt. Frå å vera ein vingard som ein vart forma av, vart tekste ei gruve ein kunne henta kunnskap frå. Dette var på mange måtar eit framsteg, men samstundes tapte ein noko viktig - den intime interaksjon mellom teksten og eins indre. I føge Illich kulminerar dette med dagens intense skjermbruk.

Ein fundamentalistisk tilnærming til skriftene er eit relativt nytt fenomen, det oppstod på 1700 talet og er fjernt frå kyrkjefedrenes fortolkning. Origenes reknar med fire nivå i bibeltekstane, ein bokstaveleg eller historisk meining, ein mystisk som dreier seg om Kristus og kyrkja, ein moralsk som viser korleis vi skal leve og handle, til slutt ein anagogisk som dreier seg om det som skal skje i framtida.Lectio divina er ein heilskapleg tilnærming til skriftene der målet ikkje er kunnskap slik vi forstår det når vi les moderne tekstar. Lectio divina er ein slags drøvtygging av skriftene som grensar til og etterkvart blir bøn og i neste omgang bøn og meditasjon. Guillaume av St.Thierry formulerer det slik: « Når det gjelder Skriften, skiller drøvtygging fra vanlig lesning som vennskap skiller seg fra en flyktig visitt, og broderlig kjærlighet seg fra en tilfeldig hilsen.»






torsdag 17. september 2026

Olav Audunssønn (forts)

 Olav opplever altså det store traume å mista taleevna slik at han ikkje får skrifta sine ungdomssynder.Hadde det ikkje vore for Sigrid Undsets geniale fortellarevne ville dette hatt eit tragikomisk skjer - å mista taleevna akkurat i det han har manna seg opp til å vedgå det mørke han hadde bore på heile livet.Olav kjem seg såpass at han kjem heim til Hestviken, men prega av sin sjukdom, meir som ein levande død. Men kanskje kan han grunna over og finna trøyst i fader Finn Arvidssønns ord:

« Men var det slik at han skulle komme opp igjen og leve videre noen tid med den lønnlige doms segl for sin munn,så måtte intet menneske våge å tro det er grenser for Guds miskunn eller at han kan grunde ut Guds hemmelige råd.Som en konge tar sin utro lensmann opp igjen i sitt vennskap,men byr ham leve borte fra hirden en tid til han blir budsendt- slik måtte Olav bie med mandig tålemod på et tegn fra Vår Drotten.»

Det er ein vakker og solfylt vårdag, det går mot slutten for Olav. Men så skjer det at han kjem seg opp av senga, får kledd seg og  famlar seg fram ut i vårmorgonen. Han kjem seg ut mot utsiktsberget, men klarer ikkje meir og blir liggande i ei grop med ryggen mot berget og den tørre, solsvidde torva under seg. Så følgjer høgdepunktet i Sigrid Undsets verk. Olav ser på naturen rundt seg og himmelene over seg. « Alt det annet som Gud hadde skapt, sang lovsangen- Benedicite omina opera  Domini Domino - han hadde også kunnet den da han var ung.»

Han ser mot himmelkvelven, og minna stig opp i han, han ser skyene som ein stim med lam, men det er folk- det er hans mor og det er kona Ingunn og mange andre. Så stirrar han like inn i solauga, og skildringa som så følgjer hugsar eg frå første gong eg las boka for femti år sidan, så det må ha gjort inntrykk!

« Så veldet selve strålene fra lyskilden ned og østes ut over ham.Et øyeblikk stirret han med åpne øyne bent inn i soløyet, fristes i ett nu, vill av lengsel og kjærlighet, å stirre enda dypere inn i Gud.Han sank tilbake ned i rød ild, alt om han var ildmørje, og han visste at omkring ham brant det nu, det fangetårn som han hadde bygd opp omkring seg. Men salvet av det blikk som omsluttet ham, skulle han gå ubrent ut over de gloende emner av sitt brente hus, inn til det Syn som er evig sælhet, og ilden som brente ham, var ikke så brennende som hans lengsel -.

Stesonen Eirik finn han og får Olav i hus. Sira Magne kjem med Kyrkjas styrkande sakrament til den døyande. Syndene og mørkre brenn ned og han kan gå nyskapt inn til sin Herre og Meister.

«Eirik visste at den ild som fortærte ham nu, den kom til å synke, krype inn under aske, blusse opp igjen i lyse luer, men slokkes i ham skulle den aldri.»

onsdag 9. september 2026

Rekviem for kong Harald

 I kveld rekviem- messe for kong Harald som vart ført til sin siste kvilestad på Akershus i dag.


  • Requiem aeternam dona eis, Domine: et lux perpetua luceat eis.
    (Herre, gi dem evig hvile, og la det evige lys skinne for dem.)
  • Te decet hymnus, Deus, in Sion, et tibi reddetur votum in Jerusalem.
    (Deg høres lovsang, Gud, i Zion, og deg skal man bringe offer i Jerusalem.)
  • Exaudi orationem meam, ad te omnis caro veniet.
    (Hør min bønne-rop, til deg skal alt kjød komme.)
     




  •                                    Foto: Norges skiforbund

    tirsdag 8. september 2026

    Servant of God Giancarlo Rastelli

     Det vart på 2000 talet opna ein saligkåringsprosess for den italienske hjertekirurgen Giancarlo Rastelli. Så langt er denne kome til det første stadiet- Servus Dei - Guds tjener.

    Rastestelli vart fødd i den italienske byen Pescara i 1933. Han studerte medisin i Parma og starta sin medisinske karriere der. I 1961 fekk han eit stipend som førte han til den kjente Mayo klinikken i USA. Han fann sin plass i det hjertekirurgiske miljøet her, og vart snart sentral i arbeidet med medfødte hjertesjukdomar. I sitt korte liv utretta han mykje, det viktigaste var nye prosedyrar for kirurgisk korreksjon av komplekse medfødte hjertefeil, no kjent som Rastelli prosedyre 1 og 2. Rastelli var gift med Anna og hadde dattera Antonella som også utdanna seg til medisinar.

    I 1964 fekk Rastelli påvist Hodgkins sjukdom- ein type lymfekreft som vi i dag har god behandling for. Slik var det ikkje på 1960 talet, Giancarlo Rastelli døydde 2. februar 1970 berre 36 år gammal. Han etterlet seg eit omdøme som ein genial kirurg og forskar, men det var ikkje alt. Rastelli var heile livet ein from katolikk som evna å sjå Kristus i alle sine pasientar. Det vart etter kvart opna ein saligkåringsprosess og han er no på det første stadiet Guds tenar.

    Be for oss Guds tenar Giancarlo Rastelli!


                                                Foto: Cool catholics, Facebook

    Vita mutatur, non tollitur! ( Livet  blir forandra, ikkje avslutta)


    fredag 4. september 2026

    Karmel Totus Tuus

     Retrett i karmelittklosteret Totus Tuus ( heilt din) i Tromsø. Sekularkarmelitt- gruppa som samlast ein gong i året til fellesskap, samtaler, meditasjon, tidebønner og messe. Vi er her eit par dagar ekstra og gradvis sig roen inn over oss.Dette er kjent frå mange ganger tidlegare.

    Karmelittnonnene kom først frå Polen til Island i 1984, og vidare til Tromsø i 1990. Det vart lagt til rette for eit kontemplativt kloster  med tolv måls tomt rundt. Takka vera rause gåver frå inn- og utland kunne klostierbygningen  takast i bruk i 1995. Det var det første kontemplative kloster i Norge. Det er omlag 15 nonner i klosteret i dag, dei fleste frå Polen. Enkelte nye kall dukkar opp, men ikkje mange og etter regelen skal dei ikkje vera meir enn 21 i kvart kloster. Kontemplative nonners primær oppgåve er bønn, liturgisk bønn og individuell indre bønn, det siste i to timar dagleg. Dagen startar med laudes klokka  seks, etter det er det indre bønn, så feiring av messe klokka ni. I løpet av dagen er det tre korte tidebønner, ters, sekst og non, før det igjen er indre bønn og så vesper - kveldsbønn. Dagen blir avslutta med kompletorium klokka 21, før nonnene går til ro for natta. Det er fint å få vera ein del av dette eit par dagar, det gjev inspirasjon til det karmelittiske livet kvart enkelt lever i sitt privatliv heime!






    tirsdag 1. september 2026

    Om å sitja med eit sovande barn i armkroken

     Mange har nok kjent på den overveldande gode kjensla der er å sitja med ein sovande baby i armkroken. Få har som Sigrid Undset skildra dette når ho i midten av bøkene om Olav Audunssønn let Olav ta opp dattera Cecilie og legg henne mot brystet. Det er utruleg vakkert og gjenkjenneleg!

    « Piken brettet fellen til side, så han kunne se barnet. Hun lå og sov i fostermorens armkrok, med det lille rosenrøde ansikt boret varmt inni, halveis gjemt i sine egne skinnende, silkelyse lokker.Uten flere ord stilte Olav fra seg lyset, bøyde seg ned og løftet opp sin datter.Han gjemte henne godt hos seg inni kappens folder, blåste ut lyset og gikk bort med sitt barn.Innkommen i setstuen slapp han sin kappe ned på gulvet, sparket av seg skoene og krøp i seng med datteren, som sov like godt, gjemt inntil sitt bryst.

    Fra først av kjente han ikke til annet enn at søvnen var like langt borte fra ham som ellers.Men det var godt å ligge og holde dette vesle unge liv i armen sin. Hennes barnehår var bløtt som silke under hans hake, og det duftet søtt og friskt syrlig av søvnen, den lille pusten hennes spilte over hans bringe i halsmotet, varm og duggende.Silkemyk i skinnet,fast og trinn og kraftig var hennes kropp, de små knærne som hun boret inn i farens underkropp, ganske runde. Olav lå og unte seg å elske sitt barn, som en gnier unner seg å ta frem skatten sin og håndfare den-

    Men litt om senn virket den vesle møen som en varmesten.Varmen av det sovende småbarn gjennomtrengte ham, dulmet den bankende og verkende uro i hans hjerte; lunheten strømmet gjennom hele hans kropp og løste opp spenningen i søt, myk tretthet. Han kjente søvnen sige innpå seg, en velgjerning som han nu visste hva var verd. Med haken begravet i Cecilies bløte lokkehår sank han til bunns i søvn -.