Oktober er Rosenkransmånaden og 7. oktober markerar vi minnedagen for Vår Frue av Rosenkransen. Ordet rosarium på latin tyder rosehage, og var eit kjærleikssymbol. Mellomalderens riddarar æra ikkje bare sin utkåra med ein krans av roser, men også Jomfru Maria. Iflg. Legenden skal Maria ha sagt at ho heller ville bli æra på andeleg vis med 50 Ave Maria. Utforminga av Rosenkransbøna som vi kjenner henne i dag vart gradvis forma gjennom Mellomalderen, først i klostervesenet, både karteusarar, dominikanarar og fransiskanarar bidrog til dette. Etter kvart vart bøna også populær mellom vanlege truande.Ved sida av resitasjonen av Fader Vår og Ave Maria vart det lagt til meditasjonar over dei sentrale hendigane i Evageliet, dei vart delt inn i tre mysterier resitert på ulike vekedagar, gledas mysterier som omfatta bodskapen til Maria, Jesu fødsel og oppvekst, så smertas mysterier som omfatta Jesu liding og død, til sist herlegdomens mysterier i Jesu oppstode og Den Heilage Andes kome, dessutan Marias opptaking i Himmelen og kronig til dronning. Pave Johannes Paul hadde eit nært forhald til Rosenkransbøna, men han såg at det var noko som mangla, og i 2002 la han så til Lysets mysterier som opphandlar den vaksne Jesus forkynning og handlingar. Det startar med Jesu dåp i Jordan, så bryllaupet i Kana, Jesus forkynner Guds rike, forklaringa på berget og til slutt innstiftinga av eukaristien. Pave Johannes Paul uttalte at vi dermed hadde eit resyme av alle trussanningane.
I går hadde eg gleda av å formidla dette på truskurs der deltakarane er unge menn og kvinner som nærmar seg ei katolsk tru. Etter ei innføring i bakgrunnen og utforminga av bøna kunne vi be Lysets mysterium i fellesskap, første gang for dei fleste! Rosenkransbøna har gjerne blitt settpå som ei primitiv bøneform der ein mekanisk ramsar opp bøner til Maria. Sanninga er at Rosenkransbøna er ei Kristus sentrert bøn der vi ber saman med Maria. Ber vi Rosenkransen kvar dag vil vi etter ei veke ha meditert over alle dei sentrale trussanninga. Både i Lourdes og Fatima oppfordra Maria dei unge visjonære til å be Rosenkransen kvar dag. Oppfordringa gjeld alle truande, eg vonar og ber om at dei unge søkjande fekk dette med seg!




























