tirsdag 19. september 2023

Karmel

 Endeleg igjen retrett i karmelittklosteret Totus Tuus i Tromsø, etter fire års opphald. Vår vesle sekular- karmelittiske gruppe er ein del av den store karmelittiske familie som omfattar brødre, søstre og legfolk. Vi føler oss heime og blir vel teke imot hos søstrene i Tromsø. Vi glir inn i tidebønene og liturgien sjølv om ei helg verkar litt kort for den indre stilla. Eit noko forskjøve høgdepunkt var avlegging av løfter hos to medlemmer og ikledning med skapularet hos fem nye medlemmer. I etterkant av dette fornya alle sine tidlegare avlagte løfter. Alt dette framfor vår andelege vegleiar broder Jonas frå brødreklosteret i Norraby.









                                                 

Fornyelse av løfter.

I takknemlighet for kallets nåde fornyer jeg mitt løfte, og lover oppriktig det teresianske Karmels overordnede og dere mine brødre og søstre, å streve etter den evangeliske fullkommenhet i henhold til de evangeliske råds ånd om kyskhet, fattigdom og lydighet og ifølge Saligprisningene, i tråd med Konstitusjonene for de uskodde karmelittenes sekularorden.

Jeg betror dette mitt løfte til

Jomfru Maria,

Karmels Mor og Dronning.

fredag 8. september 2023

Ein saligkåra familie

 På søndag om to dagar vil ein saligkåring finna stad i den polske byen Markowa, byen ligg i søraust nær grensa til Ukraina. Sermonien vil finna stad utandørs, ikkje i ein katedral, og meir enn 30.000 vil delta, av dei over 1000 prestar og 80 biskopar. Kva er det som gjer denne saligkåringa så spesiell ? Kyrkjas historie syner at det er fleire familiar med meir enn ein helgen, men dette er første gong ein heil familie på ni personar vert saligkåra samstundes, og dermed tek eit steg nærare det siste trinnet i prosessen for å bli ein del an Kyrkjas store helgenskare.

Jozef og Wiktoria Ulma var eit katolsk bondeektepar i den vesle polske byen.Dei hadde seks barn i alderen 18 månadar til sju år, Wiktoria var dessutan høggravid då familien på brutalt vis vart henretta av nazistane 24. mars 1944. Den fromme familien  hadde teke bodet om nestekjærleik på alvor og to år tidlegare teke i mot åtte forfølgde jødar. Det var dødsstraff for dette i det naziokkuperte Polen, og då dei vart oppdaga blei dei sju jødane tekne av dage, og deretter Jozef og Wiktoria framfor barna som til slutt på svært brutalt vis vart drepne. Offera vart hastig gravlagt, då gravene litt seinare vart opna fann dei eit nyfødt barn som sannsynlegvis vart fødd i det mora vart drepen. Det er difor sju barn som vert rekna som martyrar og saligkåra, det minste gjennom det som Kyrkja reknar som bloddåp!

Familien er tidlegare tatt med i minnesmerket “Righteous among the Nations”  i Jerusalem. Det er eit minnesmerke over alle dei som med livet som innsats hjelpte jødar under Holocaust! Under søndagens sermoni  vil også ein rabinar vera tilstades.

Dette er ein uvanleg brutal historie, men samstundes ein historie om kjærleik og von midt i det vonde. Dei var gode samaritanar som risikerte livet for det gode. I familiens bibel var ordet “samaritan” understreka følgd av eit “Ja”!


Wiktoria og Jozef Ulma med sju barn! Be for oss!