lørdag 31. januar 2015

Poetica:Vi hadde vore der før

                                     Vi hadde vore der før.
Hadde vi vore der før ?
Nei, ikkje i fjor
heller ikke for ti år sidan
minnet er ein lunfull tenar
noko er klår, noko skuggefullt
det meste fragmentert i små lause bitar
det knapt er råd å klamra seg til
svevande meteorar i tomromet
lyser opp eit par sekund
og blir så til mørkre att
lik denne kort, brå og uforståelege
pirringa av sansanse
Var det lukta av lavendel ført med vinddraget
medan barnelatter  høyrdest frå
stien på den andre sida av elva
og solljoset vart brote
i dei spreiande sirklane frå auren
som braut vassflata like ved elvebredda
den lette kjensla av handa som strauk over kinnet
lagra som teikn og kodar
i uforståelege nevronnettverk
små avtrykk i kosmos
fort borte som krusningar på vassflata
eller  ein draum i barndomsnatta
tanken som ikkje veit
det som sansane minnest
og likevel hadde vi vore der før.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar