lørdag 30. juli 2011

Jeg holder ditt hode

Det er solfylt laurdag i slutten av juli og kontrasten til forige helg er stor.
Stein Mehren har eit kjent dikt med tittelen ."Jeg holder ditt hode." Det handlar om korleis alt og alle er avhengig av noko utanfor seg  sjølv, og sånn sett passar det og som eit uttrykk for dei kjenslene mange ber på i desse sorgfulle dagane.

Jeg holder ditt hode

"Jeg holder ditt hode
i mine hender, som du holder
mitt hjerte i din ømhet
slik allting holder og blir
holdt av noe annet enn seg selv
Slik havet løfter en sten
til sine strender, slik treet
holder høstens modne frukter, slik
kloden løftes gjennom kloders rom
Slik holder vi begge av noe og løftes
dit gåte holder gåte i sin hånd."

fredag 29. juli 2011

Terroraksjonen

Ei veke sidan den brutale terroraksjonen i Oslo og på Utøya.Så vel statsminister, statsråder og det norske folket har snudd det meningslause til ein heilhjerta demonstrasjon av at vi trur på toleranse, demokrati og nestekjærleik. Alle dei tusenvis av roser lagt ned til minne er blitt eit sterkt symbol på kva folk føler. Det er sagt mykje fint , men  det som kanskje dei fleste vil hugsa er orda som vart sagt av ei AUF jente i intervju med CNN: "Om en mann kan vise så mye hat, tenk hvor mye kjærlighet vi alle kan vise sammen."

Nordahl Griegs dikt "Til Ungdommen" er framført mange gonger den siste veka. Det vart skreve i 1936 og står i samlinga "Håbet" som kom etter hans død i 1946. Her står også eit anna dikt som går på same tematikken: "Til nordens ungdom". Det vart skreve i samband med borgarkrigen i Spania som det framgår i 4. vers, men det har og ein allmenn bodskap om  aldri å gje opp i kampen mot dødskreftene i tilværet.

"Så sant som vinteren, kald og mørk,
blir sprengt av sjø og blomst og bjørk,
mens seiers-solen flommer-
har menneskesinnet i sin glød
den samme makt mot frost og død.
Vær hilset, Nordens sommer.

I motløshetens tunge tid
vær dere mot, vær lys, vær strid.
Av dere skal det kreves
at tvil og angst og kuldegrøss
blir sopt av solskinnsdag tilsjøs,
Fei vekk et ord: forgjeves.

Hvor innestengt i dette ord
går slekten rundt og vet og tror
at den kan intet makte.
Forgjeves alt.....Bryt fengslets ring,
den døde tro på ingen-ting,
fornekt det og forakt det.

Hvor grusomt dømmer dette ord
hver venn av oss i Spanias jord...
De falne liv skal leves
i håpet vårt.En motløs dag
vil kvele deres åndedrag.
Da vil de dø forgjeves.

Håpet er alt.Hvad hjelper jern
hvis ikke håpet er vårt vern.
selv mitt i giftgass-nøden
vil den som engang valgt fri
et verdenshåp å ånde i
ha makt å trosse døden.

Du fjerne jord med rett og fred,
vår kjærlighets, vårt arbeids sted,
med lek av glade unger,-
det er den fremtid som vi vil,
det er den luft som strekker til
en stund for våre lunger.

I sommervindens dype pust
i livets groende august
skal våre faner heves
som viljen gjennom denne tid,
til håpets vakt, til håpets strid,
hvor intet er forgjeves."


tirsdag 26. juli 2011

Fredag 22.juli

Norge er prega av terrorhandlingane sist fredag . Markeringa i mange norske byar i går var imponerande.
Eit enorm tilslutning av menneske som markerte at kjærleiken alltid er sterkare enn hatet.
Kanskje passar fredsbøna som er tilskreve Frans av Assisi men som eigentleg er ei fransk bøn frå 1800 talet,
når vi no skal sjå framover.

"Herre gjør meg til et redskap for din fred

Hjelp meg å spre kjærlighet der hatet hersker
tro der tvilen råder, håp hvor det er angst og nød.
Hjelp meg å bringe forlatelse der urett er begått,
å skape enighet der det er strid,
å spre lys der det er mørke,
å bringe glede der sorgen tynger.

Mester,hjelp meg å søke
ikke så meget å bli trøstet som å trøste,
ikke så meget å bli forstått som å forstå,
ikke så meget å bli elsket som å elske.

For det er ved å gi at vi får,
ved å tilgi at vi selv får tilgivelse,
ved å miste vårt liv at vi finner det.
Det er ved å dø at vi oppstår
til evig liv."

                               Frå markeringa mot terror og hat i går kveld.

torsdag 21. juli 2011

106 milliardar

                             106 milliardar.
Aftenposten juli 2010:106 milliardar
                  ikkje underskot på det amerikanske statsbudsjettet
heller ikkje aksjetap under finanskrisa
eller insekt i Amazonas regnskog
for ikkje å snakka om galaksar i kosmos
men  menneske 106 milliardar av dei
som ifølge ein professor i demografi
er det totale antalet som har eksistert
på jorda sidan tidas morgon
                  kvar enkelt som lever pustar elskar
blir fødd og døyr åleine eller saman
uforståeleg og umogleg å ta inn i seg
likevel når sola forlet sommarkvelden
og ein strekkjer  handa mot sine næraste
i eit kort glimt passerar dei forbi
alle dei ein skulle ha møtt
alle dei ein skulle ha tala med
men som inn i  natta forblir ukjente vener.


To kjerubar

Forfattaren Tor Obrestad har vore produktiv i 45 år. Romanar, noveller, gjendiktingar, essay ,biografiar og diktsamlingar." Himmelen over Vålandskogen" frå 2009 er den siste diktsamlinga hans, og den første på ti år.
Her er dikt om Jærlandskapet og om menneska som bur der, nære dikt om kjærleik, om barn og englar. Og her er personlege dikt om å verta foreldre i godt vaksen alder, som dette med tittelen "To Kjerubar" og undertittelen "September 2001".

To kjerubar
Dei hadde vore ute i lyset ein halv time
då dei åpna augo og såg kvarandre
Dei såg og såg på kvarandre
Guten strekte ut handa
og rørte ved søstera
Er det du ?
Ja,sa ho ordlaust
strekte ut armen
og tok på han

Kven var det som i sin ufattelege visdom sende sine sendebod
i den svarte september månad då Mørkets englar slo til ?
Var det kroppen? Sjela ? Gud?

Dei ligg i kuvøsen,
Dei kikkar på kvarandre for første gong
og dei tar på kvarandre,
Sidan lukkar dei augo og begynner
den lange marsjen
Lysets englar vakar over deira leie

Mor og far går
tornevegen undring
og tusen løft
Augo svir
For mange vakne timar
Ryggen verker:
Blodet jublar
Hjarta syng.

onsdag 20. juli 2011

Profeten Elia

                                                         Profeten Elia, gresk-ortodoks ikon

20.juli er minnedagen for Profeten Elia(Elias,Elijah).
Elia blir feira både i den vestlege og austlege kyrkja og naturleg nok i jødedommen. Iflg. jødisk tradisjon skal det alltid stå ein ledig stol til Elia under festen etter rituell omskjering.
Elia levde i det niande hundreåret før Kristus og vi les om han i 1.Kongebok. Han refsa dei som følgde
Baals profetar. I periodar levde han som eremitt i øydemarka ved bekken Kerit og ravnar bar mat til han.
Etter tradisjonen vart han bortrykt til himmelen i ei eldvogn.

                                            Elias grotte ved Karmel fjellet.

I Karmelittisk tradisjon har Elia ein sentral plass.  Det har sjølvsagt å gjera med at han heldt til på Karmel berget meir enn to tusen år før dei første karmelittiske munkane slo seg ned der , men det har og med det å gjera at han er ein slags andeleg far og inspirator for den karmelittiske kontemplative tradisjonen. Dette kan vi lesa om i " Dei første munkanes bok"(Institutio primorum monachorum) som vart forfatta på 1300 talet og høyrer til den eldste delen av Karmels andelege tradisjon.(oversett til svensk)
Dei norske legkarmelittane knyter seg til denne tradisjonen når vi vel å kalla vår fraternitet:"Profeten Elias fraternitet."

Antifon til vesper: Elia trådte frem som en ild , og hans ord flammet som en fakkel.

lørdag 16. juli 2011

Vår Frue av Karmelberget

Karmelberget i Israel.

Vi feirar i dag minnedagen for "Vår frue av Karmelberget". Det er til minne om grunnlegginga av Karmelordenen som opprinnnelig var eit eremittsamfunn på Karmelberget på slutten av 1100 talet.
Karmelittane stilt seg under Jomfru Marias vern, difor denne minnedagen.


Karmelittklosteret Totus Tuus i Tromsø

Antifon til Magnificat til dagens vesper:
" I dag er Jomfru Maria blitt gitt oss til mor. I dag har hun vist oss sin miskunn. I dag synger hele Karmel av fryd mens vi feirer festen for henne som har gitt oss navn."


fredag 15. juli 2011

Bjørk og John Tavener

Κύριε Ἰησοῦ Χριστέ, Υἱέ τοῦ Θεοῦ, ἐλέησόν με τὸν ἁμαρτωλόν.





Lord Jesus Christ, Son of God, have mercy on me, a sinner.[1]

CD " John Tavener . A Portrait" kom i 2004. Her finn vi ei rekke av hans sentrale verk, dessutan eit lengre intervju med komponisten. Brodsky Quartet framfører musikken hans. Men den viktigaste grunnen til å kjøpa denne CD er nok Taveners komposisjon for den islandske artisten Bjørk. Det er eit kvarter langt musikk- stykke der Bjørk med si særegne stemme framfører den ortodokse Jesusbøna på gresk, koptisk og engelsk.
Det er ikkje samanliknbart med noko anna eg har høyrt. Teksten henta frå den ortodokse mystikkens tradisjon, Taveners enkle men ikkje mindre verknadsfulle musikk og Bjørks stemme blir til saman noko som går langt utover det dagligdagse. Det er opnar opp mot det transcendente, mot det det himmelske , mot det som ikkje kan fangast av tanke og logikk.
Jesusbøna, "Herre Jesus Krstus, Guds son, ha miskunn med meg ein syndar", "Lord Jesus Christ, Son of God,have mercy on me a sinner " har sine røter tilbake til ørkenfedrene i Egypt og har etter kvart vorte den viktigaste bøna i den ortodokse , mystiske tradisjonen. Målet er den vedvarande bøna som Paulus skriv om i  1. Tessalonikar brev. Den ortodokse skriftsamlinga Filokalia er ei skrifteleg nedfelling av denne tradisjonen.
John Tavener er fødd i 1944 og med sine mange kyrkjemusikalske verk er han ein av Englands viktigaste samtidskomponistar, hans inspirasjon er for ein stor del den ortodokse religiøse tradisjonen.
Bjørk er ein  variert og spennande artist både som songar, skodespelar, musikk og filmskapar.



onsdag 13. juli 2011

Teresa de los Andes

I dag er minnedag for den kanskje minst kjente av Karmelittordenens mange viktige kvinner med Teresa navnet, nemleg Teresa de los Andes frå Santiago i Chile.(1900-1920). Som si navnesøster Teresa frå Lisieux døydde ho ung tilsynelatande utan å ha utretta noko, likevel fekk ho stor betydning  i Latin Amerika etter sin død. Hennar apostolat var det kontemplative livet i Karmel og  hennar veg var i likskap med alle Karmels heilage den indre bønas veg. Ho gjekk inn i karmelittordenen 19 år gammal men døydde alt året etter. Teresa vart saligkåra av pave Johannes Paul i 1987 og helgenkåra i 1993. Ho er Chiles første helgen og skytshelgen for ungdom. Teresa er gravlagt i Los Andes nord for Santiago og dette er etter kvart   blitt eit viktig pilegrimsmål.


søndag 10. juli 2011

Oldefar og Sør Afrika

På dette gamle biletet står oldefar Abraham Nilson lengst til høgre. Han vart fødd i Sillerud i Sverige i 1844, i 1867 kom han til Kristiania.Han arbeidde i fyrstikkeindustrien og det førte han i 1870 til Valen i Sunnhordland,der han i 1872 vart han gift med Agathe Johannesdtr. Valen . Seinare flytte dei til Jondal i Hardanger der han også bygde opp ein fyrstikkefabrikk. I 1885 reiste han første gong til Sør Afrika  etter å ha blitt spurt om han ville bidra med å byggja opp ein fyrstikkefabrikk også der. Han kom heim til Jondal etter 2 1/2 år og dreiv med diverse forefallande arbeid fram til han i i 1893 fekk eit brev med spørsmål om han igjen vil gje sitt bidrag i Sør Afrika. 18. oktober 1893 drog han frå Jondal saman med sonen John som då var 15 år. John skulle aldri koma til å sjå heimbygda igjen og han møtte heller aldri søstera si, mi bestemor som vart fødd eit halvt år seinare. Dei reiste via Stavanger, Hull og London og la så ut på den lange sjøreisa til Cape Town. Abraham vart der samanhengande over 12 år til våren 1905. John vart att der og omkom seinare i ei arbeidsulukke som eg tidlegare har skreve om. Oldefar sende regelmessig pengar heim, det er ført nøye regnskap både av sendar og mottakar.Ellers er det lite og ingenting vi veit om denne tida. Bestemora mi såg faren sin første gong pinsehelga 1905, då var ho nylig fylt 12 år.

Eg har funne ein del gamle bilete frå Cape Town frå ca år 1900 som kanskje kan gje eit lite inntrykk av det samfunnet han kom til:




Oktober 1893


Septembermorgon
mild vind mognande eple
det første gule lauvet
om litt oppbrot
eit brev bar over havet
du gjer deg klar
ikke ulikt mange gonger før
og du veit kva som ventar
men ikke dagane og åra
ikkje djupet og bølgene
kva dreg deg
pliktkjensla arbeidet eller familien
rørsla av eventyr
dette andre stilt uerkjennbare

Oktoberettermiddag
vinden i hår og skjegg
du lener deg mot rekka kveikjer pipa
lufta fylt med regn og adjø
femtenåringen ved sida di
mor og søsken mot fjella
og det første snøfallet på toppane
vinkande hender kvite lommetørkle
angen av sjø og tidløyse
havet som snart skal opna seg
lengtinga som lukkar seg over alle desse djupa
og eit nytt hjarta som alt bankar
dottera du først skal sjå
ein gong ut i det neste hundreåret
du anar ikkje dette
eller gjer du det
kjenner du uro og saknad framfor havet
eller bøyer du deg stilt
under lagnaden og eventyret

Bølgene som aldri når horisonten
men havna i det fjerne landet
desse vekene med salt sjø og sol
ekvators uuthaldelege varme
minnet om regnfulle oktoberdagar ved fjorden
Värmlands djupe granskogar ein solblank junidag
Du syng viser og støttar deg på skrifta
på veg over dekket sonen din
femtenåringen augene vidopne og lysande
oktoberdagen fjern
horisonten og sol i zenit her og no
han snappar opp ord
talar med andre reisande
og bur alt i det nye livet

Ein morgon dei første teikn
på at målet er nær
snart skimtar de fjella
byen enno løynd under disen
når du entrar landgangen
og set beina på afrikansk jord for andre gong
er alt som før
nei du ber alt ein løyndom
om saknad og brev heim
oppbrot først om tolv år
sonen din står att
no ein vaksen mann solbrun og muskelsterk
du entrar på ny skipet
og skal aldri sjå han att
anar du det skjegget tårevått denne haustdagen
eller ein sjølvsagt del av di tid
som regnfulle oktoberdagar
og vinkande barn mot fjella
du støttar deg på Vår Herre
og djupet som sløkkjer alt tørst
men aldri gjev svar.




lørdag 9. juli 2011

Hans Børli


                 En røst i vinden
Nei da, jeg stod ikke på Nebo bjerg,
jeg stod i kveldsol oppe på Hesteknatten
og hørte en røst som talte til meg:
-Du som rådløs vendte om
i skumrende blindgater, du som grå av støv
sto i kråkevinden
under lutende veivisere, du
som alltid leitet etter noe
du ikke visste hva var,
du skal vite dette:

Det er Noe som leiter etter deg.

Tenn et bål her på solfallsberget,
Kast vandringsstaven i flammene.
Og vent.

Diktaren Hans Børli vart fødd på Eidskog i 1918 og døydde i 1989. Det meste av livet arbeidde han som tømmarhoggar på heimplassen. Han debuterte i 1945 med diktsamlinga "Tyrielden" og seinare vart det ei rad bøker heilt fram til "På harmonikk" som kom ut posthumt i 1991. Børli  har vorte kalla "skogens diktar" og det meste av diktinga hans tek utgangspunkt i naturen og det nære og konkrete på heimstaden. Men det er ei spennvidde i diktinga hans utover det nære, her er fleire politiske dikt og dei siste åra tek han i stadig større grad opp dei store eksistensielle spørsmåla som i diktet eg har sitert ovanfor. "Samlede dikt" som kom ut på Aschehoug i 1995 er ei gullgruve som det stadig går an å venda tilbake til.



I diktet "Kveldsbønn" frå 1988 knyter han også saman det heilt nære og det store eksistensielle perspektivet.

                Kveldsbønn
Jeg sitter på sementtrammen
utafor gangdøren vår,
tar meg en kveldsrøyk.
Det siste solskjæret
gyller skogen, det kveldes
augustmjukt over grenda.
Vindstille.
Jeg ser hvordan lauvet på bjørkene
hviler uendelig tillitsfullt
mot en vennlig vesthimmel.
Ja,her sitter jeg
i fred med meg sjøl og Alt
Og det er kveld på jorden.
Jeg vet med en visshet
djupere enn tanken,vet
at denne vesle stunda,
disse ørsmå sekundene,
skal leve usårlig i Tiden
i all evighet.
 

                

fredag 1. juli 2011

Knoxville:Summer of 1915

Samuel Barber(1910-1981) er vel mest kjent for sin Adagio for strykere som mellom anna vart nytta som filmusikk i Oliver Stones vietnamfilm Platoon frå 1986. Men Barber har også komponert mykje anna som er verdt å lytta til. I fjor vart det gjeve ut ein jubileums CD på EMI i samband med at det var hundre år sidan Samuel Barber vart fødd. Her finn vi stykket Knoxville:Summer of 1915 framført av Barbara Hendricks og London Symphony Orchestra. Teksten er av forfattaren James Agee som skildrar sommaren 1915 då han er fem år gammal. Det er kjensla av "an evening in the American South" småbyen Knoxville i Tennessee. Tilsynelatande harmonisk men det er ei kjensle av sorg under det heile, Agees far døyr året etter. Barber var også fem år i 1915 og då han komponerar musikken i 1947 er hans far døyande. Verket blir ofte " considered to be Barbers most American work ." Amerikansk, ja , men og ei universell kjensle av barndomen, og sorga over alt som er forgjengeleg.


"Who shall ever tell the sorrow of being on this earth."
http://www.youtube.com/watch?v=xc-nx63w-6o