mandag 5. januar 2015

Kristus Pantokrator

Kristus Pantokrator er eit ikon som framstiller Kristus både som Skapar, Frelsar og Dommar.
Det greske ordet Pantokrator finn vi fleire stadar i Johannes Openberring. I Kapittel 1, vers 8 les vi: "Eg er Alfa og Omega,seier Herren Gud, han som er og som var og som kjem, Den allmektige(Pantokrator)"
Etter ortodoks tradisjon eit ikon synast ære avdi det synleggjer den andelege realiteten som den truande vender seg mot. Ikonet minner om at Gud er tilstades og skal vera ei hjelp til bøn. Ikonet skal og framheva "eg-du forholdet" mellom Skapar og skapning gjennom "det omvendte perspektivet" (personen i ikonet ser mot deg), frontalitet og augekontakt. Ikonet kan aldri sjåast isolert frå inkarnasjonen, det materielle er blitt berar av det guddommeleg og kan difor verta avbilda.
Kristus Pantokrator er eit av dei mest kjende ikonmotiva, det er symbolsk og innhaldsrikt.


Kristus er kledd i ei todelt drakt, ein raud tunika og ei blå kappe. Dei symboliserar Kristi to naturar, den menneskelege og guddommelege. Bandet over høgre skulder, clavus, er eit teikn frå romertida og står for høg embetsstatus. Den høgre handa velsignar og den venstre held evangelieboka. Handa som velsignar er og symbolsk, dei tre samla fingrane refererar til Treeininga, dei to kryssa fingrane til Kristi to naturar og dessutan til døden på krossen.
Bruken av bladgull har både ein estetisk og symbolsk funksjon. Gullet er eit bilete på det "uskapte lyset", i motsetning til det skapte lyset vi ser til dagleg. "Det uskapte lyset" er eit sentralt omgrep i ortodoks teologi, det refererar til det guddommelege lyset som gjennomtrengjer materien. Dei bibelske referansane finn vi mellom anna i 1.Joh 5:"Gud er lys, i han finst det ikkje mørker."
Paulus skriv og i 1 Tim 6.16 :" den einaste som er udødeleg, som bur i eit lys dit ingen kan koma."
Slik vert ikonet evangeliet i biletform.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar