lørdag 27. november 2021

Robert Bly til minne

 Den store amerikanske poeten Robert Bly døydde sist søndag 21. november i heimen sin i Minnesota. Han vil om kort tid ha fylt 95 år. Han hadde norske anar(Hardanger der navnet kjem frå  Bleie -Bly og Trøndelag) Han oppheld seg fleire år i Norge og hadde nær kontakt med litterære miljø både her til lands og i Sverige. Både Olav H.Hauge og Tomas Transtrømer var hans vener og dei omsette hans dikt og han deira dikt. Han omsette og både Knut Hamsun og Rolf Jacobsen. Han debuterte i 1962 med "Silence in the snowy Fields" og var nok primært poet, men har skreiv også essay og fagbøker. "Iron John" er ein analyse av maskuliniteten og fekk mykje omtale. Robert Bly var samfunnsengasjert og på 1960 talet var han aktiv i protestane mot Vietnam-krigen.

Han var ein stor poet og minneord har det vore  både i amerikanske , engelske og norske aviser. Eg fekk tilsendt omtalen i Minnesota StarTribune og vart slik klar over at han var død.


På veg mot Lac Qui Parle-elvi

I
Eg køyrer bil;det skymest;Minnesota.
Stubbåkeren fangar siste solroden.
Soyabaunone andar på alle sidor.
Gamle menner sit på bilsete utfor husi sine
i landsbyane. Eg er lukkeleg,
månen ris yver kalkunskuri.

II
Bilen sin vesle verd
sturtar gjennom nattlandet
på vegen frå Wilmar til Milan.
Denne einsemdi med stål kringum seg
stryk gjennom nattlandet
gjennomstunge av sirissor.

III
Brått, nær Milan, ei liti bru,
og vatn på kne i måneljoset.
I småbyane er husi bygde rett på marki,
lampeljoset fell på alle fire i graset.
Då eg når elvi, er ho tekt av fullmåne.
Folk talar lågt i ein båt.

(Olav H. Hauge si gjendikting)


Gratitude To Old Teachers

When we stride or stroll across the frozen lake,
We place our feet where they have never been
We walk upon the unwalked. But we are uneasy.
Who is down there but our old teachers ?
Water that once could take no human weight -
We were students then - holds up our feet,
And goes on ahead of us for a mile.
Beneath us the teachers, and around us
the stillness.






onsdag 17. november 2021

Birgittas siste pilegrimsferd

11. november 1371 for nøyaktig 650 år sidan la Birgitta av Vadstena ut frå Roma  på veg til Det heilage landet . Det vart hennar siste pilegrimsferd, kort tid etter at ho og hennar følgje kom tilbake døydde ho i  Piazza Farnese .Ho har i følget sitt 12-15 personar,  mellom dei dattera Katarina og sønene Karl og Birger. Det blir ei dramatisk reise. Første stopp i Napoli der Birgitta frå før kjenner den markerte dronning Johanna. Her opplever ho at sonen Karl blir sjuk og døyr. Etter eit lengre opp hald i Napoli dreg dei så vidare via Kypros og 12.mai 1372 kjem dei endelege til Jersusalem. Birgitta har nok grudd seg for denne reisa som har vore i tankane hennar heilt frå ho kom til Roma , ja før det og. Då ho og mannen Ulf var på pilegrimsreise til Santiago de Compostella hadde ho ein visjon om at ho skulle vitja både Roma og Jerusalem. Seinare blir ho minna på dette med jamne mellomrom. 23. mai 1371 har ho ei openberring der Kristus talar til henne. "Gjør deg klar til en pilegrimsferd til Jersusalem for å besøke min grav og de andre hellige stedene der."  Eit halvt år seinare er ho så klar til å dra.

Birgitta har nok vegra seg for denne turen, ho er snart sytti år, ei gammal kvinne på den tida, ho har levd eit meir strevsomt liv enn dei fleste og har helseproblem. Men  Birgitta er lydig, ho føl det ho oppfattar som Kristi direkte tale til henne. I det heilage landet har ho fleire visjonar  som er skreve ned i  den sjuande boka i hennar "Himmelske openberringar". Den eine er i Fødselskyrkja i Betleheim, den andre i Golgata kapellet. Dette er svært detaljerte og kroppslege skildringar, i motsetning til det som står i evangelia.Det har og  vist seg at Birgittas  framstilling av Jesu fødsel og krossfesting har prega seinare kunstnarlege framstillingar.

Etter denne strabasiøse reisa kom ho og følget hennar  utmatta tilbake til Roma på vårparten 1373 og Birgitta  døydde så i Piazza Farnese 23. juli dette året. Året etter kom ho heim til klosteret i Vadstena, kista vart bore av hennar næraste gjennom Europa, og til sist med båt  frå Danzig til Sverige.Men historien  var ikkje slutt med det, Birgitta hadde hatt to overordna mål, å få paven tilbake til Roma frå Avignon og få  klosterordenen sin stadfesta av paven. Begge deler skjedde eit par år etter at ho var død. Helgenkåringsprosessen starta og kort tid etter at ho vart død, og vart fullført og feira med stor festivitas i Roma 7. oktober 1391. Birgittinarordenen eksisterar framleis med kloster i mange land også i Trondheim. Birgitta er på mange måtar unik, få Mellomalder kvinner har hatt tilsvararande posisjon både i levande live og etter sin død. Det er difor ekstra gledeleg at det nylig kom ein ny Birgitta-biografi på norsk. Frå før har  vi Helge Nordahls " Den hellige Birgitta - beåndet visjonær -begavet politiker" frå 1997. Unn Falkeid( dotter til Kolbjørn Falkeid)  er professor i idehistorie og har sitt forskningsfelt innan europeisk Mellomalderhistorie. Eg har med stor interesse lese hennar nyleg utgjevne Birgitta biografi "Den hellige Birgitta. Enken som utfordret Europa." Det er å vona at fleire får augene opp for denne fascinerande kvinna. Ein kan nærma seg henne både religiøst og feministisk, det står ikkje nødvendigvis i motsetnad til kvarandre. Kyrkja har  frå dei første tider for ein stor del vorte bore av flittige og fromme kvinner som sjeldan har fått den status dei  fortener. 





 

Birgitta


Juliheten ligg tungt over Roma,

når kreftene og tida tek slutt,

men du kviler lett på den harde brisken

cella di i Piazza Farnese

ikkje langt frå Campo de`Fiori – blometorget.

Oppgåvene store og mange,

få var det som fekk styrke til å bera

det du bar med rak rygg og vidope sinn.

Den siste pilegrimsreisa og du stod framom

Jerusalem – den heilage byen,

utmatta kom du attende og la deg ned

ventande på den lange vegen heim,

Ventande på den største av alle oppgåver,

kallet ditt fast og for alltid lyttande,

men aldri åleine du trufaste tenerinne.



Birgitta av Sverige ( 1303-73) døydde i Roma 23 .juli som er minnedagen hennar.



Piazza Farnese  der Birgitta budde mesteparten av tida si i Roma. Birgittasøstrene held framleis til her. Vi budde der hasuten 2012. Det var ei stor oppleving då ein av søstrene viste oss rommet til Birgitta.

lørdag 6. november 2021

Usynlig blekk

" Jeg har aldri brydd meg om kronologisk orden. For meg finnes  det ingen kronologi. Nåtid og fortid blander seg i hverandre i en slags gjennomsiktighet, og hvert øyeblikk jeg opplevde i min ungdom, står for meg i en evig samtidighet, løsrevet fra alt." 


Slik reflekterar hovudpersonen i Patrick Modianos (f. 1945) siste roman "Usynlig blekk" (Encre sympathique).Den korte romanen kom ut i Frankrike i 2019 og i norsk omsetjing i år. Anmeldarane har karakterisert romanen som eit språkleg mesterverk som med suggererande kraft riv lesaren inn i ein medrivande fortellarstraum. Boka byggjer opp under at det på ingen måte var ufortent at denne store samtidsforfattaren fekk Nobelprisen i 2014. I grunngjevinga frå Nobelkomiteen står det mellom anna at han får prisen " for den erindringens kunst med hvilken han har fremmanet de mest ubegripelige menneskeskjebner  og avdekket okkupasjonstidens livsverden."  Han var fødd like etter krigen, men okkupasjonstida ligg heile tida som ein understraum i Modianos litteratur. Faren som  var italiensk jøde gjekk i dekning og klarte å unngå holocaust, og sjølv reflekterar han over om " mine erindringer gikk forut for min fødsel". Dei første bøkene hans hadde  tematikk frå krigen og var også tilegna broren Rudy som han var sterkt knytt til men som døydde av leukemi bare 10 år gammal.

I dei seinare romanane er krigen bare indirekte tilstades og han flyttar seg tidsmessig fram til si eiga ungdomsstid på 1960 talet. Her kjem den meir karakteristiske Modianos-tematikken fram. Fortid og notid, minne og erindring, sant og usant, ønske om å forstå og dei endelege svara vi ikkje kjem til å få. Slik også i "Usynlig blekk" . Eg tar med eit par sitat frå boka som illustrerar dette.

"Hvordan er det mulig å skille sant fra usant når man tenker på det selvmotsigende sporene et menneske etterlater seg ? Og vet man egentlig bedre beskjed om seg selv, når man tar i betraktning sine egne løgner og utelatelser, samt all ufrivillig glemsel?"

Har vi ikkje alle opplevd å sjå ein liten detalje som brått gjer fortida klar og levande.

"Det var som å være en som har mistet hukommelsen og så får tildelt en veldig detaljert rute han må følge gjennom et område der han tidligere var lommekjent. Da skulle det ikke mere til enn navnet på en landsby for at han brått ville huske hele sin fortid."

Vi søkjer etter svar i fortida, og finn nok aldri alle svara og kanskje skal vi heller ikkje ha det som mål,

"Jeg spør meg selv: må det virkelig finnes et svar ? Jeg er redd for at den dagen du sitter  med alle svarene, da lukker livet seg over deg som en felle, med den lyden nøkler lager i døren til en fengselscelle. Ville det ikke være bedre å la noen rivningstomter bli stående åpne omkring deg, der det kunne gå an å stikke seg unna.?"

Modiano er "Paris-forfattar" og kanskje burde ein lesa bøkene hans med Paris-kartet framfor seg. Men i "Usynlig blekk" er handlinga også lagt til Roma. Kanskje det Roma(og Paris) der ein skal trø forsiktig:

"Vær forsiktig nå. Hvis man oppholder seg for lenge i Roma, risikerer man å bli her for bestandig."







Poetica: Dette lyset alltid

 

Dette lyset alltid

Vi kunne ikkje ha teke feil

for kanskje var det slik at

dette lyset hadde vore der alltid

når vi såg det glitrande i låg sol

mot havgapet bak glattskurte svaberg

og haustbrune lyngheiar

til desse korte dagane etter årsskifte

med tynt snølag og lyset reflektert

like inn i den djupe blå julihimmelen

som deler lysstriper med stien

vi går  gjennom tett granskog

inn i oktober der lufta er krystallklår

med dryss av gull

til ventetida og gåvene

dei tre langvegsfarande steig inn

delte brød og vin  drog så

men deg søkjer vi likevel

no i skumringa.