søndag 22. november 2020

November

 November - overgangen frå haust til vinter. Det er mørkt og grått, naturen går i dvale. Hans Børli har fleire dikt om november.

Her er eit frå "Hver liten ting" som kom i 1964


Værbrauta henger frynset over skogen

som en guirlander av papir

under taket i en forlatt festsal.

Stillheten er så stor

at du hører den :

En usigelig ensom tone

vibrerer i frostlufta. Det er som

den forvåkte spillemannen

ennå sitter igjen etter oppbruddet.

Stryker fåfengt på fela, stirrer

glassøygd ut i ingenting.









                             Frå parken rundt Baroniet Rosendal ein novemberdag.



fredag 13. november 2020

Fader Robert til minne.

 Trappistmunken Fader Robert ocso døydde i klosteret sitt, Hylland munkelyd i Tinn; 29. september i år. Rekviem og gravferd frå Atrå kyrkje 7.oktober, slik fekk han kvila i den bygda han budde det meste av livet og som han sette så stor pris på. Han fekk tidleg klosterkall og alt som 17. åring for 71 år sidan gjekk han inn i eit trappistkloster  i Rhode Island, USA minste stat, der han opphaveleg kom frå. Etter fleire år i ulike kloster modna tanken om å bli eremittmunk og han søkte råd hos Thomas Merton som vel  er den mest kjende og bokleg mest produktive trappistmunken.  John Willem Gran høyrde og til same orden, og då han vart biskop av Oslo ville han gjerne at fader Robert kom til hans bispedømme, og slik vart det. Han kom ein iskald januardag i 1967 og slo seg ned som einebuar, først i Gudbrandsdalen, seinare i Tinn i Telemark det han vart verande resten av livet. Tanken var nok at det skulle grunnleggast ein klosterkommunitet her og etterkvart vart det slik, sjølv om mange menn prøvde seg for kortare og lengre periodar men  for så  vendte tilbake til det verdslege livet igjen. Å leva som trappistmunk er ikkje for kven som helst, men for eit par tiår sidan kom to estiske menn til Hylland munkelyd og dei vart verande. Slik vart det ein liten kommunitet her oppe med sjølvbygde hus og kapell.

Eg las for føsret gong om fader Robert i St. Olav på 1970 talet. Ikkje så lenge før det hadde eg vorte introdusert for katolisismen og klosterlivet via Thomas Mertons sjølvbiografi "The Seven Storey Mountain" som forresten kom i norsk omsetjing no i år. Eg vart fascinert av det eg las, og tanken var å ein dag vitja fader Robert og den vesle munkelyden i Tinn, men så var det brått for seint.Ein skal aldri utsetja slike planar!  Dei som traff han opplevde han som ein heilag mann, kanskje som ein russisk starets eller ein av einebuarane i ørkenen på 2-300 talet. Vi trur at dei heilage ber for oss, små og store, kjente og ukjente, kanoniserte eller ikkje, alle er dei ein del av den store skaren som står framfor Gud og stemmer i sitt Sanctus. Fader Robert er nokså sikkert ein del av denne skaren no.

Han kvile i fred. RIP.







Cisterncienserordenen som trappistmunkane tilhøyrer kom til Norge i Mellomalderen og grunnla kloster på Hovedøya utanfor Oslo, Lyse ved Bergen og Tautra og Munkeby i Trøndelag.





tirsdag 10. november 2020

Ruth Maier 100 år

 I dag 10. november på 100 års dagen for Ruth Maiers fødsel  vert ein plass i Oslo med hennar navn innvigd. Plassen ligg på St. Hans haugen, ikkje langt frå Dalsbergstien der ho budd i eit pensjonat for unge kvinner då ho  26. november 1942 vart henta av  norsk statspoliti og kjørt til transportskipet "Donau", første etappe på vegen til Auschwitz der ho sannsynlegvis vat sendt rett i gasskammeret då ho kom fram 1. desember. Ruth Maier har på mange måtar vorte eit symbol på deportasjonen av jødar frå Norge til naziregimet sine utryddingsleirar.

Rett nok var ho ikkje norske jøde, men ein av dei rundt fire hundre jødiske flyktningane som kom til Norge i åra like før krigen. Norske styresmakter var skeptiske til å ta imot jødiske flyktningar, men mellom anna Nansenhjelpen leia av som til Fritjof  Nansen var ein pådrivar for å ta imot desse som flykta frå forfølginga under Naziregimet. Ruth Maiers var bare 19 år då ho kom åleine til ein familie på Lillestrøm som far hennar i Wien tidlegare hadde hatt kontakt med . Ho lærte seg raskt flytande norsk og tok norsk artium, men var nok ei einsam og ulukkeleg kvinne, iallfall inntil ho vart veninne med Gunvor Hofmo som seinare vart ein kjent poet.Venskapet med Ruth Maier og hennar tragiske død fekk avgjerande innverknad på heile Gunvor Hofmos liv og forfattarskap. "Du malte din død" skriv  ho til Ruth som dreiv med akvarell måling. Det er gjennom dagboka ho førte gjennom heile ungdomen og fram til ho vart deportert at vi blir kjent med  Ruth Maier og hennar  lagnad. Hadde det ikkje vore for den og Jan Erik Volds innsats for å få publisert dagboka, ville ho og vore ein av dei mange ukjente og forlengst gløymde døde frå konsentrasjonsleirane. Det er ein uvanleg reflektert og belest tenåring vi møter i dagbøkene, ho er velformulert og til tiders nærast uhyggeleg klarsynt. I 1938 i Wien skriv ho: 

" Fedrene våre kan dere sende til Dachau, mødrene våre tilintetgjøre med gass."

Jan Erik Vold blir i eit intervju spurt om kva det kunne blitt av henne dersom ho hadde fått leva ? Han  svarar då berre at ho i alder var mellom Hanna Arendt og Susan Sontag !

Gunvor Hofmo stod sannsynlegvis på kaien då lasteskipet "Donau" la ut frå Oslo med kurs for Stettin 26.november 1942. Ombord var 532 jødiske menn, kvinner og barn. Berre ni av desse kom tilbake i live!

I 1946 skriv Gunvor Hofmo "Møte" :

Slik en regnvåt kveldsstund

kjenner du det er henne

en jødisk veninne de drepte,

hun hvis lik de lot brenne

sammen med tusen andres.


Ram stiger lukten fra fjæren.

Fuglene klynker alt stille.

Noen ler fjernt gjennom skumringen...

Stemmene klinger så milde

som de har natt i seg.


De vet bare at hun er her

og ser henne uten å se

og kjenner det bruke blikket

legge seg kjølig som sne

over din rådløse sorg.


Og din trang til å skrike,

rase, gråte og be,

slik som en liten unge

får viljen sin gjennom ved,

alt som du smertelig gjemte,

smelter vekk under det.


Du hører den myke stemmen

slik du hørte den sist,

spørrende uten klage,

dempet og underlig trist:

Warum sollen wir nicht leiden

wenn som viel Leid ist."






Snublestein lagt ned utanfor Dalsbergstien der Ruth Maier budde dei siste månadane ho levde.

søndag 8. november 2020

Minnedagen for Den heilage Elisabeth

 I dag er minnedagen for Elisabeth av Treeiniga. På "Carmel de Lisieux" si facebookside står det førgjande om henne:

"I dag  feirar vi Den heilage Elisabeth av Treeininga (de la Trinite) frå Dijon. Elisabeth Catez  vart fødd 18. juli 1880 i militærleiren d`Avor. nær Bourges. Frå sjuårs alderen mottok ho ved Kristi kjærleik den nåde å overvinna eit vanskeleg gemytt. Sjølv om ho bøygde seg for dei krav eit verdsleg liv stilte, var hjerta hennar  fylt med ønske om å gje seg heilt til eit religiøst liv. Ho gjekk inn i Karmel i Dijon 21 år gammal, gjennom kommunitetens opplæring fekk ho ta imot ei opplysande  innsikt i Dei tre gudommelge Personars nærver i sjela hennar. I ønske om at hennar liv bare skulle vera ei utstråling av Kristus, som ho elska, følte ho seg kalla  å vera ei lovprisning  av  Guds herlegdom. Krossfesta av ein frykteleg sjukdom døydde ho 9. november 1905, etter å ha  uttalt desse siste orda. " Eg går til lyset, til kjærleiken, til livet." Ho vart kanonisert av pave Frans 16. oktober 2016."




Wilfrid Stinissen skriv om Elisabeth: " At Elisabeth av Treenighetens  budskap er aktuelt  i vår tid, kan ingen bestride. Kanskje har menneskene aldri vært så fremmede for seg selv. så splittede, så jaget, så overfladiske, så rotløse, så istykkerrevne som i dag. Og så kommer karmelittsøsteren Elisabeth og viser oss en vei fra vår periferi til vårt sentrum, fra mangfold til enhet, fra splittelse til helhet, fra stress og jag til ro og fred. Hver eneste helgen er en gave fra Gud til  menneskeheten. Vi kan vel si at den gaven vi får i søster Elisabeth er særdeles verdifull og nødvendig."

søndag 1. november 2020

Allehelgensdag

I dag 1. november feirar vi Allehelgensdag - Festum omnium sanctorum. Året rundt har vi festdagar for ulike helgenar, kjent og mindre kjente. Dagen i dag er for alle, kanskje ikkje minst for dei ukjente, dei som levde og døydde i det stille, og som ingen idag hugsar navnet på. Dei er mange, og ein del  av heile den himmelske hærskare som det står om i dagens tekst frå Johannes Openberring. Dei la ikkje mange spor etter seg, men i det stille bar dei gudslengten i bøn, tilbeding og omsorg for sine medmenneske.

Alt i dei første hundreåra etter Kristus vart dei heilage heidra, dei kristne møttest på gravene til martyrane for å be og minnast dei som hadde gått framom dei inn i  Paradis. Etterkvart vart helgenskaren utvida  til ikkje bare å omfatta martyrar, men også bekjennarar, kyrkjelærarar, munkar og nonner. I 835 la pave Gregor IV martyr- og helgendagen til 1. november, og seinare har han vorte værande på denne dagen. 

I dag minnest vi spesielt dei tre martyrane frå åtaket i Notre Dame kyrkja i Nice! Vi minnest og at det i går var 10 år sidan det brutale åtaket  på kyrkja "Our Lady of Salvation" i Irak. 52 kristne vart martyrar denne dagen, mellom dei to små barn og eit barn i morsliv. 


"Vi arme syndere VI BER DEG, BØNNHØR OSS Styr og bevar din Kirke Opplys Kirkens fiender Gi hele det kristne folk fred og enhet Styrk og bevar oss i din hellige tjeneste Gi alle avdøde den evige hvile Guds Lam, som tar bort verdens synder SKÅN OSS, HERRE Guds Lam, som tar bort verdens synder BØNNHØR OSS, HERRE Guds Lam, som tar bort verdens synder MISKUNN DEG OVER OSS LA OSS BE: Herre, vi ber deg, gi oss som bekjenner vår tro på din Sønn, den oppstandne, å styrkes i håpet om den oppstandelse som venter dine tjenere. Ved Kristus, vår Herre. Amen."

(Frå Allehelgenslitaniet)