mandag 25. mars 2019

Maria bodskapsdag

I dag feirar vi inkarnasjonen, ordet som vart menneske. Det er ni månadar til jul og Jesu fødsel, men dagens fest er vel så viktig. Dagene har mange navn, og vart frå gammal kalla Marimesse om våren eller Vårfruemesse (Vofremyss i Kvinnherad der eg kjem frå), Annuntiatio Beatae Mariae Virginis eller i dag meir  korrekt Annuntio Domini - Herrens bebudelse.

Dagen blir feira som ein festdag inkludert Gloria sjølv om vi er i fastetida. Under Credo knelar alle under " Han er blitt menneske ......"

Første lesning er frå Jesaja 7. 10 -14  med profetien om Immanuel- teiknet  Kristi komme.

Immanuel-teiknet 
10 Herren tala igjen til Ahas og sa: 11 «Be om eit teikn frå Herren din Gud, nede frå dødsriket eller oppe frå det høge!» 12 Men Ahas svara: «Eg vil ikkje be om noko og ikkje setja Herren på prøve.»
   
 13 Då sa han: «Så høyr då, Davids hus! Er det ikkje nok at de trøyttar menneske, må de òg trøytta min Gud? 14 Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, den unge jenta skal bli med barn og føda ein son, og ho skal gje han namnet Immanuel.



Lenke til Ave Regina Caelorum som avsluttar dagen mellom Kyndelsmess og påske:

https://www.youtube.com/watch?v=OAi6T7tQruE

tirsdag 19. mars 2019

Festdagen for St. Josef


«Hellige Josef, vår Far!
Du har aldri sviktet dem
som ber om din hjelp og forbønn.
Som vår hellige mor Teresa
tar vi vår tilflukt til deg.
Du var Frelserens faderlige beskytter her på jorden,
og Han lytter til dine bønner i himmelen.
Gjennom Ham har du makt til å hjelpe oss
og det som synes umulig kan du gjøre mulig.
Vi ber om din faderlige omsorg,
at du skal sørge for oss
og gi oss alt vi trenger. Amen.

Jesus, Maria og Josef !
Vi overgir alt i deres hender !»



Vi feirar i dag festdagen for St Josef. Kanskje ein meir tilbaketrekt og anonym bibelsk person men ikkje mindre viktig. Josef var åpen og lydig då Herren kalte på han !


                                            Georges de La Tours maleri: Josef tømmermannnen

Josef tømmermannen

Dagslyset kverv men du er enno ikkje ferdig
tilmålte bord ligg klar
alt skal skøytast saman
oppdragsmannen ventar men ikkje i tolmod.
Du ropar på guten og han kjem:
«Hineni – her er eg!»
Det blafrande lyset i stødige barnehender
du bøyer deg over det krossforma bordet
som glir gjennom glatt trevirke
der naglene skal skyvast på plass
og du minnest engelens ord:
«Ver ikkje redd for å ta henne heim til deg,Josef !»
Draum eller røyndom, aldri nølande
Du alltid lydige.







søndag 17. mars 2019

Minnedagen for Den heilage Gudmund

16. mars feirar vi minnedagen feirar vi minnedagen for Den heilage Gudmund, biskop av Holar på Island. Han er kanskje ein av dei mindre kjente Mellomalderhelgenane, underteikna kjente iallfall lite til han. Han var nok godt kjent for Sigrid Undset som oppretta eit legat i hans navn, og  i 2007 vart det innvia ei katolsk kyrkje på Jessheim vigd til St. Gudmund.
Gudmund Arason  var ein oppstridt mann i si samtid.  Han var fødd utanfor ekteskap og måtte difor ha løyve frå paven for å verta prestevigd 24 år gammal. Han gjorde geistleg karriere og vart utnemnd til biskop av Holar, Islands nordlegaste bispedømme, i 1203. Han viste seg å vera ein mann som ikkje søkte rikdom og gods for kyrkja, men var oppteken av omsorg for dei fattige. Han har  difor vorte karakterisert som ein islandsk Thomas Beckett.

Mange fattige slo seg ned omkring bispegarden på Holar, noko som førte til konflikt med stormennene i området. Konflikten tilspissa seg, og Gudmund vart etter kvart nøydd til å reisa til Nidaros der han oppheldt seg  i 1214-18. Då han kom tilbake til Island heldt han ein lågare profil ,men kom likevel i konflikt med mektige høvdingar og måtte på ny dra til erkebiskopen i Nidaros. Han kom tilbake til Island som ein gammal og sjuk mann og døydde i 1237 76 år gammal.

Etter hans død vart dei mange konfliktane fort gløymd og han stod meir og meir fram som ein heilag mann. Han vart aldri formelt kanonisert, men vart feira som helgen såvel på Island som i Norge.

Fleire hundreår seinare var Holar det siste katolske bispedømmet på Island. Reformasjonen hadde nådd Skalholt, bispedømmet i sør, men på Holar  heldt biskop Jon Arason fast ved den katolske trua inntil han vart henretta i 1550.



                                             Statue av St Gudmund i kyrkja på Jessheim


tirsdag 12. mars 2019

Den mørke Mellomalderen ?

Lærarar i historie på universitetsnivå opplever av studentane må "avlærast" feilaktige og negative forestillingar om Mellomalderen. Mellomalderen blir oppfatta som ein mørk periode prega av undertrykkjing og vald mot kvinner og minoritetar. Kristendomen la eit mørke over Europa som ein ikkje byrja å koma ut før i renessansen og opplysningstida. Pardoksalt er det at den muslimske kulturen  på denne tida blir oppfatta  som så mykje meir fredeleg og tolerant enn den kristne europeiske kulturen.

Kanskje er ikkje dette så paradoksalt når ein går til lærebøkene i historie som blir nytta i skulen.
Kristoffer Tyssøy Høisæther har analysert  lærebøkene som blir nytta i grunnskulen og den vidaregåande skulen i dag. Han finn ein slåande forskjell i korleis i korleis den europeiske sivilisjonen  bli skildra som mykje meir brutal, blodig og intolerant enn den muslimske. Ulike forteljartradisjonar kjem fram i læreverka der forteljinga om den islamske verda er langt meir romatiserande enn forteljinga om det kristne Europa. Mange faktorar spelar inn, ikkje minst orientalisme idelogien anført av Edward Said der ein har ein innbitt frykt for å koma med kritikk mot ikkje vestlege kulturar. Læreverka avspeglar  her   ein klart selektiv bruk av kjelder.

Kva er så sanninga om Mellomalderen ? Det er naturlegvis inga enkelt sanninga om nokon tidsepoke, aller minst om Mellomalderen. Det var ei valdeleg tid   slik det har vore i alle kulturar like  opp til moderne tid, men tida etter Mellomalderen var ikkje mindre valdeleg, noko ikkje minst hekseprosessane avspeglar. Mange trur at desse fann stad i Mellomalderen, noko som er heilt feil, hekseforfølgjinga fann stad på 15-1600 talet, altså i den tidlege moderne tida !
Mellomalderen var og ei blømingstid for kunst og kultur, eit klart døme på det er dei gotiske katedralane frå 11-1200 talet. Det religiøse livet stod sterkt, noko mellom anna klosterordenane avspeglar. For kvinnene betydde klosterlivet eit alternativ til eit strevsamt liv med mange barnefødslar og tidleg død. Her kunne dei få utvikla evner dei ellers ikkje hadde hatt høve til.
Enkelte markerte seg sterkt og er blitt hugsa for ettertida som Hildegard av Bingen, Birgitta av Vadstena og Katarina av Siena.

Sett med vår tids auge, og det er ein vanleg feil når ein vurderar fortida, var dette ei undertrykkande tid men  ikkje verre enn hundreåra som følgde! Naturlegvis blir det einsidig når ein berre vel kjelder som støttar opp om den ideologien ein alt har bestemt seg for som den objektive sanninga.




                        Cathedral Notre-Dame de Chartres, eit av Mellomalderens mesterverk






lørdag 9. mars 2019

Edvard Hoem - til lukke med dagen

Forfattaren Edvard Hoem fyller 70 år . Han har dei siste åra vorte ein av våre mest lest forfattarar, ikkje minst som følgje av romanserien om hans eigne slektningar som utvandra til Amerika.
Edvard Hoem har vore ein særs allsidig forfattar like fra debuten i 1969, Kollega Dag Solstad seier at han mestrar alt han prøver på inkludert det å skriva salmar.
Etter at han som god vaksen fann tilbake til den kristne barnetrua har han skreve ei rad salmar, mange av dei er teke med i salmeboka. Den same Dag Solstad meiner at det religiøse engasjementet har styrka  diktning hans. "Det har gitt han en fasthet i språket. Det gir han også full rett til å bruke bibelspråket i diktningen, og det er en stor styrke i seg selv."

Her hans Skjærtorsdags salme:

" No vaskar han føtene deira og
tørkar det varsamt med kledet.                                                                                                                  No vaskar han føtene deira                                                                                                                        og minner dei om dette eine, 
at han, som er son av den høgste, 
er komen til oss for å tene.
No vaskar han føtene reine.

Slik lyfter han slaven til fridom.
Han vaksar bort støvet frå vegen.
Den livslange, strevsame vegen
skal ende hos han, i Guds rike.
Og han som er son av den høgste,
han bøyer sitt hovud mot jorda,
og slik blir han menneske like.

Slik sprenger han tilværets gåte.
Han bur seg til møtet med døden.
Han tener fordi han er herre.
Han bøyer seg ned for å sone.
Han førebur gudsrikets orden;
Dei siste skal vera dei første.
Den minste skal stå ved hans trone."




                                         Til lukke med 70 års dagen!


onsdag 6. mars 2019

Askeonsdag

Askeonsdag, slutten på karneval og innleiinga til fastetida som kulminerar med påskefeiringa.
Messe i fullsatt kyrkje i kveld, aske strødd over hovudet og ikkje som kors i panna slik vi er blitt vant til. Symbolikken er like sterk .

Wilfrid Stinissen ocd har ein fin preike-tekst for denne dagen som eg tidlegare har sitert frå.
Her er fleire ord til ettertanke:

" Varje människa bär inom sig en djup längtan efter att i kärlek vara sedd och känd av en annan. Är det inte utmärkande för kärleken at inte vilja dölja något för den älskade ? Om man älskar vill man att den älskade skal veta allt. Att vara sedda, men både våra ljusa och våra dunkla sidor, och i alt vara älskade och accepterade som vi är, det är en dröm vi alla, medvetet eller omedvetet har.

Om vi utför våra goda gärningar i det fördolda, inför Guds blick och inte inför människors, då blir denna dröm uppfyld av honom som ser oss i det fördolda."



mandag 4. mars 2019

Vinen gjev mennesket glede

"Du let graset spira fram for feet
og vokstrar til nytte for mennesket.
Du let brødet koma frå jorda,
vinen gjev mennesket glede.
Du let andletet skina av olje,
brødet gjev mennesket styrke."

Slik står det i Salme 104, ein av dei mange bibelske tekstane som omtalar vin. Klimaet i Palestina var veleigna for dyrking av vindruer, og det er mange referansar til dette både i Det gamle og Det nye testamentet, like frå Noah  til bryllaupet i Kana. Vin er nevnt totalt 240 gonger i Bibelen. Ei rekkje ord både på hebraisk og gresk blir nytta om vin som drikk. På hebraisk mellom anna jajin, tirosj og sjekhar, på gresk ord som oinos og oxos. Begge språk er langt meir nyanserte enn det vi får fram på norsk.

Lang dei fleste bibelske tekstane har ein positiv assosiasjon til vindyrking og vin som drikk. I det gamle Testamentet er vin eit bilete på Guds velsigning.

" Måtte Gud gje deg dogg frå himmelen, fruktbar jord og overmål av korn og ny vin ! "
( 1. Mos. 27, 28)

" Han skal velsigna frukta av ditt morsliv og frukta av ditt åkerland, korn, ny vin og fin olje .... "
( 5. Mos. 7,13)

Brød , vin og olje, desse tre går igjen som bilete på Guds gåver, Hans velsigning over Israelsfolket.

I bryllaupet i Kana er vinen Jesu gåve til oss som han gjev oss på Jomfru Marias forbøn !

Men Bibelen innheld og ei rekkje åtvaringar mot å drikk seg berusa.

"Ve dei som jagar etter sterk drikk frå tidleg morgon av, som sit til seint på kveld og blir heite av vin."
(Jes. 5,11)

" Drikk dykk ikkje fulle av vin, det fører til utskeiing, men bli fylt av Anden."

( Ef.5,18)

Det bibelske synet på vin er altså å nyta Guds gåver med glede og måtehald !