tirsdag 30. juni 2020

Tilbake til fremtiden

Inspirert av avisa Dag og Tids artikkelserie om Sigrid Undsets bok "Tilbake til fremtiden" (Først utgjeve i USA under tittelen Return to the Future i 1942) har eg lese boka for først gong. Mi utgåve har årstalet 1945, men boka vart først utgjeve i 1949, eit halvt år etter forfattarens død. Bakgrunnen for det er lite kjent og absolutt verdt å merka seg. Sovjets ambassade var ikkje nøgd med Undsets skildring av reisa gjennom Sovjet Unionen  våren 1940. Dei truga med at dersom boka vart utgjeven ville ingen norske forlag få løyve til å utgje russisk litteratur. Aschehoug forlag gav etter i fire år før boka vart frigjeven, då var krigen historie, forffatren død og det vart ikkje noko etterspel!

Eg har alltid sett opp til Sigrid Undset, som ein genial forfattar, uredd samfunnsdebatant, som ei eg deler livssyn med  men  etter å ha lese "Tilbake til fremtiden", også som aktiv motstandar av alle totalitære ideologiar framfor alt nazismen. Alt tidleg på 1930 talet hadde ho gjennomskua utviklinga i Tyskland, det var det langt frå alle i Norgen som gjorde, korkje store forfattarar, politikarar eller meningsberande media. Naziregimet i Tyskland var fullt klar over at nobelprisvinnaren var ein av dei mest framståande anti-nazistar i Norge, og då krigen braut ut var ho absolutt i fare.

9.april er ho i hovudstaden og held foredrag, om natta blir ho vekt av flyalarm, og det blir snart klart kva som er iferd med å skje. Ho tek seg tilbake til heimen Bjerkebæk på Lillehammer, men etter kort tid blir det klart at det ikkje er trygt å bli her, og 20. april tek ho ut på den strabasiøse reisa heilt til USA der ho kjem i slutte av august. "Tilbake til fremtiden" er dels ei skilding av denne reisa opp Gudbrandsdalen, vidare til Molde og med båt nordover, så over svenskegrensa og vidare til Stockholm. her får ho den dramatiske meldinga om at sonen Anders er død i kamp mot tyske styrkar 27. april. Ho skriv usentimentalt om dette, men det må ha vore eit hardt slag, samstundes er ho stolt over sonen som ikkje nølte  med å ta kampen opp for landet sitt !
Vidare dreg ho saman med sonen  Hans med fly til Moskva, så med Den transsibirske jernbanen til Vladivostok, så med båt til Japan, og etter eit opphald der med båt over stillehavet til San Fransisco ,og til slutt tog over heile det amerikanske kontinentet til New York der ho oppheld seg resten av krigsåra.

Då boka kom ut i USA i 1942 byrja kunnskap om nazistanes systematiske drap på handikappa og psykisk sjuke å koma ut. Også her såg Sigrid Undset klårare enn dei fleste, og dette er noko som utan tvil engasjerte henne personleg. Dattera Mosse var handikappa og psykisk utviklingshemma, ho døydde eit år før krigen braut ut.
Sigrid Undset skriv: " Det er naturligvis for øieblikket umulig å kontrollere hvor meget sant det er i ryktene om et systematisk myrderi av svake, syke og defekte individer i Tyskland av idag. Er bare halvparten av det som blir fortalt om den saken sant, så skulde f.eks. hverken Swift eller Newton, Darwin eller Hans Christian Andersen hatt en hunds chance til å få leve og utrette sitt livsverk."

Ho var også krystallklar i sitt syn på antisemittismen,  frå 1943 arbeidde ho i organisasjonen "Emergency Committee for Saving the Jews". Også her var ho uredd, det var store oppslag i avisene då ho ved eit høve skulda ein prest for antisemittiske utsegner.

Siste del av boka er ein analyse av demokrati kontra totalitære ideologiar. Ikkje bare nazismen men alt som har med Tyskland å gjera tek ho avstand frå. Her er ho fordomsfull og heilt utan nyansar, absolutt ingenting er positiv med Tyskland og tyskarane. Sjølvsagt må ein forstå dette utfrå situasjonen, ho er fråteke alt ho har kjært av den tyske okkupasjonsmakta, sonen, heimen og fedrelandet!
Men her finn ein gjennomtenkte og klåre resonnement og noko er overraskande dagsaktuelt.
"Det er neppe noe ikke-europeisk folk som ikke har rett til å anklage de hvite folk for overgrep, for vettløs innblanding i deres måte å føre sitt liv på, for utbytting." 

Ho kom tilbake til Norge i juli 1945, men gleda over fridomen vart formørka av vissa om alle dei kjære inkludert sonen Anders, som ikkje lenger var i live. Heimen Bjerkebæk var ein svinesti etter tyskaranes herjingar. Sigrid Undset var sliten etter å ha levd som flyktning gjennom krigen, ho fekk aldri tilbake sin tidlegare skaparkraft. Det kom ikkje fleire romanar frå hennar hand. Biografien om Catherina av Siena fekk ho ferdig, men den kom i retur frå det amerikanske forlaget,  det er ikkje sikkert ho tok det så tungt? I 1951 kom boka ut på norsk.

Ho var sliten og åleine og mykje sjuk dei siste åra. Ho sat ei på Bjerkebæk, Anders var død og Hans hadde ho ikkje den beste kontakten med, ho savna nok den tida ho skildra i "Happy Times in Norway" som kom ut i USA same året som "Return to the Future".
9.juni 1949 vart ho innlagt på Lillehammer sykehus, ein nonne vaka over henne, men dagen etter følte ho seg betre og sendt nonna heim for å kvila. Like etter døydde ho åleine utan Kyrkjas sakrament. Hennar ettermæle er stort og det vil bli ståande. Dess meir eg les dess større blir min respekt for hennar liv og verk!



" Det tyktes hende å være et mysterium, som hun ikke fattet, men hun visst sikkert likevel, Gud hadde holdt hende fast i en pagt som var blit sat for hende, uten hun skjønte det, av en kjærlighet som var blitt øst over hende - og trass i hendes egenvilje, trass i hendes tunge, muldbundne sind var noget av den kjærlighet blit i hende, hadde virket i hende som sol i mulden,hadde drevet frem en grøde, som ikke elskovens heteste brand og ikke elskovens stormende vredesmod helt hadde kunnet lægge øde."

(Frå Kristian Lavransdatter Korset)

søndag 28. juni 2020

Om død, gløymsle og sølvbestikk

Eg les Simon Strangers roman "Leksikon om lys og mørke" frå 2018. Det er ei sterk og personleg historie om huset i Trondheim der Rinnan-banden held til, og der ein jødisk familie budde i fleire år etter krigen. Den jødiske familien er svigerfamilien til forfatteren og det nære og personlege knytes slik sett opp mot dei store krigshistoriske hendingane. Boka fekk svært gode kritikkar då ho kom ut. Ho er som tittelen seier bygd opp som eit leksikon  der kvart kapittel vert knytt opp mot ord som byrjar på dei einskilde bokstavane i alfabetet frå A til Å.
Kapittel A for" anklagen, avhøret, arrestasjonen og så for alt som skal forsvinne og gli inn i glemselen." Litt seinare i kapittelet knyter forfattaren dette opp mot ein gammal jødisk tradisjon:

" I den jødiske tradisjonen sier man at et menneske dør to ganger. Den første gangen er når hjertet slutter å banke og synapsene i hjernen slukker, som i en by der strømmen går.
Den andre gangen er når navnet til den døde sies, leses eller tenkes på for siste gang, femti eller hundre eller fire hundre år senere."

Kva har så dette med sølvtøyet under å gjera ? Ei skei og ein gaffel med inngravert dato 8 juli 1901,og monogrammet som eg i etterkant tolkar som ART. Dei har vore i familien så lenge eg har levd, men ikkje fanga mi interesse før no. Min fafar Edvard fødd i 1873 kom til Rosendal på slutten av 1890 talet, han var utdanna innan spinning/veving i Tyskland og kom no til ny jobb ved Kvinnherad Ullvarefabrikk. Her vart han værande til han døydde siste krigsvinteren 1944.Vi veit ikkje så mykje om denne første tida, men han vart etterkvart kjent med, muligens på ein båttur, og gifte seg med Marie Regine Johnsen frå Stavanger 21.oktober 1899. Året etter fekk dei sonen Einar som vaks opp, gifte seg og fekk ei dotter. Edvard og Marie Regine fekk ikkje mange år saman, ho døydde alt 10.november 1905 sannsynlegvis av tuberkulose. To år før det fekk ho tvillingane Aslaug og Solveig. Ingen av desse passer med datoen på sølvbestikket, men etter eit par korte søk på nettet dukkar det opp eit fjerde barn: Alf Roald fødd 08.juli 1901. Vi har aldri høyrt om han før, berre "halvkveda vise" om at det visstnok var eit barn til som døydde tidleg. Heller ikkje mi kusine dottera til Einar, min farfars første barn  kjente navnet til vesle Alf Roar. Det er 19. juni, ein vakker og solfylt sommardag, nøyaktig 118 år sidan han døydde enno ikkje fylt eit år. Sjølv om barnedødsfalla byrja å gå ned alt på midten av 1800 talet var det framleis mange spebarn som døydde av ulike infeksjonar, meslingar, skarlagensfeber, difteri, lungebetennelse, mageinfeksjonar osv. Men sorga var nok på ingen måte mindre enn det  dagens foreldre vil kunna oppleva ved eit barns død. Eg prøver å forestilla meg denne junidagen, og dagane som gjekk før det, for han hadde nok vore sjuk ei stund før han døydde.Foreldrene vart meir og meir urolege, kanskje fekk han legetilsyn, kanskje ikkje, uansett var det ikkje så mykje den tidas medisin kunne gjera. Så døyr han , gravferd eit par dagar seinare ! Eg undrast om det var strålande sommarver eller regn og skodde nedover fjella.

Kor lenge er det sidan nokon tenkte på dette vesle barnet, kor lenge sidan er det navnet vart nevnt ?
Kanskje femti år, kanskje sytti eller åtti år ! Ei kort notis i digitalarivet tel ikkje i denne samanheng ?
Grava er naturlegvis sletta for lenge sidan, alle spor er borte, i motsetnad til Christiane Herzberg som døydde åtte dagar gammal på 1700 talet og der gravsteinen vart funnen for ein del år tilbake.
Denne dagen seier eg fram navnet hans og løftar han dermed ut av gløymsla. Det er ei merkeleg oppleving som eg naturleg nok knyter opp mot boka eg siterte frå innleiingsvis.
Men gløymsla kjem tilbake, vår tid på jorda er avgrensa. Det er ikkje sikkert navnet hans vert sagt så mange fleire gonger. Men eg kan ikkje skriva at alle spor vert sletta, for navnet hans vil leva i digitalarkivet og kanskje vil nokon i ei fjern framtid kasta eit blikk på det, berre eit blikk ikkje noko meir. Så ein kveld er den andre døden der, den store og endelege gløymsla. Men lenge før det har dei som lyttar merka  dei lette stega til englar som ber med seg  det uskapte lyset!



"Lake as the waves make towards the pebbled shore,
So do our minutes hasten to their end"


søndag 14. juni 2020

Corpus Christi

Vi feirar i dag Corpus Christi - Festen for Kristi lekam og blod, men ingen prosesjon i år pga. smittereglane. i St. Ansgar var velsigning av nye ikonar ingen dårleg erstatning. Det sette og fokus på kjernen i dagens feiring at Kristus vart menneske i kjøt og blod,og at Han er tilstades i Eukaristien, i Alterets sakrament!
Bakgrunnen  for denne høgtidsdagen må vi tilbake til byrjinga av 1200 talet for å finna. Den salige Juliana av Monte Cornillon i Liege skal ha hatt ein visjon der ho såg at kyrkjeåret mangla ein fest for Kristi lekam. Festen for Kristi  lekam og blod vart første gong feira i bispedømet Liege i 1247, og vart i 1264 gjort universell av pave Urban IV.  Thoma Aquinas skal ha skreve eit officium til den nye festen, dessutan fleire av dei sekvensar og hymner som framleis vert nytta.
Prosesjonen gjennom gatene kom til noko seinare, først i Køln på 1270 talet og etterkvart i alle katolske byar og landsbyar. Som ein viktig kuriositet kan det nemnast  at nazistane ikkje såg på sakramentsprosesjonane med blide auge  og forbaud dei !
Dei siste åra har det også vorte vanleg med sakramentsprosesjonar i norske byar , eit konkret og sterkt vitnesbyrd om vår tru.





Velsigning av nye ikoner måla av Jeannine Teresa Lyngsvåg: Kristus Pantokrator, Kristus og Maria Magdalena og eit pinseikon


onsdag 3. juni 2020

Leonie Martin- ein ny helgen ?

Historien om familien Martin må vera nokså unik i Kyrkjas historie, få om nokon familie har fostra så mange heilage. Vi kjenner Therese av Jesusbarnet, kyrkjelærar og moderne tids kanskje mest populære helgen. Ho døydde ukjent i karmelittklosteret i Lisieux i 1897, men vart heilagkåra alt i 1925 av pave Pius XI. Foreldrene Louis og Marie-Zelie vart heilagkåra av pave Frans i 2015.
Hausten 2018 hadde vi også fokus på denne fromme familien i og med relikvievalfarten til ei rekkje kyrkjer og kloster i Skadinavia.
Men familien var tallrik, og sjølv om fire barn døydde tidleg var de fem jenter att, alle valde klosterlivet. Fire av dei gjekk inn i Karmel i Lisieux, i tillegg til vår populære helgen Therese av Jesusbarnet var det Marie-Louise, Marie-Pauline og Marie-Celine. Men så var det den tredje av søstrene, Marie-Leonie fødd 3.juni 1863 som ikkje vart karmelitt, men gjekk inn i visitasjonssøtrenes kloster, ein orden  grunnlagt i 1610 av Den heilage Frans av Sales, Monastere de la Visistation i Caen.

I det siste er det Leonie med klosternavnet sr. Francoise- Therese som fokuset har vore retta mot. Ein  saligkåringsprosess vart innleia i 2015 og fullført lokalt i bispedømmet Bayeux et Lisieux i vår. Ein grundig dokumnetasjon på over 30.000 A4 sider vart overført til Vatikanets kongregasjon for heilagkåring. Her vil alt bli granska på nytt og ein må og avventa eit  dokumentert mirakel.

Det var på ingen måte innlysande at det skulle bli Leonie som var neste helgenkandidat i Martin familien. I boktittelen under er det "inattendue" - uventa, overraskande som er det sentrale ordet.
Som barn var ho mykje sjuk og vart nok opplevd som eit uroleg og vanskeleg barn. Då mora døydde i 1877 var Leonie berre 14 år og dette var nok minst like traumatisk for henne som for Therese. Ho tenkte ho hadde eit klosterkall som sine eldre søstre og prøvde seg fleire gonger og mislukkast. Då ho kom tilbake til  heimen var ho nok prega av ei sterk nederlagskjenlse, det vart hennar kors. Eit minst like stort kors var det for henne og søskena då faren Louise vart alvorleg sjuk med slag og alvorlege psykiske vanskar. Celine og Leonie tok seg av han etter at han vart utskreven frå sjukehuset i Caen, fram til han døydde i 1894.Då stod dei to søstrene fritt til å velga livsveg vidare, og Celine fann sin plass i Karmel i Lisieux der hennar tre søstre alt hadde vore i fleire år. Celine er kanskje den neste helgenkandidaten i familien ?
Leonie hadde alt prøvd seg to gonger hos visitasjonssøtrene, og det var nok ikkje enkelt for henne å prøva seg ein gong til. Thereses sjølvbiografi "En sjels historie" vart publisert i 1898 og Leonie fann  her von og støtte til sitt kall. I 1899 steig ho igjen inn i  Monastere de la Visitation i Caen og denne gongen vat ho verande like til sin død i høg alder i 1941. Ho levde eit stille og tilbaketrekt liv, og ho skreiv heller ikkje mykje, men ho var utan tvil ei kvinne med eit rikt og Kristus-sentrert indre liv. Fruktene av dette vil vi få innblikk i gjennom den komande saligkåringsprosessen.