onsdag 19. mai 2021

Kvifor er mitt sinn så samansett

 Eg har tidlegare (2011 og 2016) skreve om den engelske poeten og presten John Donne som levde frå 1572 til 1631. Han er mest kjend for setningen "No man is an island", henta frå hans 17. Meditasjon som er ein prosatekst. Det er som poet han går inn som ein av dei store ikkje berre i engelsk språkleg litteratur, men og i verdslitteraturen. Sjølv om han  levde for 400 år sidan er han overraskande moderne. i sin poetiske tematikk. Vi blir gripne av kjærleiksdiktet "The Good Morrow" til kona Ann, og i sørgediktet " Since she whom I loved hath paid her last debt"  som  han skreiv etter ho var død bare 32 år gammal.

I diktet " Oh, to vex me, contraries meet in one" kan det moderne mennesket kjenna seg igjen.  Vi er samansett, vinglar frå det eine til det andre, kan ikkje heilt avgjera kva vi vil. Det handlar og om vår svake natur, vi sydar, angar og gjer bot men syndara så igjen. Her i  Åsmund Bjørnstads omsetjing:

Å,kvifor er mitt sinn så samansett -

Å, kvifor er mitt sinn så samansett -

mi vingling avlar, på unaturleg vis,

ein usvikeleg vane, at kjem eg i skvis,

då svik eg tru som truskap - det går lett.

Så gjer eg bot, og gløymer like greitt'

som i profane forhold og forlis;

i gåtefulle hugkast, eld, så is,

no alt, så inkje;innstendig, så eitt feitt.

Den himmelen eg knapt våga sjå i går,

får smeik i fagre ordlag i dag:

I morgon skjelv eg for hans domarstav.

For mine fromme rier kjem og går

som feberfantasier, men mest trygt

har eg det dagar då eg frys av frykt.








torsdag 13. mai 2021

Kristi Himmelfart

 I dag torsdag 13.mai feirar vi at Jesus  steig opp til himmelen framfor læresveinane på Oljeberget slik det er skildra i byrjinga av Apostelgjerningane. Ikkje så lett å forstå teologisk, men Augustin kan hjelpa oss litt på veg:

" Han forlot ikke himmelen da han steg ned til oss, han forlot ikke oss da han igjen steg opp til himmelen. For han vitner selv om at han var der, samtidig som han var her, ved å si:" Ingen har steget opp til himmelen, unntagen han som er steget ned fra himmelen, Menneskesønnen, han som er i himmelen." Dette sier han på grunn av den enhet som finnes mellom oss og ham, for han er vårt hode og vi er hans legeme. Dette er ikke mulig for noen annen enn ham, fordi vi er ham i kraft av det som gjør at han er Menneskesønnen på grunn av oss, og fordi vi er Guds sønner på grunn av ham. Apostelen sier det slik: "Likesom legemet er ett, selv om det har mange lemmer, og alle legemets lemmer, selv om de er mange, er ett legeme , slik er det også med Kristus." Han sier ikke at  Kristus er slik i seg selv, nei, han sier at Kristus forholder seg slik til sitt legeme.

Han steg ned fra himmelen av miskunnhet, og ingen er steget opp unntagen han, etter at han gjorde det slik at også vi er i ham, av nåde. Slik har det seg at ingen uten Kristus er steget ned, og heller ikke er noen annen steget opp enn Kristus. Ikke slik å forstå at den verdighet som tilkommer hodet, blir spredt rundt i legemet,men slik at det legeme umulig kan adskilles fra hodet."

Fin messe i St. Ansgar i dag, og pater David peika og på to andre viktige hendingar denne dagen, hendingar som heng nøye saman. 13. mai 1981 kjørte pave Johannes Paul over Petersplassen i sin jeep, 30.000 menneske helsa han entusiastisk då det brått vart avfyrt 4 skot. Det var den 23 årige tyrkaren Mehmet Ali Agca som prøvde å ta livet av paven. Pave Johannes Paul vart alvorleg såra men overlevde, og var tilbake i sin lelighet i Vatikanet i byrjinga av juni. At det gjekk så bra oppfatta han ikkje som tilfeldig, dagen det skjedde 13. mai er minnedagen for Vår Frue av Fatima. Den vesle portugisiske byen Fatima eit stykke nord for Lisboa var i mai 1917 åstad for ein av dei meste kjente openeberringane til Jomfru Maria i forige hundreår. Denne dagen var dei tre små barna, Jacinta, Lucia og Francisco , ute og passa på familien saueflokk då brått ei kvinne viste seg for dei i eit strålande lys.  Lucia fortel: "Hun var kledd helt i hvitt, mer skinnende enn solen ogdet strålte et lys ut av henne, mer skinnende enn et krystallglass fylt av det klareste vann og gjennomlyst av de sterkeste solstråler. Hun sa: "Vær ikke redde. Jeg gjør dere ikke noe vondt."  " Hvor er Fruen fra ?" spurte jeg. " Jeg er fra Himmelen."  "Og hav er det Fruen vil meg?"  " Jeg er kommet for å be dere komme hit seks måneder etter hverandre, på den 13. til samme tid. Deretter kommer jeg til å fortelle hvem jeg er og hva jeg ønsker."

Pave Johannes Paul som alltid hadde vore nært knytta til Jomfru Maria, hans valgspråk var "Totus Tuus - Heilt din",var overtydd om at han hadde overlevd attentatet på grunn av Marias forbøn. Året etter drog han på pilegrimsferd til Fatima for å visa takksemd!

,

,

                           Katedralen med plassen framom. Fatima 2014.

søndag 2. mai 2021

Den heilage Josef handverkaren

 1.mai er minnedag for Den heilage  Josef handverkaren. Dette er ein relativt ny minnedag, proklamert av pave Pius XII i 1955. Intensjonen var nok å få ein religiøs motvekt til  kommunismens feiring denne dagen. Tidlegare hadde Josef vorte markert i fastetida. Ein kultus omkring Marias ektemann og Jesu fosterfar vaks fram på 400 talet og han vart utover Mellomalderen ein populær helgen. Han er mellom anna  skytshelgen for ei rekkje handverk, for familiar og ektefeller og for døyandre. I 1870 vart han av pave Pius IX utnemd  til Vernehelgen for Den universelle kyrkja.

I karmelittordenene har han alltid hatt ein sentral plass, Den heilage Teresa av Avila  gav det første klosteret i den reformerte ordensgreina navn etter han og ho oppfordra sterkt til ein kultus rundt den heilage Josef.

I den heilage familien, Jesus, Maria og Josef er han vel den mest anonyme og ukjente. Det er lite konkret i evangelia om han, men mange apokryfe forteljingar og legendar. Det er hovudsakleg Matteus som skriv om Josef. Han skal ha vore ein mann av Davids ætt. Matteus byrjar med Jesus ættetavle som går frå Abraham til Josef. Så følgjer den sentrale teksten  der Josef blir klar over at Maria er med barn. Han er "ein rettvis mann og ville ikkje føra skam over henne; han sette seg føre å skilja seg frå henne i det stille."  Så følgjer dei snetrale versa der ein engel syner seg for han i draume og erklærar at "barnet som er avla i henne , er av Den heilage Ande." Josef viser seg så som ein modig og lydig mann som gjer det Herresn engel sa til han!


Bøn til den heilage Josef  frå Karmels tradisjon:


"Hellige Josef, vår Far!

Du har aldri sviktet dem

som ber om din hjelp og forbønn.

Som vår hellige mor Teresa

tar vi vår tilflukt til deg.

Du var Frelserens faderlige beskytter her på jorden,

og Han lytter til dine bønner i himmelen.

Gjenom Ham har du makt til å hjelpe oss

og det som synes umulig kan du gjøre mulig.

Vi ber om din faderlige omsorg,

at du skal sørge for oss

og gi oss alt vi trenger. Amen.

Jesus, Maria og Josef!

Vi overgir alt i deres hender."