onsdag 21. oktober 2026

Den brennende busk

Den brennende busk er andre del av Sigrid Undsets store verk om forretningsmannen Paul Selmers veg til katolisismen og hans turbulente privatliv. Det er gått fleire år frå hans første møte med Den katolske kyrkja, Lucy hans store kjærleik har forlata han, og han har gifta seg med den unge og overfladiske Bjørg. Men han er ei søkjande sjel og reflekterar : «Alle andre forsøk på en livsforklaring enn den kristne løper  ut i selvmotsigelse og skodde eller bent frem i vrøvl. Iallfall synes jeg det. Det er bare ett som jeg ikke er sikker på - kan det ikke like godt være sannheten at livet er meningsløst?» Han oppsøkjer pastor Harald Tangen som han kjenner frå før med eit klart spørsmål om pastor Tangen kan gje den undervisning som krevst for å bli teke opp i Kyrkja? Han går til undervisning og ein regnfull vårdag er han klar for å bli ein del av Kyrkjas fulle fellesskap, men dette er Pauls prosjekt åleine, ingen av hans næraste familie er tilstades. Presten spør om kva bibeltekst som skal vera slått opp når Paul legg handa på den og les truvedkjenninga. « Da vil jeg gjerne at det skulle være Matteus sekstende kapittel: « Men I, hvem sier I meg å være?» ( Og de, spurde han, kven seier de at eg er? Då svara Simon Peter: Du er den salva, den levande Guds Son. Jesus tok til orde og sa: Sæl er du , Simon, son til Jona. For dette har ikkje kjøt og blod openberra for deg, men Far min i himmelen. Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne.)Dette blir hans personlege  truvedkjenning. Paul har grua seg til denne dagen, når han går inn i kyrkja kjenner han på « et støt av uvilje», samstundes er han trøtt av alle omvegar som han sjølv har søkt opp. Etter sermonien blir han teke hjerteleg imot og får gåver. Den vesle jentungen som kjem med eit Jesu- hjerte bilete i blikkramme rører han spesielt.

Paul opplever oppturar og nedturar som katolikk, og det er dagleg livet med sine næraste som er den største utfordringa. Ein stor opptur er det at begge barna Helge og Synne fin sin plass i Kyrkja. Sigrid Undset skildrar vakkert reisa til England, der Paul føl Synne og ei veninne som skal byrja på ein engelsk katolsk skule. Mot slutten av romanen møter han igjen Lucy, hans ungdoms store kjærleik. Paul innser at han aldri har elska nokon annan, og han er like forelska som tjue år tidlegare. Paul er katolikk og skilsmisse er ikkje aktuelt, men han blir likevel involvert i Lucys liv med tragiske følger. Her dukkar så bilete frå boktittelen opp, « Den brennende busk». Etter ei natt i mørkre og fortviling går Paul inn i kyrkja og blir liggande samansunken framom kommunionsskranken. Så opplever han at Guds nåde skyller inn over han: 

« Fra bunnløse hemmeligheters rike og fra  den virkelige nærværelse noen skritt borte kjente han viljen som slo sammen om hans vilje. Det skyllet som en flod, og han kjente seg oppslukt- av det som ild i denne verden er et bilde av; hans sjel var blindet av noe som lyset står som tegn for på jorden. Det var som en brennende busk drog ham til seg, slo sammen omkring ham, fortærte ham, og likevel ble han ved å være til - så slapp det ham igjen, så var det ikke mere, men tilbake var en lammende lykkefølelse.» Paul blir liggande urørleg, og kjennet at det er blitt heilt stille inn i han der det « hadde dannet seg dyp på bunnen av hans vesen, og der ville denne stillheten alltid herske, selv når sinnsopprør var det eneste han bevisst kunne føle-.»

Vi kjenner bilete « Den brennende busk» frå Moses møte med Herren. Sigrid Undset bruker det og på slutten av Olav Audunssønn der den døyande Olavopplever  at sola han stirrer inn i vert ein eld som lutrar han og brenn ned det som enno er igjen av eigenvilje og omvegar. Eigen viljen blir bøygd under Guds vilje og går opp inn i den. Den trufast tenaren kan lukkeleg gå inn til sin Herre og Meister!

Aleret St.Olav katolske domkyrkje slik den kanskje såg ut på Paul Selmers tid.
Foto:Den katolske kirke





lørdag 17. oktober 2026

Bønn for pave Leo

 Kort tid etter vitjinga i Frankrike fekk pave Leo ved ein rutinekontroll påvist ein forandring i høgre lunge som kunne vera ein kreftsvulst. Han vart operert på Gemelli sjukehuset og fekk fjerna ein lungelapp på høgre side. Histologi samme dag viste at svulsten var eit adenocarcinom. Det er ein ikkje- småcella form for lungekreft som også rammar dei som aldri har røykt.Så langt er det ikkje haldepunkt for spreiing, og då er leveutsiktene svært gode. Iflg. helsebulletin på Vatikanet er paven som frå før var ein sprek og tennisspelande  71 åring, i rask gradvis bedring. Alt kort tid etter inngrepet feira han messe for personalet på sjukehuset som bilete under viser.

Den katolske kyrkja er verdas største religiøse samfunn, og antall katolikkar aukar gradvis i alle verdsdelar, og ikkje minst i vårt land. I verda er det no totalt 1.422.000 katolikkar, ein auke på 16.000.000 frå i fjor. I Norge er det no registrert 168.000 katolikkar, det er omlag 3% av befolkninga. For 20 år sidan var det berre registrert 46.000 katolikkar. Dei fleste av desse er sjølvsagt innvandrarar, men det er også ein aukande interesse for Kyrkja, særleg blant yngre menn. I sist påske var det i mange land også Ein kraftig auke i vaksne som mottok dåpens sakrament.Det er eit stort ansvar å vera øverste leiar for alle desse, men så langt har paven med Guds hjelp takla det godt!


                                   Foto: Vatican News.

FORBØNN FOR PAVE LEO OM SNARLEG BEDRING OG AT HAN NO ER FRI FRÅ KREFT.             

fredag 9. oktober 2026

Rosenkransen

 Oktober er Rosenkransmånaden  og 7. oktober markerar vi minnedagen for Vår Frue av Rosenkransen. Ordet  rosarium på latin tyder rosehage, og var eit kjærleikssymbol. Mellomalderens riddarar æra ikkje bare sin utkåra med ein krans av roser, men også Jomfru Maria. Iflg. Legenden skal Maria ha sagt at ho heller ville bli æra på andeleg vis med 50 Ave Maria. Utforminga av Rosenkransbøna som vi kjenner henne i dag vart gradvis forma  gjennom Mellomalderen, først i klostervesenet, både karteusarar, dominikanarar og fransiskanarar bidrog til dette. Etter kvart vart bøna også populær mellom vanlege truande.Ved sida av resitasjonen av Fader Vår og Ave Maria vart det lagt til meditasjonar over dei sentrale hendigane i Evageliet, dei vart delt inn i tre mysterier resitert på ulike vekedagar, gledas mysterier som omfatta bodskapen til Maria, Jesu fødsel og oppvekst, så smertas mysterier som omfatta Jesu liding og død, til sist herlegdomens mysterier i Jesu oppstode og Den Heilage Andes kome, dessutan Marias opptaking i Himmelen og kronig til dronning. Pave Johannes Paul hadde eit nært forhald til Rosenkransbøna, men han såg at det var noko som mangla, og i 2002 la han så til Lysets mysterier som opphandlar den vaksne Jesus forkynning og handlingar. Det startar med Jesu dåp i Jordan, så bryllaupet i Kana, Jesus forkynner Guds rike, forklaringa på berget og til slutt innstiftinga av eukaristien. Pave Johannes Paul  uttalte at vi dermed hadde eit resyme av alle trussanningane.

I går hadde eg gleda av å formidla dette på truskurs der deltakarane er unge menn og kvinner som nærmar seg ei katolsk tru. Etter ei innføring i bakgrunnen og utforminga av bøna kunne vi be Lysets mysterium i fellesskap, første gang for dei fleste! Rosenkransbøna har gjerne blitt settpå som ei primitiv bøneform der ein mekanisk ramsar opp bøner til Maria. Sanninga er at Rosenkransbøna er ei Kristus sentrert bøn der vi ber saman med Maria. Ber vi Rosenkransen kvar dag vil vi etter ei veke ha meditert over alle dei sentrale trussanninga. Både i Lourdes og Fatima oppfordra Maria dei unge visjonære til å be Rosenkransen kvar dag. Oppfordringa gjeld alle truande, eg vonar og ber om at dei unge søkjande fekk dette med seg!



mandag 5. oktober 2026

Gymnadenia

 Gymnadenia  er første del  av Sigrid Undsets verk om Paul Selmer som kom første gang i 1929. Vi føl den unge hovudpersonen frå studietida i Oslo, hans familie og noko turbulente privatliv, men hovudtemaet er for Sigrid Undset hans veg fram til katolsk tru. Paul Selmers foreldre er skilt og han veks opp hos mora  saman med tre søsken. Alle former for religion er fråverande i heimen, og han kjenner heller ikkje dragning mot eit religiøst livssyn.Litt tilfeldig leiger han hybel hos ein familie som viser seg å vera praktiserande katolikkar. Her dukkar også opp ei veninne frå gymnastida som nyleg har konvertert til Den katolske kyrkja. Paul oppdager så  at ein mann han kjenner frå oppveksten er blitt katolsk prest, han vel å oppsøkja denne presten ikkje primært med tanke på å bli katolikk, men meir å be om generelle råd korleis  han skal innretta privatlivet sitt.Etter samtalen går Paul inni den mørke og tomme St. Olav kyrkje, han kneler og prøver å be men veit ikkje heilt korleis han skal det. Han ser opp og festar blikket « på den lille flakkende rødeluen fremme i mørket.» Men så med eit er det noko som går opp for han: « så det kjentes som han  ble rystet all igjennom- hvis det var sant, det som den lille røde lampen hang der for å bekjenne- ja da, ja da!» Og vidare reflekterer han: « - hvis det var sannheten, at her var Han virkelig til stede på en hemmelighetsfull måte, bundet i noe materielt,  et sakrament - og etsteds i undergrunnen av sitt vesen visste Paul plutselig hva et sakrament var, enda han ikke forstod noe. Hvis det var sant at Han var her, til stede på denne måten og også på tusener og tusener av andre altere - da måtte Han også være til stede på en annen måte overalt og alltid, et øye som fattet om klodenes begynnelse i verdensrommet og atomenes indre og menneskenes hemmelige tanker i ett eneste blikk uten før og nu og stort og smått- allting var bare Hans tanke og allting samtidig og allting like klart og kjært-.»

Så langt kjem Paul Selmer i første omgang. Privatliv og jobb som forretningsmann krev han fullt og vel som det. Lucy, forloveden som han planlegg å gifta seg med gjer det slutt, og han står uforståande og forvirra att. Eit par år etter gifter han seg med den purunge Bjørg. På bryllupsreisa til Paris møter han tilfeldig gymnasveninna Randi som føler kall til klosterlivet. Paul stiller seg først uforståande til dette, men forstår etter kvart litt meir av Randis kall. Han går inn i ei kyrkje for og be, han ber om Marias for bønn og han tenner lys. « Og tillat ikke at jeg finner ro og fred før jeg har forsonet meg med den fred som Du kaller din, som Du har sagt at verden hverken kan gi eller ta-.»

(Forts)