onsdag 17. februar 2021

Askeonsdag

Memento homo, quia pulvis es

et in pulverum reverteris;

age poenitentiam ut habeas vitam aeternam.

(Husk menneske, at du er støv, og skal vende tilbake til støv,

gjer bot så du kan ha evig liv.)

Slik uttrykte biskopen seg i den tidlege kyrkja når den botferdige var kledd i botsklede og vart overstrødd med aske. Den botferdige måtte angra sine synder , omvenda seg og gjera bot. Skikken med offentleg  kyrkjebot forsvann etterkvart. Skikken med bot symbolisert med sekk og aske kjenner vi alt frå Det gamle testamentet.

Skikken med å motta aske som innleiing til fastetidas førti er blitt praktisert frå Mellomalderen., aske vart strødd på hovudet eller  markert med eit askekors i panna. Dagens liturgi for askeonsdag er frå 1969, men føl i prinsippet  det ein har parktisert i mange hundre år. Utdelinga foregår mellom Ordets liturgi og Eukaristien, følgd av Jesu ord i Markusevangeliet : "Vend om og tru på Evangeliet."

Årets Askeonsdag vil vera prega av coronarestriksjonane, bare eit fåtall kan møte opp til markering av dagen. Kanskje blir også denne sakramentale faste ei slags botsøving. Biskop Bernt seier det slik i sitt bodskap ved innleiing til fastetida: 

"Den sakramentale faste dere har måttet holde ut, er i seg selv så streng at jeg ikke vil pålegge dere eller oppfordre til botsøvelser i tillegg til de almindelige fastebestemmelsene."

" Kan jeg antyde et åndelig program for disse  førti dagene ? Jeg vil oppfodre dere til å be et ekstra Fadervår og Hill deg Maria hver dag. Da inneslutter vi i vår bønn alle de som er døde under pandemien, alle som sørger og er bekymret, de som lider under åndelig og menneskelig ensomhet og de som er avskåret fra sakramentene. Den medisinske vitenskap utretter store ting, men bønnen er det intet som kan erstatte."

For oss i St. Ansgar er det i denne samanheng nærliggande å be for vår tidlegare sokneprest Heinz-Josef Catrein som nyleg døydde av covidinfeksjon.



Sluttbønn til dagens Vesper frå tidebøner i Fastetida:

" Herre, med hellig faste begynner vi den åndelige kamp som forbereder oss til påskehøytiden. La oss finne styrke og hjelp i forsakelsen når vi kjemper mot mørkets makter."




mandag 15. februar 2021

Kvinner i vitskap

 Innlegg i vekeavisa Dag og Tid 12.februar:


Tre favorittar: kvinner i vitskap

                                                                                                                                             Florence Nightingale (1820- 1910))

 Florence Nightingale – «The Lady with the Lamp» - er mest kjent som grunnleggjaren av moderne sjukepleie og sjukepleiarutdanning. Mindre kjent er nok hennar innsats som forskar og ikkje minst statistikar. Under Krimkrigen organiserte ho pleie av dei såra soldatane, men dette gjekk hand i hand med observasjon, analyse og dokumentasjon av helsemessige og hygieniske data. Ho var ein pioner i grafisk framstilling av statistikk  og utvikla fleire metodar(coxcomb). I 1859 vart ho som første kvinne medlem av Royal Statistical Society.

 

1.      Barbara Mc Clintock ( 1902-1992)

Barbara Mc Clintock kom som mange framståande forskarar frå USA, og var gjennom eit langt forskarliv knytt til ulike universitet og forskingsinstitusjonar. Ho var biolog og genetiker og hennar forskingsfelt var maisplantens arvestoff. Ho gjorde grunnleggjande oppdagingar av basale genetiske prinsipp, og sjølv om forskinga hennar lenge vart møtt med skepsis, fekk ho ein velfortent Nobelpris i fysiologi og  medisin i 1983. Ho er den einaste kvinne som har motteke  denne prisen udelt.

 

2.      Liv Hatle ( 1936 -)

Det er få norske kvinner som har sett spor etter seg i dei internasjonale forskingsmiljøa. No pensjonert professor og spesialist i hjartesjukdomar Liv Hatle er ein av dei få. Ho var interessert i ny metodikk og gjennom tett samarbeid med teknologimiljøet i Trondheim utvikla ho frå 1970 talet doppler og ultralydteknikk i kartlegginga av hjartesjukdomar. Miljøet i Trondheim vart under hennar leiing eit av dei fremste i verda på ultralydmetodikk, og legar frå heile verda kom for å bli oppdatert. Siste del av sitt yrkesliv arbeidde ho internasjonalt og var på mange måtar kardiologiens «Grand old Lady».

 

 



lørdag 6. februar 2021

Kirkens tro

"Kirkens tro " av tidlegare biskop John Willem Gran kom ut på St. Olav forlag i 2011. Det er ein gjennomgang av korleis Kyrkjas tru vart  utforma gjennom dei sju første økumeniske konsila. Eg las nok boka for mange år sidan , men vart brått merksam på henne i bokhylla på nytt og byrja med interesse å lesa. John Villem Gran var cisternciensermunken som vart utnemd til biskop i Oslo katolske bispedømme i 1964, ei oppgåve han tok på seg like til 1983. Før dette hadde han også delteke på Det andre Vatikankonsilet, og nok fått med seg ei grunnleggjande interesse for kyrkjemøtas historie. Etter at han vart pensjonist  hadde han høve til å fordjupa seg i kyrkjehistoria og det resulterte i boka "Kirkens tro"  som er ei spennande popularisering av dette tildels kompliserte og tunge stoffet.

Kyrkjehistorie , og særleg den aller eldste historia, følest nok for mange lite relevant for oss i dag. Det er grunnleggjande feil for det vi trur og vedkjnner i kvar søndagsmesse vart utforma alt på 300 talet i konsila i Nikea og Konstantinopel på 300 talet. Det var ein komplisert prosess der avgrensinga mot arianismen stod sentralt. Arius (256 - 336), som hevda at Logos var skapt og ikkje hadde eksistert frå æva, hadde mange tilhengarar. Utforminga av trusvedkjenninga  der det står " født, ikke skapt av samme vesen som Faderen" var sentral for å forstå læra om Treeinigheiten. Det greske omgrepet  "homoouousios" - dvs. vesen eller substans er henta frå filosofien, og mange av fedrene var skeptisk til å nytta omgrep som ikkje hadde sitt grunnlag i dei kristne skriftene. Det var kanskje likevel naudsynt for å oppnå den nødvendige språklege presisjon. Arius vart til slutt dømt som vranglærar, men  læra hans forsvann ikkje med det og har dukka opp i kyrkjehistoria fleire gonger seinare, sist kanskje i Jehovas Vitne si treeinigheitslære.

Konsilet i Nikea i 325 var sentralt for utforminga av Treeinigheitslæra, konsilet i Kalkedon var sentralt i utforminga av kristologien.  Diskusjonen gjekk på Kristi person (prosopon) og hans menneskelege og guddommelege natur ( physein). Avgrensinga var her mot nestorianarane på den eine sida og monofysittane på den andre sida. Kyrkja valde eit mellomstandpunkt der : " Den ene og sanne Kristus er samtidig, uten begrensning, Gud, og uten begrensning mennneske, ikke halvt det ene og halvt det andre, men helt og fullt begge deler."

Når vi les skildringane frå dei ulike kykjemøta er det slåande kor sterkt dei var prega av ulike synspunkt med strid og usemje som følgje, dessutan personlege motsetningar mellom teologar og geistlege med store ego, og ikkje minst politikk i det keisaren i Konstantinopel ofte var sentral i såvel initativ og innkalling til kyrkjemøta som den praktiske gjennomføringa.  Dette hadde neppe gått bra dersom ikkje  Jesu ord i  Johannes evangeliet  14.26  hadde vorte ein realitet:

" Men Talsmannen, Den heilage Ande, som Far skal senda i mitt navn, han skal læra dykk alt og minna dykk på alt det eg har sagt dykk."