mandag 27. mars 2023

Marimesse om våren.

 For to dagar sidan feira vi ein viktig dag i det liturgiske året, nemleg Maria bodskapsdag som dagen er best kjent som. På primstaven var dagen avmerka som Vårfruemesse om våren, på dialekten min ( Kvinnherad) Vofremyss, eit teikn på at dei gamle katolske festdagane levde i folkedjupet heilt opp til forige hundreår! På primstaven er dagen markert med ei krune, eit teikn på at Maria er Himmeldronninga slik vi og minnest i Rosenkrans- bøna. Det offisielle navnet er Annuntio Domini - Herrens bebuding, dette er like mykje ein Kristus-fest som jula er det. Teologisk sett er dagen like viktig som jula, kanskje vel så viktig, for denne dagen er vi ved kjernen i Evangeliet - inkarnasjonen, Gud vert menneske i kjøt og blod! Det er frelsa som Jesaja hadde profetert og no kjem engelen Gabriel til Maria med denne bodskapen som går ut over alt vi kan fatta. Marias svar er det viktigaste svaret i historia som kardinal Timothy Dolan uttrykkjer det!

Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. La det gå meg som du har sagt

Så forlet engelen henne og Maria kan istemma Magnificat - lovsongen som lever gjennom hundreåra som bøn med og utan tonefølgje !



lørdag 18. mars 2023

St.Patrick og Irland

 I går 17. mars var  St. Patricks dag til minne om Irlands apostel og  skytshelgen som levde på 400 talet.  Han har vore så viktig for Iralnd at det og er landets nasjonaldag. Han skal ha blitt fødd i England, han skal ha blitt bortført av sjørøvarar og seld som slave i Irland . Han skal som vaksen ha kome seg til Gallia og blitt utdanna til prest og prestevigd.  Rundt 430 vendt han tilbake til Irland som misjonær. Han oppretat fleire bispesete, bispesete i Armagh er framleis  Iralnds kyrkjelege hovudstad. To legendar knytta til St. Patrick er særleg kjent, han skal ha forvist alle slangar frå Irland, og han skal ha brukt  trekløveret  for å forklara Treeininga. Trekløveret ( Shamrock) er eit irsk nasjonalsymbol. St. Patricks blir naturlegvis markert i Irland men kanskje vel så sterkt i det katolske USA. Katedralen i New york har navn etter St. Patrick. I år vart det gjort eit poeng av at dagen fall på ein fredag i fastetida og sånn sett er gode katolikkar forplikta til å avstå frå kjøt. Mange biskopar gjorde unntak frå denne regelen !

Irland  er ved sida av Polen rekna som Europas mest katoslke land. I 1975 gjekk over 90 % av irske katolikkat til messe kvar veke. I dag er det berre Nigeria som kan visa til tilsvarande tal for aktive katolikkar. Kyrkjesøknaden til irske katolikkar har seinare  gått drastisk ned  og berre 30% går no til messe regelmessig ( dette er likevel langt over norsk protestantisk kyrkjesøknad). Talet på prestekall har og gått drastisk ned. Det er fleire grunnar til dette, naturlegvis den generell sekulariseringa i alle vestlege land, men for Iralnd har nok ein sterk klerikalisme fått mange til å venda Kyrkja ryggen. Dei mange overgrepsskandalane i landet har utan tvil  og  gjort til at mange har vorte negative til Kyrkja! 

Kanskje  er dette ein rensingsprosess Kyrkja må gå igjennom, der det og er  mange lyspunkt. Biskop Alphonus Cullina i Waterford seier det slik : " I see tremendous hope actually. I see little pockets of light all over the country. I see the Church as existing in small but wonderful vibrant, loving pockets all around the  place, like little candles, right around  the country. And someday they`re going to light a big fire."

 Sjølv om talet på prestekandidatar har gått ned, er det også her lyspunkt. Dominikanarordenen har til dømes ei rekkje nye kall. Det har gått opp og ned i Kyrkjas historie, men  vi har Kristi ord for at det gode vil sigra til slutt !





fredag 3. mars 2023

Forfølging av kristne

 I ei rekkje land i verda opplevest aukande forfølging av religiøse grupper, ikkje minst kristne. Eit aktuelt døme er Nigeria, Afrikas mest folkerike land, der det nyleg var presidentval . Nigeria er  samansett  av ei rekkje etniske og religiøse grupper. Landet har 225 millionar innbyggjarar, omlag halvparten kristne, hovudsakleg i sør,  den andre halvdelen muslimar mest busett i den nordlege delen av landet. Ekstreme muslimske grupper som Boko haram har dreve utstrakt terror mot kristne i form av drap og kidnappingar. Nyleg omkom ein katolsk prest då terroristar sette fyr på prestegarden hans. Styresmaktene har i liten grad klart å demma opp for terror. Kva gjer dette med folk i dette store og kaotiske landet? Det gjer dei iallfall ikkje mindre truande. I ei undersøkjing nyleg vart det kartlagt kor stor del av katolske kristne som deltek i messa kvar veke. Eit land skilte seg ut nemleg Nigeria, der over 90 prosent av katolske kristne oppgjev at dei gåt regelmessig til messe. Men slik har det vel vore i heile Kyrkjas historie, motgang og martyrium fører til auka engasjement for evangeliet! 

Eit anna land med aukande forfølging og brot på menneskerettar er Nicaragua som eg tidlegare har skreve om. President Daniel Ortega som mange i Vesten såg på som den store frigjeringshelten på 1980 talet, har utvikla seg i stadig meir autoritær retning. Dette går ikkje minst utover Den katolske Kyrkja som har markert seg sterkt i kampen for menneskerettar. Nyleg vart biskop Rolando Alvarez dømt til 26 års fengsel for « samansvergjing og spreiing av falske nyhende». Han blei dømt dagen etter at han nekta å dra i eksil saman med 222 andre « forrædarar av fedrelandet» som presidenten uttrykte det. Ortega  kjem med stadig fleire restriksjonar overfor dei truande, no sist vart det lagt ned forbod mot å be Korsvegen i gatene. Trappist- søstre kom til Nicaragua frå Argentina for 22 år sidan, no ser dei seg nødt til å forlata landet og dra til Panama. Offisielt dreg dei friviljug, men sannsynligvis blir dei pressa ut av styresmaktene.

Det er viktigare  nokon gong er det å be for desse forfølgde trussøsken, gje dei all mogleg støtte, til dømes gjennom det arbeidet som Stefanus alliansen driv.



                                 Gravferd til terror offer i Nigeria mellom dei to prestar