søndag 31. januar 2021

Jerome Lejeune og menneskeverdet

 Eg hadde ikkje høyrt om Jerome Lejeune før, eller iallfall ikkje merka meg noko ved han. Så fann eg  nyleg på Catholic News Agency at han pave Frans 21. januar i år hadde erklært han som "ærverdig" som eit ledd i saligkåringsprosessen.

Jerome Lejeune vart fødd i ein forstad til Paris i 1926. Etter medisinstudiet starta  han  på ein forskarkarriere ved Centre national de la recherche scientifique, året var 1952. Han viste seg snart som ein dyktig forskar, og i 1958  gjorde han den banebrytande oppdaginga at personar med Downs syndrom har eit ekstra kromosom på kromosompar 21. Det var første gong ein påviste samanheng mellom sjukdom og kromosomfeil. Lejeune heldt fram si forskning på kromosomfeil  mellom  i samband med kreftsjukdom. I 1964 vart han utnemnd til den første professoren i medisinsk genetikk i Paris. 

Han fekk ei rad prisar og utmerkingar for sitt arbeid, men ingen nobelpris. Sjølv meinte han at dette kanskje var avdi han heile livet var ein uredd forsvarar av menneskeverdet og fosterets rett til liv. Han heldt i 1969 ein tale  der han tok til orde mot abort, det var dårleg motteke av mange. Der rauk nobelprisen skal han ha  skreve til kona etter dette. 

Han fekk kontakt med Karol Wojtyla alt før han vart pave Johannes Paul II, dei hadde eit felles engasjement for vern om menneskelivet frå unnfanging til død. Han vart valgt inn i det pavelege vitskapsakademiet i 1974. I 1994 blei han av pave Johannes Paul valgt til leiar av det nyoppretta pavelege livsakademiet, men dessverre døydde han av kreft få månadar seinare. I 2007 vart ein formell saligkåringsprosess sett i gang.

Etter hans død er Jerome Lejeune stiftinga oppretta i 1996. Det er ein ideell organisasjon som arbeider både med forskning på årsaker og behandling av genetiske utviklingsdefektar, tilbyr medisinsk hjelp til  pasientar med Downs syndrom og andre slike sjukdomar, dessutan er eit talerøyr for menneskeverd og vern om livet frå vogge til grav.






tirsdag 26. januar 2021

Heinz-Josef Catrein in memoriam

 Det var nok mange som med sorg tok imot beskjeden om at pater Heinz-Josef Catrein var død av coronavirus-infeksjon 21. januar. Han hadde mange vener i Norge etter sine år som prest i ulike norske byar.

Heinz-Josef Catrein var fødd i byen  Morbach ikkje så langt frå Trier 26.mai 1950. Han gjekk inn i picpusordenen i 1970 , tok sin teologiske utdanning i Nederland og vart  prestevigd i 1977. Etter å ha verka i fleire tyske kyrkjesogn kom han til Trondheim og St. Olav i 1986. Han vart verande i Norge fram til han i 2009 då han vart utnemd til provinsial i den tyske provinsen av picpusordenen. I si tid i Norge var han sokneprest i Trondheil, Ålesund, Lvenager, Molde og den siste perioden fra 2001 til 2009 i St. Ansgar i Kristiansand.I Kristiansand vart det danna ein liten picpus-kommunitet leia av Heinz-Josef, i tillegg til han var det Olav Muller, Arne Kirsebom og Pawl Wiech. Pater Heinz-Josef var framom alt sokneprest,og  det var nok ikkje med lett hjarte han gjekk til ein stilling som hovudsakleg var administrativ. Alle som lærte han å kjenna opplevde pater Heinz-Josef som ein venleg og omsorgsfull prest og ikkje minst ein god sjelesørgar. Barne- og ungdomsarbeidet  var noko han følte eit spesielt engasjement for. Vi er mange som har gode minne om pater Heinz-Josef som gjekk bort så altfor tidleg, ramma av det brutale coronaviruset.


                                             RIP                           


                          Herre, gje han den evige kvila, og la det evige lys skinna for han.

søndag 24. januar 2021

Bodil Biørn og armenerane

 Armenerane er ei folkegruppe som har vorte utsett for forfølging og massedrap opp igjennom historia, ikkje minst i forige hundreår. Det toppa seg i 1915 då då storparten av armenarane som var busette i det osmanske riket vart fordrevet frå sine landsbyar, og ein reknar med at eit par millionar miste livet. Dette har blitt annerkjent som folkemord av ei rekkje europeiske land, men ikkje av den norske regjeringa. Det tyrkiske regime har blitt provosert av alle forsøk på å rekna dette som folkemord og såleis gje armenarane den oppreisning dei har krav på og fortener.

I hovudstaden i dagens armenske republikk  finn vi "The Armenian Genocide Museum", der det er minneplater over to nordmenn. Fritjof Nansen er den eine, mange kjenner nok til hans arbeid gjennom Folkeforbudet for  dei armenske flyktningane. Bilete under viser den andre minneplata som vart sett opp i 2008 over Bodil Biørn (1871-1960) , som gjennom eit langt liv arbeidde for armeneranes sak. At ho vert heidra slik er  både velfortent og forståeleg, armenerane gløymer ikkje sine vener.

Bodil Biørn kom frå ein rik rederfamilie i Kragerø og hadde tenkt seg ein kunstnarleg karriere som sangerinne, men som 25 åring fekk ho eit misjonærkall som endra hennar livsretning fundamentalt. Ho utdanna seg til sjukepleiar, og drog i 1905 til det det osmanske riket for å driva hjelpearbeid mellom armenarane som då heldt til i det som i dag er det austlege Tyrkia. Her bygde ho opp helsestasjonar og barneheimar heilt til ho måtte dra heim i 1917. Ho opplevde det brutale folkemordet på armenerane frå 1915, og det gjorde som rimeleg er eit sterkt inntrykk på henne. Det unike er at Bodil Biørn i tillegg til å driva hjelpearbeid også hadde høve til å dokumentera dette fotografisk. Ei omfattande biletsamling er i dag i Riksarkivet, og er ei svært viktig kjelde for dokumentasjon av overgrepa mot armenarene.

I 1921 reiset Bodil Biørn til den nyoppretta armenske republikken for å driva hjelpearbeid, ho vart kasta ut herifrå av bolsjevikane som ikkje tillet kristne organisasjonar å driva helsearbeid eller barneheimar. Ho let seg ikkje stoppa av det og dreg vidare til Aleppo i Syria der ho driv  barneheimar og gjev helsehjelp til armenarar heiltil ho for godt dreg heim til Norge i 1934. Ho gløymer ikkje armenarane etter dette, heilt til ho døyr som ei gammel dame held ho foredrag, skriv artiklar og står for innsamlingsaksjonar til støtte for det armenske folket.

Bodil Biørn er ei kvinne som gjorde ein innsats for sine medmenneske heilt utanom det vanlege. Ho fortener å bli betre kjent, og det er rett nok skreve både bøker og artiklar om henne dei siste åra. I heimbyen Kragerø er det også sett opp eit minnesmerke.




søndag 17. januar 2021

Om bøn og lengsle

 Kan også nyare skjønnlitteratur inngå i visdomstradisjonen? Eg les Jon Fosses septologi del III-V der kunstnaren Asle funderar over dei små og ikkje minst dei store spørsmål i tilværet som tildømes sambandet mellom bøn og lengsle. ".... og eg tenkjer at inne i alle menneske er det ei djup lengsle, for alltid alltid lengtar vi etter noko, og vi trur det er det eine eller det andre, det eller det, den tingen eller den tingen, men eigentleg lengtar vi etter Gud, for mennesket er heile tida ei bøn, gjennom si lengsle er mennesket ei bøn, tenkjer eg........"

Her står han i ein solid tradisjon, i si utlegning av salme 38 skriv kyrkjefaren Augustin: " For selve din lengsel er din bønn; varer lengselen ved , gjør bønnen det også. For det er jo ikke uten grunn apostelen sier: Be uten opphør(1 Tess 5,17). Når han sier: Be uten opphør, betyr det at vi uopphørlig skal ligge på kne, til stadighet ligge utstrakt eller stå med løftede hender ? Hvis det er det det betyr å be, tror jeg ikke vi er istand til å gjøre det uten opphør.
Men det finnes en annen, en indre bønn som er uten opphør, og det er lengselen. Uansett hva du gjør, holder du ikke opp med å be hvis du lengter etter sabbaten. Hvis du ikke vil holde opp med å be, hold da ikke opp med å lengte."
Er det denne lengsla som er det djupaste i oss, er det kjernen i vår identitet ? "Eg er ein annan" har Jon Fosse sett som tittel på dette bandet i verket om Asle, kven er denne andre ? Ulike personar dukkar opp i romanen, men kanskje er dei berre uttrykk for ulike sider ved hovudpersonen ? Fosse tek utgangspunkt i eit sitat frå Arthur Rimbaud (1854-91) "Je est un autre", det let seg ikkje omsetja til norsk for vi bøyer ikkje "å vera" (etre) ulikt i første og tredje person. På engelsk ville det bli " I is another". Vi som hadde fransk på gymnaset på 1970 talet ville fått ein raud strek under dette, men Rimbaud lukkast i å vri på både normer, gramatikk og identitet slik han gjorde med all sin poesi. Han skreiv som opprørsk tenåring, etter 20 års alder levde han som bohem og eventyrar. Hans poetiske symbolisme verka som ein døropnar for andre, ikkje minst for den attenårige Paul Claudel ( (1868-1955). Etter å ha lest Rimbauds diltsamling "Les Illuminations" vart han verrkeleg opplyst og følte at "Det overnaturliges verden åpnet seg for meg." Claudel skulle seinare bli fransk diplomat og ein av Frankrikes store diktarar.Seinare det same året han oppdaga Rimbaud hadde han ei religiøs oppleving som skulle snu opp ned på livet . Juledag 1886 står han i Notre-Dame de Paris og lyttar til koret som syng Magnificat - Marias lovsong (ikkje tilfeldig ?), då han brått opplever at Gud grip inn og han trur. " I løpet av et øyeblikk ble mitt hjerte grepet, og jeg trodde." Den trua skulle aldri seinare sleppa taket i Paul Claudel og den skulle og koma til å prega alt han skreiv.
Denne hendinga er blitt vurdert til å vera så viktig at ei plate med inskripsjonen " 25 Decembre 1886. Conversion de Paul Claudel. Magnificat." er lagt ned i golvet på den no brannskadde katedralen.
Eg vender tilbake til spørsmålet om kva som er vår identitet, kva som er kjernen i vår vesen ? Er det denne lengsla som Asle filosoferar over og mange med han, alt frå Rainer Marie Rilke til Hans Børli ! Det er ei linje i Paul Claudels lange dikt "Vers d` exil" som eg merka meg for mange år sidan og memorerte, og som for meg vart eit svar og ei trøyst i motgang.
" Quelqu`un qui soit en moi plus moi-meme que moi."
( Ein som i meg er meir meg enn meg sjølv).

Noko av det same som Claudel opplevde i møte med Rimbauds poesi opplevde eg i møte med den norske diktaren Olav Nygaard (1884 - 1924). Han opna opp mot den andre verda, braut dei stengslene som materialismen har lagt rundt oss. I norsk dikting er det knapt noko som har sett klårare inn i den hinsidige, kanskje med unntak av Olav Aukrust.

" Eg var på same staden
fyrr ein gong,
det var den vaaren
fyrehenge rivna
fyr mine røynslur,
og eg høyrde song
so Saatehonne
stod i smil og livna.
Eg totte vangen
baud meg mjuke armar
og skolv av liv
som heite brurebarmar."

(frå Minnevigsle)




lørdag 9. januar 2021

Poetica:Årsskifte

Tidleg ettermiddag

tida nøler før soleglad

dagen flyt stille inn i natta.

Dra gardina frå vindauga

og legg blikket inn i skumringa

la mørkret tala om det

som lyset ikkje rørte ved

og dagen vende seg bort frå.

Snart årsskifte

tel dagar, tel timar

vent så på desse mjuke skuggane

for var det ikkje eit år sidan

eller fem, kanskje ti

eller langt, langt tilbake .

Vårt vesle rom i tida

vi som lever både no

og ein gong for lenge sidan.