søndag 18. januar 2015

Je suis Asia Bibi

"Je suis Charlie" - ja, men vel så viktig "Je suis Asia Bibi".
Pakistanske Aasiya Noreen (f.1971) betre kjent som Asia Bibi vart verdskjent i november 2010 då ein pakistansk domstol dømde henne til døden ved hengning for blasfemi. Asia Bibi er katolikk og høyrer sånn sett til den marginaliserte kristne minoriteten i Pakistan. Ho og familien er fattige landbruksarbeidarar og analfabetar. Bakgrunnen for blasfemianklagen er ein konflikt med muslimske kvinner i landsbyen der ho budde. I juni 2009 plukka dei bær, og då Asia Bibi drakk av same vatnet som dei muslimske kvinnene vart det oppfatta som ein provokasjon då ikkje muslimar vart rekna som ureine. Etter gjentekne provokasjonar skal Asia Bibi ha sagt:" Eg trur på min religion og på Jesus Kristus som døydde på krossen for menneskas synder. Kva har profeten Muhammed gjort for å redda menneskeheten ?" Dette førte til at ho vart anklaga for å ha fornærma profeten, og ho vart dømd etter Pakistans omstridde blasfemilov. Svært mange pakistanarar støtta domen, utanfor rettelokalet ropte dei:"Drep henne, drep henne ! Gud er stor !" To sentrale pakistanske politikarar som forsvarte henne vart sjølv drepne. Trass i omfattande internasjonal protestar står domen framleis ved lag, og Asia Bibi sit fengsla i Lahore.
Redaksjonen i Charlie Hebdo vart drepne av to hensynslause ekstremistar, det er ille nok men det er på mange måtar langt verre når drap for blasfemi er ein del av eit lands konstitusjon og lovgjeving.
Difor "JE SUIS ASIA BIBI ! "
Og i same andedraget "Je suis Raif Badawi "-  saudi-arabaren som er dømd til 1000 piskeslag og 10 års fengsel for å ha oppretta ei nettside for liberal debatt i eit land der ytringsfridomen har svært trange kår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar