tirsdag 31. desember 2019

Nyttår 2020: Glede


Glede

Desemberklår ettermiddag
med blank is
og nye skeiser til jul
gled deg du vesle jente
med strålande auge
og dei første famlande taka
gled dykk de som står rundt
for lyset er nær
og morgondisen skal løftast
av englehender
slik at de kan stiga inn 
i morgondagen
og gå gjennom det stille umåla året
på solgylte stiar.




torsdag 26. desember 2019

Inkarnasjonen

Den kristne julefeiringa er ei markering av at Gud gjekk inn i den skapte materien. Sånn sett bryt dette fundamentalt med tidlegare arketypiske forestillingar. Hos Matteus og Lukas finn vi ikkje noko kosmisk vendepunkt, ikkje noko abstrakt berøringspunkt. Det er Marias lydnad eine og åleine som opnar døra for Guds ord, og hans Ande som dermed  skaper barnet i henne.

Pave Benedikt spør i "Jesus fra Nasaret. Barndomshistoriene." om det er sant det vi seier i Credo når  vi vedkjenner trua på Jesus Kristus, Guds einborne Son som vart unnfanga av Den heilage Ande og fødd av Jomfru Maria ? Svaret er eit ubetinga Ja ! Han refererar vidare til teologen Karl Barth som gjer merksam på at det i historien om Jesus er to punkt der Gud grip direkte inn i den materielle verda: jomfrufødselen og oppstoda frå grava.

" Disse to punkt er en skandale for den moderne mentalitet. Gud kan virke i ideer og tanker, i det åndelige, men ikke i materien. Det forstyrrer. Der hører han ikke hjemme. Men det er nettopp poenget: at Gud er Gud og ikke bare beveger seg i ideenes verden. Slik dreier det seg i begge punktene om Guds egen guddommelighet. Det dreier seg om dette spørsmålet: Tilhører også materien ham?"

Og vidare:
" Hvis Gud ikke også har makt over materien, da er han nettopp ikke Gud. Men han har denne makten og  med Jesus Kristi unnfangelse og oppstandelse har han innledet en ny skapning. Så er han altså som Skaper også vår Forløser. Derfor er Jesu unnfangelse og fødsel av Jomfru Maria et grunnleggende element i vår tro og et lysende håpets tegn."

Det betyr i neste omgang at å tru også må bli noko kroppsleg ikkje bare  svevande kjensler eller abstrakte ideear. Kjensler og idear forsvinn like lett som dei kjem, men har trua først sett seg i kroppen sleppp ho ikkje taket. Presten og kunstnaren  Bjørn Bjørneboe sa i eit intervju at  trua gjekk det opp og ned med, men kristendomen  hadde satt seg fast inne i beinmargen og slapp ikkje taket.




søndag 22. desember 2019

4.søndag i Advent

Det nærmar seg julefeiringa. I messa og tidebønene les vi frå Jesaja:


 13 Då sa han: «Så høyr då, Davids hus! Er det ikkje nok at de trøyttar menneske, må de òg trøytta min Gud? 14 Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, den unge jenta skal bli med barn og føda ein son, og ho skal gje han namnet Immanuel. 15 Rømme og honning skal han eta til han forstår å forkasta det vonde og velja det gode. 16 For før guten forstår å forkasta det vonde og velja det gode, skal det bli audt i landet til dei to kongane du fryktar. 17 Og over deg og folket ditt og huset til far din skal Herren la det koma dagar som det ikkje har vore sidan Efraim skilde seg frå Juda – kongen av Assur.»

Advent som tid for bøn og førebuing. "Be uavlateleg" skriv Paulus i 1.Tess 5.17. Augustin kommenterar dette:

"For selve din lengsel er din bønn;varer lengselen ved, gjør bønnen det også. For det er jo ikke uten grunn apostelen sier:Be uten opphør. Når han sier be uten opphør, betyr det at vi uopphørlig skal ligge på kne, til stadighet ligge utstrakt, eller stå med løftede hender? Hvis det er det det betyr å be, tror jeg ikke vi er istand til å gjøre det uten opphør. Men det finnes en annen, en indre bønn som er uten opphør, og det er lengselen. Uansett hva annet du gjør, holder du ikke opp med å be hvis du lengter etter sabbaten. Hvis du ikke vil holde opp med å be, hold da ikke opp med å lengte."







søndag 15. desember 2019

Gaudete søndag

3. søndag i Advent er Gaudete (glede) søndag, navnet kjem av den latinske innleiinga til messa(introitus): Gaudete in Domino semper.(Gled dykk alltid i Herren). Den liturgiske fargen er rosa, ikkje fiolett som resten av adventstida og undertreka dermed gleda over Herrens snarlege kome.
I dagens messe sang vi Grundtvig salmen: "Blomstre som en rosengård " som passer ekstra godt på denne gledas søndag.

Blomstre som en rosengård
Tekst: N. F. S. Grundtvig, 1837
Melodi: J. P. E. Hartmann, 1861
Blomstre som en rosengård
skal de øde vange,
blomstre i et gyldenår
under fuglesange,
mødes skal i stråledans
Libanons og Karmels glans,
Sarons yndigheder.

Ryste mer ej noget knæ,
ingens hænder synke,
skyde hvert udgået træ,
glatte sig hver rynke,
rejse sig det faldne mod,
rinde let uroligt blod,
frygt og sorg forsvinde!

Herren kommer, Gud med os,
troen på ham bier,
byde skal han fjenden trods,
som sit folks befrier;
alt betales på ét bræt:
fjenden sker sin fulde ret,
folket dobbelt nåde.

Skæres for den sorte stær
skal da øjne mange,
døve øren, fjern og nær,
høre frydesange,
som en hind da springer halt,
stammer, som for målløs gjaldt,
løfter klart sin stemme.

Så i Herrens helligdom
grant Esajas spå'de,
tiden randt, og dagen kom
med Guds lys og nåde,
med den Guds og Davids søn,
som gør end, i lys og løn,
paradis af ørke.

Ære med vor høje drot,
med hans Ånd tillige!
Sammen de gør alting godt
i vort himmerige,
døve, selv på gravsens bred,
øren får at høre med,
stummes læber sjunge.

Højt bebude gyldenår
glade nytårssange:
Blomstre som en rosengård
skal de øde vange,
mødes skal i stråledans
Libanons og Karmels glans,
Sarons yndigheder!




                                         I dag tenner vi to fiolette og eit rosa lys.

Københavns drengekor:




lørdag 14. desember 2019

Juan de la Cruz minnedag

I dag 14. desember feirar vi minnedagen for Johannes av Korset - Juan del la Cruz ( 1542- 91).
Helgen, filosof og karmelittnonne  Edith Stein har analysert hans teologi  i boka "Korsvitenskap" som kom på norsk oversatt av Mette Nygård i 2007. Her eit lite sitat:

" I Kristi lidelse og død er våre synder blitt fortært av ild. Når vi mottar det i tro og mottar hele Kristus ved overgivelse i troen - men det vil si at vi både velger og går på den vei som følger i Kristi fotspor - fører han oss " ved sin lidelse og sitt kors til oppstandelsens herlighet". Det er nettopp dette man erfarer i kontemplasjonen: å gå gjennom den forsonende brann til den salige forening i kjærlighet. Dette forklarer foreningens todelte karakter. Den er død og oppstandelse. Etter den mørke natt stråler kjærlighetens legende falmme opp."










søndag 8. desember 2019

Advent

Vi er alt godt inn i adventstida og feirar i dag andre søndag i advent. Vi les tekstar frå  profeten Jesaja som peikar fram mot den Frelsar som skal koma.

" Ein kvist skal skyta opp frå Isais stubbe, og eit skot skal spira fram frå hans røter. Herrens ande skal kvila over han, ein Ande med visdom og forstand, ein Ande med råd og styrke, ein Ande som gjev kunnskap og frykt for Herren."


Dagen i dag 8. desember er også festdagen for Jomfru Marias upletta unnfanging ( In Conceptione Immaculata  Beatae Mariae Virginis) Maria unnfanga utan arvesynd for å bli mor til den inkarnerte Gud, Jesus Kristus. Det har vore strid om dette dogmet men det er Kyrkjas lære i dag, og det er med på å gje Maria den plass ho rettmessig har i frelseshistoria.

Når dagen går mot slutt og natta stundar avsluttar vi kompletorium med "Alma Redemptoris Mater"

Alma redemptoris mater.png

"Frelserens Moder du milde, som er og alltid skal være himmelens herlige port og havets lysende stjerne. Oppreis ditt folk når det faller, fra svakhet hjelp oss til seier. Du som til skapningens undring i tiden fødte din Skaper, reneste Jomfru, du var og forblev, mens dette under deg skjedde, slik det ble sagt av englemunn ved det frelsesbringende Ave.
Hellige Jomfru og Moder, be for oss syndere.Amen."




                            Frå feiringa av første søndag i advent Arguineguin, Gran Canari.

Lenke til Palestrinas Alma Redemptoris Mater:
https://www.youtube.com/watch?v=cdZHqpUA36w


onsdag 27. november 2019

Snublesteinar - aldri gløyme

I går 26. november var det 77 år sidan transportsskipet Donau la ut frå Oslo med 532 norske jødar ombord, 302 menn, 188 kvinner, 42 barn.  Ytterlegare 26 jødar vart deportert med skipet Monte Rosa. Skipa gjekk til Stettin i Polen der tog førte jødane vidare til Auschwitz. Året etter vart fleire jødar sendt til utryddingsleirane, totalt 772 personar. Dei fleste vart sendt rett i gasskammera og berre 34 overlevde. Den siste overlevande  Samuel Steinmann døydde i 2015 91 år gammal.

Aldri  gløyme ! Denne mørke novemberdagen må vi ikkje gløyma , heller ikkje dagen for Krystallnatta 9. november. Dei siste åra har det blitt lagt ned minnesteinar, såkalla snublesteinar, med navn og årstall til dei døde. Dei er blitt lagt ned i gata framom huset der den som minnast budde fram til norsk politi henta vedkommande desse novemberdagane i 1942. Ein fin måte å minnast dei døde.
I følge jødisk tradisjon døyr ein to gonger, den dagen hjarta ditt slår sitt siste slag, og den dagen nokon seier navnet ditt for siste gong!




søndag 24. november 2019

First words

USA  er ikkje bare våpenkultur eller ukultur, merkelege utspel frå politikarar og materialisme. Det er og eit land med kunst, musikk og litteratur, ikkje minst det siste. Poesien har stått sterkt i USA like frå Emily Dickinson og Walt Whitmans tid  til vår tids mange dyktige poetar. Ein av dei er Joyce  Sutphen (f. 1949) som eg nyleg  vart tipsa om av ein kjenning i Minnesota. Joyce Sutphen vaks opp på ein farm i Minnesota, ho studerte litteratur  med ein doktorgrad i renessanse drama og har det meste av livet undervist i litteraturhistorie. Ho debuterte med "Straight out of view" i 1995, og har seinare gjeve ut ei rad diktsamlingar. Nyleg vart ho utnemd til "Poet laureate" i Minnesota, ein slags offisiell ærestittel.

Eg les "First Words" frå 2010, ei vakker lita bok med poetiske skildringar av oppvekst og familie.
" The poems are warm and generous, playful and inventive, personal and transcendent" står det i ei bokmelding, og eg kan slutta meg til det.


On the way to the Farm I think of My Sister


There's a different highway now
coming across different fields
west of the old double lane.

Once you're on it, you don't have to stop
for anything, except congestion in July
when everyone else is heading

North. You'd like it: driving at 80 mph
with the music forty years past when
you left the planet ... but no more

gasoline at 29 cents a gallon! No more
Beatles (John and George—both dead),

no more cows in the stanchions, no more hay
in the barn. Otherwise, everything is
pretty much the way you remember it.



The Aunts

I like it when they get together
and talk in voices that sound
like apple trees and grape vines,

and some of them wear hats
and go to Arizona in the winter,
and they all like to play cards.

They will always be the ones
who say “It is time to go now,”
even as we linger at the door,

or stand by the waiting cars, they
remember someone—an uncle we
never knew—and sigh, all

of them together, like wind
in the oak trees behind the farm
where they grew up—a place

I remember—especially
the hen house and the soft
clucking that filled the sunlit yard.


søndag 17. november 2019

Novembermorgon

Av og til vender eg tilbake til den  finlandssvenske forfattaren Edith Södergran (1892 -1923).  Ho levde så kort, men såg så klårt. Edith Södergran blir rekna som sentral i den tidlege lyriske modernismen. I dag 17. november passar det med diktet "Novembermorgon" skreve i oktober 1922


De första flingorna föllo.
Där vågorna skrivit sin runskrift i flodbäddens sand
vi andäktigt gingo. Och stranden sade till mig:
Se här har di vandrat som barn och jag är alltid densamma.
Och alen som står vid vattnet är alltid densamma.
Säg var har du vandrat i främmande land och lärt dig stympareseder?
Och vad har du vunnit? Alls ingenting.

På denna mark skola dina fötter träda,
här är din trollkrets, från alarnas hängen
kommer dig visshet och gåtornas svar.
Och du skall prisa Gud som låter dig stå i sitt tempel
bland träden och stenarna.
Och du skall prisa Gud som låtit fjällen falla
från dina ögon.
All fåfäng visdom kan du akta ringa,
ty nu är tallen och ljungen dina lärare.
Tag hit de falska profeterna, de böcker som ljuga,
vi tända i dälden vid vattnet ett lustigt fladdrande bål.



(Oktober 1922)

tirsdag 12. november 2019

Den gode døden

Den gode døden ?

Vårt Land har nyleg hatt fokus på døden både i bokmeldingar og intervju.
Professor i filosofi Henrik Holm og professor i teologi Knut Ruyter sit ved
dødsleie til gamle foreldre og opplever det vanskelege og meiningslause i denne
situasjonen. Ruyter erfarer at overbehandling dreg dødsprosessen unødig ut og
tek til orde for at aktiv dødshjelp kan vera akseptabelt.

Dette fekk meg til å reflektera over min eigen reaksjon då min far nyleg døydde.
Han var i sitt 98 år, etter fem år som sjukeheimspasient var han redusert både
mentalt og kroppsleg, det var lenge sidan vi kunne føra ein samtale med han.
Døden kom fredeleg og forventa,og eg opplevde dødsprosessen god og meiningsfylt.
Eg kan naturlegvis ikkje setja meg inn i andres subjektive oppleving i møte med
døden, men stiller likevel spørsmålet kva som er grunnen til at eg opplever min
fars død som ei god og verdig avslutning på eit langt liv ?
Er det avdi eg i mitt yrkesliv har sett mange døyande ,eg veit kva som skjer,
her dukkar det ikkje opp noko nytt og skremmande ?
Er det avdi vi var forbi alle spørsmål og svar og i fellesskap rundt den døyande
kunne akseptera og rolege gje slepp på han ?
Er det avdi vi opplevde at eit nytt lite barnebarn/oldebarn kom inn i livet
nesten samstundes med at han gjekk ut av det, og dermed gav oss ei erfaring av
eit grenselaust mysterium ?
Er det i takksemd for at vi fekk behalda han så lenge, og takka vera moderne
kirurgi ikkje møtte døden for 25 år sidan ?
Er det avdi eg står i ein andeleg tradisjon som strekk seg frå profeten Elias på
Karmelberget, via Teresa og Johannes til karmelsøstrene i Tromsø og med vesle
Therese frå Lisieux kan seia: «Eg døyr ikkje eg går inn til livet».
Eller er det rett og slett slik at dei fleste i Norge i dag døyr «den gode
døden» ? I dag døyr dei fleste i Norge på sjukeheimar(over 50%) oftast langt opp
i åra, ofte både kroppsleg og mentalt sterkt svekka. Dødsprosessen strekk seg
over år, og kan opplevast meiningslaus slik dei to eg nevner i innleiinga gjev
uttrykk for. Men kva er alternativet ?

Det er lett å romantisera tidlegare tiders død heime i si eiga seng omgjeven av
storfamilien og heile nabolaget ? Slik er det Sigrid Undset skildrar Lavrans død
i Kristin Lavransdatter. Lavrans ligg på dødsleie og tek farvel med alle medan
hans siste gjestebod blir stelt istand rundt han.

« Han talet muntert og hjertelig med alle, kvinner og menn, ringe og rike, unge
og gamle, takket for deres vennskap, bad om deres forbønn for sin sjel, og Gud
la oss finnes på gledens dag!»

Kanskje var det slik av og til, men
vel så ofte var døden brå og brutal, ofte valdeleg. Barn og unge vart ramma i
ein grad vi i dag ikkje kan førestilla oss, og det er ikkje lenge sidan, vi
treng ikkje gå heilt tilbake til tida for tuberkulose, kolera og pest! Det
kollektive minnet er svært kort !
Eg vil gje eit par døme på kva eg legg i dette. Unge foreldre på 1980 talet var
engstelege, dei var engstelege for krybbedød, dei var engstelege for smittsam
hjernehinnebetennelse og for ulukker. I 1985 vart 145 spebarn brutalt reve bort
i krybbedød, i 2015 var dette redusert til 9 ! I 1975-87 var det 250-350
tilfelle av smittsam hjernehinnebetennelse årleg i 2017 18 ! I 1970 vart totalt
560 menneske drept i trafikken,av dei omlag 100 barn, i 2017 var dette redusert
til 107 av dei 4 barn !
Omlag 200 barn og unge får kreft kvart år, i 1970 overlevde 10 % ,i dag over 80
% ! For eit par tiår sidan vart mange familiefedre i 40-50 års alderen brått
reve bort av hjerteinfarkt, i dag dramatisk redusert. Død av hjertekar sjukdomar
har samla sett vist ein sterk nedgang like frå 1980 talet. Narkotikadødsfall har
og vist svak nedgang dei siste året, spesielt i Oslo.
Dessverre tek enno omlag 500 livet av seg årleg, men samla sett tapar den «vonde
døden» terreng for «den gode døden». «Den gode døden»: å døy etter eit langt
liv, svekka og klar for den siste reisa.

Vi kan vona at den dagen vi får gå inn til «det uskapte lyset», gamle og
«mette av dage», og kan gleda oss over alle dei barn og unge som likevel fekk
leva!

Mange tek i dag til orde for eutanasi,aktiv dødshjelp eller sjølvalt død om ein
vil. Eg vil ta til orde for det motsatte av eutanasi, ikke filosofisk og
abstrakt men konkret og kvantifiserbart, nemleg dei titusenvis av helsepersonell
som på sjukehus, i heimesjukepleien men framfor alt på 950 sjukeheimar gjer det
dei kan for at den døyande og dei pårørande skal oppleva den siste tida verdig
og god.


tirsdag 29. oktober 2019

Bedre i åtte dager enn åtti år

I den siste diktsamlinga si "Øyet og virkeligheten" har Kolbein Falkeid eit dikt med tittelen "Det er ikke så farlig lenger". Innleiinga er slik

" Det er ikke så farlig lenger.
Ingenting er så farlig lenger, for meg i det minste.
Klart det ikke er så farlig lenger.
Jeg er åtti år og naturligvis 
er det ikke så farlig lenger.
Jeg skrev en gang om en gravstein i Rosendal,
om en pike som fullførte livet på åtte dager
bedre enn mange fullfører det på åtti år.
Så hva er det jeg sutrer for?"

Kolbein Falkeid siktar til ein gravstein som vart funnet på kyrkjegarden ved Kvinnherad kyrkje for ein del år tilbake. Gravsteinen er frå slutten av 1700 talet og innskrifta er så spesiell at han fekk ein slags heiderplass på kyrkjegarden som eit historisk klenodium. Men innskrifta viser langt utover det historiske, utover liv og død mot det evige livet som var ei trøst og forankring for det unge paret som akkurat hadde mista ei nyfødt jente. Christiane Herzberg som berre fekk leva åtte dagar i 1787 var sikkert datter til presten Niels Herzberg og kona Maria Elisabeth som hadde kome til Rosendal året
før i 1786. Dei hadde gifta seg same året  og Christiane var nok deira første barn. Niels Herzberg var ein mann med vide interesser som sette djupe spor etter seg både i Kvinnherad og  Ullensvang der han fekk prestekall frå 1804. Men denne oktoberdagen når vi står framom gravsteinen er det dei unge sørgjande foreldrene vi ser for oss. Dei er tyngde av sorg, men har ei von utover dette livet, og dei veit at det ikkje er lengda på livet som er avgjerande, men målet vi rører oss mot.

 HER
ER BEGRAVEN
CHRISTIANE HERZBERG
FØD DØBT DØD
I EEN UGE
1787
LÆSER
DENNE VIGTIGE REISE
FULDFØRTE JEG
I 8 DAGE
BEDRE END MANGE
FULDFØRE DEN
I 80 AAR.






mandag 28. oktober 2019

Gravferdstale 15.oktober

Tale i gravferd 25. oktober 2019
Kjære pappa ! Kjære mamma og familie ! Kjære alle de som har møtt opp for å følgja pappa Eddie til den siste kvilestaden.

Når eg står her i dag er det første som slår meg at dette er din arena!Du tala i så mange gravferder og heldt så mange båreandaktar. I dag kan vi bare gjera så godt vi kan og vona at du hadde blitt fornøgd, sjølv om det kanskje  ikkje når opp til di erfaring, din standard ! Kyrkjeromet vi står i idag var viktig for deg. Du kunne Kvinnherad kyrkje si historie  ut og inn, like frå ho vart bygd på midten av 1200 talet til vår tid. Då 700 års jubileet vart markert i 1955 var det du som stod for jubileumsskriftet med historisk oversikt. Du likte å visa folk rundt i kyrkja og ausa av dine store kunnskaper. Difor er det så fint av du får avslutta livsferda i dette romet som var så viktig for deg heile livet igjennom.
Pappa Edvard eller Eddie som han oftast vart kalla fekk eit langt og godt liv. Vi feira siste gebursdagen hans – 97 år – 28. mars i vår. Han har vore ein  frisk og sprek mann heilt til han for ein del år sidan byrja å bli svekka mentalt, etterkvart også kroppsleg. Han fekk plass på Rosendalstunet  for omlag fem år sidan. Det var nok ikkje så lett i byrjinga, men etter  kvart slo han seg til ro og forsona seg med sin lagnad. Han verka blid og fornøgd sjølv om han ikkje lenger kunne gje uttrykk for det slik han var van med å gjera.

  Orda 

Orda skrumpar gradvis inn setningane vert kortare og fattigare stadfestande her og no berre her og no framtida er ikkje lenger ein visjon fortida oppløyst i fragment og fraser. Om ord kunne investerast og takast ut med renter etter mange år då hadde du vore velståande i dag du som hadde lest så mykje og  hadde så mange og så kloke ord.

Pappa vart fødd på Malmanger 28.mars 1922. Mora Agathe kom frå Jondal, ho vart alvorleg sjuk i samband med fødselen og vart liggjande lenge på sjukehus i etterkant. Det var andre som tok seg av han den første tida. Han var for tidleg fødd, liten og svak og det var tvil om at han i det heile ville overleva. Men det gjorde han til gangs. Faren Edvard  Thorup kom frå Horsens i Danmark. Han var enkemann, det var fire eldre halvsøsken. Faren dreiv Rosendal Ullvarefabrikk i over førti år. Pappa opplevde fleire tap som barn og ungdom. Då han var fire år døydde ein bror bare seksten år gammal, og eit par år etter drog søstera Aslaug som han var sterkt knytt til, til Kanada. Faren miste han då han var bare 22 år gammal. Dette var nok erfaringar som sette sitt preg på han vidare i livet, og var med på å forma hans syn på tilværet.

Han gjekk på Malmanger skule og seinare første kullet på Rosendal realskule 1938-40. Under krigen budde han fleire år hos ein onkel i Bergen og tok  to årig gymnas og handelsskule, dessutan kurs i journalistikk. Han fekk arbeid i avisa Dagen, og hadde nok kanskje  tenkt seg ein karriere som journalist. Mora Agathe var no blitt enke og sleit åleine med stort hus og hage i Rosendal, han hadde nok omsut for henne. Då han fekk tilbod om jobb på Heradskassen i Rosendal slo han til på det. Her fekke han sin arbeidsplass fram til han gjekk av med pensjon 67 år gammal i 1989. Han var trufast og pliktoppfyllande i arbeidet.Vi opplevde aldri at han var heime frå jobb pga. sjukdom, men visstnok vart han sendt heim
ein gong på 1950 talet avdi han hadde vannkoppar og dei andre var redde for smitte. Han fekk ikkje dei store utfordringar for si  skrivelyst i denne jobben, men tok det att på andre arenaer.

I 1956 gifte han seg med  Johanna Guddal frå øvste garden i Guddal, ho var 11 år yngre men dei fekk 63 år i lag. Dei fekk borna Frode, Agathe, Synnøve og Edvard, etterkvart åtte barnebarn og to oldebarn. Det siste oldebarnet Mathilde vart fødd bare få timar før han døydde. Til ettertanke og minne for oss alle !
Han og mamma utfylte kvarandre, han den boklege, reflekterte og skriveglade, ho den meir praktiske og handlekraftige. Men begge var vennekjære, sosiale og utadvendte. Dei hadde ein stor vennekrets, og  koste seg i sosialt samvær med samtale og diskusjonar.

Pappa var heile livet aktiv i ulike samanhengar i bygda. Alt tidleg vart han med i søndagskulearbeidet saman med prestekona Gunvor Sellevold. Søndagsskulen dreive han regelmessig til ut på 1970 talet. Det er nok enno mange som minnest han som tala, Harald Mehl som leia songen og Inger Sundfjord(kjent som Inger i Posten) som spelte orgel. No er dei alle borte. Det kan og nemnast at han var engasjert i speidarrørsle og var  med som speidarleiar i fleire år.
Han var og med i kyrkjeleg arbeid og sat mange år i soknerådet,fleire periodar som formann. Når prestar kom og reiste ønskte han velkommen og tok avskil. Han var og engasjert i kyrkjejubileum, først i 700 års jubileet i 1955 som eg alt har nemnt.Då stod  han åleine  for jubileumsskriftet,  femti år seinare var han med i komiteen stod stod for  boka «Endå kan klokkone kalla»  gjeve ut til 750 års markeringa. Han var sterkt interessert i teologi og kyrkjehistorie, men og i litteraturhistorie og generell historie både lokalt, nasjonalt og i europeisk samanheng. Han likte å diskutera og var ikkje lett å setja fast i teologiske oh historiske detaljar.

I sin ungdom fann han nok ein plass på bedehuset, men vart etter kvart meir og meir høgkyrkjeleg og var sterkt oppteken av Den katolske kyrkja. Det katolske tidsskriftet St.Olav abonnerte han på heilt frå 1950 talet, og han ville nok ha konvertert dersom det låg meir praktisk til rette. Det var stort for han då han som syttiåring endeleg fekk ein tur til Roma, og der fekk helsa på pave Johannes Paul II. Vi har eit bilete heime av denne  viktige hendinga.

Som eg tidlegare var inne på kunne han nok tenkt seg eit arbeid med språk og ord. Han var ein ordets mann, han las mykje, han likte å skriva og tala. I mange år var han og bibliotekar i bygda, først på Malmanger skule, så i Samfunnshuset, etter kvart flytt til den nye ungdomsskulen. Ope kvar fredag kveld  18-20. Eg hugsar kor spennande det var når det kom pakkar med årets nye bøker om hasusten som vi opna, såg på og leste litt i.

Han skreiv mange artiklar i både lokalavisene og i større aviser. I periodar hadde han faste spalter, «Helgetankar» i Kvinnheringen, «Dagens dikt» i Grenda. Det var eit vidt spekter av tema han var innom, alt frå lokal bygdehistorie til teologi og litteraturhistorie. Han heldt mange talar i ulike samanhengar, 17. mai talar, foredrag i ulike foreningar, andaktar. Eg trur han likte å stå framom ei forsamlinga og tala til dei. Vi opplevde aldri at dette var noko han grudde seg for. Men han var alltid godt førebudd ned på detaljnivå.

Han var var sprek heile sitt liv, vi såg han knapt sjuk bortsett  frå dei siste åra. 1 1939 fekk han andre plass på 100 meter i Sunhordalandsmeisterskapet, tida 11,9 var lenge familierekord inntil eit barnebarn sprang fortare for eit par år sidan. Han og mamma har alltid likt å gå kortare og lengre turar, med oss barna då vi budde heime, seinare dei to ilag eller med slekt og vener. Han gjekk toppturar til han var over sytti år og ville nok ha halde fram til åttiåra dersom ikkje ein kreftoperasjon sette han noko tilbake. Sjølv om han var oppteken av seriøse og alvorlege tema var han på ingen måte humørlaus, tvert imot. Folk opplevde han
som ein gledesspreiar som fortalde vitsar og morosame historiar, visstnok skal han og ha opptrått som tryllekunstnar!

Pappa hadde ei sikker tru, han visst kvar han gjekk til. Fleire gonger gav han uttrykk for at han ikkje var redd for å døy. Som den heilage Therese frå Lisieux kunne han nok ha sagt « Eg døyr ikkje, eg går inn til livet» ( Je ne meur pas, j`entre dans la vie) Han døydde fredeleg med dei nære rundt seg søndagkveld 13. oktober. Eg ser for meg at han vart bore  av englar inn i lyset og med Jomfru Marias forbøn som støtte. Nesten samstundes kom eit oldebarn inn i verda. Kanskje passerte dei kvarandre på veg ut og inn i dette tilværet. Det blir eit fint bilete på at alt og alle i  fødsel, liv og død, er omslutta av den same omsorga.

Til slutt vil eg ta med noko han skreiv i ein andakt over 2. Kor. 4.16-18. Ein tekst vi får høyra seinare i dag saman med salme 121 som betyr mykje for oss.
« Kva betyr livet for oss her, kva er viktig ? Er det makt, ære, framgang, underhaldning, et behageleg liv ? Hvis det bare er det alt dreier seg om, dreier det seg om ingenting, for døden gjer alt dette til ingenting. Vi må ha eit anna mål og ein annan verdiskala i livet vårt. Vi innser det i våre beste stunder. Den sigrande Kristus seier: Døden er overvunnen. Og la oss hugsa at kristendomen ikkje først og fremst er  levereglar eller eit fullkome samfunnssystem, men ein frelsesbodskap om forlating for synder og til slutt det evige liv hos Gud.»

Fred over alle gode minne
Til slutt frå Rekviem

Requiem aeternam dona eis Domine et lux perpetua luceat eis.
Gje han den evige kvile og la det evige lys skinna for han.

                                                         Kvinnherad kyrkje

                                                   Utsyn mot Melderskin frå kyrkjegarden

lørdag 19. oktober 2019

Din utgang og din inngang

Søndag 13. oktober opplevde vi det som er uttrykt i salme 121:
"Herren skal vara din utgang og din inngang frå no og til evig tid."

Samstundes med at ei lita jente, Mathilde, kom inn i denne verda gjekk far/bestefar/ oldefar Edvard/Eddie ut av verda i sitt 98 år. Eg ser for meg at dei passerte kvarandre på veg ut og inn av dette tilveret. Det var eit sterkt bilete på at alt, fødsel, liv og død, er inneslutta i den same omsorga.


Din utgang og din inngang

Ser du enno konturen av kjente fjell gjennom mørkt oktoberregn no i skumringstimen ? Skimtar du dei to fuglane som stryk vengene over toppen i varm augustdag med kaffi og kvild ved varden ? Når blikket brest bleiknar synet og du kan ta på heimveg stien er varda, lett å følgja. Når du stoppar for å drikka av kjelda like før den siste stigninga helsar du henne som går i motsatt lei undrande over ei lita jente utan følgje utan bør. Ho går her for først gong men trør så lett og tek ikkje feil av vegen for ho ber ei lita lykt med det uskapte lyset.





tirsdag 1. oktober 2019

Minnedagen for Therese av Lisieux

 I heile Kyrkja men spesielt hos oss i Karmel, feirar vi  i dag  minnet om karmelittnonne, helgen, mystiker og kyrkjelærar Therese av Jesusbarnet og det heilage Andletet (1873 - 1897). Ho døydde 30. september men den dagen vart alt opptatt av Den heilage Hieronymus, difor fekk Therese dagen etter. Her eit lite utdrag frå " En sjels historie", ei skildring av det som med Johannes ord kan vera sansenes natt.

" Å ! Hvor mye lys har jeg ikke hentet ut av vår far den hellige Johannes av Korsets verker. Da jeg var 17 og 18 år gammel, var dette min eneste åndelige næring, men etter den tid etterlater alle bøker meg i åndelig tørke, og i denne tilstand befinner jeg meg fremdeles. Hvis jeg åpner en bok med åndelig innhold(uavhengig av om innholdet   er både vakkert og fengslende), føler jeg straks at mitt hjerte lukker seg, og jeg leser så å si uten å forstå, eller om jeg forstår stanser mine refleksjoner, så jeg ikke er istand til å meditere over teksten...   I denne avmakt kommer Den hellige skrift og Kristi etterfølgelse meg til hjelp; her finner jeg åndelig næring som er solid og ren. Men det er femfor alt Evangeliet jeg tyr til i den indre bønnen; i det finner jeg alt som er nødvendig for min stakkars, lille sjel. Her oppdager jeg stadig nytt lys, betydninger som er skjulte og mystiske."



"Herre , vår Gud, du fylte den hellige Therese av Jesusbarnet, jomfru og kirkelærer, med stor kunnskap om troens mysterier. Gi at vi  med hennes hjelp holder fast ved det hun lærte, og vitner om det i våre liv. Ved Kristus, vår Herre. Amen.

lørdag 28. september 2019

Dei heilage erkeenglane

29.september og vi feirar minnedagen for Dei heilage erkeenglane Mikael, Gabriel og Rafael. Opprinneleg var dette ein festdag for erkeengelen Mikael, i norsk tradisjon Mikkelsmess. I 1969 blei festdagane for dei tre erkeenglane slegne saman og feira 29. september.
Vi talar om englevakt og skytsenglar, framleis sit dette i daglegtalen iallfall hos den eldre generasjonen. Forfattaren Jon Fosse, som no fyller 60 år, har i den vesle boka "Songar" frå 1969 to vernesongar. Den første lyder slik og høver godt på denne dagen, englane lik usynleg sølv er dei der alltid.

Første vernesong


Engelen er der alltid
som usynleg sølv
er han der

så usynleg
og så ganske nær

slik du som er meg så kjær
og er borte frå meg
er så nær
at alt eg tenkjer og gjer
alt eg er
er deg og meg
i vår bvinds
usynleg verd








søndag 22. september 2019

Heinrich Biber

På veg til Mozarts Geburtshaus i Getreidegasse i Salzburg passerar vi ein annan kompinistbustad nemleg huset der Heinrich Ignaz Franz Biber budde frå 1670 til sin død 3. mai 1704.  Han er langt frå så kjent som Mozart , men blir av mange  rekna som ein av dei store barokkkomponistane
Biber vart fødd i Böhmen 12. august 1644, han fekk si utdanning ved jesuittkollegiet i Troppau i Schlesien. Etter kvart kom han til Österrike, og vart tilsett som kapellmester hos erkebiskopen i Salzburg. Han skreiv messer, rekviem, fiolinsonater. Hans storslåtte Missa Salsburgiensis vart sannsynlegvis komponert i 1682, manuskriptet vart oppdaga i 1870 år, visstnok var det nær på at det vart brukt som innpakning av grønnsaker. Det vart skreve til feiringa av 1100 års jubileet for Salzburg som erkebispesete, musikkforskarar har konkludert med at det  er Biber som  nok er komponisten av dette verket, sjølv om manuskriftet ikkje var signert.

Hans ut tvil mest kjente verk er Mysteriesonatene  også kalla Rosenkranssonatene.  Det er eit verk som utgjer 15 sonatar til kvar av Rosenkransmysteria og ein avsluttande Passacaglia. Komposisjonen er sannsynlegvis frå 1676 og er ein meditasjon over dei fem Gledesfulle mysteria, dei fem Smertef ullemysteria, og dei fem Herlighetsfulle mysteria, Lysets mysterier vart innført av pave Johannes Paul II på 1980 talet og er naturleg nok ikkje med!

Mysteriesonatene gjekk i gløymeboka og vart så funne igjen i vår tid slik tilfellet var med mange barokkverk. Ei rekkje framføringar og inspelingar er gjort i det siste, verket vart til dømes framført under festspela i Bergen for eit par år sidan.
Sonatene er komponert for solofiolin og continuo. Karakteristisk for verket er "scordatura" som er ei spesiell stemming av strengeinstrument. Fiolinen er også stemt ulikt i dei tre delane av verket for å illustrera innhaldet også musikalsk. Å lytta til Bibers Rosenkranssonater blir sånn sett ein måte å be Rosenkransen på!



Lenke til Andrew Manze innspeling:
https://www.youtube.com/watch?v=lOEFfqvAb_4




lørdag 21. september 2019

Mozarts Geburtshaus

Getreidegasse 9 sentralt i ganlebyen i Salzburg, her kom altså Wolfgang Amadeus Mozart til verda 27.januar 1756. Foreldrene var Leopold og Anna Marie, komponisten var yngst i ein søskenflokk på sju , men berre han og søstera Maria Anna (Nannerl) overlevde den tids store barnedødeligheit.
Mozart - den klassiske komponisten som så godt som alle kjenner til og har ein relasjon til, uavhengig av om ein ellers er interessert i klassisk musikk. Ein av dei mest myteomspunne komponistane, vindunderbarnet som skreiv sin første symfoni som åtteåring,men døydde så alt for tidleg i 1791, dødsfallet uavklart og mystisk, understreka av det ufullførte Rekviem han arbeidde med til det siste.

Husværet som foreldene leigde frå 1747 til 1773 er frå slutten av 1800 talet gjort om til museum til minne om den store komponisten som vart fødd og vaks opp her. Etter kvart var det vel ikkje så mykje han og søstera oppheldt seg her, for faren tok dei med på turne rundt i både Tyskland, Italia, Frankrike og England frå tidleg barnealder.Sannsynlegvis ei påkjenning for alle med den tids kommunikasjonar ! Tragisk nok døydde mora i Paris under ein slik turne.

Det er med stor undring vi går frå rom til rom, her er alt frå klavikordet han komponerte "Tryllefløyten" på til små daglegdagse gjenstandar, til og med ein liten hårlokk.
Kva er det som gjer at eit menneske blir tildelt så rike kunstnariske gåver ? Kvar kjem det frå?
Så kan vi gå ut i den varme septembersøndagen og kjøpa Mozartkuler - Mozart bonbon som konditoren Paul Furst  lanserte i 1890.







onsdag 11. september 2019

Thérèse av Lisieux og Notre-Dame des Victoires

Det er 4. november 1887, den snart femtenårige Therese Martin  er på pilegrimsreise til Roma saman med faren Louise og søstera Celine. 20. november under audiensen hos pave Leo XIII skal den frimodige Therese falla på kne for paven og be han om lov til tre inn i karmel. Dei har reist frå heimbyen Lisieux tidleg om morgonen, og kom til hovudstaden på formiddagen. Louise Martin har budd i Paris før  då han utdanna seg til urmaker og her er mykje han gjerne vil visa døtrene. Ein av dei viktigaste måla for dagens vandring gjennom byen er kyrkja Notre-Dame des Victoires som han kjenner godt frå før, og som han har opplevde som " eit lite paradis på jorda."  Therese blir like oppglødd som faren:

" Vi ankom Paris på formiddagen og begynte straks å ta byen i øyensyn. Stakkars pappa ble svært sliten av stadig å lete frem nye ting han kunne glede oss med, og snart hadde vi sett alle hovedstadens severdigheter. Jeg for min del , fant kun en eneste som virkelig gjorde dypt inntrykk, og det var Notre-Dame des Victoires. Å! Det jeg følte der  ved den hellig Jomfrus føtter kan ikke beskrives....."

Så assosierar ho til det som hende pinsedag fire år tidlegare: " Jomfru Maria lot meg føle at det virkelig var hun som hadde smilt til meg og helbredet meg. Jeg forstod at hun våket over meg og at jeg var hennes barn, og også at jeg fra nå av skulle kalle henne mamma, siden dette for meg uttrykte enda mer omsorgsfullhet enn "mor".....

Då Therese låg alvorleg sjuk i mai 1883  var faren som rimeleg kan vera svært uroa for henne, og han vender seg til Notre-Dame des Victoires. " En dag så jeg pappa komme inn i Maries rom der jeg lå og sov. Han gav henne flere gullmynter, og med et meget bedrøvet uttrykk i ansiktet bad han henne skrive til Paris og be dem lese en messe i Notre-Dame des Victoires for at Vår Frue skulle helbrede hans stakkars lille pike."  Therese opplever eit syn av den smilande Maria, og ho kviknar til igjen.

"Dette under var det Vår Frue i Notre-Dame des Victoires  som virket"

"Il fallait un miracle et ce fut Notre-Dame des Victoires qui le fit."

Når ein kjem inn i Notre-Dame des Victoires  finn ein alteret der Therese, Celine og faren ba  denne novemberdagen framme til høgre. Her brenn det alltid mange lys. Til venstre for inngangen finn vi eit alter for Therese og eit for hennar no helligkåra foreldre Louise og Zelie Martin. Therese viser si takksemd, og det er det også 37.000 andre som har gjort.

Dei små lysa blafrar lett under alle desse tavlene med ein bodskap: MERCI -TAKK !






"...un petit paradis terrestre" ( eit lite jordisk paradis) 

St. Louise Martin (1823-94)




Notre-Dame des Victoires

Eg går forbi ei brannskadd Notre-Dame de Paris, område er avstengt og det er nok mange år til katedralen igjen er open for turistar og truande. Vi er mange som var glade i Notre-Dame også utanfor Frankrike, og vi vart grepne av ei stor  sorgkjensle ved synet av flammane som stod opp over taket på katedralen. Men det er mange kyrkjer i Paris, også andre vigd til "Vår frue - Notre-Dame", det er difor naturleg å ta vegen til Notre-Dame des Victoires (Vår Frue av sigeren)  ved Place des Petits Peres i 2nd.  arrondissement, i gangavstand frå Louvre. Stemninga i kyrkja grip meg og eg vender tilbake fleire gonger!

Dette var opprinneleg ei klosterkyrkje for Augustinarordenen som heldt til her (Petits Peres). Kyrkja vart påbyrja i 1629 men først fullført i 1737. Fram til revolusjonen var det kloster og klosterhage her, men både kyrkja og klosteret vart konfiskert og nytta til verdslege formål før ho igjen vart sognekyrkje frå 1809. Litt utpå 1800 talet kom presten  Charles-Eleonore Dufriche-Desgenettes til Notre-Dame des Victoires, han kom opprinneleg frå Alencon(same by som Thereses foreldre !)
Få menneske kom til messe i dette relativt sekulariserte området, etter fire år såg han ingen framgong og var nær ved å gje opp. "Alt er tapt, desse folka har ikkje lenger tru" skriv han. Men så skjer det noko uventa, 3. desember 1836 feirar han messe ved alteret vigd til Maria då han brått får ein klar bodskap: "Consacre ta paroisse au Tres Saint et Immacule Coeur de Marie." ( Vi sognet ditt til Marias heilage og reine hjerte). Han blir inspirert til å invitere menn i nabolaget til kyrkja, og som ved eit under dukkar 500 opp, dei fleste har aldri sett sin fort der før. Desgenettes ber dei gå med eit kvitt skapular med innskrifta: "Syndares tilflukt, be for oss." Så grunnlegg han eit felleskap vigd til Marias reine og heilage hjerte for syndaranes omvending. ( L`Archiconfrerie du Tres-Saint et Immacule Coeur de Marie pour la conversion des pecheurs). Innan få år får det fleire millionar tilhengarar, og Notre-Dame des Victoires blir eit pilegrimsmål - Sanctuaire Marial du Diocese de Paris ( Maria heilagdom i bispedømme Paris).

Det som slår ein straks ein stig inn i Notre-Dame des Victoires er dei mange små platene - ex voto som kler veggene tett i tett. Platene har kortare og lengre innskrifter med takk for bønesvar, dei fleste med årstal, frå midten av 1800 talet fram til i dag. Totalt er det 37.000 av dei ! Det står brått sterkt for meg:" Kan så mange menneske bare innbilla seg at Marias forbøn hjelper ?"

Dei fleste som kjem til Notre-Dame des Victoires er vanlege truande , men les ein kyrkjas historie dukkar det opp mange store navn: Komponistar som Mozart og Lully, forfattarar som Huysmans, Colette og Bernanos ( faren sette opp ei minneplate i 1894: Merci guerison de mon fils), pave Pius XI og Johannes XXIII, Jean Vanier, stiftaren av L`Arche felleskapet, og så helgenar som Jean Marie Vianney , Jean Bosco, Padre Pio, John Newmann, Elisabeth av Treenigheten og Louise Martin. Men framfor alt Therese av Jesubarnet og det Heilage Andletet  som kom her med faren og søstera Celine 4. november 1887.

Thereses far Den heilage Louise Martin vart kjent med Notre-Dames des Victoires då han utdanna eg til urmakar i Paris. I eit brev 8. oktober skriv han :

"J`ai eu le bonheur de communier a Notre-Dame des Victoires, qui est comme un petit paradis terrestre. J`ai aussi fait bruler un cierge a l`intention de tout la famille." ( Eg har hatt gleda av å ta i mot sakramentet i Notre-Dames des Victoires som er som eit lite jordisk paradis. Eg har også tent eit vokslys for heile familien)

Brått forstår eg kommentaren til ei kvinne i kyrkja: Det er som eit lite jordisk paradis!





(forts.)

tirsdag 10. september 2019

Karmel Totus Tuus

Årlig retrett hos karmelsøstrene i Tromsø. Som alltid fine og nåderike dagar. Eit tragisk dødsfall la ein skugge over dagane, men vi veit kvar vi skal gå med det vonde og mørke.

Totus tuus ego sum

Totus Tuus ego sum,
Regina mea, mea Mater
et omnia mea, et omnia mea
omnia mea tua sunt.

( Helt din er jeg, du min dronning,
min Moder Maria og alt mitt er ditt)

Maria som alltid gjer det som ho gjorde første gong i bryllaupet i Kana, ho viser vidare til Sonen










Å mi ærerike miskunns dronning

Eg står audmjukt framfor deg - tempel
Eg står audmjukt framfor ditt møydoms hjarta
Eg står audmjukt framfor di edel sjel
dvelestad for Kristus Herren.
Heil deg Maria, heilt utan plett og lyte
fylt av dei mest nådefulle nåde gåver.

( Anna av St. Bartolomeus 1549-1626)














,


tirsdag 27. august 2019

Med Jesus vil eg fara

Elias Blix salme "Med Jesus vil eg fara" er vel ein av dei mest kjende og elska av dei nynorske salmane. Men det er fleire andre salmar han er kjent for, ikkje minst Fedrelandssalmen " Gud signe vårt dyre fedreland, "No livnar det i lundar" , "Kling no klokka" og "Eg veit meg eit land". Det er salmar som mange , iallfall av den eldre generasjone lærte utanatt i skuletida. Sjølv om Elias Blix er mest kjent som salmediktar, var det på fleire andre område i samfunnet  han sette spor etter seg. Professor og teolog, språkforskar innan semittiske språk, bibelomsetjar, politikar for venstre og kyrkjestatsråd i Johan Sverdrups regjering. For oss som nyttar nynorsk er han ein heilt sentral person ved sida av Ivar Aasen. Han var sterk forkjempar for nynorsk skriftmål og skreiv alt på 1850 talet salmar på nynorsk. For  nøyaktig 150 år sidan gav han ut "Nokre salmar", den første salmeboka på nynorsk.
Som kyrkjestatråd var han arkitekten bak "jamstellingsvedtaket"i 1885, nynorsk og bokmål skulle vera jamstelte som skriftmål. Han var og sentral i omsetjinga av Bibelen til nynorsk.

"Med Jesus vil eg fara" er skreve på eit klårt og vakkert nynorsk. Her er fine naturbileta, "vesle blomen" og referansar til bibeltekstar, "Sarons lilje". Men salmen er og eit sterkt personleg vitnemål, denne kunne ikkje vore skreve av nokon som ikkje har hatt ei oppleving av at ein personleg Gud føl oss  frå vogge til grav. Jesus "blømar fagert opp i meg" , vi veks som kvister på han som er vintreet i Guds hage. Dette er bilete frå mystikken, ikkje frå teoretisk teologi.





Med Jesus vil eg fara

Med Jesus vil eg fara
på livsens ferd i lag.
Gud, lat den samferd vara
alt til min døyand dag!
Det er mi høgste æra,
det er mi største ros,
hans fylgjesvein å vera
og vandra i hans ljos.

Min Jesus, sannings stjerna,
lys opp min mørke veg!
Mitt hjarta vil så gjerna
få fylgja etter deg.
Du lyser enn i verdi
som før frå Betlehem.
Ver du mitt ljos på ferdi,
til heim med deg eg kjem!

Min Jesus, gjævast givnad,
min eignalut og skatt!
I all min gang og livnad
meg støtt for auga statt!
Som vesle blomen trugen
ser opp mot sol og dag,
til deg så vender hugen,
til deg kvart andedrag.

Min Jesus, Sarons lilja,
bløm fagert opp i meg!
Lat ingen ting meg skilja
og riva bort frå deg!
Du vintre i Guds hage,
min kjære Herre Krist,
unn også meg den lage
å veksa som din kvist!

Du til di grein meg sette
alt i min fyrste vår,
med livsens dogg meg vætte,
gav sol og signa år.
Du vil og vokster gjeva
alt til min siste slutt:
lat meg i deg få leva,
i deg få anda ut!

T:  Elias Blix (1875)
M: Antwerpen 1540/Norsk folketone (Sunnmøre)
S:  Norsk Salmebok 418



tirsdag 20. august 2019

Amazing Grace

Amazing grace er Alan Elliotts film om Aretha Franklin basert på  Sydney Pollacks opptak frå 1972 som av tekniske grunnar aldri vart lansert, men takka vera dagens  teknikk får vi likevel ei tidsreise tilbake til The New Temple Missionary Baptist Church i Los Angeles i 1972. Aretha Franklin  var på dette tidspunktet ein av dei store innan soul og blues sjangeren med ei rekkje innspelingar som hadde gått heilt til topps.  Etter kvart skulle ho få tilnavnet eller hedersnavnet, " The Queen of Soul." I denne filmen og plateinnspelinga basert på konserten ønskte ho å få fram det som var hennar utgangspunkt og første inspirasjonskjelde - gospelmusikken slik han oppstod  i dei afroamerikanske religiøse forsamlingane. Arethas far var baptistpastoren Clarence Franklin som og deltek i denne konsertfilmen, og hennar platedebut som 14 åring var med "The Gospel Soul of Aretha Franklin".

Då Aretha Franklin døydde for nokså nøyaktig eit år sidan vart ho hylla som ein av dei største artistane på 1900 talet. 18 Grammy prisar,  første kvinne i Rock and Roll Hall of Fame, rangert som nr 9 av "100 greatest Artists" av tidsskriftet  Rolling Stonef or å nevna eit par døme. Ho deltok og  i innsetjingsserminiane for tre presidentar, Jimmy Carter, Bill Clinton, Barack Obama, men vegra seg for å støtta opp om dagens president!

"The Queen of Soul", singer, songwriter, pianist men og borgarrettsaktivist på same måte som faren.
Pastor Clarence Franklin var ein nær ven av Martin Luther King og deltok aktivt i borgarrettsrørsla på 1950- 60 talet. Aretha var nok inspirert av faren, og ho vart nok eit slags ikon for borgarettsrørsla. Ho favna både afroamerikanarane og "native americans".

Eg har ikkje noko nært forhald korkje til Aretha Franklin som artist eller gospel, blues og soul som sjanger, men vart likevel grepen av denne filmatiske framstillinga. Det var ein slike ekte intensitet, ei slik overveldande formidling av det som og var film tittelen: Amazing Grace - overveldande nåde !
Det er naturlegvis også eit interessant tidsbilete, men små fine detaljar som då ein i salen reiser seg og klappar begeistra, det er Mick Jagger. Pastor James Cleveland knytar det heile saman og introduserar såvel Clarence Franklin  og gospelesongaren Clara Ward som var eit av Arethas store  idol.

Religionen  var ei viktig inspirasjonskjelde og drivkraft hos mange av dei sentrale peronane i borgarrettsrørsla. Vi er alle like for Gud, men sjølv om det formelt er like rettar for alle er det enno langt fram før det er reelt like rettar og livsvilkar for alle. Trua var og Aretha Franklins støtte gjennom såvel eit turbulent privatliv som eit hektisk atistliv. Ho vil fortsatt vera ei viktig inpirasjonskjelde for såvel unge musikarar som alle dei som kjempar for eit humant og rettvist samfunn.




Her eit artig opptak frå 2015 der Aretha Franklin syng for pave Frans.

 https://www.youtube.com/watch?v=BH81E984ezw




fredag 16. august 2019

Wislawa Szymborska

Det polske lyrikaren Wislawa Szymborska ( 1923 -2012) fekk vel fortent nobelprisen i litteratur i 1996. Ho debuterte i 1945 og heldt fram med å skriva heilt til det siste. Ho budde mest heile livet i Krakow.
Szymborska sine dikt tek ofte utgongspunktet i konkrete og daglegdagse hendingar, dei er underfundige og med eit streif av humor. Men under det heile ligg dei store spørsmåla i tilveret.

Lenker


Brennhet dag, hundehus og en hund i lenke.
Noen få skritt unna en skål full av vann.
Men lenken er for kort og hunden rekker ikke frem.
La oss legge enda en detalj til bildet:
våre så mye lengre
og mindre synlige lenker,
som gjør det mulig at vi fritt kan gå forbi.

Som mange poetar reflekterar ho over det å skriva poesi.

Til mitt eget dikt


I beste fall
vil du, diktet mitt, bli lest grundig,
kommentert og husket.

I et mindre gunstig tilfelle
bare skumlest.

En tredje muligehet -
du blir skrevet, absolutt,
men etter en stund kastet i pairkurven.

Du har også en fjerde utvei til disposisjon -
forsvinne uskrevet,
mens du fornøyd mumler noe for deg selv.


Ho reflekterar over språket, over ord og omgrep på ein fascinerande måte.

Tre høyst merkverdige ord


Idet jeg uttaler ordet Fremtid,
tilhører den første stavelsen allerede fortiden.

Idet jeg uttaler ordet Taushet,
bryter jeg den.

Idet jeg uttaler ordet Ingenting
skaper jeg noe som ikke kan rommes av noe tomrom.





torsdag 15. august 2019

Assumptio Beatae Mariae Virginis

I dag feirar vi minnedagen for Marias himmelfart eller rettare uttrykt: Marias opptaking i himmelen. Offisielt vart dette eit dogme i 1950 , men har vore ei trusførestilling som går tilbake til dei første hundreåra etter Kristus.
Vakker messe i St. Ansgar i kveld, vi tenner lys og ber om Marias forbøn.

Antifon til laudes: Jomfru Mari er løftet over englenes kor; måtte alle troende glede seg og prise Herren.



                               
       

                                    Maria alteret i St. Ansgar  15.august 2019

Antifon til Magnificat: I dag ble Jomfru Maria tatt opp til himmelen. Gled og fryd dere, for hun skal trone hos Kristus for evig.


mandag 12. august 2019

Skjærgårdsmesse

Sven Kærup Bjørneboe er  nok langt mindre kjent enn sin onkel Jens Bjørneboe, som han forresten har skreve ei bok om. Han har ingen stor produksjon men tekstane hans er vakre og djuptloddande.  Eg finn fram hans "Skjærgårdsmesse" frå 2001, ei vakker perle av ei bok. Det er vanskeleg å plassera "Skjærgårdsmesse"  i nokon form for sjanger, sjølv kallar han det  "Et skilderi". Bjørneboe skildrar daglegdagse hendingar og ulike personar i eit tenkt lokalsamfunn "Storøy" på Sørlandskysten. Vi føl desse personane gjennom ei rekkje  røyndomsnære person- og situasjonsteiknigar frå haust til vår, ein vinter på øya. Men heile tida ligg dei store eksistensielle spørsmåla der, like under det nære og konkrete.

" Vi fødes, vi dør. De aller fleste tar ikke inn over seg det enorme faktum at de er til. Og det like enorme faktum at vi skal dø. Hadde vi gjort det, ville vi i samme øyeblikk oppleve virkligheten religiøst.
Det gies ingen mulighet for snusfornuft i dette enorme faktum at vi er til. Et faktum fylt av religion. Også Jahve betyr jo han-som-er, eller jeg- er- den-som-er ?"

Inngangsporten til dette store mysterium er hos Bjørneboe det konkrete og daglegdagse, og her rører han ved det som mange av mystikarane har innsett. Mystikken ligg i det daglege og kvardagslege, alt kan bli til bøn., både det å hogga ved, laga mat og vaska opp.

"Hvem kan stole på folk som ellers påstår å kjenne livet og gåtene, men ingenting vet om hvordan rugbrød bakes eller eikekubber kløyves ?"

Det skjer kanskje ikkje så mykje i livet til desse personane Bjørneboe skildrar med slik varme, det eine året er nokså like det neste slik det var for dei fleste for eit par generasjonar sidan før vi vart  kasta inn i dette heseblesande jaget etter stadig fornying, omskolering og oppdatering.
Men liva deira er likevel unike, noko heilt nytt i universet.

"Det skjer ikke mye i våre liv. Vi fødes, vi eskisterer, vi dør. Noen få viktige overganger i livet, men ellers ingen story, ingen handling slik litteraturen gjerne vil innbille oss.

Ditt liv, ditt spor. For første gang gjennom årmilliarder et liv og et spor som iallfall er ditt: Noe nytt i universum, noe som ikke var der før."

Artig er det å lesa Bjørneboes profetsike ord på slutten av boka:

"Vent bare: Om et tiår eller to når den globale værsituasjonen for alvor kommer i ulage, vil dagens værvarsel få første prioritet i verdenspressen, ja selv prestene vil bli værpredikanter."

Han kunne ikkje få meir rett ! Men det er ein liten digresjon i boka, hovudtemaet er det tidlause store mysteriet, som vi  bare kan ana litt av gjennom det konkrete og daglegdagse. Kanskje blir det til ei  messe der desse jordnære og kloke menneska kan bøya seg i ærefrykt.






Poetica: Like as the waves


« Like as the waves»

Mjuk augustkveld lange rolege sømjetak solskiva like over øyeveten lyset varmt og omfavnande så stiga opp av fjorden vassa mot fjøra med glatte steinar og stive strå mot fotsålen «Like as the waves make towards the pebbled shore, So do our minutes hasten to their end». Kvifor skulle så desse linjene frå Shakespeares sonetter dukka opp i tanken for er det ikkje i kveldar som denne at uroen slepp taket og berre augneblinken er utan språk eller minne ? (Shakespeares sonett 60)





fredag 2. august 2019

Røldal stavkyrkje

"I kyrkja til Røldal eit bilete hekk
so mang ein sæling til frelse,
for sjuke og saare til dette gjekk
og fingo atter si helse."

Slik skildrar A.O. Vinje  i " Storegut" det undergjerande krusifikset i stavkyrkja i Røldal. Røldal var gjennom Mellomalderen det nest viktigaste pilegrimsmålet i Norge, berre Nidarosdomem trakk fleire pilegrimar. Reformasjonen medførte eit forbod mot pilegrimsreiser, men den folkelege tradisjonen var sterkare og Røldal var eit mål for pilegrimar til godt ut på 1800 talet. Det var det undergjerande krusifikset som var målet, kvar jonsok( 6 juli etter den julianske kalenderen) svetta krusifikset, og strauk ein noko av denne svetten på seg var det von om lækedom for sjukdom eller skade. Frå fjern og nær kom folk til denne avstengte fjellbygda! Dei fleste merka nok ikkje stor forskjell når det kom til dei kroppslege plagene, men kanskje opplevde dei likevel eit andeleg løft i det store fellesskapet av andre pilegrimar. Alt strevet var likevel ikkje til fånyttes, det kan ikkje ha vore det når folk held fram med å vandra over fjell og vidder hundreår etter hundreår!
Iflg.tradisjonen vart krusifikset funne i garnet til ein ung gut og ein eldre blind mann som var ute på vatnet og fiska..Den blinde tok på krusifikset og strauk seg over augene og dermed fekk han synet att. Ei fin historie, men meir sannsynleg er det vel at krusifikset vart skore ut av ein omreisande tysk kunstnar ein gong på 1200 talet.

Stavkyrkja er oppført på 1200 talet, men det er gjort omfattande forandringar både på 1600 talet og 1800 talet. Rosemålinga er frå barokken på 1600 talet.Vi ser likevel tydeleg det som var den opphavelege utforminga.

Valfarten til kyrkja i Røldal er teken opp att i moderne tid, så det var altså berre eit brot på vel 150 år i denne tradisjonen som har røtene sine på 1200 talet. Denne gongen kjem vi der i slutten av juli, ei stund etter jonsok, men kan likevel ikkje unngå å gripast av denne staden som liksom Selja er "a thin place", ein stad der skilje mellom  denne sida og det evige er ekstra tynn. Vi kan augna ei lita luke inn til mysteriet!