søndag 25. januar 2015

Poetica 2006


Aldri andre enn du



Aldri andre enn du

som når du snur deg

handa kviler enno mot døra

denne siste gongen

håret ditt flyt utover

lik elva gjennom slettelandet

desse stega likevel så lette

blikket alt kvilande

mot den andre sida.

 

Døra attleten

striper av låg kveldssol

med rolege tak ror du båten

kjølvatnet mørke utvida pupiller

djupet kan enno vera der

varme skuggar føl deg

 

Den andre sida tøyer stega dine

du trør lett i sanden

djupet skal sova åleine no

ei naken hand over håret

blikket blått og utslettande

aldri andre enn du

som når du snudde deg første gongen

handa kvilande mot døra.

 
---------------------------------------------------------------------------
 

 

                   Det som er nærast.

 

 


                  Var det noko du las ?

alle  sidene, orda , uløyste kodar

ein etter ein stod dei fram

klårare og klårare vart dei,

og likevel vanskeleg å skilja ut.

 

Eller var det draumen din ?

draumen som kunne løfta kvardagen

ut av morgondisen

og så gjennomlyst bli eit bilete

langt bak i minnet.

 

Var det likevel ditt verk ?

det du tok på            

rørte ved med hendene dine

eller med røysta di

og så attende til andre røyndomar.

 

Kva er det no ?

du møtar dagen våpenlaus

krev ikkje noko

du les, drøymer, talar, handlar

og ingen vil nokon gong veta

kva som er nærast det du trur på.

 
----------------------------------------------------------------------------------
 




 

Det vi tala om

 
No skil vi ikke lenger
mellom  det vi ein gong tala om
og det som var
ein uforløyst løyndom
like attmed oss,
det følgde oss tett
like i hælane våre
av og til ein skugge i skogbrynet
fort borte
ein annan dag
einslege fotefar i mosen
der vi gjekk like etter
oftast berre ei uklar kjensle
av noko som er
snudde vi oss
lydde det som
ei fin risling av vatn
eller kram snø like etter nyttår
orda som er
tida som teier.
 
---------------------------------------------------------------------------------
       

                                     Gråt ikkje lenger.


 
                  Det djupaste mørkret er ikkje innanfor
                  men utanfor,
                  den største fortvilinga er ikkje innanfor
                  men utanfor,
                  den gjennomtrengande kulden er ikkje innanfor
                  men utanfor,
                  celleveggen er verda di Helena,
                  det er få timar igjen,
                  alt skal fullendast,
                  tårene er ikkje for deg,
                  men for dine kjære,
                  natta er deira , dagen er din,
                  aldri åleine.
 
                  No løftar du dei folda hendene dine,
                  kjenner den kalde og fuktige muren,
                  handflatene svir,
                  med faste rørsler ritar du i murpussen
                  ”Nei, mor gråt ikkje.
                   Himmeldroninga vil alltid ta vare på meg.
                   Zdeowas Mario ” (Ver helsa Maria)
 
 
 
 
Polske Helena Wanda Blazusiakowna blei henretta av Gestapo atten år gammal.
Innskrifta på slutten av diktet rissa ho inn på celleveggen like før ho døydde.
Brukt i Henryk Goreckis  symfoni nr. 3.   

--------------------------------------------------------------------------------------
 

               Haustbøn.

 
Mørkret er så nær , så nær oss
 
det er som det budde inst inne i oss
som om det kom derifrå
strøymande ut av djup
vi aldri skulle kunna kjenna
 
Mørkret fylt av regn
blanda uløyseleg i dette gjennomvåte
døden som eit anna ord
uforståeleg, lik ei fjern mumling
så - ei hand som stryk
varleg over den dogga ruta
eit ømt teikn
åleine – aldri åleine
 
Å Maria ! Du mor i regn og mørkre.
Du mor i død og natt.
Høyr nådig bønene vår.
Bønhøyr oss.
 
 
Ultimo nov. 2006
Gravferda til ein ung slektning
 
-----------------------------------------------------------------------------------------
”Det förflutnas ständiga närvaro.”
  Knut Ståhlberg       
 
 

                   Håret veks ut igjen.

 

                  

Håret veks ut igjen der saksa glei over det blonde dokkehovudet,
jenta held henne opp i forsiktig forventning, armane utstrekt mot
framtida. Ho myser lett mot sola denne søndags ettermiddagen i mars
eller kanskje tidleg april, tre år innpå sekstitallet. Den kvite hua trekt godt
ned over øyrene, skjørt og ullstrømpebukse , grønn strikkejakke,
eller kanskje det var lyseblå, svart- kvitt bilete teier om denne vesle
detaljen. Det er ikkje det viktigaste, mora held det halvt år gamle
jentebarnet, trygg i vissa om å bli teken vare på. Mora er enno ikkje
fylt tretti, livet er forventning ikkje om det ho skal nå, men det desse
små rundt henne ein dag vil ta del i. Eller kanskje tenkjer ho ikkje lenger
enn første skuledagen til den eldste, det er enno meir enn eit år til,
for enno er det nitten sekstitre, John F.  Kennedy lever, Vietnam
berre eit fjernt ekko, ingen spor av menneskeføtter i månestøvet,
John og Paul har enno ikkje skreve Yesterday . Ryggen vendt mot
trappa, murpussen skallar av på det øvste trinnet, døra som treng
maling, mørk genser med sirleg mønster ytst på armane, stripete
sokkar, buksene klør.
 
Denne augneblinken fastfrosen, svart og kvite konturar i det gamle
fotoapparatet som faren styrer, her er han ikkje eingong ein
svinnande skugge. Straks skal det frosne løysast opp, tinast, rørslene
bli verkelege, dei to eldste skal springa av stad, dokka får plassen i
vogna, der den grå og kvite katten som ikkje er med på bilete har sove
sin velfortente svevn. Den minste jenta sutrar litt, sola står lågare,
det er kjølig, snart vil mora gå inn med henne, guten og den største
jenta er der enno, søndagskledde like utanfor biletkanten.
Seinare ropar ho dei inn, sølete sko, huer og ullgenser, lukt av kaffi
og kaker, den minste på sofaen i blå, strikka sparkebukser.
Så er dei der -  uvitande om Kennedy, Vietnam, Biafra, Irak og 11.
september, det første barnebarnet som blir fødd tjue år seinare,
bestefaren  som skal fylla hundre år og enno vera i tida to år etter det.
Kaffi, saft og kaker rundt bordet, biletet vert plukka opp og sett inn
i ramme, meir enn førti år er borte (?), men lyden av leikande barn
høyrest enno samstundes med bølgeslaga mot skipet som oldefaren vender
heim på etter tolv år i Afrika, ventande på at håret ein gong skal
veksa ut igjen.
 
(Refleksjonar over eit barndomsbilete)
 
----------------------------------------------------------------------------------------
 
 


                                       Morgon

 
                   No spelar ljoset frå austleg lei
                   no leikar fivreld i bjørkekratt
                   vi vaknar opp til så ven ei hei
                   der dagen gjev oss ein ukjent skatt.
 
                    Vi opnar døra med lette steg
                    og trør så varleg på doggvåt jord
                    og vinden syner oss klårt ein veg
                    der verda talar med milde ord.
 
 
                                        
                                           *
                    gjennomlyst morgon
                    solstrålene lyfter deg inn i dagen  
                    fjørlett, undrande.
                           
                                             *
                     åleine, gjennomsiktig
                     fjellet speglar augneblinken.

--------------------------------------------------------------------------------------------
 

           Nyanse

 
Orda dekkjer ikkje
desse ørsmå nyansane
i form og farge
som møter deg
du går heimover
litt ustø
i ljos junimorgon
etter mange timar
i godt lag
og så likevel
er dei der
raude, rosa, fiolette
djupe, grunne
mørke,ljose.
 
Så dette er altså verda
menneskas heim
som språket aldri
skal kunna temja.
 
-------------------------------------------------------------------------------------
 

            Når ein ven døyr.

 

Alt er som før når dagen opnar seg
 
mot gatenes mållause travelhet
mot solljoset, drivande skyer
i mjuk seinsommar dag
og likevel ikkje som før
noko er stroke ut
varsamt som av ei mykje større hand
andedraga som gjekk så jamnt
så meir uregelbunde
til sist borte knapt merkbart
som ljos vi bles ut seint ein kveld
 
Utan å veta det
tenner eg ljos same augneblinken
først fleire dagar seinare
skal det nå inn til meg
då er ljosa alt lenge brent ned
i mjuk sand framom Marias vakande blikk
så kan eg snu meg mot den andre sida
bileta og takksemda er der levande
inga hand skal stryka dei ut
ikkje no og heller ikkje når kvelden
lukkar seg for siste gong.
 
Det siste bilete
di takksemd for musikken
”Alles mit Gott und nicht ohne ihn”
Bach-kantaten som kvilte
i nesten tre hundreår
før vi fekk ta imot
levande no
og alltid !
 
 
                      Til minne om Erlend Bergesen
25. august 2006
-----------------------------------------------------------------------------
 
 
 

      ” One of these days”

        

 
Ikkje i dag eller i morgen
 
heller ikkje i går
ein annan gong
ein av desse dagane
du aldri ville kunna skilja
frå alle dei andre
du vaknar til
varm vind og støv
som svir i augene
du sit midt i trappa
jeans og lange brune støvlettar
det lange mørke håret
fell  lett framover
løyner halvvegs blikket ditt
spørjande…
vi skulle snart til å gå forbi.
 
(Emmylou Harris: Elite Hotel 1975)
 
--------------------------------------------------------------------------------
 
 



 

Sirkel og rørsle.

 

 
No er du der , inni denne sirkelen med rørsle
der det går rundt, fortare og fortare
håret ditt som eit mjukt teppe
vinden løftar det
inn mot det morgonklåre ljoset.
Songen blir fødd av rørsla
og føder rørsla,
handa grip etter glaset
munnen som foldar seg rundt
dei gyldne dråpane
der alt er rørsle og alt er song.
Du er ikkje åleine
borna klappar kattungar
og vifter med kvister
som enno held haustgult lauv.
Rørsla veks utover sirkelen
du snur deg
handa di strekt halvvegs framover
det er lenge til våren
og vi er ikkje klar til å døy enno.
 
------------------------------------------------------------------------------
 
 

Songen din.

 

Slik tømmest glasa våre
munnfull for munnfull
dråpen som glitrar på leppene dine
songen skal nå verda utanfor
høyr – varme skuggar stryk forbi oss
natta er stjernklår
enno kan vi skåla med  ukjente vener
og la glasa fyllast på ny.
 
  
  Bien bar oktober 2006, Margrethe framfører eigne songar

 -----------------------------------------------------------------------
 


 

Tre søstre

 

              sein september
                     regntung skodde
                    varmen innanfrå
                    noko dei eig i saman 
                   dei tre som sit der
                    orda sit laust
                    ber  sine eigne draumar
                    ei verd dei ikkje hadde del i
                    dei som lyttar
                    og ikkje lenger lurer på noko
                    spørsmåla er stilt for lenge sidan
                    svara gjevne lenge før.       
 
 
Rosendal sept.2005
Mora mi saman med søstrene sine

------------------------------------------------------------------------------
 

                         Ukjente vener.

 

          

           Samantrengt i menneskemengda
              du skundar deg opp landgangen
              åleine og likevel saman
              du ser deg ikkje attende no.
           Du står i baugen
              blikket mot horisonten
   Atlanterhavet slår mot skroget
           dønningane over denne heimlause hinna
              djupet under og inni deg
              du pustar forventningas lette andedrag
 
              Sceneteppet til sides
              som av ei mykje større hand
              kjølvatnet som ei varm stripe
              åtti år seinare
              førestillinga er di
              du løftar glaset og skålar
              med dei du møtte på veg over havet
              og med dei eg aldri skal møta.  
 
    
(Jules Supervielle diktsamling   ”Les  Amis inconnu ” 1932)

   ------------------------------------------------------------------------------------
                             
 


 

Ventande

 
 
 Kort tid igjen
 du står i kvikksand                        
 bølgene slår mot desember
 tårene som drypper fra natta
 snart stengetid.
 
 Klokka er åtte
 tussmørke og iskald andre juledag
 kvikksanden lukkar seg
 du ventar ikkje meir
 små papirbitar spreiest med vinden
 ei gul rose i snøen
 enno ventar vi
 nokon skal koma.
 
(Samuel Beckett 1906 – 1989)


                            






 
 
 
 
 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar