tirsdag 25. juni 2019

Ingøy

Vi er på veg med hurtigbåten frå Hammerfest til Ingøy ute i havgapet. Det bles ikkje mykje , men lange dønningar får båten til å gynga og enkelte vert sjøsjuke. Det er litt eksotisk for meg, eg har rett nok vore på Svalbard ein gong for lenge sidan , men aldri i Finnmark. Vi er framme i kveldinga, det er bare 6-7 grader og kald vind, det kjennest arktisk, 71 grader nord og Nordishavet rett imot. Etter kvart finn vi oss til rette på det tidlegare skuleinternatet som no fungerar som overnattingsstad.

Ingøy ligg to timar med båt frå Hammerfest, like sør for øya ligg den noko større Rolvsøy. Det er berre omlag 15 fastbuande her no, enno enkelte fiskarar sjølv om fiskebruka er nedlagt. Men her er turisme, fisketuristar frå Tyskland og Aust-Europa. Ingøy med sentrum Inga har framleis ein liten butikk for turistar og fastbuande, men det er ein stund sidan dette var eit levande lokalsamfunn. På 1500 talet var dette eit av dei to største fiskværa i Finnmark, og på 1800 talet var dette kommunesenter i Måsøy kommune, no er det i Havøysund vi finn administrasjon og helsesenter.
Vi overnattar der på veg heim, og blir kjørt rundt på sightseeing av velviljuge fastbuande!

Nord for Ingøy finn vi Fruholmen fyr som lenge var verdas nordlegaste bemanna fyr, men no automatisert, og så har vi Skandinavias høgste byggverk her, ei radiomast som hevar seg heile 362 meter opp over det arktiske landskapet som minnar meg om høgfjellet i sør. Forskjellen er kanskje bare at her veks moltene mykje tettare og i havnivå!

Mest alt av bygningar på Ingøy, inkludert kyrkja men ikkje likhuset, vart brent av tyskarane på slutten av krigen. Husa ber preg av å ha vorte sett opp i hast i dei tunge åra etter krigen. Kyrkja er bygd opp igjen og er noko av det første ein får auga på når ein kjem med båten frå Hammerfest eller Havøysund. På ei flate like  nedanfor  kyrkja finn vi gravplassen, gravsteinar som vitnar om slitsame liv for å overleva her opp. Fleire barnegraver på 1950 -1960 talet understrekar dette. Ingen barn døyr i Norge i dag, og vi gløymer fort at det berre er få ti år sidan dette ikkje var uvanleg, ulukker, drukning, infeksjonar.

Det blir fine dagar på Ingøy både fagleg og sosialt. Nytrekt torsk og fersk kongekrabbe set ein spiss på det heile!

















søndag 23. juni 2019

Corpus Christi

Corpus Christi - Festen for Kristi lekam og blod  kan førast tilbake til Mellomalderen og har vore ein fast tradisjon i katolske land. Dei siste åra har det også vore skakramentsprosesjon i mange norske byar. Her frå årets prosesjon i Kristiansand med St. Ansgar menighet. Prosesjon  gjennom byen med tre alter utandørs undervegs. Vakkert og inntrykksfullt denne fine sommardagen !











lørdag 22. juni 2019

Vardagsmystik

Biskop og kardinal Anders Arborelius skriv i eit reträttföredrag om "Vardagsmystik". Mystikk betyr at trua på Kristus blir integrert i våre liv og ber frukt. Her er eit kort utdrag med fokus på korleis Kristusmysteriet kan fylla våre liv.

" Ordet mystik innebär att mysteriet, trons mysterium, tron på Kristus, integreras i vårt liv och bär frukt. Det objektiv mysteriet, den tro vi bekänner på Jesus Kristus och hans frälsning, blir en erfarenhet och vårt sett att leva. Det är inte bara något vi tittar på utifrån, utan det blir den livsluft vi lever  av. Själva vår eksistens blir att få del av Kristusmysteriet och blir då mystik. Man talar om mystik i många sammanhang, men för oss kristna innebär det denna omdaning i Jesus Kristus. Vi skal som Elisabeth ( av Treenigheten) säger, förenas allt inneligare med honom, så att vi blir mer och mer lika honom. Det år en process som pågår ända sedan vi döptes, vare sig vi tänker på det eller inte. Genom dopet har Kristusmysteriet blivit en inre verklighet i oss, och vi har fått del av trons mysterium. Varje gång vi firar mässan bekänner vi efter konsekrationen:" Din död förkunnar vi Herre, och din uppståndelse  bekänner vi, till dess du återkommer i härlighet". Kristi död och uppståndelse är en inre verklighet i oss. Vi har del av dette hela tiden. Vi växer in mer och mer i föreningen med Jesus, om vi tar emot mysteriet, öppnar oss och låter det ske."





onsdag 19. juni 2019

Sankta Eugenia katolska församling

S:ta  Eugenia katolska församling ligg på Kungsträdgårdsgatan sentralt i Stockholm og vart grunnlagt i 1837 som ein av Sveriges første. Den noverande kyrkja  er frå 1982. Forsamlinga har over 10.000 medlemmer og når ein les S:ta Eugenia kyrkoblad får ein inntrykk av at dette er ein svært aktiv forsamling med mange aktivitetar. Dei fire prestane tilhøyrer jesuittordenen.
Sankta Eugenia var ein romersk martyr frå 200 talet, men forsamlinga har navn etter ein annan helgen  St. Eugenie d`Alsace som levde frå 700 - 735.
Sjølv om det ikkje er messe når eg vitjar kyrkja er det alltid fint å ta seg tid i ro framom sakramentet.
Etterpå går vi til kafeen som forsamlinga driv og drikk kaffi medan vi ventar på at den rikhaldige bokhandelen skal opna. Eg kjøper ei nyleg utgjeven bok med biskop og kardinal Anders Arborelius sine preiker og artiklar frå det siste året  etter at han vart utnemd til kardinal. Ser fram til å lesa den !









Församlingens kallelse
  • Vi i S:ta Eugenia utgör en mångkulturell katolsk församling i Stockholm.
  • Vår församlings huvud är Kristus som bygger upp oss till sin kropp genom en levande liturgi
  • och förnyar oss genom sitt ord och Kyrkans sakrament.
  • Vi är en trons gemenskap, utsänd till att förkunna Kristus i dialog med omvärlden.
  • Vi skall förmedla Guds kärlek till dem som söker och till dem som är utsatta i världen.
  • Vi öppnar oss för Andens gåvor.
  • Vänskap, lyhördhet och frimodighet skall känneteckna vår gemenskaps vittnesbörd.