torsdag 22. januar 2015

Stille i ord, handling og haldning.

I "Gjem deg ved bekken Kerit" skriv Wilfrid Stinissen om dei ulike sider ved livet i Karmel. Boka er primært retta mot dei  brødre og søstre som lever eit monastisk liv, men burde ha appell også utover denne vesle gruppa.
Eit av kapittel handlar om "Stillhet" som i Karmel ikkje bare er eit påbod blant andre, men eifundamental haldning. Utan den er all tale om kjærleiksfull merksemd meiningslaus. Karmels regel siterar frå Jesaja 30,15:" I stille og tillit skal dykkar styrke vera." I Karmel er ikkje stilla bot og forsaking, men ei dør som leiar direkte inn i Guds eige liv. Dess stillare du er dess meir er du på Guds bølgelengde. Det viktigaste er ikkje kva vi seier, men kva Gud seier til oss, seier Moder Teresa. Vi elskar ikkje stilla for dens eiga skuld, men  for å kunna lytta. Det er dette som vert skildra i 1.Kong 19 der profeten Elia møter Herren, ikkje i jordskjelvet eller elden, men i "skir stilla."
Å leva i stilla er ei gjennomgripande livshaldning som ikkje bare dreier seg om ord, men også om handling og haldning. Kroppshaldning og alle små daglegdagse handlingar skal utstråla ein atmosfære av stille. Dette er den ytre stilla som er ein føresetnad for den indre stilla som leiar inn til kontemplasjonen og den ordlause bøna. "En karmelittnonne hungrer etter stillhet (affame de silence) for alltid å kunne lytte" skriv Den salige Elisabeth. Vidare skriv ho: " En karmelittnonnes liv, det er stillheten; hun elsker den over alt annet."
Stilla som er så sentral i Karmel er kanskje og noko mange som lever ute i verda kjenner ein medviten eller umedviten lengting etter. " Jo meir støyende vår vrden blir, desto sterkere blir også - hos en voksende minoritet - lengselen etter stillhet og ro. Vår orden tilbyr et svar til alle som søker stillhet." skriv broder Wilfrid.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar