torsdag 23. desember 2021

Velsigna julefeiring

 Adventstida i forventning om det som skal koma. Tekstane i tidebønene for Advent understrekar dette. Det bryt med det som pregar samtidskulturen elllers, jula byrjar i november ein gong og er slutt i romjula. Kvar vert det då av forventninga ?

Sentrale tekstar er frå Jesaja:

"Det folket som går i mørkret , ser eit stort lys. Over dei som bur i dødsskuggens land land, strålar lyset fram." (Jes 9.2)

"Ein kvist skal skyta opp frå Isais stubbe, eit skot skal spira fram frå hans røter. Herrens ande skal kvila over han, ein Ande med visdom og forstand, ein Ande med råd og styrke, ein Ande som gjev kunnskap og frykt for Herren." (Jes11.1-2)

Og så frå Paulus brev:

"Dessutan veit det kor langt det lid: Timen er komen då de må vakna opp av søvnen, for frelsa er oss nærare no enn då vi kom til trua. Natta lid, og det stundar mot dag. Lat  oss difor leggja bort dei gjerningane som høyrer mørkret til, og kle oss i den rustning som høyrer lyset til." (Rom 13, 11-12)

Bernhard av Clervaux vakre tekst om heile verda som ventar på Marias svar. Han knyter skapinga  saman med den frelsa som skal koma. "Vi er alle blitt skapte ved Guds evige Ord, men likevel går vi døden i møte. Ved et lite ord fra deg kan vi skapes på ny og kalles tilbake til livet."

Forventninga blir strekt mot bristepunktet: " Skynd deg, Jomfru, kom med ditt svar ! Svar engelen fort, eller snarere: svar Herren ved engelens mellomkomst! Svar med et ord og ta imot Ordet; si ditt menneskeord og unnfang Guds Ord; uttal et flyktig ord og ta imot det evige ord i din favn."

Og til slutt det avgjerande svaret: " Stå opp, løp bort til døren, lukk opp. Reis deg ved troen, løp i lydighet, lukk opp ved din bekjennelse. Og Maria sa:" Se jeg er Herrens tjenerinne, det skje meg etter ditt ord."




Adventskrans og julekrybbe ute og inne i St.Ansgar

O-antifon til dagens vesper 23. desember:

"O Emmanuel. Å, Emmanuel, du vår konge og vår lovgiver, du frelser som folket lengter etter ! Kom og forløs oss, Herre vår Gud.

Kom , Herre, frels oss!"


søndag 12. desember 2021

Minnedagen for Johannes av Korset

 

Johannes av Korset har minnedag 14. desember. Karmelittmunk, prest, poet, mystikar, klosterstiftar helgen, kyrkjelærar, Eg vender stadig tilbake til han , ein av dei store på det turbulente 1500 talet, men og ein av dei store når ein ser på heile Kyrkjas historie.

Sitatet under er frå "Bestigningen av Karmelfjellet" og illustrerar det Kristus sentrerte i Johannes utlegning. Gud har gjeve oss eit endeleg svar i sin Son, i Ordet. Heile Det gamle testamentet med sine historiar og profetiar peikar fram mot det. 

"Hovedårsaken  til at det under den gamle lov var tillatt å stille Gud spørsmål, og hvorfor det var nødvendig for profeter og prester å søke syn og åpenbaring fra Gud, var at på den tiden var troen ennå ikke grunnfestet og Evangeliets lov ikke fastlagt. Derfor var det dem maktpåliggende å utspørre Gud, og Gud måtte svare dem, snart ved ord, snart ved syner og åpenbaringer, i form av billeder og lignelser, eller mange andre måter å la oss få lære sannheten å kjenne. Alle hans svar, ord, gjerninger eller åpenbaringer var mysterier i vår hellige tro, eller i det minste noe som angikk troen, eller pekte i retning av den.
Men nå da troen på Kristus er grunnfestet, og Evangeliets lov i denne  nådens tid er forkynt, er det ikke lenger noen grunn til å utfritte Gud på samme måte som før, og heller ikke for ham å tale og svare slik han før gjorde. Ved å gi oss sin Sønn, som er hans Ord, har han ikke flere ord å komme med. Alt har Han sagt oss en gang for alle i dette ene Ord. Han har ikke mer å si oss."


Men Sonen er med frå opphavet, Han er ikkje skapt men er med i skapinga. Det er eit viktig poeng som Johannes skriv om i " Åndelig sang":

"Skaperverket, slik den guddommelige Augustin sier, vitner i seg selv til en viss grad om Guds storhet og fullkommenhet. for Gud som skapte alt med største letthet og på et øyeblikk, etterlot som et spor av seg selvi skaperberket, for ikke bare skapte han alt av intet, men han beriket og smykket det han hadde skapt, med uttalige nådegaver og gode egenskaper, med en vidunderlig orden og innbyrdes sammenheng. Alt dette gjorde han ved sin Visdom, det vil si sitt Ord, sin enbårne Sønn."

Desse nådegåver og eigenskaper kan vi og få del i. Johannes skriv vidare:

"Ved å opphøye sin inkarnerte Sønn og reise ham legemlig opp  fra de døde prydet ikke Gud Fader skapningen bare delvis, men vi kan si at han ikledde den skjønnhet og ære i full mon."


Gaudete søndag

Gledeleg tredje søndag i advent- Gaudete søndag. Den liturgiske fargen er i dag rosa ikkje fiolett.
 

Kom glede, kom ! (Gaudete søndag)


Dagen lukkar seg tidleg no

sola, berre eit glimt av vår sjeldne gjest

så tussmørket i ventetida

og lyset kan tennast

den rosa gleda bryt fasten

du kan ropa ut det som bore

av engelvenger opnar himmelen.

Stjernetydar, gjetar, vertshusvert,

kven dekkar bord for dykk ?

Kven sjenkar glas og delar ut,

ein frukt av gyllent korn og mørke druer ?

Vi ventar no, urørleg, lyttande.

Kom glede, kom !





lørdag 11. desember 2021

Ute, langt der ute

 "Ute, langt der ute" er ei samling dikt av Edvard Hoem henta frå heile hans forfattarskap frå 1967 og fram til i dag. Edvard Hoem er ein svært produktiv forfattar som har markerte seg innan dei fleste litterære sjangrar, og etterkvart har vorte ein av våre mest populære  og leste forfattarar. Han er kanskje ikkje så godt kjent som poet og salmediktar, denne samlinga viser også denne sida ved hans forfattarskap. Dikta er prega av to motsatte rørsler, som Unn Falkeid peikar på i etterordet, lengtinga utover, langt der ute og dragninga heimeover, mot heimstaden og barndomslandet. Hoems poesi er sanselege og inderlege, og det er musikk i versa. Fleire av dikta og salmane er og tonesette. Salmen " Den fattige Gud"  er mykje  nytta.

To av dikta er nær knytta til venen og kollegaen Kolbjørn Falkeid som døydde i sommar. Det eine er eit minnedikt framført ved den store poetens båre 2. juli i år, "Livet og døden flettar seg saman". Det sluttar med verset: " Eg ser Kolbjørn Falkeid trø/ med høgtid og sjenanse/over den siste grensa/Der står han og speidar etter dottera Helga/med sitt uutgrunnelege smil."  Det leiar naturleg  til det  andre diktet  som handlar om denne Helga som døydde så tragisk og altfor tidleg. Eit vakkert dikt som venen nok sette stor pris på og som hang ved senga hans i alle år.

Her er mange dikt som kan nemnast men eg merka meg eit " Tenk om det finst ein anna veg"  som handlar om  å bryta opp og vera på veg, og om dei som følgjer etter  oss. Kanskje det passar no adventstida?

Alt skulle rettast på

og noko av det fekk vi gjort.

Meir er blitt omsnudd

enn det vi hadde tenkt, og likevel,

når vi skal snakke sant ved milepælen:

Fram kom vi ikkje.


Det er langt igjen, det er altfor langt igjen.

Snart er tida komen for å bryta opp

for å ta fatt på siste delen av reisa

som ingen veit kvar endar.

Vi kulle gjerne ha vore her lenger,

men kvelden kallar, og vi reiser oss.

Vi må innsjå

at vi  skal etterlata rommet, kvelden, stunda

til dei som snart skal koma, til dei som er på veg.


Det er ein annan flokk som i morgon kveld

skal bryta opp for å gi seg på veg

til nye land og tider.

Vi veit dei kjem rett bak oss, vi har høyrt om dei.

Dei er et folkeslag som liknar oss.

Dei ler og ståkar slik vi ein gong gjorde.


Men kanskje har dei ikkje tenkt å bli som oss.

Dei skal sjå det nye annleis.

Berre innimellom vil dei lytte til vår avskilssong,

det er ein rest vinden ber på.

Tenk om det finst eit møtepunkt der framme

der dei ser same landskap som vi no kan sjå 



lørdag 4. desember 2021

Caldaras julekantater

 Antonio Caldara (1670-1736) er nok ein relativt ukjent barokkkomponist  sjølv om han var ein av dei store i si samtids Italia. Fødd i Venezia, faren var fiolonist i same orkester som far til den meir kjente Antonio Vivaldi. Han levde seinare eit omflakkande liv med ulike oppdragsgjevarar, Mantua, Roma, Spania og til sist hoffkapellmeister i Wien der han døydde 66 år gammal. Caldara var ein produktiv komponist med hovudsakleg vokalmusikk i sin produksjon, operaer, oratorium og kantater. I vår tid er hans  kanskje mest kjente verk " Maddalena ai piedi di Cristo" etter ei eminent innspeling med Rene Jacobs og Schola Cantorum Basiliensis i 2001. 

Men det er hans julekantate frå 1713 eg beit meg merke i for mange år sidan då eg kom over ei Naxos innspeling av dette verket. Seinare har det vorte ein slags tradisjon for meg å lytta til Caldaras julekantate  i både adventstida og juletida. I Roma var det på denne tida tradisjon for at ein komponist kvart år vart invitert til å framføra ein kantate for paven etter vesper julekvelden. I 1713 fekk Caldara som hadde opphalde seg i Roma frå 1709, dette oppdraget. Teksten han nytta, "Vaticini di Pace" var ikkje ny, utforma av Paolo Gini med bakgrunn i den samtidige politiske situasjonen med "Den spanske arvefølgekrigen" mellom Habsburg og Bourbon. "Vaticini di Pace" tyder "Profeti om fred" og referar til den pågåande krigen med ønskje om fred og forsoning, men er naturligvis og andeleg i det  profetien peikar mot at barnet som blir fødd julenatta skal gje oss evig fred.

Caldara var nok lite interessert i det politiske og fokuserte på å laga god musikk, og det har han lukkast med. Det er fint å ta med seg i adventstida fram mot julefeiringa!

Lenke til:

Julekantate


Quel Pargoletto                                                       

Infante stretto

che senti piangere

piange per frangere

l`aspro tuo Cor.

Di stille tante

sarai sprezzante?

al suono amabile

sorda implacabile ancor!


(That babe,

little child

that you hear crying

cries to break

your hard Heart.

Will you disdain

such tears?

Still angry, deaf

and implacable to the lovely sound?)