søndag 29. mars 2020

Han ville blitt 98 år

28. mars, oftast like før påske men ein sjeldan gong i påskeveka. Min far var fødd denne dagen langt tilbake i 1922, og vi feira årleg gebursdagen hans. På 70 årsdagen var han bortreist, 80 år vart feira stort, 90 berre med dei næraste. I fjor feira vi 97 årsdagen på Rosendalstunet der han budde dei siste fem åra. Han var redusert men sette nok pris på at vi var der denne dagen. Vi visste ikkje at det vart siste gebursdagsfeiringa, men vi var klar over at det kunne det godt vera. Så døydde han verdig og fredeleg 13. oktober i fjor. Det var ein fin avskjed og ei gravferd slik han hadde ønskt det. Det hadde det ikkje vorte dersom han døydde i desse dagar med coronasmitte og sterke restriksjonar på alt offentleg og privat samver.
Eg la nyleg ut eit bilete av han og ein kamerat som leikar ved bekken (Vetlelvo) like bak huset der han budde.Det er sannsynlegvis teke på byrjinga av 1930 talet, altså omlag nitti år sidan. Det er ei anna verd han rører seg i og som ikkje er vår, vi kan bare "lean kindly across the abyss/to hear words that were once wise" som poeten og presten R.S. Thomas (1913-2000) skriv i diktet eg siterar under.
Men eg er ikkje sikker på det siste "words that were once wise", det fint ord som held og ikkje blir utdatert, det finst ord som held i tid og æve(men det visste nok R.S Thomas og)




Ninetieth Birthday by R. S. Thomas


You go up the long track
That will take a car, but is best walked
On slow foot, noting the lichen
That writes history on the page
Of the grey rock. Trees are about you
At first, but yield to the green bracken,
The nightjars house: you can hear it spin
On warm evenings; it is still now
In the noonday heat, only the lesser
Voices sound, blue-fly and gnat
And the stream's whisper. As the road climbs,
You will pause for breath and the far sea's
Signal will flash, till you turn again
To the steep track, buttressed with cloud.

And there at the top that old woman,
Born almost a century back
In that stone farm, awaits your coming;
Waits for the news of the lost village
She thinks she knows, a place that exists
In her memory only.
You bring her greeting
And praise for having lasted so long
With time's knife shaving the bone.
Yet no bridge joins her own
World with yours, all you can do
Is lean kindly across the abyss
To hear words that were once wise.


22.mars 2012:Nittiårsdagen vart feira med middag på Rosendal Fjordhotell

onsdag 25. mars 2020

Marimesse om våren

25. mars og vi feirar Maria Bodskapsdag som etter liturgireformen offisielt har navnet "Herrens bebudelse"
Dagen vert også kalla Marimesse om våren, Vårfruemesse eller Voffremyss på dialekt der eg kjem frå. Pga. Coronasmitten får vi ikkje feira dagen med messe i dag og vi får ikkje knela under Credo når vi vedkjenner at vi trur på inkarnasjonen. Men sjølv under normale tilstandar er det ikkje like stort fokus på dagen som på dei andre kristne høgtidene.For eigentleg er dette den eine av dei to viktigaste kristne høgtidene, Maria bodskapsdag til minne om at Kristus vart menneske og påskedag til minne om at han overvann døden.
Under er eit lite dikt eg skreiv til denne dagen inspirert av eit familiebilete der bestemora mi står saman med foreldre og søsken framom barndomsheimen. Ho nytta ordet "Voffremyss" om denne dagen.
To små søstre skulle snart bli henta av englar som eg skriv i diktet.
Vi set spesielt vår lit til Marias forbøn i desse tunge tider



Marimesse om våren

Voffremyss sa bestemora mi
dei gamle merkedagane enno ein del av kvardagen
primstaven vendt mot sommarsida
ei krune for himmeldronninga.
På bilete frå førre hundreårsskifte står ho
saman med familien framom barndomsheimen
velstelte potteplanter,lauvtuge frukttre 
og reine gardiner
søstrene på fem og ni år snart tekne ut av tida
foreldrene alvorstyngde som om dei alt merkar
skuggen av englar.
Ver ikke redde de ventande! 
Tenestekvinna skal om litt gje sitt svar !




Antifon til vesper: Se, jeg er Herrens tjenerinne.Det skje meg etter ditt ord.

Magnifikat Notre Dame de Paris:
https://www.youtube.com/watch?v=dpB8GfnbQ3o

mandag 23. mars 2020

Den blindfødde

Teksten for sist søndag var  frå Johannes evangeliet kapittel 9. der Jesus og læresveinane møter ein mann som hadde vore blind frå han var fødd. Læresveinane stiller spørsmål om det er han eller foreldra som har synda sidan han er utan syn. Jesus  gjer det klart at det er korkje han eller foreldrene som har synda, og dermed avsannar han den gamle førestellinga for alltid, lekamleg lyte eller sjukdom er ikke straff for tidelgare sydner !  Jesus er lyset i verda og den blindfødde mannen skal og få sjå dette lyset.
Kristendomen er kroppsleg, Jesus er den kroppsleggjorte Gud, og i denne teksten kjem det klårt fram når han spyttar på ein klump med leire og smør dette på augene til den blinde.

"Så sa han: "Gå og vask deg i Siloa dammen!" Siloa tyder utsend. Mannen gjekk dit og vaska seg, og då han kom att, kunne han sjå."

Vi ser gong på gong at Jesus lækjar kroppslege lyte og sjukdomar, men teksten peikar vidare enn det. Når den blindfødde vert sjåande er det og for å kunna sjå frelsa. Det kjem fram på slutten av kapittelet der Jesus spør han om han trur på Menneskesonen.

"Mannen svara:"Kven er han då, gode herre, så eg kan tru på han ?" "Du har sett han", sa Jesus. " Det er han som no snakkar med deg." "Eg trur ,Herre", sa mannen.Og han tilbad han."

Kristendomen representerar ei drastisk oppvurdering av den materielle verda og dermed også av det kroppslege. Det skjer framfor alt gjennom inkarnasjonen, det guddommelege vert kroppsleggjort, men Jesus viser det også gjennom sine handlingar, han lækjer og vekkjer opp frå dei døde. Dei som bar trua vidare føl opp dette, Paulus, Tertullian,Johannes av Damaskus. Johannes skriv:" I reverence and honour matter, and worship that which has brought my salvation. I honour it not as God,but as a channel of divine strength and grace."
Thomas Aquinas spør: " Skal eit menneske elska kroppen sin ?"  Til det svarar han eit klart ja !

Pave Johannes Paul erklærar: "Through the fact that the Word of God became flesh, the body entered theology through the main door."

I tider med sjukdom kan vi be om lækedom , men vi får ikkje alltid det svaret vi ventar. Kanskje heller ikkje når det er sjukdom som trugar dei mange, slik vi har sett i epidemiar som har råka opp gjennom historia, frå  pestsjukdom skildra i Det gamle Testamentet til dagens Coronasmitte. Kanskje oppnår vi likevel noko ?
Paul Murray op skriv: " Prayer does not always achieve a cure, but it does bring about, for the man or the woman who prays, a grace of healing. That healing , however, is more often av healing of the soul than a healing of the body."

















lørdag 21. mars 2020

Poems from the Edge of Extinction

Ikkje bare bare mangfaldet i naturen er truga , også det enorme språkmangfaldet i verda er truga. Dei fleste av desse språka blir berre brukt av relativt få personar, kanskje bare eit par tusen eller enno færre. Av verdas 7000 språk reknar ein med at halvparten vil vera borte på slutten av det hundreåret ! Kanskje ikkje så farleg vil mange seia ?
Det er blitt sagt at når eit menneske døyr er det som ein roman forsvinn, men når eit språk døyr ut vil det vera som eit heilt bibliotek vert borte. All kultur, alle songar , eventyr, mytar, historiar knytt til dette språket vert borte for alltid. Er ikkje det eit stort tap ?
Nokon prøver å ta vare på dei uttryddingstrua språka. Chris McCabe bidrog i fjor då han kom med antologien " Poems from the Edge of Extinction" med undertittelen " An Anthology of Poetry in Endangered Languages." Her finn vi poesi frå alle verdas kontinent i orginal språkdrakt med engelsk omsetjing.
Eg tek med eit døme på eit kort  og gripande dikt av Anjela Duval (1905-81) frå Bretagne. Bonden som først byrja å skriva  poesi i femtiårs alder, og som etterkvart vart  eit samlingspunkt for dei som ønskte å ta vare på det særmerkte bretonske språket og kulturen knytta til det. Her "Va c`halon" som på engelsk blir "My heart ". Det passar også godt i desse usikre tider.

My heart is a graveyard,
Enclosing many and many a tomb,
Everyday theres is av novel one,
The tombs of parents and friends,
The tombs of the companions I loved so much.
My heart is a graveyard,
........My heart is av sanctuary,
That welcomes all the ones I love.







Nova

På CD`en  " A Garland for Linda"  til minne om Linda McCartney som døydde i 1998 finn vi og den vakre og gripande songen "Nova", tekst og musikk av enkemannen Paul McCartney. Til trøyst og oppmuntring i tider av sorg og motgang !

Are You there ?
God where are You ?
Are You hiding in Your Heaven ?
Or beneath your deepest sea ?
Was there something in our past imperfect ?
Is it something we should have known ?
God where are You ?
Are you hiding God ?
Are you hiding in the rain ?
Are you hiding?
Are you there ?

I am here
I am here in every song you sing
In the wings of the rising lark
Through the darkness to the morning lighet.
I am here as first a new born babe opens eyes on the universe.
I am here
I am here now
I am with you
I am here as ev`ry flake of snow
Washing white on the countryside
As each green blade stretches for the sun
I am here watching over them
I am here as first a new born babe opens eyes on the universe
With each step I`ll be that arms that guides
Now and then `til the end of time
Amen


https://www.youtube.com/watch?v=LI50L1q520A




Minne frå Malmanger

Leik ved Vetlelvo på Malmanger byrjinga av 1930 talet. Før den store flaumen i 1940 rann Vetlelvo frå Storelvo (Hattebergselvo) like ovanfor der Turnhallen låg, vidare gjennom Prestagarden, over Malmanger for så å enda i fjorden der Rosendal Fjordhotell ligg i dag.
Der Storelvo og Vetlelvo møttest låg det ein stor stein, Otrasteinen og kalla Hauchsteinen. Men dette var kanskje to ulike steinar slik det er teikna inn på eit kart i boka "Med kropp og sjel" (side 10.) ? Diktaren Carsten Hauch, som budde på Malmanger prestegard 1798 -1803 skildrar korleis han hadde sin faste fiskeplass ved denne steinen.
Å sitja stille her og venta på at fisken beit må ha gjort eit uutsletteleg inntrykk den unge guten. Seinare skildrar han denne opplevinga i diktet "En erindring" frå 1861.

"Og skal af Jordens Minder
et Hjem jeg bygge hist
da vil den elv gjenfødes
det ved jeg ganske vist."


Leik ved Vetlelvo, Malmanger på byrjinga av 1930 talet. Min far Edvard Thorup (1922- 2019) og ein kamerat.

tirsdag 17. mars 2020

Let us pray for the living

Dominikanar Paul Murray op kom i  2014 med boka "Scars. Essays, Poems and Meditations on Affliction" der han prøver å setja ord på det som ikkje alltid er så lett å setja ord på, lidingas mysterium. Sjølv om den første delen utgjer essays "on Afflictions", er også denne delen skreve i eit poetisk språk som leiar fram mot del to "The dark hours. Songs for the afflicted". Her finn vi diktet "Let Us pray for the Living" som eg føler passer godt i desse dagar. Det gjer forresten heile boka, ikkje minst  den siste delen. "Meditations on the seven last words".

In their rites of passage,
in their crossings,
the dead - like us -
need love, need courage.
Let us pray for the dead.

And remember, remember
those who have been grazed
by the tip of death`s wing
and feel the heart naked:
Let us pray for the living.



mandag 16. mars 2020

Prayer for the Healing of the Sick

John Taveners (1944-2013) verk "Prayer for the Healing of the Sick" vart skreve i 1999 til ein minne cd om Linda McCartney som døydde av brystkreft året før. Ni britiske samtidskomponistar bidreg på denne cd`en ,også Paul McCartney med den vakre komposisjonen "Nova".
Teksten til John Taveners verk er av den ortodokse nonna mother Thekla og er delvis henta frå den ortodokse liturgien.

Be thou the physician of  thy servants.
Raise them up from their beds of sickness,
And from their beds of wasting disease,
Whole and perfectly restored to health.

Yea, Lord send down from Heaven thy healing might,
Touch the bodies; quench the fevers, soothe the pangs,
And banish every hidden ailment.

Det passar for alle kreftsjuke  og alle hjertesjuke som Tavener sjølv (Marfan syndrom) , men og for  dei som i desse dagar er ramma av virusinfeksjon!

https://www.youtube.com/watch?v=dOVyr20myf8




søndag 15. mars 2020

Dette usikre tilværet

Coronavirusepidemien fekk brått heile verda til å innsjå at dette tilværet ikkje er så trygt og forutsigbart som vi har trudd. Vi har lenge levd med den illusjonen at vi har full kontroll over tilværet, og når det skjer noko dramatisk kjem det nokon frå stat eller kommune og ryddar opp.  Men så kan det skje noko som overstig dei ressursar vi har til å rydda opp i problema. Vi veit det ikkje enno, og vi får vona at det ikkje skjer, men epidemien kan overstiga det vi er istand til å takla slik det er i ferd med å gjera i Italia. På den andre sida ser det ut til at Kina og Korea er iferd med å få kontroll på situasjonen, så då går det kanskje ikkje så ille som ein har frykta?

Tidlegare tiders menneske, ja så langt tilbake som vi har eksistert, har måtta leva med at tilværet er grunnleggjande usikkert, katastrofen kan ramma når som helst. Avlinga kan feil og det blir uår, pest kan ramma, byen ein bur i kan brått brenna ned, fiendens soldatar kan dukka opp for å plyndra og drepa. Sjølv om ein aldri kan vera førebudd på slike hendingar korkje materielt eller mentalt, så var nok likevel våre forfedre førebudd på ein annan måte enn vi er. Det utrygge var innbakt i dagleglivet på ein måte vi ikkje kan setja oss inn i. Hadde ein nok mat til å klara seg igjennom vinteren, kom dette barnet til å klara seg, kom det ein epidemi med koppar, polio eller skarlegensfeber ?
Dei hadde bare høgare makter å setja si lit til, Gud og alle hans helgenar som var klar til å hjelpa oss her på jorda. Sjølv om det ikkje alltid hjelpte konkret gav det ein styrke og trøyst til å koma seg igjennom det vanskelege.
Guds ord var til trøyst slik forfattaren  av salme 91, som vi ber til kompletorium, uttrykkjer det:


 4 Under hans venger kan du søkja ly,
          med fjørene dekkjer han deg.
          Hans truskap er skjold og vern.
          
   
  5 Du skal ikkje frykta for redsler i natta,
          for piler som flyg om dagen,
          
   
  6 for pest som fer fram i mørkret,
          for plage som herjar ved middagstid.
          



Naturen er vakker, men snur seg fort frå det vakre til det livstrugande. Klimaforandringar , orkan , tørke og epidemiar minner oss om at vi ikkje har kontroll over naturen som omgjev oss sjølv om vi i vårt overmot innbiller oss det !