søndag 4. juli 2021

Tvilaren Thomas

 3.juli feirar vi minnedagen for apostelen Thomas. Han vart tidlegare minna 21. desember  og det er her han er avmerka på primstaven. Etter kalenderrevisjonen i 1969 minnest vi han 3. juli. Vi veit ikkje så mykje om han utover  evangelietekstane og i dei synoptiske evangelia er han berre nemnt i apostellistene. I Johannes evangliet finn vi desto meir om Thomas, han var tilstades då Jesus vekte opp Lasarus men mest kjent er teksten frå Johannesevangeliet  20. kapittel der Thomas tviler på oppstoda men møte med Jesus overtyder han. Tvilaren Thomas er det nok mange som kjenner seg att i , vi trur meir eller mindre sterkt men tvilar kanskje vel så mykje. Vi har ikkje noko prov i form av eit møte med den lekamleg oppstandne Jesus og vil nok heller ikkje få det. Med unntak av visjonere som den heilage Birgitta av Vadstena, høyrer vi alle  til dei som må tru utan så sjå . Men vi høyrer til ei kyrkje, eit fellesskap  som støttar oss i denne trua. Ja vi tvilar og trua kan kjennest svak og nesten fråverande, då kan vi lita på at det er millionar andre som trur desto sterkare og som ber for dei som vaklar i trua.

Tomas, ein av dei tolv, han som vart kalla Tvillingen, var ikkje saman med dei andre læresveinane då Jesus kom. 25 «Vi har sett Herren!» sa dei til han. Men han svara: «Det trur eg ikkje før eg får sjå naglemerket i hendene hans og leggja fingeren i det og stikka handa i sida hans.»
 
Åtte dagar etter var læresveinane hans igjen samla, og Tomas var med dei. Då kom Jesus, sjølv om dørene var stengde. Han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk.» Så seier han til Tomas: «Kom med fingeren din, sjå her er hendene mine. Kom med handa di og stikk henne i sida mi. Og ver ikkje vantru, men truande!» «Min Herre og min Gud!» sa Tomas. Jesus seier til han: «Fordi du har sett meg, trur du. Sæle dei som ikkje ser, og endå trur.»

Det er ikkje historiske kjelder som gjev opplysningar om Thomas utover det som står i Johannesevangeliet, men i flg. ein dominerande tradisjon skal han ha reist som misjonær til India og forkynt evangeliet der. Dei thomaskristne på Malabarkysten i Kerala i  India fører tradisjonen sin tilbake til rundt år 50 då Thomas skal ha kome til India. 1900 års jubileet vart høgtida i 1952. Dei var ukjente inntil 700 talet då dei kom i kontakt med Den assyriske kyrkja og vart lagt inn under den. På 1500 talet kom jesuittiske misjonærar til Kerala og dei thomaskristne vart lagt inn under Den katolske kyrkja. Seinare har dei vorte splitta i ei rekkje ulike retningar der  den katolske Syro-malabariske kyrkja er den største med omlag 4 millionar medlemmer. Dei føl kaldeisk liturgi og nyttar syrisk eller malayalam som liturgisk språk.








2013 Aylesford i Kent. Mitt møte med dei syro-malabariske katolikkane og deira fargerike og høglytte feiring av ein lokal helgen.


fredag 2. juli 2021

Kolbein Falkeid til minne

 Poeten Kolbein Falkeid døydde 27. juni døydde 27. juni 87 år gammal.  Herborg Kråkevik skriv i eit minneord i Dag og Tid : "Min kjære ven Kolbein Falkeid  døydde denne veka", og kanskje er vi mange som  kjenner det slik, ein kjær ven som gav oss så mykje gjennom dikta sine. Sjølv om han no er borte etterlet han seg så mykje å gleda seg over.

Kolbein Falkeid nådde langt ut med dikta sine, lengre enn dei fleste poetar,  kan hende med unntak av Hans Børli, Olav H. hauge og Rolf Jacobsen. Hans samarbeid med visegruppa Vamp var nok viktig i denne samanheng, men kanskje framfor alt det at han skreiv gode dikt som folk flest kunne kjenna seg igjen i. Han skreiv om livet og ikkje minst døden, han skriv om barn og barnebarn, om glede og den djupaste sorga ein kan oppleva, tapet av eit kjært barn. Mange opplevde nok at han sette ord på deira kjensler.

No har han også klart det han han skriv om i diktet til sin døde vener: "Det klarte det" (frå Vind,Eple)

Venner dør.

Som stearinlys

ennå med flammene troskyldig

fulle av fremtid

gripes de mellom fuktige

tommel- og pekefingre.


Og til slutt i diktet:

De klarte det

selv om de knapt var fromme

som stjernebilder.

Det ble ikke tid

til spørsmål om mot eller feighet.

Uansett

klarte de det.

Kanskje er det heller ikkje det verste å vera den første eller den neste som legg ut på denne siste reisa, men den siste som hans skriv om i diktet "Den første" om Eva som er den første som døyr i "flokken av fint sammensydd gammelt vennskap"

Det verste

er ikke å være nestemann ut på reisen din,

men heller ikke den andre

men den siste.

Og måtte snakke med seg selv

på et nedsnødd

vinterspråk.


I 1989 kom diktsamlinga "En annen sol"  der temaet var dotteras tidlege og tragiske dødsfall. Boka gjorde han for alvor til ein av våre meste avhaldne lyrikarar.

Latteren din må være et sted.

Lyd går ikke så fort. Langt borte

er den blå, nesten umerkelige godversdønninger.

Så hvis jeg skyndte meg,

kunne jeg kanskje finne en fjern strand.

sette meg i solskinnet der

og ta imot dem.


Lyset i øynene dine

er også et sted. Lys

er alltid underveis. Selv fra slukte stjerner

vedblir lyset å stupe gjennom uendelige rom.

Jeg misunner alt som er vårdag om tusen år

plirer mot smilet ditt


Denne store sorga  ligg under mykje av det han skreiv seinare og i den siste diktsamlinga han fekk ferdig "Øyet og virkeligheten " frå 2014 kjem  det fram i diktet "Fotografiet"

Jeg har hengt det slik at jeg ikke kunne unngå

å se det. En bør

som bare blir tyngre for hvert år,

nesten ikke til å bære nå

i de siste motbakkene mine. Jeg har

hengt det akkurat der for ikke å glemme

den siden av meg selv

som jeg ldri  kan gå utenom. Litt

svovel på øyelinsene som skal svi og svi,

etse uopphørlig.

Jeg har villet det slik.


No er han kome over "de siste motbakkene"  og "Det er ikke så farlig lenger":


Det er ikke så farlig lenger.

Ingenting er så farlig lenger, for meg i det minste.

Klart det ikke er så farlig lenger.

Jeg er åtti år og naturligvis

er det ikke så farlig lenger.

Jeg skrev en gang om en gravstein i Rosendal,

om en pike som fullførte livet på åtte dager

bedre enn mange fullfører den på åtti år.

Så hva er det jeg sutrer for.


I "En annen sol" er det eit lengre dikt med tittelen "Innsikter". Her finn eg ei line som høver som avslutning:

"  slik vet menneskene det vesentligste: At vidder omgir tilværelsens ugjennomsiktige vegger."

No er poeten  gått gjennom desse veggane og ut på dei store viddene, vi skal enno ei kort stund halda oss innandørs verna av skjøre  veggar, men vi kan lesa poesi som stundevis gjev eit lite glimt ut på dei uendelege viddene.