mandag 27. april 2020

Emmaus

" Og medan han sat til bords med dei, tok han  brødet, bad takkebøna, braut det og gav dei. Då vart auga deira opna, og dei kjende han att. Men han vart usynleg for dei." 

Desse orda frå Lukas evangeliet   24 kapittel er eit av dei  mest sentrale i påsketida som vi no er inne i. Dei to læresveinane er på veg til landsbyen Emmaus, dei er mismodige til sinns og dei talar seg imellom om det som har skjedd i Jerusalem dei siste dagane.  Jesus , profeten som skulle setja Israel fri er krossfest og død. Alt verkar vonlaust ! Det er ikkje langt frå Jerusalem til Emmaus, 60 stadiar står det hos Lukas, det er omlag 11 kilometer. Byen Emmaus eksisterar ikkje i dag, det er fire ulike plassar som er blitt identifisert med denne landsbyen. Det er i og for seg ikkje avgjerande, for det viktige er kva bodskap  Lukas vil ha fram i denne skildringa.

Lukas har fire viktige poeng. For det første, og det er kanskje det viktigaste, han fokuserar på oppstoda som verkeleg og sann. Mannen som slår følgje med dei to langs vegen til Emmaus er ikkje ei ånd, eit spøkelse, det er eit menneske med ein konkret lekam. "Ei ånd har ikkje kjøt og bein, som de ser at eg har." som Jesus seier til læresveinane attgjeve litt seinare i same kapittel.

For det andre og kanskje vel så viktig peikar Lukas på kva Jesu død betyr. Jesu død var ikkje ei tilfeldig tragisk hending, det var ei overordna meining med det heile. "Måtte ikkje Messias lida dette, og så gå inn til sin herlegdom" seier han til dei to som enno ikkje forstår. Denne lidinga og døden er eit vendepunkt som vert til frelse og velsigning for alle folkeslag til alle tider.

For det tredje peikar Lukas på korleis skriftene i det gamle Testamentet peikar fram mot dette.
" Så tok han til å leggja ut for dei det som står om han i alle skriftene, heilt frå Moses og hos alle profetane."
Jesus ville at disiplane skulle sjå at hans død og oppstode var i samsvar med skriftene, og dermed  klimakset i heile bibelhistoria.

Det fjerde poenget til Lukas får vi når dei to disiplane sit til bords med Jesus og han velsignar og bryt brødet. I same augenblinken kjennar dei han att. Denne hendinga understrekar påskemåltid på Skjærtorsdag og peikar fram mot det vi feirar i kvar einaste messe like fram til i dag.
Wilfrid Stinissen skriv om dette:" Jesus igenkännes under måltiden. När både Lukas og Johannes fästar vår uppmärksamhet på denna detalj är det för att vi skal förstå att det är vid den eukaristiska måltiden som vi i första hand igenkänner Jesus. Där möter vi honom i hela hans gudomliga och mänskliga verklighet, Där ser vi också vem han är. Han er den som offrar sig och delar ut sig själv som bröd. Han är kärleken."

Slik er det Lukas på ein genial måte oppsummerar alle dei viktigaste trussanningane i ei kort historie.
Skildringa av Emmaus vandrarane gjev oss kjernen i kristendomen !




søndag 19. april 2020

Rolf Jacobsen

Rolf Jacobsens (1907-94) dikt er noko ein kan leggja frå seg men så lesa på nytt etter eit år kanskje to eller tre. Som  Hans Børli, Kolbein Falkeid og Olav H. Hauge  høyrer han til dei  ein vender tilbake til og stadig finn noko nytt.
Han blir rekna som ein av dei største norske poetar i etterkrigstida, og han er også den som er mest omsett til andre spåk.
Sjølv om mange las dikta hans på seksti og syttitalet var det med den siste diktsamlinga "Nattåpent" i 1985 at han nådde ut til eit større publikum enn nokon annan lyrikar  i etterkrigstida. Boka kom i opplag etter opplag, noko som er dei færraste diktsamlingar forunt. Jacobsen skildra dødsfallet til Petra, hans kjære ektefelle gjennom eit langt liv. Her sette han utan tvil ord på ei allmenn-menneskeleg erfaring.


Guds hjerte


Guds hjerte vet vi ikke,
men vi vet
noe som overstrømmer oss
som et regn over hendene.

Hans øyne ser vi ikke
men vi ser
usynlig lys over alle ting
som i sommernatten.

Hans stemme hører vi ikke,
men vi finner
veier overalt og spor i hjertene
og stier med lavmælt lys.

(frå Sommeren i gresset)

Forlatt boplass - svunnen tid


De som har tråkket stiene er døde,
brønnen er grodd igjen og alle hus
seget i søvn som overtrette  barn.
Men rosentreet som de plantet her i håpets tid
står ennu hjerterødt midt i sin neslehage
og leser sine dikt for trost og kråke
og brenner sine lys for mose, rust og møll
i juni måned.

( frå Stillheten efterpå)

Huset og hendene


To hender var som et hus,
De sa:
Flytt inn her.
Ikke regn, ikke frost, ikke frykt.
Jeg har bodd i det huset
uten regn, uten frost, uten frykt
til tiden kom og rev det ned.

Nå er jeg ute på veiene igjen
Kappen min er tynn. Det trekker opp
til sne.

(frå Nattåpent 1985)





mandag 13. april 2020

Poetica: Vi sokk djupare


Vi sokk djupare

Vi sokk djupare denne gongen ikkje som sist like under overflata kor mange favnar ned du hadde alt lodda botnen det var trygt å kasta seg utfor ingen stein kunne såra oss inga klippe knusa føtene våre djupet møtte oss mørkt og varleg dette er ikkje mot eller uforstand men det som tek imot oss når vi søm til lands på den andre sida ei hand strekt ut rekkjer oss varme handklede og djupe fylte krus.





Easter

2.påskedag kveld. Også i dag liturgien på nettet, frå St. Olav domkirke, deretter lang tur med kaffipause og fine samtalar. Eg les den skotske poeten Kenneth Steven som eg vender tilbake til med jamne mellomrom. Dikt om Skotland, om folket på landsbygda, om naturen, årstidene,den keltiske spiritualiteten slik den kjem til uttrykk på klosterøya Iona.
Her diktet "Easter" frå samlinga "Evensong".

When the year is beginning again,
The sleet coming in wet cotton on the wind
To build against the dykes;
And sometimes the sun like a single eye
Blind behind the clouds;
And daffodils, the frail green of them,
Hidden away and hurting in the wind -
I am no longer full of my own emptiness
But just light and sky, listening,
And able to hear at last.




Diktsamlinga Columba avsluttar med St. Columbas bøn:

Be thou a smooth way before me,
Be thou a guiding star above me,
Be thou av keen eye behind me
This day, for ever.

lørdag 11. april 2020

Korsveg langfredag

Årets korsveg i Kristiansand.
Korsvegen har vanlegvis 14. stasjonar frå Jesus vart dømd til døden til han vert gravlagt.

14. stasjon: Jesus vert gravlagt


57 Då det vart kveld, kom det ein rik mann som heitte Josef. Han var frå Arimatea og hadde òg vorte ein Jesu læresvein. 58 Han gjekk til Pilatus og bad om å få Jesu kropp, og Pilatus gav ordre om at han skulle få han. 59 Josef tok Jesu kropp, sveipte han i eit reint linklede 60 og la han i den nye grava han hadde hogge ut til seg sjølv i bergveggen. Så rulla han ein stor stein framfor gravopninga og gjekk. 61 Men Maria Magdalena og den andre Maria var der. Dei sat beint framfor grava. (Matt 27.57-61)










Korsvegprosesjonen på langfredag  har vanlegvis samla fleire hundre menneske, i år var vi pga coronasmitten berre seks. Likevel vart korset bore rundt med stopp  og bøn ved sentrale institusjonar
i Kristiansand sentrum.

"Oppstandelsens lys bak gravens mørke."

torsdag 9. april 2020

Poetica:Skjærtorsdag

Skjærtorsdag - vi minnest fotvaskinga og innstiftinga av eukaristien. Jesus i dødsangst i Getsemana og dei sovande læresveinane.


Skjærtorsdag

Slik delte du med oss av mogne korn og mørke gjæra druer og let oss ikkje att åleine i svevnen, urolege vakna vi, din einsame lagnad tårene,sveitten og blodet vi ikkje kunne dela men vår uro tok du på deg vi tause,uverdige tenarar.




søndag 5. april 2020

Påske

Palmesøndag og vi går inn i påskeveka. Ei veke utanom det vanlege, ei veke med stengte kyrkjer og i bokstaveleg forstand blir det stille. Vi føl messer og liturgi på internett , men det blir på ingen måte det same som å vera tilstades.
Dei siste vekene har for heile verda vore ei sjokkarta oppleving. Dei fleste hadde ikkje venta dette, ingen land eller styresmakter var førebudd, sjølv om dei som har innsikt i korleis virus oppfører seg for lengst har kome med åtvaringar. Dei åtvara: det vil bare vera eit tidsspørmål når den neste pandemien kjem ! Jmfr David Quammens bok frå 2012 "Spillover".
Men vi kan ikkje gje oss over i fortviling og mørke. Erkebiskop i New York, som i dag kanskje er den hardast ramma byen av coronasmitte, kardinal Timothy Dolan reflekterar i eit innslag på facebook over overgangen mellom mars og april. Det er overgangen mellom vinter og vår, vi går frå mørke til lyset , frå døden til livet. Så poengterar han at det også er kjernen i påskebodskapet. Lat oss ikkje mista motet, døden fekk ikkje det siste ordet likevel !



Den amerikanske forfattaren Raymond Carver døydde i 1988 av lungekreft. På slutten av livet skriev han diktsamlinga " A new Path to the Waterfall." På den siste sida finn vi det vesle diktet
"Late Fragment" som  kan gje von  og trøyst.

And did you get what
you wanted from this life, even so ?
I did.
And what did you want ?
To call myself beloved, to feel myself
beloved on the earth.

onsdag 1. april 2020

The everlasting Mercy

Av og til opnar dei små detaljar i naturen for noko større og djupare. Den engelske poeten John Masefield (1878 - 1967) skildrar dette i diktsyklusen "The everlasting Mercy".
Eg ser på den vesle bekken  og solstrålende som glitrar i det rennande vatnet, og kjenner at det er akkurat desse små, vakre detaljande vi treng i denne mørke og deprimerande tida. Lat oss ikkje tapa motet !



O glory of the lighted mind.
How dead I'd been, how dumb, how blind.
The station brook, to my new eyes,
Was babbling out of Paradise,
The waters rushing from the rain
Were singing Christ has risen again.
I thought all earthly creatures knelt
From rapture of the joy I felt.
The narrow station-wall's brick ledge,
The wild hop withering in the hedge,
The lights in huntsmans' upper storey
Were parts of an eternal glory,
Were God's eternal garden flowers.
I stood in bliss at this for hours.