mandag 29. februar 2016

Langs kysten

"Langs kysten. Gude og hans elever omkring 1870." - Ustilling på Nasjonalgalleriet 19. febr.-8.mai.
Hans Gude(1825 -1903) var ein av dei største i norsk kunsthistorie på 1800 talet. Han er vel mest kjent for samarbeidet med Adolph Tidemand om eit av nasjonalromantikkens mest populære motiv nemleg Brudeferd i Hardanger frå 1848. Gude reiste seinare til Tyskland der han vart internasjonalt kjent og han underviste i åra 1864 -80 ved kunstskolen i Karlsruhe der etterkvart mange av dei seinare mest kjende  norske kunstnarane vart hans elevar. Det var landskapsmaleriet som var Gudes spesialitet, karakteristiske nok er det han som tek seg av landskapet men Tidemand målar personane i Brudeferd i Hardanger. Det var særleg den maritime motivkretsen som opptok Hans Gude, sjøen i storm og stille, skuter, natur og folkeliv langs kysten. Han måla mange motiv frå Sørlandskysten, ikkje minst frå Lista strendene. Elevane hans vart oppfordra til å la seg inspirera av  kystlandskapet, framfor alt Jærlandskapet. Dette var ei tid med stor oppsving i norsk skipsfart, frå å vera eit tradisjonsbunde jordbrukssamfunn vart Norge ein av verdas store sjøfartsnasjonar med tyngdepunkt på Sør- og Vestlandet. Kunsten avspegla denne utviklinga, maritime motiv slo an hos publikum.
Ustillinga er naturleg nok konsentrert om Gudes maritime måleri, men vi møter og hans elevar, Amaldus Nielsen, Kitty Kielland, Nikolai Ulfsten, Frits Thaulow og Christian Krohg. Alle var dei inspirert av Hans Gudes kunstsyn og motivvalg. Dette var kunstnarar som i stor grad kom til å prega norsk kunsthistorie fram mot århundreskiftet og  inn på  første del av 1900 talet. Det er spennande å sjå korleis samfunnsutvikling og kunsthistorie avspeglar kvarandre.


                  Bilete over er eit typisk døme på Gudes skildring frå kysten, i dette tilfellet Oslofjorden  .                                

              Motiv frå Lista, her Husebystranda like ved der aluminiumsverket ligg no.

Ein stad mellom tru og tvil

Walisisk litteratur er nok lite kjent i Norge, kanskje med unntak av Dylan Thomas( som Bob Dylan tok sitt kunstnar navn etter), men det er ein annan stor poet med Thomas navnet, Ronald Stuart Thomas (1913-2000). For eit par år sidan kom Efrem forlag med ei utvalg av hans poesi i Hans Johan Sagrusten si omsetjing til nynorsk. Thomas var ein svært produktiv forfattar med over 1500 dikt og 25 diktsamlingar. Han vart og innstilt til Nobelprisen i litteratur i 1995, men den gjekk til ein annan engelskspråkleg forfattar, Seamus Heaney.
R.S. Thomas som han omftast verta kalla,var fødd i Cardiff i 1913, han var prest i den anglikanske kyrkja og det meste av livet verka han som sogneprest på landsbygda i Wales. Thomas var nært knytt til Wales, landskapet , folket og språket; språket lærte han seg først i vaksen alder men aldri så godt at han kunne skriva poesi på walisisk.
Det er to hovudtema i Thomas dikting, to tema som ofte knytest saman, på den eine sida naturen og landskapet i Wales, på den andre sida Guds nærver eller oftare Guds fråvær. Ofte kjem det litt ut på det same, fråværet glir over i nærvær som i diktet "Fråværet":

"Det finst eit stort fråvær
som er som eit nærvær , som tvingar
meg til å påkalla det utan von
om svar. Det er eit rom eg stig inn i,

der einkvan nett gjekk
ut, ein gang der eg ventar
på ein som enno ikkje er komen.
Eg moderniserer anakronismane

i språket, men han er ikkje meir nær
enn før. Genar og molekyl
har ikkje meir kraft til å kalle
han fram enn røykjelsen hebrearane

la på altara sine. Alle likningar sviktar
liksom orda mine. Kva kan eg koma med
anna enn tomrommet etter han i heile den eg
er, eit vakuum han ikkje kan vende seg ifrå?"

Ofte møter han Gud i den walisiske naturen, ei kjensle som vel heller ikkje er framand for mange  i vårt land. Diktet "Heia" skildrar det:

"Ho var som ei kyrkje for meg.
Eg steig inn med mjuke steg,
held anden lik ei huve i handa.
Det var stilt.
Den Gud som var der, let meg kjenna han. 
endå eg ikkje høyrde han, i reine fargar
som gav væte til auga,
i vinden som rørte seg gjennom graset.

Ingen bøner vart sagde. Men stilla som fall
over lengslene i hjarta - det var lovsong
god nok, og tanken som avsto
riket sitt. Eg gjekk vidare innover, 
enkel og fattig, medan lufta smuldra
og dryste over meg, rikeleg som brød."

Ronald Stuart Thomas var gift med kunstnaren   Mildred Eldridge, ho døydde eit par år før han, og etter ho var død skreiv han fleire vakre kjærleiksdikt til henne som "Samanlikningar" er eit døme på:

"Med alle lette ting
likna eg henne, med 
ei snøfjon, ei fjør.

Eg hugsar ho kvilte
mot armen min då vi
dansa, lik ein fugl

på reiret, redd egga
skulle knusast, redd
ho låg for tungt

på kjærleiken vår. Snø
smeltar, fjører
bles bort;

eg har senkt
oska hennar ned
i meg lik eit anker."




Kyrkja i Manafon som ligg avsides til i fjellandet i Midt-Wales. R.S. Thomas var prest her frå 1942 til 1954.





søndag 21. februar 2016

Snåsamannen. Mirakel eller empati ?

Margreth Olins film om Snåsamannen - Joralf Gjerstad er å langt sette av nær 150.000 personar, uvanleg til å vera ein dokumentarfilm. Tidlegare har bøker om Joralf Gjerstad vorte seld i store opplag og mange titusen har opp igjennom åra oppsøkt Snåsamannen på heimstaden hans i von om at han kan gje dei eit betre liv. Kva er det som gjer denne mannen så spesiell, for noko må det vel vera, han kan vel ikkje bare ha dreve med humbug gjennom eit snart nittiårig liv ?
I eit intervju seier Margreth Olin følgjande: "Jeg tror Joralf har en sjelden evne til å se og anerkjenne mennesker. Slik setter han livskreftene i sving i folk, og hjelper dem til å håndtere sykdommen eller livstilstanden sin på en bedre måte. Han viser omsorg og nestekjærlighet, og møter mennesker med ømhet. Jeg tror han bidrar med noe som mange med kronisk sykdom trenger."
Det var vel også dette inntrykket ein fekk etter å ha sett filmen, her opplevde vi ein mann med ei uvanleg evne til å sjå og koma i møte dei menneska som han møtte. Han hadde ei utstråling som gjorde at dei han tala med umiddelbart vart avslappa og følte seg vel. Meir mystisk enn  det treng det ikkje å vera. Dette er ei evne som mange har, også i helsevesenet får vi tru, men Joralf Gjerstad har det i utprega grad !  Kall det gjerne placebo effekt, men det er uansett ingen tvil om at dette er krefter eller skulle ein heller seia utstråling, som kan ha ein lækjande verknad på  medmenneske. Kanskje er det resultat av evolusjon og genetikk, kanskje er det tillært ved gode føredøme i ein harmonisk barndom ? Kanhende kan ein også til ein viss grad læra seg ein slik lækjande  måte å kommunisera på ? Det treng  ikkje  vera noko hokus-pokus, men  sterk vilje til å visa empati og omsorg.

Om det ein sjeldan gong førekjem det ein kallar mirakel blir uansett eit trusspørsmål. Om Snåsamannen har utført slike mirakel veit eg ikkje, det viktigaste er vel at han er ein mann med stor omsorg og empati. I den katolske kyrkja trur ein at mirakel førekjem om enn svært sjeldan. Dokumentasjon av mirakel er ein viktig del i den prosessen som fører fram til kanonisering, at ein person blir erklært som helgen. Helgenkulten oppstod i dei første hundreåra etter Kristus som lokale tradisjonar, det eksisterte ingen formell helgenkåring. Først i 1234 kom pave Gregor IX med ein prosedyre for kanonisering. Frå midten av 1600 talet gjorde pave Urban VIII det obligatorisk med deltaking av medisinsk ekspertise i denne prosessen. I 1948 oppretta så pave Piua XII ein medisinsk kommisjon ved sida av den teologiske kommisjonen. Seinare pavar har modifisert regelverket, og i dag spelar den medisinske kommisjonen ei heilt sentral rolle i prosessen som leiar fram til helgenkåringa. Om lag 40-50 saker blir granska kvart år, dei fleste blir avvist avdi dei blir funne å ha ei naturleg forklaring. Gangen mot kanonisering startar i det lokale bispedømet der det blir samla informasjon som så blir oversendt Vatikanet. Det første steget er saligkåring, til det trengst det eit dokumentert mirakel som nesten alltid dreier seg som alvorleg sjukdom der det ikkje går an å påvisa ein naturleg grunn til at personen har vorte frisk. Men først må mirakelet gjennom ei nitid gransking både av den medisinske og den teologiske kommisjonen, der dei fleste fell igjennom. Neste steg i prosessen er kanoniseringa eller helgenkåringa, til det trengst det enno eit mirakel utført på helgenens forbøn. Dette blir naturleg nok granska like nøye som det første. Pave Johannes Paul II vart erklært som helgen 27. april 2014, ni år etter sin død. Det første godkjente mirakelet var Sr. Marie, ei fransk nonne som på  i 2005 på mirakuløst vis vart frisk av alvorleg parkinsons sjukdom. Det andre godkjente mirakelet var Floribeth Mora, ei kvinne frå Costa Rica som hadde ei utposing på  ei av pulsårene  i hjernen som ikkje kunne opererast. Etter å ha bedt om Johannes Paul forbøn vart ho frisk.
Eit spørsmål om tru ? Ja, det meste kan forklarast "naturleg"(kva no det er), men ein svært sjeldan gong får vi kanskje små teikn som hjelper oss litt på veg ?




lørdag 20. februar 2016

Michel Houellebecq: Underkastelse

Michel Houellebecq  er kanskje den mest kontroversielle og omtalte franske forfattar dei siste åra. Alle bøkene hans har skapt debatt og provosert, ikkje minst fjorårets roman "Soumission"                   (på  norsk:Underkastelse).Det er vanskeleg å plassera Houellebecq i bås, han slår i alle retningar, men kanskje mest mot det kulturelle og politiske establishment. Sjølv  karakteriserar han seg som nihilist, reaksjonær, kynisk, rasist, skamlaus misogynist og ein ubetydeleg forfattar utan stil. Det er vel og eit uttrykk for hans provokative stil.

Som ved ein lagnadstung ironi  vart "Soumission" lansert same dagen som åtaket på redaksjonen i Charlie Hebdo, karakteristisk nok hadde bladet ein karikatur av Houellebecq på framsida denne dagen. Det var ikkje akkurat dårleg reklame for boksalget, på rekordtid gjekk boka til toppen av bestselgarlista.
Roman går rette inn i det som i dag er det kanskje mest brennbare tema i Europa i dag, nemleg islam som religiøst, kulturelt og ikkje minst politisk system. Det er mange handlingstrådar i boka, men den sentrale handlinga er fokusert rundt presidentvalget i 2022. På den eine sida står Nasjonal front med Marine Le Pen i spissen på den andre sida ein koalisjon mellom sosialistpartiet og Det muslimske brorskap med Mohammed Ben Abbes som kandidat. Etter eit turbulent valgkamp er det Ben Abbes som går av med sigeren og dermed får Frankrike sin første muslimske president. Det fører til omfattande politiske forandringar både i utanrikspolitikken og  ikkje minst innanrikspolitisk, kvinner må kle seg "anstendig", og skal i utgongspunktet klara seg med 12 års skulegong, det blir heller ikkje mogleg å ha undervisningsstilling ved universiteta dersom ein ikkje er muslim. Det får store konsekvensar for hovudpersonen den 44 årige litteraturprofessoren Francois som har som sitt spesialfelt romanforfattaren Joris-Karl Huysmans (1848 - 1907). Dette innleiar også romanen: "I alle
mine triste ungdomsår var Huysmans en følgesvenn, en trofast venn: aldri opplevde jeg tvil, aldri var jeg fristet til å gi opp eller se meg om etter et annet emne..."  Utanfor sitt spesialtfelt er han på nokså tynn is, ikkje minst  i sitt personlege liv, han er venelaus og utan familie,han slit med diverse kroppslege plager, foreldrene døyr og  hans relasjon til kvinner er bare kortvarige erotiske eventyr. I periodar er han inne på tanken om sjølvmord,"Og likevel kunne jeg merke at jeg nærmet med selvmordet, utan at jeg opplevde dyp fortvilelse eller for den saks skyld noen spesiell tristhet, bare på grunn av en langsom nedskriving av "totalsummen av de funksjoner som står imot døden" , som Bichat snakker om."
Huysmans er hans store interesse og inspirasjon, han prøver også å følgja han iallfall eit stykke på veg, men innser at dette er ikkje hans veg. Han oppsøkjer benediktinerklosteret  i Liguge som også Huysman var knytta til som legbror."I de to følgende dagene vente jeg meg til denne ramsen av tidebønner, uten at jeg derfor fikk meg til like det." Etter tre dager forlet han klosteret men han er like desillusjonert: " Jeg kjente ingen glede ved å være tilbake blant mine like."  Det same skjer når han oppsøkjer pilegrimsmålet  Rocamadour med den Svarte madonna, men i kapellet der opplever han ei opplesing av Charles Peguys dikt og dermed blir  det knytt ein tråd til katolisismen i byrjinga av 1900 talet med sitt preg av mystikk og fransk nasjonalisme. Forfattaren og samfunnsdebattanten  Peguy fall tidleg under første verdskrig som fransk patriotisk offiser!

Kven var så denne Joris-Karl Huysman som Houellebecq nyttar som ein slags resonnansbotn i romanen ? Berre ei av bøkene hans er omsette til norsk nemleg "Mot strømmen" (A rebours) frå 1884 som har blitt karakterisert som "a breviary of the decadence." Dei første bøkene hans hadde eit naturalistisk preg slik som debutromanen "Marthe, histoire d`une fille" som handlar om ei prostituert kvinne. Bøkene som følgde var prega av ei dekadent livskjensle og ein Schopenhauer inspirert pessimisme.
På 1890 talet skreiv han så trilogien om Durtals andelege utvikling, "La-bas", "En route" og "La Cathedral". Durtals veg til katolisismen blir også Huysmans konversjonshistorie. Han finn  til slutt sin religiøse heim hos benediktinarmunkane i Liguge, det gjer derimot ikkje den einsame, søkjande Francois ! Francois er prototypen på den apolitiske, resignerte, sjøvsentrerte  og opportunistiske akademikar. Det han ikkje finn hos benediktinarane i Liguge  finn han tilsynelatande når direktøren og islamkonvertitten Robert Rediger tilbyr han ny stilling ved Sorbonne under forutsetning av at han konverterar til islam. Kombinasjonen prestisje, penger og sex (polygami)  er det vanskeleg for ein  sjølvsentrert opportunist å stå i mot. Karakteristisk nok avsluttar Houellebecq roman med følgjande ord frå Francois: " Jeg vil ikke få noe å angre på." På dette tidspunktet er også hans unge jødiske elskerinne Myriam berre eit uklart minne. Tidleg i romanen flyttar ho til Israel saman med foreldrene i frykt for antisemittisme i Frankrike, ein frykt som absolutt ikkje er grunnlaus. Eit spark mot det liberale og sekulære Frankrikes "aksept" av antisemittisme ?
Er "Underkastelse" ein islamofob roman ? Nei så enkelt er det ikkje sjølv om Houellebecq" skal ha uttalt at "islam er den mest teite religionen."  Ben Abbes kjem til makta på demokratisk vis gjennom eit samarbeid med sentrum-venstre partia og etter regimeskiftet blir det orden på mange ting, mellom anna går arbeidsledigheten drastisk ned. Alle får gjennomgå i denne geniale satiren men framfor alt den sekulære og liberale akademiske eliten. ! Houellebecq veit å stikka fingeren inn der  det gjer mest vondt! Er Joris-Karl Huysmans den einaste som satiren ikkje rammar og  som står att med ære ?













mandag 15. februar 2016

Historisk møte: Pave Frans og patriark Kirill

Det var historisk sus over møtet mellom pave Frans og patriark Kirill av Moskva på Cuba 12. februar.
Det er over tusen år sidan den austlege og den vestlege kyrkja var skild i 1054, paven og patriarken av Konstantinopel lyste kvarandre  då gjensidig i bann. Denne bannlysinga vart ståande like til 1964 då pave Paul  møtte patriark Athenagoras av Konstatinopel. Her har det og seinare føregått ei oppmjukning av steile frontar, men når det gjeld Moskva patriarkatet har det ikkje vore så lett, ingen vestleg pave har nokon gong tidlegare møtt patriarken av Moskva. Motsetningane har vore langt større enn mellom pavestolen og patriarken av Konstantinopel, i det siste har vel det mest problematiske vore krigen  i Ukraina der katolikkar og ortodokse har stått uforsonleg på kvar si side i konflikten.
I felleserklæringa på 30 punkt vart det lagt vekt på interreligiøs dialog, religionsfridom og kampen mot fattigdom og global rettferd. Familien og ekteskapet mellom mann og kvinne er det naturlege sentrum for menneskelivet. Abort, aktiv dødshjelp og liberal bioteknologi er trugsmål som kyrkjene må stå opp mot. Dei la og vekt på konfikten i Midt-Austen, og verdssamfunnets ansvar for offera i desse konfliktane. Forfølgjinga av dei kristne minoritetane i Syria og Irak var og eit viktig punkt i felleserklæringa, det er viktig av både katolikkar og ortodokse står opp for dei kristne i Midt-Austen.
Eit anna punkt var gjensidig respekt mellom kyrkjesamfunn og avvsining av alle former for proselytisme. Den vestlege og austlege delen av kyrkja har ein meir enn tusenårig tradisjon felles og har det same opphavet, men dei har og eit felles kall i dagens verdssamfunn.
Felleserklæringa formulerar det slik: "Ortodokse og katolikkar er sameina ikkje bare i den felles tradisjonen i Kyrkjas første tusen år, men og i kallet til å forkynna evangliet om Kristus i verda av i dag."  



Felleserklæringa vart avslutta med eit punkt 30 med felles bøn om Jomfru Marias vern og forbøn.
I engelsk omsetjing lyder den slik:

30. With grace–filled gratitude for the gift of mutual understanding manifested during our meeting, let us with hope turn to the Most Holy Mother of God, invoking her with the words of this ancient prayer: “We seek refuge under the protection of  mercy, Holy Mother of God”. May the Blessed Virgin Mary, through her intercession, inspire fraternity in all those who venerate her, so that they may be reunited, in God’s own time, in the peace and harmony of the one people of God, for the glory of the Most Holy and indivisible Trinity!


tirsdag 9. februar 2016

Poetica: Askeonsdag 2016

 Askeonsdag er inngongen til fastetida som fører oss fram til feiringa av påskemysteriet. Aske var i det gamle testamentet symbol på sorg og anger. Det er omtale mellom anna i Jobs bok og hos profeten Jeremias. Jesus nytta og omgrepet slik det er skildra i Lukas 10.13:" Ve deg, Korasin ! Ve deg Betsaida ! Hadde dei mektige gjerningane som er gjort hos dykk, vore gjorde i Tyros og Sidon hadde de for lenge sidan vendt om og sete i sekk og oske."
Sjølv om tradisjonen strekk seg lengre tilbake, veit vi at det var først på 1000 talet at det vart ein fast markering av denne dagen. Pave Urban II fastslo det i 1091. Ved sida av langfredag er askeonsdag faste og abstinensdag. Dagen før, feitetirsdag (mardi gras) markerar slutten på karnevalstida.
Fastetida er ei tid for anger, bot og fornying !



           Oskeonsdag

Iskald februarvind dryssar
glasur i havgapet
snøfnugg lette som oske
kinna brennande blikket sløra
førti dagar gjennom ørkensand
eller over snøtunge vidder
der ein ikkje vender om
eller slår leir på ny
men ber merket vidare
like inn i soloppgongstimen
Kom så, forny oss Herre ! 
Kom !




lørdag 6. februar 2016

Falsk og ekte omsorg

Overvelda av negative nyhende i ei uroleg verd kan  vi  bli grepne av  blanda kjensler. På den eine sida  føler vi med alle dei som lir og har det vanskeleg, kanskje burde vi gjort noko konkret for dei, på den andre sida framkallar denne stadige straumen av negativ informasjon ei kjensle av uro og motløyse. Det nyttar ikkje å gjera noko, alt blir bare verre, framtida er mørk og utan von! Dette er ei falsk omsorg for verda som ikkje fører noko godt med seg. Kva er i såfall alternativet ? Karmelittbroder Wilfrid Stinissen har ein fin refleksjon over dette i ein av preikene sine:

"Den finnes en uro og omsorg for verden som ikke kommer fra Gud. Når denne omsorg gjør oss engstelige, anspente, motløse, forbitret er det et tegn på at vi ikke er på Guds bølgelengde. Vi forsøker å bære verden på våre egne smale skuldrer, isteden for å legge den i Guds hender. Den som legger verden i Guds hender, fortsetter nokså visst å lide med de lidende, men hans lidelse blir båret av en dyp, dyp fred. For han vet at Gud elsker alle, og han er i stand til å forvandle alt vondt til noe godt. Han vet at Gud har det siste ordet, og at dette ordet er et kjærlighetens ord."





fredag 5. februar 2016

Knoxville, summer of 1915

Kilden konserthus i februar. På programmet står musikk frå tida under første verdskrig, Ravels "Le tombeau de Couperin", Vaughan Williams tredje symfoni og Samuel Barbers "Knoxville, summer of 1915", Stemningsfull musikk  av den store amerikanske komponisten basert på forfattaren James Agees tekst der  skildrar den sorglause barndomen med familien ein sommardag i 1915. Men er det samstundes ein eksistensiell tekst med eit  djupt  melankolsk preg, "who shall ever tell the sorrow of being on this earth" , " but will not ever tell me who I am". Kanskje kan ein forstå det i ettertid, det var den siste sommaren forfattaren opplevde saman med faren som omkom i ei bilulukke året etter. Barbers musikk og Agees tekst i vakker framføring med sopranen Eir Indrehaug og Kristiansand symfoniorkester dirigert av Rumon Gamba. Men det var eit drag av sorg, av tristhet i alt det vakre. den tapte tida, den tapte barndomen, alle spørsmåla ein aldri får svar på! Heldigvis har vi poesien, musikken og kunsten som set ord på all vår lengting, alle våre spørsmål!


Knoxville: Summer of 1915 It has become that time of evening when people sit on their porches, rocking gently and talking gently and watching the street and the standing up into their sphere of possession of the tress, of birds’ hung havens, hangars. People go by; things go by. A horse, drawing a buggy, breaking his hollow iron music on the asphalt: a loud auto: a quiet auto: people in pairs, not in a hurry, scuffling, switching their weight of aestival body, talking casually, the taste hovering over them of vanilla, strawberry, pasteboard, and starched milk, the image upon them of lovers and horsement, squared with clowns in hueless amber. A streetcar raising into iron moan; stopping; belling and starting, stertorous; rousing and raising again its iron increasing moan and swimming its gold windows and straw seats on past and past and past, the bleak spark crackling and cursing above it like a small malignant spirit set to dog its tracks; the iron whine rises on rising speed; still risen, faints; halts; the faint stinging bell; rises again, still fainter; fainting, lifting lifts, faints foregone; forgotten. Now is the night one blue dew; my father has drained, he has coiled the hose. Low on the length of lawns, a frailing of fire who breathes. Parents on porches: rock and rock. From damp strings morning glories hang their ancient faces. The dry and exalted noise of the locusts from all the air at once enchants my eardrums. On the rough wet grass of the backyard my father and mother have spread quilts We all lie there, my mother, my father, my uncle, my aunt, and I too am lying there. They are not talking much, and the talk is quiet, of nothing in particular, of nothing at all. The stars are wide and alive, they all seem like a smile of great sweetness, and they seem very near. All my people are larger bodies than mine, with voices gentle and meaningless like the voices of sleeping birds. One is an artist, he is living at home. One is a musician, she is living at home. One is my mother who is good to me. One is my father who is good to me. By some chance, here they are, all on this earth; and who shall ever tell the sorrow of being on this earth, lying, on quilts, on the grass, in a summer evening, among the sounds of the night. May God bless my people, my uncle, my aunt, my mother, my good father, oh, remember them kindly in their time of trouble; and in the hour of their taking away. After a little I am taken in and put to bed. Sleep, soft smiling, draws me unto her; and those receive me, who quietly treat me, as one familiar and well-beloved in that home: but will not, oh, will not, not now, not ever; but will not ever tell me who I am. ---James Agee 

Lenke til framføring av musikken: