fredag 29. mars 2024

Langfredag

 Se korsets tre,

på det hang verdens frelser.

Kom la oss tilbe ham.

Den katolske langfredagsliturgien er eit sterkt vitnesbyrd  om noko som skjedde for snart totusen år sidan, men likevel er ei levande realitet for oss idag. Det gjer inntrykk og det gjev von om at det ikkje er døden og vonløysa som får det siste ordet.

Langfredag er den eine dagen i året det ikkje vert feira messe, hostien vi får utdelt er frå dagen før - Skjærtorsdag - og er i prosesjon bore frå oppbevaringsplassen - repositoriet - tilbake til hovudalteret. Kommunionen avsluttar gudstenesta og vi forlet kyrkja i stille. Før det har vi høyrt Kristi lidingssoge iflg. Johannes framført av presten og to legfolk. Alle kneler når ein kjem til at Kristus bøyer hovudet og utandar. Så følgjer den høgtidelege hyllinga av korset og deretter dei ti forbønene der vi knelar for kvar bøn.

Etter gudstenesta er det økumenisk korsvandring rundt i byen med  14 stasjonar med  tekstlesing og bøn. Ein fin tradisjon, der eit hudretalls personar deltok i den kjølige mars- ettermiddagen.

Kross du sterke, du det eine

edle tre av alle var.

Ingen skog vel slike reine

blomar, blad og frukter bar.


Sæle kross, so sæle naglar

og so sæl ei byrd det var.

( nynorsk versjon av hymne til det heilage korset)






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar