søndag 17. mars 2024

Dag Hammerskjöld

 Dag Hammerskjöld ( 1905 - 61) var FN sin andre generalsekretær frå 1952 til han omkom i ei flyulukke i Kongo i 1961. Han var i si tid eit navn alle kjente, i ettertid er han kanskje vorte ein av dei mest myteomspunne legender i forige hundreår. Han er i desse dagar igjen eit aktuelt navn i og med regissørens  Per Flys film om Hammerskjöld med Mikael Persbrandt i hovudrolla. Det er ein storpolitisk thriller, men og eit nærbilete av heilt unik personlegdom. Hammerskjöld var svensk karrierediplomat og økonom som vart ein  slags kompromisskandidat til generalsekretærstillinga, dei framom han på lista var ikkje akseptable av dei ulike aktørar i datidas globale politiske landskap. Vi slit i dag med krig og konflikt men det var absolutt tilfelle også på 1950- talet. «Den kalde krigen» var på sitt mest intense, det var krig i Midt-Austen, koloniane i Afrika reiv seg laus og fekk sjølvstende, meir eller mindre blodig. Filmen set særleg fokus på krigen i Kongo ( som framleis held på) , Hammerskjöld engasjerte seg for ei fredeleg løysing og det førte også til hans død. Det var mange spekulasjonar rundt kva som hendte då flyet med Hammerskjöld fall ned, filmen har sin versjon som ikkje er usannsynleg.

Hammerskjöld var ein frittalande sterk personlegdom, og ein klar talsmann for fredelege løysingar i regi av FN. Han meinte at FN systemet var ineffektivt, særleg vetoretten til Stormaktene i Sikkerheitsrådet oppfatta han som ein hemsko. Han omorganiserte systemet og fekk meir makt overført til generalsekretæren dvs.han sjølv! Han tok viktige avgjerder sjølv utan å forankra dei i Sikkerheitsrådet, og fekk nok sine motstandarar av den grunn.

Vägmärken er Hammerskjölds dagboksnotater frå 1940 talet og fram til like før han omkom. Det er korte  notat dels i aforismeform, dels som kortare og litt lengre poetiske refleksjonar. Det er ikkje tankar om politikk, men djupt personlege refleksjonar med tema av religiøs, filosofisk og mystisk karakter. På 1950 talet er det ei rekkje tekstar med innleiinga : « Snart stundar natten».

« - snart stundar natten.»

Mot det förgångna:tack,

til det kommande:ja!


« - snart stundar natten.»

Låt mig fullborda vad jag fått begynna.

Låt mig ge allt även utan visshet om växt.


Ein av hans mest siterte tekstar er skreve 3. desember 1960:

Vägen,

du skall följa den


Lyckan,

du skal glömma den.


Kalken,

du skal tömma den.


Smärtan,

du skal dölja den.


Svaret,

du skal lära det.


Slutet,

du skal bära det.


Ein mann i sentrum for heile verdas merksemd i nær ti år, få og ingen kjente kva som rørte seg i hans indre. Det ytre blikket retta mot storpolitikken, det indre mot mystikarens møte med Gud i sjelas djup. Det har vel knapt eksistert ein tilsvarande person i moderne tid?

Helgat varde Ditt namn

icke mitt,

Tilkomme Ditt rike

icke mitt,

Ske Din vilje

icke min,

Giv oss frid med Dig

frid med människor

frid med oss själva

och befria oss från rädsla.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar