lørdag 9. mars 2024

Brev til Camondo

 « Brev til Camondo» av Edmund de Waal kom nyleg i norsk omsetjing. Edmund de Waal (f.1964) er ein engelsk keramiker som også har markert seg som bestseljande forfattar. I 2011 kom «Haren med øyne rav» som er ein slektskrønike om Ephrussi familien, ein rik jødisk bankierfamilie som de Waal nedstammar frå på farssida. Det er og ei skildring av den tragiske lagnaden europeiske jødar vart utsett for.  Her går heller ikkje Frankrike fri, det var utbreidd antisemittisme også i « la belle époque», det kom tydeleg fram i Dreyfus saka!

I « Brev til Camondo» held de Waal fram i litt av det same sporet, han skildrar Camondo familien som også var ein styrtrik jødiske familie i same gata som de Waals  familie, rue de Monceaux i Paris. Dei hadde også sin røter i austlege område, Odessa og Konstantinopel, men var assimilerte og relativt sekulære jødar med patrotiske haldningar til sitt nye fedreland. Romanen er forma som brev frå forfattaren til den forlengst døde greven Moïse de Camondo, det gjer at boka får eit nært og personleg preg. De Camondo var kunstsamlar og ein mann med sans for det utsøkte og vakre.Boka er illustrert med bilete frå familiens hus i rue de Monceaux, og slik blir det konkrete utgangspunkt for forfattarens refleksjonar. Det luksuriøse huset er i dag museum til minne om Nassim, sonen til Moïse Camondo, «Musée Nissim de Camondo». Nissim er i det franske flyvåpenet under krigen, det er hausten 1917 under Nivelle- offensiven, 135 000 franskmenn blir drept eller såra i løpet av tre veker, mellom dei Nassim som blir skote ned av eit tysk fly. Han er fransk patriot og krigshelt, posthumt  bli han tildelt Légion d’honneur. Faren er knust; «Denne katastrofen har knust meg og kullkastet alle mine planer.»

Faren har teke vare på 268 brev og postkort frå sonen. Dei er morosame, varme og rørande, han er 24 år gammal. Breva sluttar med:« Mille et mille tendresses, Je t’embrasse tendrement, Je t’embrasse de tout coeur.»  Moïse Camondo sit igjen med dattera Béatrice, ho gifter seg med Leon Reinach og får barna Fanny og Bertrand. Dei lever eit godt liv i Paris, Béatrice og Fanny rir i Boulogne skogen. Men det tek slutt, dei blir arrestert og sendt til oppsamlingsleiren Drancy, og vidare austover, ingen kjem tilbake i live!

Forfattaren sit til slutt i huset i rue de Monceaux som no er museum, han ser gjennom dei gylne vindauga ut på parken, utsagnet «ce que nous sommes» blir eit spørsmål.
Men det er ingen avklaring, ingen klårleik, han siterar Jean Améry:« Jeg har ingen klarhet i dag, og jeg håper at jeg aldri vil få det. En avklaring  ville bety henleggelse, en løsning av saken, som så kan plasseres i historiens arkiv…ingenting er løst, ingenting er avgjort, intet minne er blitt ren erindring.»

                            Nassim heime på permisjon saman med faren framfor huset i rue de Monceaux

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar