lørdag 20. august 2022

Nicaragua

 Nicaragua - dette vesle mellomamerikanske landet er ikkje så ofte i medias søkelys iallfall ikkje i Norge. Det var annleis på 1980 talet då sandinistane tok makta etter geriljakrig mot diktatoren Somozas undertrykkande regime. Somoza- familien hadde då styrt landet sidan 1930 talet. Leiande i sandinistrørsla var Daniel Ortega som var president frå 1985 til 1990 og på nytt frå 2007 til i dag. Det var mange i Vesten som sympatiserte med det nye regimet som la opp til eit sosialt rettvist samfunn med betring av kåra for dei mange fattige og underpriviligerte i landet. Frigjeringsteologien stod sterkt blant mange på denne tida, dei såg på dette som ein ny veg for kyrkjer som tradisjonelt hadde støtta opp om dei undertrykkjande strukturane i Latin-Amerika. Sandinistane såg positivt på frigjeringsteologien og Den katolske kyrkjas stilling. Fleire prestar deltok i den første sandinistregjering, den meste kjente var Ernesto Cardenal ( 1925 - 2020), prest, poet, frigjeringsteolog og politisk aktivist heile sitt lange liv.Han var kulturminister frå 1979 - 1988, noko pave Johannes Paul II ikkje såg med blide auge på, han refsa denne samanblandinga av politiker - og presterolla. Sjølv om han beheldt si politiske overtyding braut han med Daniel Ortega i 1994, han såg nok klarare enn dei fleste at Ortega gjekk i meir og meir autoritær retning!  Regimet klarte ikkje å oppfylla lovnadane, og var dessutan hardt pressa av dei høgreorienterte Contras opprørane støtta av president Reagan i USA. 

I 1990 vart han slått av ein koalisasjon leia av Violeta Chamorro, men Ortega var tilbake i 2006 og vann seinare både i 2011,2016 og 2021. I 2021 hadde han blitt meir og meir eineveldig og det var i realiteten ingen reell opposisjon. I 2018 var det store protestar mot regimet som det vart slått hardt ned på,300 skal ha blitt drep og 1600 arrestert. Som så mange revolusjonar  endte også denne  i tyrrani og undertrykking! Dei siste åra har Ortega særleg slått ned på Den katolske kyrkja i landet på bakgrunn av at kyrkja har vorte ein sterk kritikar av regimets undertrykking og brot på menneskerettar. Ortega har svara med å forby katolske prosesjonar, utvisa prestar og nonner, setta biskopar i husarrest og karakterisert biskopane som terroristar. Biskopen av Metagalpa Rolando Jose Alvarez  har vore ein skarp kritikar av regimet og har vore fleire veker i husarrest, i dag kjem det melding om at han er blitt arrestert og ført bort av regimets politi.

Vi ser altså at ei politisk rørsle som mange  hadde store voner til for 40 år sidan har utvikla seg til eit regime ikkje stort betre enn det dei overvann i 1979! Kanskje ikkje uventa når ein ser på historia? Det spesielle no er den forfølginga som Den katolske kyrkja vert utsett for i eit land der storparten av folket er katolikkar. Kyrkja i Nicaragua er i dag ei martyrkyrkje som treng vår forbøn og støtte!



                                 På bilete ser vi sentrale kyrkjeleiarar som talar i mot Ortegas regime.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar