tirsdag 9. august 2022

Herrens forklaring

 6.august minnest vi Herrens forklaring - Transfiguratio Domini som er omtala i alle dei tre synoptiske evangelia. Jesus tek Peter, Jakob og Johannes med seg opp på ein fjelltopp som i ettertid har vorte rekna som fjellet Tabor aust for Nasaret. Kyrkjefedre som Origenes og Hieronymus skal ha stadfesta dette. På Fjellet skal Moses og Elias ha vist seg for dei, og Guds røyst skal ha uttrykt: “ Dette er Son min, han som eg elskar,i han har eg mi glede.Høyr han!” Denne hendinga skal ha blitt markert alt på 300-400 talet og på 900 talet i heile det bysantinske riket, først tidleg i Mellomalderen i Vesten.

Karmelittpater Wilfrid Stinissen peikar i ei preike for denne dagen på tre viktige poeng. For det første avslører Jesus sin sanne identitet på Tabor fjellet. Han er Messias, den levande Guds Son. “ Jesus er ikkje Guds son som vi alle er Guds søner. Han er Sonen, den elska Sonen.”

For det andre blir heile Det gamle Testamentet oppfylt gjennom Jesu openberring. Her er det referansar til dei bibelske profetane, men framfor alt til Moses og Elia som i flg. teksten viser seg for Jesus og læresveinane. “ Tidlegare skulle ein lytta til profetane, no gjeld det å lytta til Jesus.” Med dette skjer det ei omkalfatring av den gamle ordninga. “ Vil ein verkeleg forstå Det gamle Testamentet må ein utgå frå Kristus.”

Det tredje og avgjerande som hender på fjellet er at Jesus, som læresveinane alt har erkjent som Messias, openberrar korleis han skal fullbyrda sitt oppdrag. For Jesus og for oss som føl han, finst ingen herlegdom som ikkje går gjennom liding og død. “ Jesus herlegdom er ein oppstodas herlegdom, og ein kan ikkje stå opp før ein først har døydd.”

Slik oppsummerar Wilfrid Stinissen kva som ligg i denne sentral nytestamentlege teksten. Vi markerar den både  andre søndag i fasten og no i sommartida!

Teksten frå Markus evangeliet:

Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes og førte dei opp på eit høgt fjell, der dei var åleine. Då vart han forvandla for auga deira,  3 og kleda hans vart så skinande kvite at ingen som bleikjer klede her på jorda, kan få dei så kvite.  4 Elia synte seg for dei saman med Moses, og dei snakka med Jesus.  5 Då tok Peter til orde og sa til Jesus: «Rabbi, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.»  6 Han visste ikkje kva han skulle seia, for dei vart så redde.  7 Då kom det ei sky og la skugge over dei, og frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr han!»  8 Men best dei såg seg omkring, såg dei ingen annan enn Jesus; berre han var hos dei.
   
  9 På vegen ned frå fjellet forbaud han dei å fortelja nokon kva dei hadde sett, før Menneskesonen hadde stått opp frå dei døde. 10 Dei merka seg det ordet og diskuterte med kvarandre kva det er å stå opp frå dei døde. 11 «Kvifor seier dei skriftlærde at først må Elia koma?» spurde dei. 12 Jesus svara: «Elia kjem først og set alt i rett skikk. Kvifor står det så skrive om Menneskesonen at han skal lida mykje og bli vanvørd? 13 Men eg seier dykk: Elia er alt komen, og dei gjorde med han som dei ville, slik det står skrive om han.» 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar