torsdag 4. august 2022

Lydia frå Thyatira

Det er ikkje så mykje vi veit om Lydia utover eit par linjer i Apostelgjerningane , men ho er utan tvil ein av Bibelens mange fascinerande kvinner. 3. august er minnedagen hennar, ho blir heidra som helgen  hovudsakleg i Aust-kyrkja, men også i Den katolske  og Episkopale kyrkja. Sjølv om ho kom frå byen   Thyatira som ligg eit stykke  inn i Vesle-Asia, vert ho av mange rekna som den første kristne europear. Ho hadde sannsynlegvis gresk bakgrunn og kan ha høyrt til dei som sympatiserte med jødedommen utan å konvertera. Det framgår at ho farga og handla med purpurtøy, og ho har nok vore ei driftig og velståande kvinne som dreiv sitt eige firma ? Om ho var gift er uklart, mogleg enke, ho var i alle høve ein gjestfri person som kunne invitera Paulus og hans følgesveinar heim til sitt hushald.

Paulus med følgesveinar Timoteus og Silas hadde på si andre misjonsreise kome til Filippi som låg i det første distriktet i Makedonia og var ein romerks koloni. I og med at Lydia budde der vert ho rekan som europear og mogleg den første døypte konvertitt. Paulus møter henne utanfor byporten ved elvebreidda der ho oppheld seg saman med andre kvinner. Ho var ei av dei som dyrka Gud, ho vart grepen av bodskapen til Paulus og både ho og heile huslyden hennar vart døypt.

Som sagt vert ho spesielt æra i Den austlege ortodokse kyrkja  der ho har tittelen "Likeverdig med apostlane". I Filippi  er det eit kapell på staden der ho skal ha blitt døypt.

Historien  om Lydia er fascinerande ikkje berre avdi ho var blant dei aller første kristne i Europa, men og på måten ho vart møtt av Paulus. Trass i Paulus utsegner i breva om kvinnas plass i forsamlinga som vert drege fram i ulike debattar om kristendom og feminisme, er det mykje som tyder på at han i praksis møtte kvinnene  med respekt og likeverd. Det er og  sterke haldepunkt for at kvinnene var i fleirtal blant dei første kristne, ein grunn kan vera at dei her fekk eit liv som var kvalaitativt betre enn det dei hadde  fått i den gresk-romerske kulturen som var sterkt patriarkalsk. Vi trur difor Lydia gjorde eit godt val då ho let seg døypa av Paulus. Heilage Lydia be for oss!




11 Vi la ut frå Troas og segla beint til Samotrake, og dagen etter kom vi til Neapolis. 12 Derifrå drog vi til Filippi, ein by som ligg i det første distriktet i Makedonia og er ein romersk koloni. Vi vart verande nokre dagar der i byen. 13 På sabbatsdagen gjekk vi utanfor byporten, bort til ei elv der vi meinte det var ein bønestad. Og vi sette oss og tala til dei kvinnene som var komne saman. 14 Der var det ei kvinne frå Tyatira som heitte Lydia og handla med purpurtøy. Ho var ei av dei som dyrka Gud. Ho høyrde på oss, og Herren opna hjartet hennar så ho tok til seg det Paulus sa. 15 Då ho og heile huslyden hennar var døypte, bad ho oss til seg og sa: «Så sant de held meg for ei kvinne som trur på Herren, så kom heim til meg og bli der.» Og ho overtala oss til det." (Apostegjerningane 16.11-15)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar