fredag 2. september 2022

Til mor

 Eg sit med mitt signerte eksemplar av Helge Torvunds siste bok « Til mor». Det er ei djupt personleg bok der forfattaren skildrar oppveksten på Jæren på 1950-60 talet. Utgongspunktet og det tekstane sirklar rundt er hans eiga mor, dels er det som ein dialog med henne som døydde for over førti år sidan, dels er det gjennkjennelege skildringar av kvardag og fest i etterkrigsåra. Mora var heimeverande husmor som dei fleste på denne tida, det var det som vert kalla husmoras glansperiode, ei tid som ikkje er så langt tilbake men likevel kjennest veldig fjern i vår tids perspektiv. Det var ei rolegare tid, ei tid med meir menneskeleg tempo, ei tid « før det vart for mykje av alt».

Skildringa startar i det stille i ein ordlaus dialog når forfattaren som barn sit saman med mora og ser ut på mørkre og stjernehimmelen. Ein situasjon som fyller mange av oss ( kanskje fleire på 1950 talet enn i dag)  med undring og spørsmål om meininga med det heile. « Og så såg me begge ut. Og så sa du, stillferdig , at det hende at du, når du sat slik og kikka opp i verdsrommet, lurte på kva me eigentleg gjorde her nede, kva me skulle her.Eg visste ikkje kva eg skulle svara. For ein gongs skyld.» Kanskje svara han ikkje då men først seinare i bøkene sine, i poesien sin?

Med dette utgongspunktet fører Torvund oss gjennom små og store hendingar, mest daglegdagse, i oppveksten og barneåra. Uhell og meistring, gleda over nye sko og klede, teikneserieblad og bøker, og ikkje minst spenninga og gleda ved julehøgtida. Og sentralt i det heile desse mødrene som alltid er tilstades, « dei var alltid-menneske for oss» som han skriv i eit dikt.

Vi kan alle få assosisjonar til det som ligg bak oss, brått er det der gjerne utløyst av sanseinntrykk, av ei lukt eller ein kjent melodi. « Den litt bittersøte lukta av tomatplantene i drivhusa der du sendte meg for å kjøpa ein pose halvstore mogne tomater.» Det kan kjennast godt men og som eit stort tomrom etter det og dei som er borte for alltid. « Du etterlet deg eit smertefullt tomrom som eg alltid sidan har bore med meg.»     Det er sjølvsagt også ei stor eksistensiell einsemd i dette, det er ei bittersøt vemodskjensle men det er og takksemd! Eg opplever at denne vakre vesle boka primært handlar om takksemd! Takksemd over gode minne, over omsorg og kjærleik og over alt dei etterlet oss, dei som gjekk føre oss og rydda stiar.

Av og til

stig smilet ditt

fram i minnet


slik bordet

ennå er varmt

der tekoppen stod





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar