lørdag 30. juli 2022

Pave Frans i Kanada

 Pave Frans valfart til Kanada 24 - 29 juli i år hadde som hovudfokus den urett som er blitt påført landets urfolk, inuitar, Metis og First Nation. Reisa hans har vorte karakterisert som « a penitential pilgrimage» - ein botsvalfart. Det har lenge vorte forventa at paven skulle vitja Kanada i form av ei slik botsvalfart. I vår kom representantar for kanadiske urfolk til Vatikanet og det sette fart i den planlagte reisa . Dei hadde med eit par mokasinar som gåve til paven, og som ei symbolsk handling lova han å ta dei med tilbake til Kanada når han vitja landet.

Bakgrunnen  for denne botsvalfarten er tragisk nok, og  ein helings- og forsoningsprosess mellom Kyrkja og urfolka har vore heilt naudsynt. Systemet med « Residential schools» - internat skular for born av urfolk var ei statleg systemet der borna vart tekne frå foreldre og plassert på internat skular langt frå heimen. Målet var å assimilera dei inn i ein vestleg kultur med engelsk eller fransk språk.Dette systemet fungerte heilt frå 1831 til 1997 med eit toppunkt på 1930 talet. Ein reknar at omlag 150.000 born var innom dette skulesystemet. Sjølv om det var statleg var det religiøse samfunn som dreiv desse skulane, ulike protestantiske kyrkjer, men eit fleirtal av dei 139 skulane var katolske,for det  meste drevne av ulike ordenar. At desse borna vart revne opp og framandgjort frå sin eigen kultur var ille nok, enno verre var den omsorgssvikt og mishandling borna vart utsett for, noko som førte til sannsynlegvis fleire tusen dødsfall. Borna vart gravlagt i nærleiken av skulane, mange i umerka graver, og fleire av desse gravplassane har vorte oppdaga dei siste åra.

Pave Frans uttrykte gjentatte  gonger  Kyrkjas bøn om tilgjeving for den urett urfolk har vorte utsett for. Maskwacis er ein liten by eit stykke frå Edmonton.  Før han tala og ba om tilgjeving hadde paven ei stille bønestund ved gravplassen der mange tidlegare elevar låg. Til Maskwacis hadde pave Frans med mokkasinparet han hadde lova å ta med når han vitja Kanada.


The Sacred Heart parish i Edmonton  var og eit mål på pavens rundreise. Dette er ein kyrkjelyd som kan førast tilbake til byrjinga av 1900 talet då mange immigrantar fann sin plass her. Dei siste åra har ein lagt særleg vekt på å integrera urfolk i kyrkjelyden.Kyrkja er utsmykka i tråd med urfolks kulturelle uttrykk, denne kyrkja skal vera ein heim for alle. Eit anna viktig stopp på pavens reise var Lac St.Anne, Sainte Anne de Beaupre,  som er eit viktig pilegrimsmål  for kanadiske katolikkar. Ein misjonsstasjon vart grunnlagt her på midten av 1800 talet. Valfartsstaden er vigd til St.Anne, mor til jomfru Maria og ligg ved ein innsjø som er heilag for urfolket. At det er Jesu bestemor som staden er vigsla til gjev eit sterkt symbolsk bilete , for hos urfolka har bestemødrene ofte ein viktig posisjon. Også her uttrykte paven bøn om tilgjeving og forsoning.

Siste stopp på pavens pilegrimsreise før han returnerte til Vatkanet var den vesle inuit- byen Iqaluit på Baffin Island, hovudstaden i Kanadas nordligaste territorium. Med det var denne botsvalfarten over og vi kan vona og be om at det var eit viktig steg i den prosessen som skal forsona Kyrkja med urfolk som har lidd urett, ikkje berre i Kanada men også i Den tredje verda.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar