lørdag 19. mars 2022

Pokrova og erkeengelen Mikael

 Ukrainarane er eit religiøst folk. Det er to element som er sentrale i ukrainsk religiøsitet, erkeengelen St. Mikael og Pokrova - Jomfru Maria som vernar Ukraina med si kappe.

Pokrova vert feira 14. oktober , det er ein tradisjon som kan førast tilbake til 1000 talet ,under ei beleiring av Konstantinopel der Maria ifølge tradisjonen la si vernande kappe over byen og dermed hindra fiendens siger. I dag er ukrainske byar i same situasjon og  mange vonar på det same under. Maria har ein sterk posisjon i Ukraina like frå prins Jaroslav den vise innvia Ukraina til Maria i 1037. Slik polakkane reknar Maria som Polens dronning gjer ukrainarane det same.

Pave Frans vil 25. mars innvia Ukraina og Russland til Jomfru Marias reine hjerte, dette er ei sterk forbønns handling med symbolsk verdi også for alle dei som ikkje trur at Maria høyrer våre bøner. Dette er nært knytta til Marias openberringar i Fatima i Portugal i 1917, og ei statue av Vår Frue av Fatima vil i neste veke bli ført til Ukraina via Krakow. Dette vil nokså sikkert også ha ein sterk symbolverdi for ukrainarane i ein ekstremt vanskeleg situasjon.

Erkeegelen Mikael er hovudstaden Kyivs vernehelgen. Dette er nær knytta til Mikaels klosteret som vart bygd i 1108 og  innvia til ekeengelen. Klosteret vart øydelagt av kommunistregimet, men  bygd opp igjen på 1990 talet etter frigjeringa. Mange såg på dette som eit mirakel.  I 2002 vart det sett opp ei stor staue av St. Mikael sentral i Kyiv.

St. Mikael er ein sterk vernar  av folket I kyiv saman med Jomfru Maria.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar