tirsdag 8. mars 2022

The spiritual capital of the world

I ein tale kringkasta 3.mars seier  erkebiskopen i Kyiv Sviatoslav Shevchuk: " Precisely in these days, especially after yesterday`s global day of prayer for peace in Ukraine, we perceive that Kyiv is being transformed  into the spiritual capital of the world ."  Han opplevde at frå heile verda var blikket retta mot Ukraina , alle kyrkjesamfunn, konfesjonar og religionar i bøn om fred og forsoning!

"And thus , in a particular way we feel that inscription from 46th Psalm of David in the central  apse of the Cathedral of Saint Sophia: " God in the midst of her, she shall not be shaken; God shall help her right early in the morning." (Gud er midt i han , byen kan ikkje vakla. Gud hjelper han når morgonen gryr.)

Sophia katedralen lokalisert sentralt i Kyiv er eit svært viktig symbol for ukrainarane, mange trur at så lenge katedralen er der vil byen bestå. Når det så går rykter om at katedralen kan bli mål for åtak er det rimeleg at folk blir ekstra uroa. Katedralen har ei turbulent historie som strekk seg tilbake til tusentalet under Jaroslav den vise i Kyivriket.  Etter revolusjonen i 1917 ville kommunistane øydeleggja katedralen , men etter protestar  vart katedralen spart og eter kvart gjort om til museum. Etter frigjeringa i 1991 var det meininga at katedralen igjen skulle få ein liturgisk funksjon , men det har vore strid mellom ulike grupperingar om kven som har råderett over katedralen. Ukraina er eit land som  religiøst sett har vore splitta, på den eine sida har ein den nasjonale ukrainske ortodokse kyrkja som i 2019 vart lagt inn under Den økumeniske patriarken i Konstantinopel, Bartolomeus I. Dette førte til sterke reaksjonar frå Moskva patriarkatet, og i praksis ei splitting mellom dei Moskva-tru og dei Konstantinopel-tru. I tillegg er det ein relativt stor minoritet hovudsakleg i Vest-Ukraina med gresk-katolske, som har ortodoks ritus men som er knytta til paven i Roma. Dette kyrkjesamfunnet vart særleg forfølgd under kommunismen, men har klart å reisa seg etter frigjeringa.

Men i dag ser det ut til at kristne i Ukraina står saman i det pave Frans kalla "økumenikk i blod". I 1996 vart det stifta eit råd for kyrkjesamfunn og religiøse organisasjonar i Ukraina, 95% er med her.Rådet  står nær folket og representerar ein kanal for dialog når kyrkjesamfunna står splitta. I motgang står ein saman, og ortodokse som er knytt til Moskva patriarkatet har også krisert patriark Kirill for hans nære samrabeid med Putin. Det same har ortodokse leiarar i ei rekkje land gjort.

Metropolitt Onufriy som representerar den Moskva-tru retninga seier:" The Ukrainian and Russian peoples came out of the Dniepr batismal font, and the war between these peoples is a repetition of the  sin of Cain, who killed his own brother out of envy. Such a war has no justification for either God or men."









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar