fredag 18. desember 2020

Poetica: Dette lyset

 Det er alt over to veker sidan eg den 1.desember uforskylt vart innblanda i ei trafikkulukke på veg heim frå kontordag på Evje. Det var låg sol og våt vegbane med gjenskinn. Brått fekk eg sola midt i augene og sikten framover var null, meir hugsar eg ikkje før ein halv time seinare då politi og ambulanse var på staden.Eg hadde blitt påkjørt bakfrå i stor fart, heile bakpartiet på min bil var blitt klemt inn. Heldigvis ikke alvorleg skade, heller ikkje på dei som sat i bilen bak. Det kunne gått mykje verre! Små tilfeldigheiter  kan vera avgjerande ? Det var ei merkeleg kjensle etterpå, nærast draumeaktig men eg var merkeleg nok ikkje redd. Her er ei poetisk skildring av dette.

Dette lyset

Opninga til desember

og så brått dette lyset

utan varsel bryt det medvitet

stryk ut minnet

og slik berre desse

draumeaktige rørslene

mellom kjent og ukjent

ei ny rolle, eit nytt kostyme

manus borte for lenge sidan

berre ei forteljing er att

om den urørbare grensa

og den speglande solflata

der sømjetaka oppover møter hender

utsrekt frå eit land

der bodskapen vert kviskra i løynd.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar