onsdag 23. desember 2020

Poetica: Advent

 

Advent

Ikkje lette snøfnugg

men tunge vasstrukne stiar

der vi bøyer oss

for regnbyger og tett kratt

og så denne augneblinken

der sola dansar i havgapet

blendande som eit bål mot netthinna

lyser opp desse endelause slettene

som kviler i forventning

om det som skal koma

ditt ja gjeve ein gong

for oss alle.

 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar