mandag 12. oktober 2020

13.oktober

 13.oktober er ein spesiell dag i vår familie, ein dag som knytar generasjonar saman over snart 150 år.

Min bestefar vart fødd denne dagen i Horsens i Danmark, han kom til Norge like før hundreårsskifte , og vart disponent for Kvinnherad Ullvarefabrikk i Rosendal. Han gifte seg med Marie Johnsen frå Stavanger i 1899, men dei fekk bare seks år saman, to barn døydde, to levde opp. Han gifte seg på ny og fekk to søner, men tragisk nok døydde den andre kona Hanna 13. oktober 1913. Det var på bestefars førti års dag !

For eit år sidan blir dette igjen ein gang vi ikkje vil gløyma. Vesle Mathilde kjem til verda midt på dagen, og halv elleve om kvelden går min far ut av den same verda, over 97 år gammal. Det vart så vakkert og meiningsfullt,og det understreka at det  er ein samanheng i alt som skjer. Salme 121 set ord på det for meg:

"Herren skal vara din utgang og din inngang frå no og til evig tid."                                                 Desse orda nytta vi og på gravsteinen hans.

Min far ønskte heile livet å koma til Roma, det vart utsett fleire gonger men til slutt kom han der som sprek syttiåring. Vi kom aldri til Roma i lag , men eg skreiv denne teksten om det for eit par år sidan:

Kom vi likevel til Roma ?

Du tala alltid om Roma
femti- og sekstiårsdagen kom og gjekk
utan at det vart nokon Roma-tur,
men du kom dit til slutt
som livsfrisk syttiåring
den evige stad under sju høgder
og eit handtrykk frå paven som varer
like inn der alle minna forsvinn
i aldringas grå dis.
Når mysteriet er løyst
tek Wallander sin kunstnar-far med til Roma,
der eg går åleine over Piazza Navona
drikk låg novembersol frå Berninis fire floder,
tenner lys hos St.Agnese in Agone
og ventar på Ingeborg Bachmanns vippehuske
som til natta skal ta meg opp
over Romas sju høgder og kanskje ned igjen
til Campo de`Fiori,blometorget
der djupe samtalar over vinglaset
varer inn i morgondagen.
Vi kom aldri til Roma isaman,
men kanskje kan vi likevel møtast ein gong
på halvvegen ein tidleg septembermorgon
når sola når Aventinarhøgda
og varleg løftar kuppelen frå Peterskyrkja.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar