søndag 18. oktober 2020

Gudstenesta - underhaldning eller lovprisning

 Gudstenesta – underhaldning eller lovprisning ? Må gudstenesta , og ikkje minst salmeboka, tilpassast vår tid for å ha appell til dagens menneske ? Eg har med interesse og litt undring følgd debatten i Vårt Land, no sist samtalen mellom kyrkjemøte medlem Arve Lauritzen og salmediktar Eyvind Skeie. Gudstenesta er ei vare, og for å styrka produktet må mellom anna salmane oppdaterast hevdar Lauritzen. Eyvind Skeie føl han eit stykke på veg når han seier: « Hvis det ikke er berøring i en gudstjeneste, har vi mistet hensikten med hele greia.» Det slår meg korleis dette kan avspegla den moderne konsument-kulturen der alt skal vera underhaldning. Slik sett bryt det med det som har vore hovedfokus gjennom heile kyrkjas historie, like frå den jødiske gudsdyrkinga i Tempelet! Biskop, kardinal og karmelitt Anders Arborelius ocd, som eg ser svært opptil, set dette i perspektiv i artikkelen «Att leva liturgisk» (Karmel nr 4.2017). Vi feirar ikkje gudsteneste primært for å bli oppbygde eller få andelege erfaringar , men derimot for Guds skuld, for å tilbe Han og gje Han den takk som tilkjem Han. Gud er det det heile dreiar seg om, ikkje vår stadige leiting etter underhaldning, nye spennande sansestimuli og kjenslelada opplevingar! Så set han det litt på spissen når han skriv: ” Vi behöver inte alltid ”få ut” nogot av en gudstjänst. Vi får istället ge oss til honom. Det spelar inte så vansinnigt stor roll ”hur vi känner det” når vi är med i en gudstjänst. Tycker vi det är lite tråkigt, så dör vi inte av det.” Dersom kyrkja vel å spela på underhaldningsindustriens banehalvdel vil ho kanskje vinna kortvarige sigrar, men tapa i det lange løp. Gudsmysteriet, liturgien og tradisjonen kan kanskje synast «tråkigt», men har vist seg å halda i to tusen år. Frode Thorup, lege og sekularkarmelitt.


Innlegg  Vårt Land 14. oktober




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar